{"id":343627,"date":"2026-09-04T06:48:21","date_gmt":"2026-09-04T06:48:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/343627\/"},"modified":"2026-09-04T06:48:21","modified_gmt":"2026-09-04T06:48:21","slug":"husabula-kulturscene-kultur-har-restaurert-gamalt-klenodium-feirar-med-konsert","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/343627\/","title":{"rendered":"Husabula kulturscene, Kultur | Har restaurert gamalt klenodium. Feirar med konsert"},"content":{"rendered":"\n<p>Ein kan kanskje kalle eit Steinway-flygel for pianomarknaden sitt svar p\u00e5 Rolls-Royce? Dei produserer ganske f\u00e5 instrument i \u00e5ret, langt f\u00e6rre enn til d\u00f8mes Yamaha eller Kawai, men i marknaden for profesjonelle konsertflygel dominerer dei likevel marknaden. \u00c5 ha eit Steinway-flygel st\u00e5ande er rett og slett litt stas. Noko som gir prestisje.\u00a0<\/p>\n<p>P\u00e5 Husabula kulturscene st\u00e5r det nettopp eit slik flygel, og no er det nyrestaurert og like godt som nytt.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Skulle du kj\u00f8pt dette nytt i dag hadde det kosta rundt 3,5 millionar kroner, seier Eirik Husab\u00f8 medan han dreg flygelet ut av pianokassa si for \u00e5 vise det fram for Firdaposten.\u00a0<\/p>\n<p>    Fr\u00e5 1958<\/p>\n<p>Han opnar lokket, og bilassosiasjonane blir berre sterkare. Dette er om lag som \u00e5 vere p\u00e5 Am Car-treff og sj\u00e5 eigarane opne panseret for \u00e5 vise fram nyrestaurerte V8&#8217;arar med krom og masse godlyd. Noko litt anna enn det elektriske Casio-pianoet journalisten har st\u00e5ande heime i kjellaren og samle st\u00f8v.\u00a0<\/p>\n<p><b>Korleis i alle dagar har dette flygelet hamna i Flor\u00f8, er eit naturleg sp\u00f8rsm\u00e5l, og Husab\u00f8 har svaret.<\/b>\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1152\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/733692495_1020990157082847_8347958947343483836_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1152 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      RETUR: Her kjem flygelet tilbake fr\u00e5 eit etterlengta spa-opphald i hovudstaden.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>\u2013 Dette var l\u00e6rarh\u00f8gskulen i Bergen sitt flygel, s\u00e5 har du utdanna deg der kan det hende du har klimpra litt p\u00e5 det. Det var ganske slite, s\u00e5 skulen skulle kj\u00f8pe nytt, og dei hadde ikkje nokon plass \u00e5 oppbevare det gamle. Eg fekk kj\u00f8pe det ganske billeg.\u00a0<\/p>\n<p>Flygelet er fr\u00e5 1958, og sj\u00f8lv om det var litt slite d\u00e5 Husab\u00f8 overtok det, var det framleis spelbart. Eit Steinway-flygel er bygd med kvalitet i kvar einaste streng og skrue, og om ein tek godt vare p\u00e5 det s\u00e5 held det lenge. Men av og til m\u00e5 sj\u00f8lv Steinway-flygel restaurerast. Tidlegare i \u00e5r blei flygelet pakka ned, og sendt til Oslo for ein full innvendig restaurering.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5712\" height=\"4284\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/image_EB82935A-51A9-43FB-80CF-9B71970E812A_1787670151.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5712 \/ 4284;\"\/><\/p>\n<p>      RESTAURERT: Innvendig er det meste nytt i det gamle flygelet fr\u00e5 1958.<br \/>\n      Foto: Arne Hjorth Johansen\n    <\/p>\n<p>  Snikra heile sommaren<\/p>\n<p>Hellstr\u00f8m Flygel og Piano AS tok p\u00e5 seg jobben, og p\u00e5 seinsommaren kom flygelet tilbake. I mellomtida har Eirik og Husabulas gode hjelparar jobba p\u00e5 spreng med \u00e5 bygge eit pianosk\u00e5p som flygelet kan st\u00e5 i n\u00e5r det ikkje er i bruk. Heldigvis har v\u00earet vore s\u00e5 d\u00e5rleg i sommar at det ikkje har vore noko betre \u00e5 ta seg til enn \u00e5 snikre innomhus.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Det har vore s\u00e5 stygt ver! Eg har berre st\u00e5tt her i heile sommar, seier Husab\u00f8 og peiker p\u00e5 pianohuset.\u00a0<\/p>\n<p>Sparebanken Norge er inne med midlar til st\u00f8tte for pianosk\u00e5pet. Her skal det p\u00e5 sikt monterast eit klimaanlegg som skal s\u00f8rge for at pianoet til ein kvar tid har perfekte forhold.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1153\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/757454360_2241538569932775_4564892544685479754_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1153;\"\/><\/p>\n<p>      SNIKKARKUNSTNAR: Her er arbeidet med \u00e5 bygge eit lite rom til Steinway-flygelet godt i gang. Nokre fordelar er det jo med ein d\u00e5rleg sommar. Ein kan snikre i staden for \u00e5 vere p\u00e5 sj\u00f8en.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>\u2013 Dei har skifta ut omtrent alt det innvendige. No skal vi ta det i bruk, og n\u00e5r vi har spelt rundt 40 timar p\u00e5 det kjem det folk fr\u00e5 Hellstr\u00f8m opp hit for \u00e5 justere. D\u00e5 skal dei og montere eit klimaanlegg slik at vi ikkje m\u00e5 restaurere p\u00e5 nytt om to \u00e5r.\u00a0<\/p>\n<p>Innvendig er alt nytt, blankt og fint. Utvendig derimot, ser instrumentet ut akkurat slik det gjorde f\u00f8r.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Nei, utvendig har vi ikkje gjort noko. Ein ser at det er eit gamalt instrument, men skulle vi lakkert det p\u00e5 nytt og f\u00e5tt det til \u00e5 sj\u00e5 heilt nytt ut, hadde det sikkert blitt dobbelt s\u00e5 dyrt. Det har vi ikkje pengar til, og det er heller ikkje naudsynt. Det betyr ingenting for lyden, seier Husab\u00f8.\u00a0<\/p>\n<p>Feirast med konsert<\/p>\n<p>Husabula Kulturscene er ei frivillig stifting utan all verdas \u00f8konomiske musklar. Det er gjennom Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane sine g\u00e5vemidlar at dei har f\u00e5tt finansiert restaureringa, til ein kostnad p\u00e5 300.000 kroner.\u00a0<\/p>\n<p>At flygelet no er tilbake i Flor\u00f8 m\u00e5 markerast slik seg h\u00f8yr og b\u00f8r: Med ein pianokonsert i midten av oktober.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Vi skal ha flinke folk til \u00e5 spele. Arne Sunnarvik, Sivert Blindheim, Anders Taklo og Asbj\u00f8rn Vie har sagt ja til \u00e5 spele, og eg har sagt eg skal komponere eit lite stykke til Anders Taklo som han kan spele. Det har eg rett nok ikkje starta p\u00e5 enno \u2026<\/p>\n<p>\u2013 Kanskje eg ikkje skal skrive det d\u00e5?<\/p>\n<p>\u2013 Jau, skriv det! For d\u00e5 m\u00e5 eg gjere det!<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5712\" height=\"4284\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/image_D028D38F-8D6B-4BC8-80F8-58CEFE903180_1787670151.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5712 \/ 4284;\"\/><\/p>\n<p>       \u2013 Nei! Du m\u00e5 ikkje ta bilde av meg n\u00e5r eg konsentrerer meg. D\u00e5 ser eg ut som eg er 180 \u00e5r gamal. Vi gjorde det likevel.<br \/>\n      Foto: Arne Hjorth Johansen\n    <\/p>\n<p>Men komponisten Eirik Husab\u00f8 har ikkje tenkt \u00e5 spele noko sj\u00f8lv p\u00e5 den konserten. Det er han ikkje god nok til, meiner han.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Nei, eg kan eigentleg ikkje spele piano.\u00a0<\/p>\n<p>Og n\u00e5r journalisten ler litt overberande av p\u00e5standen, legg han til.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje berre noko eg seier. Eg kan akkompagnere, det er ikkje det, men n\u00e5r vi skal feire at pianoet er tilbake m\u00e5 vi ha folk som verkeleg kan spele piano, ikkje slike som meg. Eg er ein potetpianist. Eg passar til alle rettar, men eg er ikkje det beste i m\u00e5ltidet. Eg er ikkje indrefileten, avsluttar han.\u00a0<\/p>\n<p>F\u00f8lg med p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/Husabula\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Husabula sine Facebook-sider<\/a>, eller p\u00e5 <a href=\"https:\/\/kvaskjer.firdaposten.no\/events\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Firdaposten sin nye kulturkalender<\/a>, s\u00e5 vil det nok komme meir informasjon om konserten om ikkje s\u00e5 lenge.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2268\" height=\"1933\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/image_89F93D1C-548E-43B1-AC76-120D4A68C044_1787670151.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2268 \/ 1933;\"\/><\/p>\n<p>      Steinway &amp; Sons lager piano i b\u00e5de New York og Hamburg. Dei lagar om lag 2500 i \u00e5ret.<br \/>\n      Foto: Arne Hjorth Johansen\n    <\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firdaposten.no\/5-16-936436\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/IMG_5172.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            For 11 \u00e5r sidan heisa Eirik flygelet fr\u00e5 1958 p\u00e5 plass. S\u00e5 glad blei han d\u00e5 han fekk pengar til \u00e5 fikse det opp\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firdaposten.no\/5-16-1021832\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/3J1A1630.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            H\u00f8g lyd. Store draumar: \u2013 Vi er Sickness Issues!\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firdaposten.no\/5-16-1023613\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/3J1A0774.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Bandet Undiagnosed fann fellesskap i rocken\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firdaposten.no\/5-16-966679\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/IMG_2800.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            No skal Annika st\u00e5 p\u00e5 eigne bein: \u2013 Eg m\u00e5 riste av meg styggen p\u00e5 ryggen\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ein kan kanskje kalle eit Steinway-flygel for pianomarknaden sitt svar p\u00e5 Rolls-Royce? Dei produserer ganske f\u00e5 instrument i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":343628,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[36,26359,2482,26358,410,30,28,29,83,82,1510],"class_list":["post-343627","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-art","tag-eirik-husabo","tag-floro","tag-husabula-kulturscene","tag-kultur","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-sport","tag-sports","tag-story"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117211438658526096","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/343627","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=343627"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/343627\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/343628"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=343627"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=343627"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=343627"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}