{"id":366502,"date":"2026-09-26T10:11:18","date_gmt":"2026-09-26T10:11:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/366502\/"},"modified":"2026-09-26T10:11:18","modified_gmt":"2026-09-26T10:11:18","slug":"meiningar-politikk-kva-om-ho-berre-sa-sorry-me-har-dumma-oss-ut","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/366502\/","title":{"rendered":"Meiningar, Politikk | Kva om ho berre sa: \u00abSorry! Me har dumma oss ut\u00bb"},"content":{"rendered":"\n<p>Det er lett \u00e5 seia p\u00e5 TV at det er forskjell p\u00e5 krise og kvardag. Det er verre \u00e5 sj\u00e5 folk som er avhengige av bil i auga og forklara kvifor ein liter diesel m\u00e5 kosta 30 kroner.<\/p>\n<p>Over 70 lokallag, inkludert <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/fem-hogre-lag-i-sogn-med-pa-oppror-mot-partileiinga\/s\/80-115-10601\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">dei fleste her i Sogn<\/a>, har signert oppropet som ber H\u00f8gre-leiinga snu og gjera drivstoff billegare igjen.\u00a0<\/p>\n<p>VG har daglege oppslag om folk som <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/nyheter\/i\/RjM4J2\/hoeyre-leder-melder-seg-ut-etter-30-aar\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">melder seg ut<\/a> i protest. Nettavisen <a href=\"https:\/\/www.nettavisen.no\/nyheter\/nettavisen-lanserer-ine-prisen-pa-bensin-og-diesel\/s\/80-95-48194\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">har d\u00f8ypt prisauken<\/a> \u00abIne-prisen\u00bb.\u00a0<\/p>\n<p>Det blir nok opplevd som urettferdig, men er fullt fortent.<\/p>\n<p>Berre H\u00f8gre sin baksmell<\/p>\n<p>Det var H\u00f8gre som saman med Frp, Sp og KrF vedtok \u00e5 senka avgiftene d\u00e5 krigen mellom USA og Iran sende oljeprisen til v\u00ears i mars.<\/p>\n<p>D\u00e5 var alle litt meir opptatt av \u00e5 ta \u00e6ra for avgiftskuttet, enn av \u00e5 understreka at det berre skulle vara til 1. september.\u00a0<\/p>\n<p>At Frp og Sp skulle synast dieselen var dyr ogs\u00e5 d\u00e5 ferien var over, kom like overraskande som regn gjer p\u00e5 Vestlandet. I lys av dette, er det uforst\u00e5eleg at H\u00f8gre kunne stilla seg slik at heile baksmellen vart deira.<\/p>\n<p>Rett nok blidgjorde dei mange av sine eigne i distrikta. Men neppe fleire enn dei forvirra i byane d\u00e5 Ine Eriksen S\u00f8reide plutseleg vart framstilt som <a href=\"https:\/\/www.tv2.no\/nyheter\/bensine-soreide-store-har-mistet-kontrollen\/18698131\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">dieselpopulist<\/a>.\u00a0<\/p>\n<p>P\u00e5 m\u00e5lingane sidan H\u00f8gre var med p\u00e5 \u00e5 senka avgiftene, har H\u00f8gre falle mest, og Frp vakse mest.<\/p>\n<p>Dersom H\u00f8gre-leiinga sitt m\u00e5l var veljarvinst, mislukkast det fullstendig. Men sj\u00f8lv oppeg\u00e5ande folk kan lata seg riva med.<\/p>\n<p>Kvardag, ikkje krise<\/p>\n<p>Etter sommaren har S\u00f8reide valt \u00e5 setja ned foten, og st\u00e5 p\u00e5 den.<\/p>\n<p>\u00abDet er forskjell p\u00e5 krise og kvardag\u00bb, er bodskapen.\u00a0<\/p>\n<p>I denne kvardagen er pumpeprisane like h\u00f8ge som d\u00e5 H\u00f8gre definerte at det var krise. Mange stader h\u00f8gare.\u00a0<\/p>\n<p>Det er framleis krig i Iran. Russland driv framleis krig mot Ukraina. Trump <a href=\"https:\/\/e24.no\/naeringsliv\/i\/Okdd3V\/trump-grep-kan-gjoere-diesel-enda-dyrere\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">styrer stadig USA<\/a>. Denne veka n\u00e5dde dei globale dieselprisane eit <a href=\"https:\/\/www.reuters.com\/business\/energy\/global-diesel-prices-hit-record-highs-further-rises-possible-2026-09-21\/?utm_source=chatgpt.com\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">historisk h\u00f8gt niv\u00e5<\/a>. Og f\u00f8r me tok helg, sette Noregs Bank opp renta.<\/p>\n<p>Men no er det kvardag, og H\u00f8gre sitt svar er store skattekutt. Som dei ikkje har fleirtal for. Og ikkje har sannsynleggjort ein plan for \u00e5 f\u00e5 fleirtal for. F\u00f8r kanskje ein gong etter neste stortingsval i 2029.\u00a0<\/p>\n<p>Det skal fyllast ein del diesel f\u00f8r det.<\/p>\n<p>27. mars i \u00e5r <a href=\"https:\/\/hoyre.no\/2026\/03\/26\/strakstiltak-fra-hoyre-kutt-som-monner\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">sa Ine Eriksen S\u00f8reide<\/a>:\u00a0<\/p>\n<p>\u00abDessverre vet vi at St\u00f8re-regjeringen ikke vil la folk beholde mer av sine egne penger. Derfor tok vi i dag ansvar i Stortinget, og fikk flertall for v\u00e5rt forslag som vil gi folk lavere drivstoffpriser\u00bb.<\/p>\n<p>Men no er det kvardag, og det som var ansvarleg, har blitt uansvarleg.<\/p>\n<p>Det er mogleg \u00e5 argumentera for at dette er ei oppskrift p\u00e5 korleis skape politikarforakt og mistru.<\/p>\n<p>Overalt \u2013 men ikkje her <\/p>\n<p>I NRKs <a href=\"https:\/\/radio.nrk.no\/podkast\/debatten\/l_e4840a17-a33e-4ef9-840a-17a33eeef925\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Debatten om drivstoffprisane<\/a> skrytte Ine Eriksen S\u00f8reide av at ho det siste halv\u00e5ret har vore \u00aboveralt\u00bb p\u00e5 lytteturn\u00e8.<\/p>\n<p>Fleire H\u00f8gre-folk eg har snakka med siste veka trekkjer fram dette som noko som provoserte dei, ettersom det er ganske mange stader ho ikkje har vore. Som til d\u00f8mes heile Sogn og Fjordane.<\/p>\n<p>Det er ikkje eit kjempebra teikn for partileiinga at lista for kva grasrota let seg irritera over ligg s\u00e5 l\u00e5gt.<\/p>\n<p>Mitt inntrykk er heller ikkje at dieseloppr\u00f8rane internt i H\u00f8gre har blitt rabiate.<\/p>\n<p>Umogleg \u00e5 forst\u00e5<\/p>\n<p>Dei fleste av dei er samde i at eit avgiftssystem ikkje kan endrast kvar gong marknaden t\u00f8yser det til. Staten skal ikkje m\u00f8ta kvar nye utfordring med ei krisepakke. B\u00e5de folk og bedrifter m\u00e5 ha buffer til \u00e5 takla svingingar i \u00f8konomien.\u00a0<\/p>\n<p>Dei synest berre det er klink umogleg \u00e5 forst\u00e5, forklara og forsvara kvifor diesel skal kosta over 30 kroner literen.<\/p>\n<p>S\u00e6rleg i dei delane av landet der me n\u00e6rast kan lukta oljen fr\u00e5 kysten, men der tog, buss, trikk, bane, sykkel, elsparkesykkel eller det \u00e5 ta beina fatt, ikkje er alternativ.\u00a0<\/p>\n<p>Om folk og bedrifter som er avhengige av drivstoff betalar for mykje, burde vera ein heilt naturleg diskusjon \u00e5 ta for eit parti p\u00e5 h\u00f8gresida. Heilt uavhengig av mellombelse krisetiltak. Avgiftsniv\u00e5et i Noreg er sv\u00e6rt h\u00f8gt.<\/p>\n<p>S\u00e6rleg viss alternativet H\u00f8gre har \u00e5 koma med til dei som slit, er skattelette om fire-fem \u00e5r.<\/p>\n<p>Brukar vesentleg meir<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/cicero.oslo.no\/no\/artikler\/hoye-drivstoffpriser-rammer-ikke-alle-likt\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Forsking fr\u00e5 T\u00d8I og Cicero<\/a> viser at h\u00f8ge drivstoffprisar r\u00e5kar geografisk skeivt. I distrikta er avstandane lengre og folk brukar vesentleg meir av disponibel inntekt p\u00e5 drivstoff.\u00a0<\/p>\n<p>Overgangen til elbilar har g\u00e5tt saktare fordi fordelane fr\u00e5 start var m\u00e5lretta mot byane og dei \u00f8konomiske incentiva f\u00e6rre p\u00e5 bygda.\u00a0<\/p>\n<p>Og dersom kvardagen er k\u00f8yring i dritv\u00ear over fjellet, er det eit godt vestlandsk instinkt \u00e5 villa minimere risiko for ladek\u00f8 og tomt batteri.<\/p>\n<p>Dette er i endring no. Ladenettet har blitt betre og elbilane meir p\u00e5litelege. 95 prosent av <a href=\"https:\/\/bilstatistikken.no\/nyregistreringer\/kommune\/sogndal\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">nye bilar i Sogndal<\/a> i fjor var elbilar. <a href=\"https:\/\/www.abcnyheter.no\/livsstil\/nei-oslo-er-ikke-storst-pa-elbil\/1633042\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Og det blir selt fleire<\/a> brukte elbilar i Vestland enn i Oslo.\u00a0<\/p>\n<p>Men dei fleste fyller framleis diesel eller bensin.\u00a0<\/p>\n<p>Kjem ikkje til \u00e5 snu<\/p>\n<p>Det er ikkje prim\u00e6rt Ine Eriksen S\u00f8reide som skal m\u00f8ta desse bilistane p\u00e5 stand i \u00c5rdal, Luster og Vik fram mot kommunevalet.<\/p>\n<p>Det er H\u00f8gre sine lokalpolitikarar.<\/p>\n<p>Dei m\u00e5 ha svar til pendlaren utan alternativ og maskinentrepren\u00f8ren som <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/svir-av-ti-tusen-kroner-pa-a-fylla-ein-tank-det-er-forst-og-fremst-kundane-det-gar-utover\/s\/80-115-6781\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">fyller tusenvis av liter<\/a> i veka, p\u00e5 kvifor H\u00f8gre ikkje vil gjera noko med prisen p\u00e5 tavla.<\/p>\n<p>Ein kan forst\u00e5 at dei ikkje gler seg til det.<\/p>\n<p>Men H\u00f8gre-leiinga kjem ikkje til \u00e5 snu, s\u00e5 lenge S\u00f8reide bestemmer.<\/p>\n<p>Kanskje har dei konkludert med at feilen skjedde i v\u00e5r, og at dei aldri burde vore med p\u00e5 \u00e5 senka avgiftene d\u00e5.\u00a0<\/p>\n<p>L\u00e6rt at det einaste folk likar d\u00e5rlegare enn \u00e5 ikkje f\u00e5 noko, er \u00e5 f\u00e5 noko og s\u00e5 bli tatt fr\u00e5 det att.<\/p>\n<p>L\u00e6rt av Arbeidarpartiet, som har st\u00e5tt st\u00f8tt p\u00e5 nei til billegare diesel heile vegen. Og faktisk <a href=\"https:\/\/www.pollofpolls.no\/?cmd=Stortinget\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">g\u00e5tt fram<\/a> p\u00e5 m\u00e5lingane.<\/p>\n<p>Viss det er slik landet ligg kunne Ine Eriksen S\u00f8reide kanskje tent p\u00e5 \u00e5 berre seia: Sorry, me har dumma oss ut.<\/p>\n<p>Kan tapa meir<\/p>\n<p>For veljarane er ikkje dumme. Dei gjennomskodar argumentasjon som ikkje heng saman.\u00a0<\/p>\n<p>For ein fersk partileiar som skal byggja tillit over lang tid, kan det vera vel s\u00e5 viktig at folk veit at du st\u00e5r for noko, som akkurat kva du st\u00e5r for.<\/p>\n<p>Dei fleste veljarar skj\u00f8nar at dei aldri kjem til \u00e5 vera samd med eit parti i absolutt alle saker.<\/p>\n<p>H\u00f8gre mister garantert nokre p\u00e5 \u00e5 ikkje senka avgiftene igjen.<\/p>\n<p>Men kan tapa meir viss leiinga ikkje er truverdige i si framferd og vert oppfatta som <\/p>\n<p>Underteikna var kommunikasjonssjef i H\u00f8gre og pressesjef for tidlegare statsminister Erna Solberg fr\u00e5 2020-26, men gjekk ut av partiet d\u00e5 eg vart ansvarleg redakt\u00f8r i Sogn Avis.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-10601\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/1790417475_266_Ine Eriksen S\u00f8reide 4.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Fem H\u00f8gre-lag i Sogn med p\u00e5 oppr\u00f8r mot partileiinga\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-14155\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/1790417476_662_unnamed (2).jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Framleis skyh\u00f8ge dieselprisar\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-12950\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/1790417477_860_42e01c24-bc8d-4de8-88fa-a22965730747.bin.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Eg har ikkje lappen, men pumpeprisen p\u00e5verkar meg ogs\u00e5\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-6457\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/5_115_895151 IMG_1791.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Ein gravemaskin kan ikkje g\u00e5 p\u00e5 politiske ambisjonar\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-6781\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/last ned (82).jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Svir av ti tusen kroner p\u00e5 \u00e5 fylla ein tank: \u2013 Det er f\u00f8rst og fremst kundane det g\u00e5r utover\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det er lett \u00e5 seia p\u00e5 TV at det er forskjell p\u00e5 krise og kvardag. Det er verre&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":366503,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[5],"tags":[36,222,20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,1939,62,13,30,28,29,14,1533,16,41,1029,26,27],"class_list":["post-366502","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-overskrifter","tag-art","tag-bil","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-hovedoppslag","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-main-news","tag-mainnews","tag-meiningar","tag-naeringsliv","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-sogndal","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117336807636448116","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/366502","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=366502"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/366502\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/366503"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=366502"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=366502"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=366502"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}