{"id":36848,"date":"2025-09-16T13:18:39","date_gmt":"2025-09-16T13:18:39","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/36848\/"},"modified":"2025-09-16T13:18:39","modified_gmt":"2025-09-16T13:18:39","slug":"meiningar-helse-no-er-det-pa-hog-tid-a-skrote-foretaksmodellen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/36848\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse | No er det p\u00e5 h\u00f8g tid \u00e5 skrote f\u00f8retaksmodellen"},"content":{"rendered":"\n<p>Dette er sett p\u00e5 spissen, men om ein kan sleppe \u00e5 betala attende gjeld med renter til staten p\u00e5 investeringar til utstyr og nybygg s\u00e5 hadde ein ikkje g\u00e5tt i underskot.<\/p>\n<p>Ingen er jo overraska over at Helse F\u00f8rde no lyt kutte og sentralisere tilbod i f\u00f8retaket. Budsjettsprekken er me alle velinformert om gjennom media. Eg f\u00e5r jo vita ein del meir som tillitsvald i ambulansen, og eg tenkjer me alle no m\u00e5 st\u00e5 opp for kortreist helse. Politikarane lyt visa handlekraft og redde oss fr\u00e5 desse kutta. Me skal ikkje tene pengar p\u00e5 helse. Me skal tene pengar p\u00e5 at folk skal f\u00e5 den behandlinga dei treng og halde seg i arbeid slik at dei soleis er ein del av verdiskapinga i landet v\u00e5rt. <\/p>\n<p>S\u00e5 skal ein ikkje undervurdere den ekstra belastninga lang reiseveg p\u00e5f\u00f8rer kronisk sjuke pasientar. Dette ser eg p\u00e5 n\u00e6rt hald i jobben min. Tilboda b\u00f8r tvert imot desentraliserast, og meir av behandlinga b\u00f8r skje i n\u00e6rleiken av pasienten. <\/p>\n<p>L\u00e6rdal sjukehus er ein god stad \u00e5 vera. Her har dei tid til deg, og ein f\u00f8ler seg verdsett. Utan at eg kan dokumentere p\u00e5standen min, vil eg sei at dette forkortar sjukdomsforl\u00f8pet. Det er ikkje berre ein gong eg har h\u00f8yrt setninga \u00abh\u00e5par eg slepp til F\u00f8rde\u00bb. Dette er ikkje for at F\u00f8rde gjer ein d\u00e5rleg jobb, men fordi transportetappen er utmattande for eit menneske som er sjuk.<br \/>Eg kjenner ikkje s\u00e5 godt til sjukehuset p\u00e5 Nordfjordeid, men eg vil tru at opplevingane der oppe kan samanliknast med L\u00e6rdal.<\/p>\n<p>\u00c5 bera fram og f\u00f8de eit born er eit stort ansvar og kan gje mykje bekymring for den det gjeld. Me er alle ulike, men eg veit av personleg erfaring at barselavdelinga i L\u00e6rdal er ein god stad \u00e5 vera. Her blir ein godt ivareteken, og det nye tilv\u00e6ret der ein g\u00e5r td fr\u00e5 \u00e5 vera to til tre er ein stor forandring i livet. Etter at f\u00f8dselen er over, kan det vera godt \u00e5 f\u00e5 kome til \u00abGod start\u00bb for \u00e5 late alt falle inn og f\u00e5 hjelp til alt ein lurar p\u00e5. Den kompetansen og omsorga dei sit med p\u00e5 disse avdelingane kan ikkje m\u00e5last i pengar. <\/p>\n<p>Eg ventar sj\u00f8lv mitt tredje born, s\u00e5 ein kjenner sj\u00f8lvsagt ekstra p\u00e5 dette. Ein blir redd for at kompetansen forsvinn fr\u00e5 oss, d\u00e5 alle ikkje kan eller vil k\u00f8yre land og strand til jobb. Desse menneska m\u00f8ter eg ofte, og det er \u00f2g trygt og godt for oss som skal frakte denne verdifulle lasta til f\u00f8deavdelingane.<\/p>\n<p>I skrivande stund sit eg og les p\u00e5 Firda at nokre tilsette ikkje er m\u00f8tt p\u00e5 jobb i dag av den grunn at dei tykkjer det er krevjande med dei signala som kom i g\u00e5r. Det syner kor viktig lokalsjukehuset v\u00e5rt er for samfunnet.<br \/>Det er jo beredskap me snakkar om i h\u00f8gste grad. Beredskap kostar mykje. Me skal ha folk med full l\u00f8n p\u00e5 vent for dei som plutseleg skulle trenge oss. Den prisen lyt me berre betale for at dei gode menneska rundt oss skal f\u00e5 lov til \u00e5 bu grisgrendt i dette langstrekte landet. <\/p>\n<p>Me lyt tole at ein ambulanse sit uverksam ute p\u00e5 eit nes i p\u00e5vente av at nokon treng dei. S\u00e5nn er det \u00e5 bu i Noreg. Og det er difor me elskar bygdene v\u00e5re, og kan halde fram v\u00e5re gode liv her.<br \/>No g\u00e5r v\u00e5r b\u00f8n til dei fokevalte. No har de ein moglegheit til \u00e5 f\u00e5 ein pangstart i sitt nye virke p\u00e5 Stortinget med \u00e5 stoppe desse kutta.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dette er sett p\u00e5 spissen, men om ein kan sleppe \u00e5 betala attende gjeld med renter til staten&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":36849,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,736,22,23,5341,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,26,27],"class_list":{"0":"post-36848","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-helse","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-laerdal","18":"tag-meiningar","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-opinion","25":"tag-overskrifter","26":"tag-politikk","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/36848","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=36848"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/36848\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/36849"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=36848"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=36848"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=36848"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}