{"id":342887,"date":"2026-09-03T14:24:17","date_gmt":"2026-09-03T14:24:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/342887\/"},"modified":"2026-09-03T14:24:17","modified_gmt":"2026-09-03T14:24:17","slug":"meiningar-undheim-myteknusing-for-moro-og-profitt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/342887\/","title":{"rendered":"Meiningar, Undheim | Myteknusing for moro og profitt"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Debattinnlegg<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Menon Economics har, i fylgje J\u00e6rbladet sin artikkel den 19. august, publisert ein rapport p\u00e5 oppdrag fr\u00e5 Green Mountain for \u00e5 avkrefta mytar rundt datasenter.\u00a0<\/p>\n<p>Dette er noko som eg ynskjer velkomen.<\/p>\n<p>Her er det mange fine tal \u00e5 sj\u00e5 til. Om lag 4700 \u00e5rsverk i Noreg, 1300 av dei i Rogaland. 2500 \u00e5rsverk hj\u00e5 direkte hj\u00e5 leverand\u00f8rar, resten lenger ut i leverand\u00f8rkjeda.\u00a0<\/p>\n<p>Dette ser skikkeleg gj\u00e6vt ut.\u00a0<\/p>\n<p>Problemet er berre to ting, reint umiddelbart. For det fyrste, s\u00e5 er dette mellombelse vinningar i byggefasen, og kjem ikkje til \u00e5 vara.\u00a0<\/p>\n<p>For det andre verker det rimeleg trygt \u00e5 anta at me hadde sett liknande tal p\u00e5 ei kvar investering av liknande summar (10,9 milliardar kroner) for \u00e5 reisa nye, moderne industribygg.<\/p>\n<p>Det tyder ikkje at ein skal undersl\u00e5 kor store investeringar det her er snakk om \u2013 ingen har nokosinne hevda at det ikkje er store summar i spel her \u2013 men det m\u00e5 vera lov \u00e5 seie at det ikkje er noko unikt for nett denne utbygginga.<\/p>\n<p>P\u00e5 toppen av dette \u2013 tre, tre ting \u2013 p\u00e5peiker Menon Economics i fylgje J\u00e6rbladet att (sitat):<\/p>\n<p>\u00abProsjektet er framleis i ein tidleg fase, og ein del tal manglar. Dei understrekar dermed at prognosane er eit estimat, alts\u00e5 ikkje noko ein kan setja to strekar under, og at dei b\u00f8r \u00abtolkes med varsomhet\u00bb.\u00a0<\/p>\n<p>Med andre ord m\u00e5 ein ta absolutt alle tal som vert gjevne med ei klype salt.<\/p>\n<p>Noko som gjer at n\u00e5r dei ansl\u00e5r at det vil vere 100 \u00e5rsverk ved datasenteret i seg sj\u00f8lv n\u00e5r det kjem i full drift i 2028, og 35 i leverand\u00f8rkjeda (15 i Rogaland, 20 i resten av Noreg), s\u00e5 er det grunn til \u00e5 vera skeptisk. S\u00e5, orsak. Fire. Fire ting.<\/p>\n<p>Tala som vert gjevne for verdiskaping vert d\u00e5 tilsvarande vanskelege \u2013 fem! Fem ting \u2013 men lat oss seie at Menon Economics f\u00e5r rett. At dette g\u00e5r nett s\u00e5nn som dei sp\u00e5r, utan nokon problem (kall meg gjerne pessimist, men i mi erfaring er det sjeldan ting g\u00e5r s\u00e5 godt).<\/p>\n<p>Eg kan gje dei rett i alt, for det dei har sytt for er \u00e5 knusa den st\u00f8rste myten kring datasenterbransjen. Og ja, eg veit at eg har hakk i plata her, men eg nektar \u00e5 berre la dette passera:<\/p>\n<p>Dei st\u00f8rste mytomanane som Menon Economics har avkledd, den st\u00f8rste myten dei sprengjer i tusen bitar, er myten deira eigen arbeidsgjevar har spunne. Dei som lova tusenvis av arbeidsplassar knytt til datasentera dei vil byggja. Anten tala fr\u00e5 Menon er optimistiske eller konservative, s\u00e5 er 100 arbeidsplassar p\u00e5 Undheim og 500 p\u00e5 Kalberg s\u00e5 milevis unna alt det som vart seld inn fr\u00e5 utbyggjarane at dei burde skjemmast.<\/p>\n<p>S\u00e5 all \u00e6re til Menon Economics.<\/p>\n<p>Eg set pris p\u00e5 at dei endeleg, utan blygsel og framfor Gud og menneske, viser kven som faktisk spinn mytar kring datasenter.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Menon&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":342888,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,1469,26,27,26303],"class_list":["post-342887","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-time","tag-top-stories","tag-topstories","tag-undheim"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117207569033543332","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/342887","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=342887"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/342887\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/342888"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=342887"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=342887"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=342887"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}