{"id":348155,"date":"2026-09-08T15:52:14","date_gmt":"2026-09-08T15:52:14","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/348155\/"},"modified":"2026-09-08T15:52:14","modified_gmt":"2026-09-08T15:52:14","slug":"brannen-pa-sukkertoppen-i-alesund-politiet-legg-vekk-saka-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/348155\/","title":{"rendered":"Brannen p\u00e5 Sukkertoppen i \u00c5lesund \u2013 Politiet legg vekk saka \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Sidan storbrannen i \u00c5lesund har politiet g\u00e5tt gjennom teledata, dei har tatt vitneavh\u00f8yr og brann\u00e5staden er unders\u00f8kt, i tillegg til andre etterforskingsskritt. Men seks m\u00e5nader etter veit politiet framleis ikkje kva som starta brannen.<\/p>\n<p>\u2013 Brannen starta p\u00e5 Tueneset, ikkje s\u00e5 langt unna Atlanterhavsparken, men etterforskinga har ikkje gitt oss nokon klare svar p\u00e5 kva som er brann\u00e5rsaka, seier politiadvokat Christine Skarb\u00f8 Berglund.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Politiadvokat Christine Skarb\u00f8 Berglund i M\u00f8re og Romsdal politidistrikt. Fotografert p\u00e5 presserommet p\u00e5 \u00c5lesund politistasjon\" title=\"Foto: \u00d8yvind Sandnes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Politiadvokat Christine Skarb\u00f8 Berglund i M\u00f8re og Romsdal politidistrikt.<\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Sandnes \/ NRK<\/p>\n<p>Politiet har heller ikkje bevis som kan knytast til ein eventuell gjerningsperson.<\/p>\n<p>\u2013 Etter ei samla vurdering vert no saka lagt bort p\u00e5 grunn av ukjend gjerningsperson. At vi legg bort saka inneber dermed ikkje at saka er fullt ut avklart, men at det p\u00e5 noverande tidspunkt ikkje finst tilstrekkeleg grunnlag for \u00e5 kome vidare i etterforskinga.<\/p>\n<p>Samtidig vektlegg Berglund at politiet kan kome til \u00e5 ta opp igjen saka dersom det kjem nye opplysningar p\u00e5 eit seinare tidspunkt.<\/p>\n<p>\u2013 Dersom det skulle dukke opp nye opplysningar i etterkant, gjennom tips eller liknande, s\u00e5 kan politiet fritt ta opp igjen saka til etterforsking.<\/p>\n<p>N\u00e6r 300 evakuerte<\/p>\n<p>Til saman 292 personar vart evakuerte fr\u00e5 heimane sine i halvanna d\u00f8gn medan brannmannskapa kjempa mot flammane i terrenget 17. mars og 18. mars i \u00e5r.<\/p>\n<p>Det var ei stund fare for at brannen <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/brannvesenet-melder-om-kraftig-roykutvikling-i-alesund-_-usikker-om-det-er-spreiingsfare-1.17813274\" ec-id=\"pp:article:1.17813274\" ec-name=\"skulle spreie seg til fleire hus\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">skulle spreie seg til fleire hus<\/a> p\u00e5 Hessa i \u00c5lesund.<\/p>\n<p>I brannen var til saman 800 000 kvadratmeter terreng i brann, noko som kravde <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/brannen-pa-sukkertoppen-i-alesund_-na-far-dei-evakuerte-flytte-heim-1.17815355\" ec-id=\"pp:article:1.17815355\" ec-name=\"stor innsats av mannskap og samarbeidspartnarane til brannvesenet\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">stor innsats av mannskap og samarbeidspartnarane til brannvesenet<\/a>.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Konstituert brannsjef ved \u00c5lesund brannvesen, Sindre Egeness\" title=\"Foto: Remi Sagen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det var store omr\u00e5de p\u00e5 Sukkertoppen som brann, fortalde brannsjef Sindre Egeness.<\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen<\/p>\n<p>\u2013 Vi er n\u00e6r brestepunktet i forhold til kva vi kan klare \u00e5 handtere, sa brannsjef Sindre Egeness i \u00c5lesund til NRK 19. mars.<\/p>\n<p>Har unders\u00f8kt samanheng med andre brannar<\/p>\n<p>Politiet har unders\u00f8kt om brannen kan sj\u00e5ast i samanheng med andre brannar p\u00e5 Sunnm\u00f8re. I Sula kommune <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/brannane-pa-sulafjellet-1.17310447\" ec-id=\"pp:article:1.17310447\" ec-name=\"etterforskar politiet fleire hyttebrannar.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">etterforskar politiet fleire hyttebrannar.<\/a><\/p>\n<p>\u2013 Det er naturleg n\u00e5r ein har fleire brannar, ogs\u00e5 st\u00f8rre brannar, at ein unders\u00f8ker om det er ein samanheng. Slik vi har etterforska saka s\u00e5 er det ingenting som har dukka opp som gjer at vi for eksempel kan setje saka i forbindelse med brannane p\u00e5 Sula, seier Berglund.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Brannmannskap arbeider med \u00e5 slukke en skogbrann i et kupert terreng. To brannmenn spraysvann fra slanger mot flammene. Omgivelsene er preget av r\u00f8ykskyer og brennende vegetasjon. Tr\u00e6rne rundt er nakne, og landskapet er p\u00e5virket av brannen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Frederik Winness Ringnes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Brannen p\u00e5 Sukkertoppen starta i omr\u00e5det her ved Atlanterhavsparken. Alarmen gjekk 17. mars p\u00e5 ettermiddagen<br \/>\nklokka 14.16.<\/p>\n<p>Foto: Frederik Winness Ringnes \/ NRK<\/p>\n<p>\u00d8nsker \u00e5 oppklare kvar sak<\/p>\n<p>Politiadvokaten seier dei sj\u00f8lvsagt har eit \u00f8nske om \u00e5 oppklare kvar sak, men at det ikkje er uvanleg for politiet at dei ikkje l\u00f8yser alle saker.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har gjennomf\u00f8rt ei grundig og god etterforsking s\u00e5 vi kjenner oss trygg p\u00e5 at \u00e5 legge bort saka er det som er riktig utifr\u00e5 det etterforskinga har gitt oss no, seier Berglund.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>08.09.2026, kl. 10.56<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>08.09.2026, kl. 13.52<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Sidan storbrannen i \u00c5lesund har politiet g\u00e5tt gjennom teledata, dei har tatt vitneavh\u00f8yr og brann\u00e5staden er unders\u00f8kt, i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":348156,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":["post-348155","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117236226218282988","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/348155","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=348155"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/348155\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/348156"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=348155"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=348155"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=348155"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}