{"id":343641,"date":"2026-09-04T07:04:22","date_gmt":"2026-09-04T07:04:22","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/343641\/"},"modified":"2026-09-04T07:04:22","modified_gmt":"2026-09-04T07:04:22","slug":"sjur-hjeltnes-show-sjur-52-etter-27-show-pa-rad-i-haggis-land-no-vert-det-berre-sjampis-og-peanotter","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/343641\/","title":{"rendered":"Sjur hjeltnes, Show | Sjur (52) etter 27 show p\u00e5 rad i haggis-land: \u2013 No vert det berre sjampis og pean\u00f8tter!"},"content":{"rendered":"\n<p>M\u00e5ndag kveld runda pianisten, komponisten og humoristen Sjur Hjeltnes (52) av ein maraton med 27 framsyningar under Edinburgh Festival Fringe med showet \u00abGo Go Go Cake and Piano\u00bb \u2013 nokre m\u00e5nader etter at han sjarmerte heimbygda under landsm\u00f8tet til LLA p\u00e5 Voss.<\/p>\n<p>\u2013 No har eg sagt til folk fr\u00e5 scena i 27 dagar at dei m\u00e5 slappa av og gjera ingenting. S\u00e5 dei neste to dagane skal eg berre vera turist og ikkje gjera noko anna enn \u00e5 drikka sjampis og eta pean\u00f8tter!<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1536\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/769118720_1473062447963016_9128784856401684199_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1536 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      Sjur Hjeltnes framom Gilded Balloon Patter House i Edinburgh.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>Sidan 5. august har Hjeltnes st\u00e5tt p\u00e5 scena kvar einaste kveld p\u00e5 Gilded Balloon Patter House, ein av dei mest velkjende arrang\u00f8rane p\u00e5 festivalen.\u00a0<\/p>\n<p>M\u00e5ndag 31. august klokka 22.00 sette han punktum for ein intens festivalperiode i den intime salen The Snug. Showet vart undervegs kruna med den prestisjetunge utmerkinga \u00abMervyn Stutter\u2019s Pick of the Fringe 2026\u00bb.<\/p>\n<p>            Showet i Edinburgh<\/p>\n<li><b>Artist:<\/b> Sjur Hjeltnes<\/li>\n<li><b>Framsyning:<\/b> \u00abGo Go Go Cake and Piano\u00bb<\/li>\n<li><b>Festival: <\/b>Edinburgh Festival Fringe 2026<\/li>\n<li><b>Stad: <\/b>Gilded Balloon Patter House, The Snug<\/li>\n<li><b>Speleperiode:<\/b> 5.\u201331. august (Avslutta)<\/li>\n<li><b>Tal p\u00e5 framsyningar:<\/b> 27<\/li>\n<li><b>Utmerking:<\/b> Mervyn Stutter\u2019s Pick of the Fringe 2026<\/li>\n<li><b>Regi og medforfattar:<\/b> Teodor Janson<\/li>\n<p><a class=\"brick-c-hOTghF\" href=\"#skip-\">Hopp over karusellen.<\/a><\/p>\n<p data-static=\"\" class=\"brick-c-fgNmNC\" id=\"carousel-title-\">Innholdskarusell med 3 artikler.<\/p>\n<ul data-static=\"\" aria-label=\"Navigasjon for innholdskarusell\" class=\"carousel-nav\">\n<li>\n<\/li>\n<li>\n<\/li>\n<\/ul>\n<ul data-static=\"\" class=\"contents-wrapper\" data-contents-wrapper=\"\" tabindex=\"0\" data-min-slides-to-show=\"1\" aria-label=\"Skrollbart innhold\">\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 1\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3024\" height=\"4032\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/IMG_3024.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3024 \/ 4032;\"\/><\/p>\n<p>Trekte ut p\u00e5 gata: Sjur og dottera Irene delte ut l\u00f8pesetlar.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 2\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2316\" height=\"3088\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/IMG_2996.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2316 \/ 3088;\"\/><\/p>\n<p>Sjur med familien: Tina, Irene og Anna p\u00e5 Gilded Balloon sin avslutningsfest.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 3\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"768\" height=\"1024\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/IMG_21311.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 768 \/ 1024;\"\/><\/p>\n<p>Arne Hjeltnes delte ogs\u00e5 ut flygeblad for Sjur.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>For Sjur Hjeltnes vart festivalen eit uvanleg maraton, og det heile vart p\u00e5 mange m\u00e5tar sommarferien til familien. Familien var med over i starten, og kom tilbake den siste helga.<\/p>\n<p>\u2013 B\u00e5de d\u00f8trene mine, kj\u00e6rasten til Anna og br\u00f8rne mine Arne og Knut, m\u00e5tte ut p\u00e5 den hektiske gata The Royal Mile for \u00e5 dela ut flygeblad og hjelpa til. Dette var fyrste gongen eg spelte eit soloshow 27 dagar p\u00e5 rad utan pause. Det var tungt kroppsarbeid \u00e9in time om dagen, men ein kjem inn i grooven etter kvart, ler vossingen p\u00e5 telefon fr\u00e5 Skottland dagen etter at sceneteppet fall for siste gong.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5nne store hus som The Gilded Balloon byrjar med framsyningar klokka 11 p\u00e5 f\u00f8remiddagen og held p\u00e5 til midnatt. Eg spelte klokka 22.00. Me hadde \u00e9in time p\u00e5 oss, og s\u00e5 var det rett ut for \u00e5 gjera plass til neste.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1536\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/767437785_1473062314629696_759803448238839019_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1536 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      Sjur Hjeltnes p\u00e5 plakaten.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>  Namnetrening, \u00abtullefinsk\u00bb og franske pausar <\/p>\n<p>I \u00abGo Go Go Cake and Piano\u00bb har Hjeltnes synt fram si unike evne til \u00e5 blanda virtuost pianospel, musikalsk humor, levande forteljingar og medviten \u00abbroken English\u00bb. Saman med regiss\u00f8r og medforfattar Teodor Janson har han klart meisterstykket det er \u00e5 ikkje berre omsetja norsk materiale, men \u00e5 skapa ei fullverdig internasjonal framsyning.<\/p>\n<p>Id\u00e9en vaks opphavleg fram p\u00e5 firmajobbar heime i Noreg. Fleire bedrifter etterspurde underhaldning p\u00e5 engelsk for sine internasjonale tilsette, og det som byrja som spesialtilpassa innslag for n\u00e6ringslivet, vart etter kvart vidareutvikla til eit heilaftans teatershow.<\/p>\n<p>\u2013 Eg snakkar om musikken, d\u00f8den, kj\u00e6rleiken og meininga med livet. Og det fine med eit internasjonalt publikum er at dei same vitsane funkar \u2013 dei store tankane er akkurat dei same i Edinburgh som p\u00e5 Voss, fortel Hjeltnes, f\u00f8r han legg til med eit glimt i auget:<\/p>\n<p>\u2013 Dei beste tinga i livet er jo gratis. Bortsett fr\u00e5 sjampisen, d\u00e5!<\/p>\n<p>For eit internasjonalt publikum byrjar showet ofte med ein spr\u00e5kleg oppvarmingseksersis:<\/p>\n<p>\u2013 Eg heiter jo Sjur Hjeltnes, s\u00e5 alle saman i salen m\u00e5 ha ei lita \u00f8ving og l\u00e6ra seg \u00e5 seia namnet mitt. Det er eit morosamt namn for utlendingar, men det gjev ein liten spiss p\u00e5 det heile.<\/p>\n<p>    Vil du sj\u00e5 neste video?<\/p>\n<p>    <a href=\"https:\/\/www.avisa-hordaland.no\/fyller-opp-for-morgondagen-tragisk\/v\/80-132-39643\" class=\"recommend-poster\" data-adp-clicklabel=\"video-recommend\" data-adp-clickvalue=\"poster\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><br \/>\n      <img decoding=\"async\" width=\"200\" height=\"200\" loading=\"lazy\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/v-i-94c92cc5-cfc4-4694-89dd-30e96f427dba-1.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 200 \/ 200;\"\/><\/p>\n<p>Fyller opp f\u00f8r morgondagen: \u2013 Tragisk1:53<\/p>\n<p>    <\/a><\/p>\n<p>Slik h\u00f8yrdes det ut d\u00e5 maraton-vossingen Sjur Hjeltnes tok Fringe-festivalen med storm.<\/p>\n<p>Hjeltnes har lenge brukt spr\u00e5ket som eit reinskore musikalsk instrument. Sj\u00f8lv utan \u00e5 kunna spr\u00e5ka flytande, snakkar han gjerne \u00abtullefinsk\u00bb eller improvisert brasiliansk p\u00e5 scena ved berre \u00e5 lytta til rytmen, melodien og klangane i orda.<\/p>\n<p>\u2013 Om ein tek vekk meininga i spr\u00e5ket, ser eg berre p\u00e5 korleis folk lagar lydar. Franskmenn er til d\u00f8mes veldig sparsame med lydane sine \u2013 dei tek lange pausar, og s\u00e5 g\u00e5r det fem minutt f\u00f8r det kjem ein ny lyd. Finsk blir reine musikken! Det var utruleg frigjerande \u00e5 gjera materialet p\u00e5 engelsk, for ein del ting vert nesten morosamare n\u00e5r ein f\u00e5r den vinkelen.<\/p>\n<p><a class=\"brick-c-hOTghF\" href=\"#skip-\">Hopp over karusellen.<\/a><\/p>\n<p data-static=\"\" class=\"brick-c-fgNmNC\" id=\"carousel-title-\">Innholdskarusell med 2 artikler.<\/p>\n<ul data-static=\"\" aria-label=\"Navigasjon for innholdskarusell\" class=\"carousel-nav\">\n<li>\n<\/li>\n<li>\n<\/li>\n<\/ul>\n<ul data-static=\"\" class=\"contents-wrapper\" data-contents-wrapper=\"\" tabindex=\"0\" data-min-slides-to-show=\"1\" aria-label=\"Skrollbart innhold\">\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 1\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"960\" height=\"1280\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/IMG_2931.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 960 \/ 1280;\"\/><\/p>\n<p>Blodfan: Sjur live med dotter Irene p\u00e5 fyrste rad.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 2\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1536\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/767172397_1473062504629677_8576245373134893049_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1536 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>Sjur spelte 27 show p\u00e5 27 dagar.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>  Kake-forventningar og stovestemning<\/p>\n<p>Publikumstala svinga kraftig i den skotske hovudstaden. Ein dag var det fullt hus med 40 elleville amerikanarar og skottar, ein annan dag var det seks i salen.\u00a0<\/p>\n<p>Dei intime rammene i The Snug \u2013 ein sal med plass til berre 18\u201340 personar \u2013 gjorde at Hjeltnes sat kloss i publikum, noko som forsterka den n\u00e6re stovestemninga. Den mest spesielle framsyninga var d\u00e5 det berre dukka opp to personar.<\/p>\n<p>\u2013 Det minste publikummet eg hadde, var to svenske damer. Det var litt rart at ein nordmann stod der og fortalde vitsar p\u00e5 engelsk, men s\u00e5 sa dei \u00ablet\u2019s go!\u00bb. D\u00e5 vart det som \u00e5 ha folk p\u00e5 bes\u00f8k i stova. Dei fekk heile showet, og etterp\u00e5 sat me og prata og eg anbefalte restaurantar i byen til dei.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 showtittelen skapte morosame situasjonar i appen der publikum la inn meldingar:<\/p>\n<p>\u2013 Franskmennene skreiv at dette var overraskingshiten p\u00e5 festivalen, men vedgjekk at dei trudde dei skulle f\u00e5 kake! Me hadde kake p\u00e5 premieren, og me skj\u00f8na at om me deler ut gratis kake kvar dag, d\u00e5 kjem folk garantert. S\u00e5 neste gong m\u00e5 eg vel ha med forkle og baka heile dagen, humrar han.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1536\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/786870961_1486677473268180_6941629995295412784_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1536 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      Sjur saman med Viggo Venn: \u2013 Han hadde eit veldig bra show!<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1536\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/783184785_1483181290284465_7456357452369758719_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1536 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      M\u00f8ttest i Skottland: Sjur delte erfaringar med komikarkollega Pernille Haaland under Edinburgh Fringe.<\/p>\n<p>  Handplukka til prestisjetungt utstillingsvindauge <\/p>\n<p>At Hjeltnes vart dregen fram i ljoset p\u00e5 verdas st\u00f8rste scenekunstfestival, er inga lita bragd.\u00a0<\/p>\n<p>Undervegs i festivalen vart showet handplukka til Mervyn Stutter\u2019s Pick of the Fringe. Denne utmerkinga og serien med gallaframsyningar er ein av dei eldste, mest respekterte og lengstlevande tradisjonane p\u00e5 Edinburgh Fringe, og vert ofte omtalt som eit \u00abRoyal Variety Show\u00bb.\u00a0<\/p>\n<p>Bak konseptet st\u00e5r veteranen Mervyn Stutter, som har finkjemma festivalen for dei beste showa i over tre ti\u00e5r for \u00e5 l\u00f8fta dei fram i ljoset.<\/p>\n<p>Utmerkinga resulterte i at Hjeltnes fekk opptre for eit fullsett Pleasance Theatre m\u00e5ndag 17. august p\u00e5 ein eigen galla. Festivalen baud ogs\u00e5 p\u00e5 eit sterkt kollegialt samhald mellom artistane fr\u00e5 heile verda.<\/p>\n<p>\u2013 Om du ikkje g\u00e5r p\u00e5 showet til nokon, kjem dei ikkje p\u00e5 ditt. Ein walisisk radiofyr som spelte i same lokale som meg, hadde eit show om bestefaren sin som var sauebonde, poet og sj\u00f8mann. Han kom p\u00e5 mitt show, og eg gjekk p\u00e5 hans. Det er utruleg hyggjeleg \u00e5 m\u00f8ta folk p\u00e5 den m\u00e5ten.<\/p>\n<p>            Dette er: Sjur Hjeltnes<\/p>\n<ul>\n<li><b>F\u00f8dd:<\/b> 1974 p\u00e5 Voss (busett i Bergen) <\/li>\n<li><b>Utdanning:<\/b> Griegakademiet og \u00c9cole Normale de Musique de Paris<\/li>\n<li><b>Yrke:<\/b> Pianist, komponist og humorist<\/li>\n<li><b>Kjende prosjekt:<\/b> Eides spr\u00e5ksjov (NRK), Nordic Tenors, podkasten 3xHjeltnes<\/li>\n<li><b>Utmerkingar: <\/b>Komiprisen (2006, med Nordic Tenors), Mervyn Stutter\u2019s Pick of the Fringe (2026)<\/li>\n<\/ul>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1536\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/767051123_1473062411296353_6944590980708253678_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1536 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      Sjur p\u00e5 opningsfesten: Presselansering p\u00e5 Gilded Balloon.<\/p>\n<p>  Fr\u00e5 haiking i 1993 til sjampis og pean\u00f8tter <\/p>\n<p>Det er ikkje fyrste gongen vossingen er i Skottland, men kontrasten til hans f\u00f8rre tur er stor.<\/p>\n<p>\u2013 Eg var her som backpacker for over 30 \u00e5r sidan, i 1993 d\u00e5 eg var russ. D\u00e5 haika eg rundt i Skottland med ryggsekk i ein m\u00e5nad, og d\u00e5 var det stille og roleg! No er festivalen heilt vanvitig, det er heilt crazy med folk, flammesjongl\u00f8rar og flygeblad overalt.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1536\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/765051179_1473062487963012_6536432684943579727_n.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1536 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      Sjur og regiss\u00f8r Teodor Janson.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>Planen er no \u00e5 ta suksessen vidare og reisa attende til Edinburgh neste \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Det er mange som kjem tilbake med same framsyninga, for fyrste gongen kjenner ikkje folk deg. No kjenner me huset p\u00e5 Gilded Balloon, og me har f\u00e5tt gode skotske vennskap og omtale me kan byggja vidare p\u00e5.<\/p>\n<p>F\u00f8r Hjeltnes set seg p\u00e5 flyet heim, har han likevel eitt umiddelbart m\u00e5l for auga. I showet har han i 27 dagar preika for publikum at dei m\u00e5 senka skuldrene, slappa av og berre gjera ingenting.<\/p>\n<p>\u2013 Dei neste to dagane skal eg berre vera turist i Edinburgh og ikkje gjera noko anna enn \u00e5 drikka sjampis og eta pean\u00f8tter, seier ein storn\u00f8gd vossing i haggis-land.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1754\" height=\"1406\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/NTB_4S-IbK5BiHs.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1754 \/ 1406;\"\/><\/p>\n<p>      Sjur Hjeltnes er ikkje den einaste fr\u00e5 Noreg som har vitja Fringe-festivalen. I 1999 spaserte prinsesse M\u00e4rtha Louise langs The Royal Mile for \u00e5 kjenna p\u00e5 folkelivet, her saman med sekkepipespelaren Matthew Strachan fr\u00e5 Aberdeen.<br \/>\n      Foto: Roger Donovan \/ AP\n    <\/p>\n<p>            Slik fungerer verdas st\u00f8rste scenekunstfestival<\/p>\n<ul>\n<li>\n<p><b>Tid og stad:<\/b> Edinburgh Festival Fringe g\u00e5r av stabelen i august kvart \u00e5r og forvandlar heile den skotske hovudstaden til eit enormt teater.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p><b>Dei store arrang\u00f8rane (\u00abThe Big Four\u00bb):<\/b> Driven fram av enorme venue-operat\u00f8rar som Gilded Balloon, Pleasance, Underbelly og Assembly, som gjer om pubar, telt og salar til scener.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p><b>Gatelivet p\u00e5 The Royal Mile:<\/b> Artistar i kostyme deler ut flygeblad og kjempar ein innbiten kamp p\u00e5 brusteinen om publikum si merksemd.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p><b>Logistikk og spontanitet:<\/b> Publikum navigerer via Fringe-appen eller nyttar \u00abHalf-Price Hut\u00bb i sentrum for billige spontanbillettar til ukjende show.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4032\" height=\"3024\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/p__opninga_av_nynorskhuset.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4032 \/ 3024;\"\/><\/p>\n<p>      Vossatungt: Vossingane var tungt inne d\u00e5 Nynorskhuset i F\u00f8rde vart offisielt opna.<br \/>\nF.v. Linda Eide, Gunnstein Akselberg, Ingvild Bryn, Sjur Hjeltnes og Halvor Folger\u00f8.<br \/>\n      Foto: Avisa Hordaland\n    <\/p>\n<p>  Fr\u00e5 spr\u00e5ksjov til br\u00f8rne Hjeltnes<\/p>\n<p>Sjur Hjeltnes har markert seg sterkt i det norske kulturlivet gjennom ein unik kombinasjon av virtuos musikalitet og lun verbalhumor, ofte i n\u00e6rt samarbeid med andre vestlandskunstnarar.<\/p>\n<p>For det norske publikummet er han truleg mest kjend fr\u00e5 Eides spr\u00e5ksjov fr\u00e5 2017 til 2024.\u00a0<\/p>\n<p>Tidlegare var Hjeltnes \u00f2g eit sentralt medlem og kapellmeister i vokalgruppa Nordic Tenors. Ved \u00e5 kombinera storsl\u00e5tt klassisk song med humor, trefte dei ei brei nerve i det norske folk og vart tildelt Komiprisen i 2006.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5554\" height=\"3024\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/HOhjeltnes_studio_xxccxczzxxz.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5554 \/ 3024;\"\/><\/p>\n<p>      Familiepodkast: Mor Andi, Sjur, Knut og Arne lagar podkasten 3xHjeltnes saman.<br \/>\n      Foto: Vidar Herre \/ 3xHjeltnes\n    <\/p>\n<p>Ved sida av dei riksdekkjande TV- og teateroppdraga er Hjeltnes djupt forankra i heimstaden. Han samarbeider jamleg med br\u00f8rne Arne og Knut Hjeltnes om ulike kulturinnslag og underhaldningsprosjekt, mellom anna gjennom <a href=\"https:\/\/www.avisa-hordaland.no\/tre-blad-hjeltnes-pluss-mamma-andi\/f\/5-132-51831\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">podkasten 3xHjeltnes<\/a>, der ogs\u00e5 mor Andi er eit fast innslag.<\/p>\n<p>D\u00e5 Landslaget for lokalaviser (LLA) feira sitt 50-\u00e5rsjubileum med landsm\u00f8te p\u00e5 Voss i april 2026, fekk Sjur og Arne syna fram dette tette bandet til heimbygda.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1366\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/lla-voss-landsmote-sjut-91330-2048x1366.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1366;\"\/><\/p>\n<p>      Bror Arne og Sjur Hjeltnes i fri dressur p\u00e5 landsm\u00f8tet til lokalavisene p\u00e5 Voss i april.<br \/>\n      Foto: LLA\n    <\/p>\n<p>Saman leia dei festmiddagen og prisutdelinga med musikalske innslag og lun vossahumor, framfor ein fullsett sal av mediefolk, der Sjur ogs\u00e5 framf\u00f8rte delar av Fringe-framsyninga si p\u00e5 norsk.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.avisa-hordaland.no\/5-132-51831\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/pvuk3HItY-Migmdvb34ypZ1pqBA.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Tre blad Hjeltnes \u2013 pluss mamma Andi\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"M\u00e5ndag kveld runda pianisten, komponisten og humoristen Sjur Hjeltnes (52) av ein maraton med 27 framsyningar under Edinburgh&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":343642,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[58],"tags":[36,25041,71,1839,30,28,29,218,818,26363,72,1847],"class_list":["post-343641","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-underholdning","tag-art","tag-edinburgh","tag-entertainment","tag-feature","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-pluss","tag-show","tag-sjur-hjeltnes","tag-underholdning","tag-voss"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117211501223859574","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/343641","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=343641"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/343641\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/343642"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=343641"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=343641"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=343641"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}