{"id":35848,"date":"2025-09-15T10:19:07","date_gmt":"2025-09-15T10:19:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/35848\/"},"modified":"2025-09-15T10:19:07","modified_gmt":"2025-09-15T10:19:07","slug":"meiningar-palestina-til-det-israelske-folket-i-sorg-og-medkjensle","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/35848\/","title":{"rendered":"Meiningar, Palestina | Til det israelske folket i sorg og medkjensle"},"content":{"rendered":"\n<p>I snart to \u00e5r no har b\u00e5de det israelske folket og broderfolket deira, palestinarane, levd i ein gru me ikkje kan tenkja oss. Mine fattige ord hjelper ingen, men likevel vil eg uttrykkja medkjensle med dei alle.<\/p>\n<p>7. oktober 2023 er ein dato som har svidd seg inn som eit brennemerke i nyare soge. Det var uverkeleg for oss her nord \u00e5 vitnast dei m\u00e5lmedvitne drapa som Hamas stod bak. Like ur\u00e5d er det \u00e5 tenkja seg den lidinga b\u00e5de offer, p\u00e5r\u00f8rande og ikkje minst gislar har m\u00e5tta bera etterp\u00e5. 7. oktober vart det drepe fleire j\u00f8dar p\u00e5 ein dag enn nokon gong sidan holocaust, opp til 1200 i talet. <\/p>\n<p>For oss som enno s\u00f8rgjer over dei 77 som d\u00f8ydde 22. juli 2011, er eit slikt tal ubegripeleg. Likevel var dette berre starten. Sidan den gong har det israelske folket m\u00e5tta leva under styresmakter som er meir umenneskelege enn nokon gong. Talet p\u00e5 d\u00f8de palestinarar stig dag for dag og er ur\u00e5d \u00e5 sl\u00e5 fast, alt mellom 62.000 og over 100.000. Det er 4-5% av alle som lever p\u00e5 Gaza, og flest kvinner og barn. Det er etter alle m\u00e5lestokkar ein katastrofe. <\/p>\n<p>I dag er 90 % av folket p\u00e5 den vesle Gaza-stripa p\u00e5 flukt, og dei har ingen stad \u00e5 g\u00e5. Egypt og grannelanda held grensene stengde. Gaza er eit levande helvete. Det er sterke ord, men dei er ikkje mine: Den israelske forsvarsministeren Israel Katz har sagt at \u00abportane til helvete er opna\u00bb n\u00e5r det israelske milit\u00e6ret no har g\u00e5tt inn i Gaza by. Det er inga von \u00e5 sj\u00e5.<\/p>\n<p>Fremst av dei skuldige st\u00e5r leiarane for Hamas og Israel. Den som har aller mest blod p\u00e5 hendene, heiter Benjamin Netanyahu og er statsminister i Israel. Han er ein utan tvil maktsjuk og mest truleg korrupt kjeltring som klorar seg fast til krigen av di det held han ved makta.<\/p>\n<p>Sundbombinga av Gaza og krigshissinga p\u00e5 Vestbreidda viser at han og krigskabinettet hans ikkje r\u00f8ynleg bryr seg om dei f\u00e5 av dei israelske gislane som framleis lever. Familiane deira og vanlege israelarar protesterer, s\u00e5 langt til inga nytte. Landet er fanga i ein endelaus straum av v\u00e5pen fr\u00e5 USA, og det f\u00f8rer berre til end\u00e5 fleire daude. Ekstremistar som Itamar Ben-Gvir og Bezalel Smotrich sit i den israelske regjeringa. Det dei seier, syner at dei ikkje bryr seg om \u00abdei andre\u00bb. Med hat og eldfulle talar fyrer dei oppunder den dehumaniseringa som alltid har vore det st\u00f8rste hinderet for fred i Midt-Austen. P\u00e5 den m\u00e5ten liknar dei mykje p\u00e5 Hamas.<\/p>\n<p>Og eit slikt styre m\u00e5 det israelske sivilsamfunnet lida under. Dette er den st\u00f8rste ulukka, b\u00e5de for den vanlege israelar og ikkje minst for kvar einaste innbyggjar p\u00e5 Gaza. Det vil aldri bli fred i Midt-Austen f\u00f8r b\u00e5de arabarar og j\u00f8dar ser kvarandre som menneske. Noko slikt er latterleg enkelt \u00e5 seia for oss i trygge Noreg, men ikkje mindre sant for det. <\/p>\n<p>Med Netanyahu som statsminister vil det aldri skje.<\/p>\n<p>Difor f\u00f8ler eg inderleg med b\u00e5de israelarar og palestinarar. Dersom det finst noko von, er det hj\u00e5 vanlege folk. M\u00e5tte dei klara \u00e5 kasta av seg det blodfysne styret sitt, og m\u00e5tte dei klara \u00e5 sj\u00e5 kvarandre som det dei retteleg er: br\u00f8r og systrer. Dit verkar det \u00e6veleg langt.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"I snart to \u00e5r no har b\u00e5de det israelske folket og broderfolket deira, palestinarane, levd i ein gru&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":35849,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[36,20,21,24,25,15,52,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,261,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-35848","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-israel","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-meiningar","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-palestina","26":"tag-top-stories","27":"tag-topstories","28":"tag-verden","29":"tag-world","30":"tag-world-news","31":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/35848","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=35848"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/35848\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/35849"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=35848"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=35848"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=35848"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}