{"id":342995,"date":"2026-09-03T16:11:17","date_gmt":"2026-09-03T16:11:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/342995\/"},"modified":"2026-09-03T16:11:17","modified_gmt":"2026-09-03T16:11:17","slug":"ardal-industri-jublar-for-meir-kraft-viktig-steg-for-a-sikra-drifta","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/342995\/","title":{"rendered":"\u00c5rdal, Industri | Jublar for meir kraft: \u2013 Viktig steg for \u00e5 sikra drifta\u00a0"},"content":{"rendered":"\n<p>Det seier fabrikksjef ved Hydro \u00c5rdal, Anveig Bjordal Halkjelsvik til Sogn Avis etter at det sist veke vart klart at Statkraft og Hydro inng\u00e5r ein ny kraftavtale som varar fram til 2040.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Avgjerande<\/p>\n<p>Den skal sikra at det blir levert monalege mengder kraft til det som heiter prisomr\u00e5de NO5, som ogs\u00e5 omfattar \u00c5rdal. <br \/>H\u00f8yanger ligg til samanlikning i eit anna prisomr\u00e5de, og er ikkje omfatta av denne avtalen.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1920\" height=\"1437\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/Hydro-Aardal-Sogn.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1920 \/ 1437;\"\/><\/p>\n<p>      Hydro har lenge meldt klart ut at det er trong for st\u00f8rre mengder kraft i \u00e5ra som kjem. Ein avtale med Statkraft vil monna noko, men det m\u00e5 framleis jobbast med nye l\u00f8ysingar.<br \/>\n      Foto: Pressefoto\/Hydro\n    <\/p>\n<p>\u2013 Poenget er at kraftavtalen er inng\u00e5tt for leveransar i NO5, og Hydro sitt einaste produksjonsanlegg i NO5 er \u00c5rdal, seier kommunikasjonsr\u00e5dgjevar i Statkraft, Lars Martin G\u00fcnther.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Krafta i denne avtalen vil med andre ord bli nytta ved aluminiumsverket i \u00c5rdal, som med dette har f\u00e5tt sikra seg ein andel av kraftbehovet sitt fram til 2040.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Avtalen med Statkraft bidreg til at det blir meir f\u00f8reseieleg for oss i \u00c5rdal, og er med p\u00e5 \u00e5 dekkje delar av v\u00e5rt framtidige kraftbehov etter 2030, seier fabrikksjef Bjordal Halkjelsvik.\u00a0<\/p>\n<p>Framleis stort behov<\/p>\n<p>\u2013 Langsiktig tilgang p\u00e5 kraft til konkurransedyktige prisar er avgjerande for at vi skal kunne halde oppe og vidareutvikle produksjonen og leveransane v\u00e5re av l\u00e5gkarbonaluminium til industrien i Europa, er den klare meldinga.<\/p>\n<p>Det er mange \u00e5r sidan Hydro melde fr\u00e5 om at verksemda vil ha eit auka behov for kraft i \u00e5ra framover, spesielt etter 2030. Bjordal Halkjelsvik understrekar at kraftbehovet framleis er stort.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Difor m\u00e5 me halde fram med \u00e5 utvikle meir fornybar kraft for \u00e5 sikre industri, arbeidsplassar og lokal verdiskaping i ti\u00e5ra som kjem. Avtalen som no er p\u00e5 plass er eit viktig steg for \u00e5 sikra drifta her i \u00c5rdal, seier ho.\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1475810\" class=\"related-teaser article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Statkraft og Hydro inng\u00e5r langsiktig kraftavtale\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det seier fabrikksjef ved Hydro \u00c5rdal, Anveig Bjordal Halkjelsvik til Sogn Avis etter at det sist veke vart&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":342996,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[56],"tags":[465,5342,36,60,61,26310,537,62,30,28,29,216,1510],"class_list":["post-342995","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-naeringsliv","tag-arbeidsliv","tag-ardal","tag-art","tag-business","tag-economy","tag-energi-og-klima","tag-industri","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-okonomi-og-naeringsliv","tag-story"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117207989413368771","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/342995","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=342995"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/342995\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/342996"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=342995"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=342995"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=342995"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}