{"id":348111,"date":"2026-09-08T15:18:07","date_gmt":"2026-09-08T15:18:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/348111\/"},"modified":"2026-09-08T15:18:07","modified_gmt":"2026-09-08T15:18:07","slug":"kongefamilien-besokte-oslo-domkirke-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/348111\/","title":{"rendered":"Kongefamilien bes\u00f8kte Oslo Domkirke \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Rundt klokka 15 tysdag ettermiddag blei kong Haakon, dronning Sonja, kronprinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus observert p\u00e5 veg inn i Oslo Domkirke.<\/p>\n<p>Inne i kyrkja blir det gjort klart til gravferda til kong Harald, som skal g\u00e5 f\u00f8re seg der onsdag.<\/p>\n<p>Om lag ein halvtime seinare kom familien ut fr\u00e5 kyrkja, og blei k\u00f8yrde bort i bilar.<\/p>\n<p>Kom i finstasen<\/p>\n<p>Blant dei som fekk med seg at kongefamilien var p\u00e5 synfaring i domkyrkja tysdag ettermiddag, var Torild og Hans Sundsvalen fr\u00e5 Nordagutu i Midt-Telemark.<\/p>\n<p>Dei starta turen inn til hovudstaden 05.30 tysdag morgon.<\/p>\n<p>Ikledd bunad defilerte Torild b\u00e5ra til kong Harald, f\u00f8r dei tok turen til Oslo Domkirke.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hadde bestemt meg for at n\u00e5r vi skulle inn i dag i Slottskapellet, skulle eg ha p\u00e5 meg det finaste eg hadde. Det er bunaden som mi mamma har sydd.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne i norsk bunad st\u00e5r p\u00e5 en travel bygate med fotgjengere i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Lars Martin Hunstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bunaden blei eit naturleg val for Torild Sundsvalen d\u00e5 ho skulle heidre kong Harald tysdag.<\/p>\n<p>Foto: Lars Martin Hunstad \/ NRK<\/p>\n<p>For henne har kongen vore ein viktig figur.<\/p>\n<p>\u2013 Vi m\u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 leve p\u00e5 ein s\u00e5nn m\u00e5te som han har fortalt oss korleis vi skal vere mot kvarandre. Vi skal vere rause mot kvarandre og akseptere forskjellar, seier ho.<\/p>\n<p>\u2013 Han var ein einest\u00e5ande f\u00f8regangsmann n\u00e5r det kjem til korleis vi skal behandle kvarandre, legg ho til.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne i bunad og mann i svarte kl\u00e6r st\u00e5r foran Oslo domkirke. Norske flagg i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Lars Martin Hunstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Torild og Hans Sundsvalen fekk eit kort glimt av kongefamilien utanfor Oslo Domkirke tysdag.<\/p>\n<p>Foto: Lars Martin Hunstad \/ NRK<\/p>\n<p> Hans har sj\u00f8lv m\u00f8tt kongen, og skildrar han som eit samlingspunkt.<\/p>\n<p>Utanfor domkyrkja fekk dei synet av kongefamilien som var p\u00e5 veg ut av kyrkja.<\/p>\n<p>\u2013 Det var fantastisk og heilt tilfeldig at vi s\u00e5g kongefamilien, seier Hans.<\/p>\n<p>\u2013 Eg fekk sett litt av dei, seier Torild.<\/p>\n<p>Tok farvel med fiskekompisen<\/p>\n<p>Det var mange kjensler i sving d\u00e5 Hans Kristian Kjeldsberg defilerte ved kong Harald si b\u00e5re.<\/p>\n<p>Kjeldsberg kjente kongen fr\u00e5 dei mange fisketurane han hadde i Altaelva.<\/p>\n<p>\u2013 Det var sterkt. D\u00e5 vi kom ut derifr\u00e5, m\u00e5tte vi halde rundt kvarandre og d\u00e5 kom t\u00e5rene, seier han til NRK.<\/p>\n<p>For altav\u00e6ringen var bes\u00f8ket i Slottskapellet eit punktum for det langvarige vennskapet.<\/p>\n<p>\u2013 Vi var s\u00e5 gode vennar, og eg s\u00e5g fram til n\u00e5r han kom opp til elva kvart \u00e5r for \u00e5 fiske. No er det slutt, ein epoke er over. S\u00e5 eg m\u00e5tte ned hit.<\/p>\n<p>Sj\u00e5 dei unike bileta fr\u00e5 Altaelva her:<\/p>\n<p>Karianne Johansen, styreleiar i Alta Laksefiskeri Interessentskap, defilerte saman med Kjeldsberg. Ogs\u00e5 ho kjente kongen.<\/p>\n<p>\u2013 Det var greitt fram til vi skulle g\u00e5 ned trappa og inn i kapellet. D\u00e5 kjente eg klumpen i magen og t\u00e5rene byrja \u00e5 trille, seier Johansen om opplevinga.<\/p>\n<p>Kongen har fiska i Alta i over 50 \u00e5r. Hans siste fisketur i nord var i fjor.<\/p>\n<p>Kjem fr\u00e5 Spania<\/p>\n<p>Fire spanske venninner har tatt turen til Oslo for \u00e5 f\u00e5 med seg gravferda i morgon.<\/p>\n<p>Gravferda til den norske kongen er den tredje store gravferda dei reiser p\u00e5 tur fr\u00e5 Spania for \u00e5 f\u00e5 med seg.<\/p>\n<p>Den f\u00f8rre gravferda dei fekk med seg, var gravferda til pave Frans. F\u00f8r det var kvinnene i England etter dronning Elizabeth sin bortgang.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ein hobby, seier Gemma Masnou, som er glad i dei kongelege.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>08.09.2026, kl. 16.31<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>08.09.2026, kl. 17.15<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Rundt klokka 15 tysdag ettermiddag blei kong Haakon, dronning Sonja, kronprinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus observert&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":348112,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":["post-348111","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117236092639862981","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/348111","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=348111"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/348111\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/348112"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=348111"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=348111"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=348111"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}