{"id":351784,"date":"2026-09-12T07:14:34","date_gmt":"2026-09-12T07:14:34","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/351784\/"},"modified":"2026-09-12T07:14:34","modified_gmt":"2026-09-12T07:14:34","slug":"ulykker-og-hendingar-alver-eldre-mann-sakna-pa-holsnoy-politiet-har-sett-i-verk-redningsaksjon","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/351784\/","title":{"rendered":"Ulykker og hendingar, Alver | Eldre mann sakna p\u00e5 Holsn\u00f8y: \u2013 Politiet har sett i verk redningsaksjon"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Vi har enno ikkje funne vedkommande. Vi leitar framleis i dei omr\u00e5da der han blei sist observert rundt Bj\u00f8rndal, seier innsatsleiar Sindre Erstad til NH rundt klokka 08:15 fredag morgon.<\/p>\n<p>Seint torsdag kveld melde politiet at dei i samr\u00e5d med Hovudredningssentralen hadde sett i gang ein redningsaksjon, etter at ein eldre mann var meldt sakna p\u00e5 Holsn\u00f8y. <\/p>\n<p>B\u00e5de politi og frivillige har i natt deltatt i s\u00f8ket. <\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6240\" height=\"4160\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/_DSF7230.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6240 \/ 4160;\"\/><\/p>\n<p>      Innsatsleiar Sindre Erstad i politiet.<br \/>\n      Foto: Ole Jacob Riise Str\u00f8nen\n    <\/p>\n<p>  \u00d8nsker tips<\/p>\n<p>I ei oppdatering klokka 03:32 natt til fredag gjekk p\u00e5r\u00f8rande, i samr\u00e5d med politiet, ut med skildringar av den sakna mannen.<\/p>\n<p>Det blei d\u00e5 opplyst at mannen var rundt 90 \u00e5r gammal, if\u00f8rt m\u00f8rk bobleanorakk og st\u00f8vlar.<\/p>\n<p>Fredag morgon har p\u00e5r\u00f8rande og politiet ogs\u00e5 bestemt seg for \u00e5 opplyse allmenta om at det er Erling Bj\u00f8rndal (90) som er sakna. <\/p>\n<p>\u2013 Vi \u00f8nskjer sj\u00f8lvsagt tips om nokon har sett ein mann som passar skildringa eller ein som dei kjenner fr\u00e5 f\u00f8r. Han var ute og gjekk i omr\u00e5det Bj\u00f8rndal torsdag kveld eller i natt. <\/p>\n<p>Politiet \u00f8nskjer tips til telefonnummera 112 eller 02800.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6240\" height=\"4160\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/_DSF7234.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6240 \/ 4160;\"\/><\/p>\n<p>      R\u00f8de kors-bilane parkerte utanfor klubbhuset til Meland Golf i p\u00f8sregnet fredag morgon.<br \/>\n      Foto: Ole Jacob Riise Str\u00f8nen\n    <\/p>\n<p>  H\u00e5par p\u00e5 friske ressursar<\/p>\n<p>Fredag morgon forklarar Erstad at politiet og R\u00f8de Kors leitar i omr\u00e5det rundt Bj\u00f8rndal og suksessivt utover derifr\u00e5. <\/p>\n<p>Det er ikkje tenkt at den sakna mannen er \u00e5 finne i omr\u00e5det rundt Meland Golf sj\u00f8lv om det er her R\u00f8de Kors held base medan dei leitar. <\/p>\n<p>Erstad forklarar at dei har hatt store ressursar i sving i l\u00f8pet av natta.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har s\u00f8kt med dronelag, med helikopter, med b\u00e5t, med vasscooterane til R\u00f8de Kors, hundeekvipasje fr\u00e5 politiet og R\u00f8de Kors sine redningshundar og ATV-ar. Det er mykje som har vore mobilisert!<\/p>\n<p>Erstad fortel at ein del av dei m\u00e5tte avlyse seg sj\u00f8lve d\u00e5 morgonen n\u00e6rma seg.<\/p>\n<p>\u2013 No h\u00e5par vi p\u00e5 nye friske ressursar i morgontimane. <\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6240\" height=\"4160\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/_DSF7229.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6240 \/ 4160;\"\/><\/p>\n<p>      Fredag morgon har politiet og R\u00f8de Kors vore i m\u00f8te om redningsaksjonen.<br \/>\n      Foto: Ole Jacob Riise Str\u00f8nen\n    <\/p>\n<p>Erstad fortel at sivilforsvaret og heimevernet har blitt varsla om redningsaksjonen, og at politiet no ventar p\u00e5 svar om dei kjem til \u00e5 bidra. <\/p>\n<p>Tidlegare i s\u00f8ket har eit redningshelikopter vore i sving. Det er venta tilbake igjen fredag. <\/p>\n<p>\u2013 Eit dronelag er ogs\u00e5 p\u00e5 veg tilbake hit. Vi pr\u00f8ver \u00e5 halde fram leitinga med full styrke denne dagen ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Sivilforsvaret reiser ut <\/p>\n<p>\u2013 S\u00f8ket har p\u00e5g\u00e5tt gjennom natten \u2013 s\u00e5 langt utan resultat. <\/p>\n<p>Det skriv operasjonsleiar i Vest politidistrikt Dan Erik Johannessen i ei oppdatering fredag morgon klokka 09:44. <\/p>\n<p>Johannessen legg til at s\u00f8ket held fram med hjelp av frivillige som s\u00f8ker med hund, drone og s\u00f8kemannskapar. <\/p>\n<p>\u2013 Redningshelikopteret er p\u00e5 veg tilbake inn i omr\u00e5det. Sivilforsvaret er ogs\u00e5 p\u00e5 veg med mannskapar for \u00e5 hjelpe til i s\u00f8ket. <\/p>\n<p>Politiet ber no bebuarar i omr\u00e5det om \u00e5 sjekke garasjar og uthus.<\/p>\n<p>NH kjem tilbake med meir. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Vi har enno ikkje funne vedkommande. Vi leitar framleis i dei omr\u00e5da der han blei sist observert&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":351785,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[1751,36,20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,254,111,1510,26,27,6426],"class_list":["post-351784","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-alver","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-politi","tag-redningsaksjon","tag-story","tag-top-stories","tag-topstories","tag-ulykker-og-hendingar"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117256839255748593","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/351784","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=351784"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/351784\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/351785"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=351784"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=351784"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=351784"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}