{"id":363943,"date":"2026-09-23T19:31:15","date_gmt":"2026-09-23T19:31:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/363943\/"},"modified":"2026-09-23T19:31:15","modified_gmt":"2026-09-23T19:31:15","slug":"meiningar-sogndal-eg-har-ikkje-lappen-men-pumpeprisen-paverkar-meg-ogsa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/363943\/","title":{"rendered":"Meiningar, Sogndal | Eg har ikkje lappen, men pumpeprisen p\u00e5verkar meg ogs\u00e5"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Meiningar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om eg ikkje st\u00e5r ved pumpa og ser talet tikke opp, s\u00e5 kjem rekninga likevel. Den kjem i butikken, p\u00e5 apoteket, i kostnaden til tjenseter og i fraktkostnaden p\u00e5 nettbestillinga. Drivstoff er ikkje berre ein \u00abbilkostnad\u00bb. Det er ein grunnkostnad i heile samfunnet v\u00e5rt, fordi nesten alt vi lever av m\u00e5 fraktast: Mat, medisinar, byggjevarer, klede og pakkar.<\/p>\n<p><b>Difor meiner eg det blir feil n\u00e5r debatten om drivstoffprisane berre handlar om \u00abbilistar mot ikkje-bilistar\u00bb. Dette handlar om rettferd og kvardags\u00f8konomi, om korleis avgifter og prisar sl\u00e5r ut i heile verdikjeda.<\/b><\/p>\n<p>N\u00e5r diesel og bensin blir dyrare, blir det dyrare \u00e5 f\u00e5 varer fram til butikkhyllene. Transport\u00f8rane f\u00e5r h\u00f8gare rekningar, og dei m\u00e5 ta det att ein stad. Dei store kjedene har makt og marginar, og kan forhandle hardt og skyve kostnadane vidare til oss forbrukarar. Men dei mindre lokale bedriftene, den vesle matbutikken, bakeriet, den lokale grossisten, handverkaren, bonden og transportselskapet med f\u00e5 bilar, dei har ikkje same musklar. Dei f\u00e5r mindre \u00e5 g\u00e5 p\u00e5, og endar ofte med \u00e5 m\u00e5tte velje mellom \u00e5 setje opp prisane, kutte i tilbodet eller i verste fall leggje ned.<\/p>\n<p><b>Og kven blir st\u00e5ande att med rekninga? Oss alle, uansett om vi har bil eller ikkje.<\/b><\/p>\n<p>Det er her det verkeleg svir for dei som allereie har minst. Studenten som lever p\u00e5 stramt budsjett og merkar kvar einaste prisauke p\u00e5 mat. VGS-eleven p\u00e5 hybel som ikkje har bil, men som likevel m\u00e5 betale meir for br\u00f8d, mj\u00f8lk og p\u00e5legg. Pensjonisten som tel kroner og \u00f8re og m\u00e5 prioritere hardare mellom mat, medisinar og straum. Og alle dei som allereie slit, som ikkje har buffer n\u00e5r \u00abalt\u00bb blir litt dyrare p\u00e5 ein gong.<\/p>\n<p>N\u00e5r kostnadene aukar for transport og logistikk, aukar dei for alle. Ogs\u00e5 for oss utan bil.<\/p>\n<p><b>For til slutt er det ikkje \u00abbilistane\u00bb som betaler. Det er studenten. Det er pensjonisten. Det er den lokale bedrifta. Og det er alle oss som berre pr\u00f8ver \u00e5 f\u00e5 kvardagen til \u00e5 g\u00e5 rundt.<\/b><\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"720\" height=\"1612\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/d7166ea0-c827-44c2-9f09-2518d2da0f11.bin.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 720 \/ 1612;\"\/><\/p>\n<p>      Prisane ved st1 i Sogndal 11.september<br \/>\n      Foto: Adelheid Breidvik\n    <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Sj\u00f8lv om eg ikkje st\u00e5r ved&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":363944,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,5933,24,25,15,22,23,1939,62,13,30,28,29,14,1533,16,41,8790,1029,26,27],"class_list":["post-363943","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-drivstoff","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-naeringsliv","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-samferdsle","tag-sogndal","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117322022152524680","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/363943","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=363943"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/363943\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/363944"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=363943"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=363943"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=363943"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}