{"id":369724,"date":"2026-09-29T16:04:13","date_gmt":"2026-09-29T16:04:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/369724\/"},"modified":"2026-09-29T16:04:13","modified_gmt":"2026-09-29T16:04:13","slug":"luster-kraft-hydro-set-opp-master-i-aluminium-fra-eigne-fabrikkar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/369724\/","title":{"rendered":"Luster, Kraft | Hydro set opp master i aluminium fr\u00e5 eigne fabrikkar"},"content":{"rendered":"\n<p>Prosjektet kombinerer dermed fornybar kraftproduksjon med bruk av aluminium fr\u00e5 Hydro sine eigne fabrikkar.\u00a0<\/p>\n<p>Det melder Hydro i ei pressemelding.\u00a0<\/p>\n<p>Droppar st\u00e5l og kompositt<\/p>\n<p>Som del av Illvatn-prosjektet skal Hydro Energi byggja ein 13 kilometer lang 145 kV-kraftleidning mellom Fivlemyane og Sveins\u00f8yst\u00f8len i Fortunsdalen i Luster.\u00a0<\/p>\n<p>Dei 45 mastene langs traseen skal produserast i aluminium mellom anna ved pressverka i Finsp\u00e5ng i Sverige og Lichtervelde i Belgia. Materialet kjem dermed fr\u00e5 selskapet si eiga verdikjede og best\u00e5r av b\u00e5de resirkulert aluminium og lavkarbon-aluminium produsert ved Hydro sine verk i Noreg.\u00a0<\/p>\n<p>Standarden i bransjen har lenge vore st\u00e5l og kompositt. Aluminium har l\u00e5gare CO\u2082 utslepp ved produksjon enn til d\u00f8mes st\u00e5l og kompositt, framhevar selskapet.\u00a0<\/p>\n<p>Sterkt og krev lite vedlikehald<\/p>\n<p>Fivlemyrane ligg 1018 meter over havet og prosjektet vert bygd i eit krevjande fjellterreng.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Aluminium har gode eigenskapar knytt til resirkulering og kan produserast med eit sv\u00e6rt l\u00e5gt karbonavtrykk. I tillegg har det h\u00f8g styrke i h\u00f8ve vekt, er motstandsdyktig mot korrosjon og krev lite vedlikehald, seier Jan Helge M\u00e5rdalen, leiar for drift og utvikling i Hydro Energi i pressemeldinga.\u00a0<\/p>\n<p>L\u00e5g vekt gjer mastene enklare \u00e5 transportera i det krevjande terrenget.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Samstundes bidreg lettare komponentar til ei sikrare gjennomf\u00f8ring av arbeidet, seier M\u00e5rdalen.\u00a0<\/p>\n<p>Fivlemyrane ligg 1018 meter over havet og prosjektet vert bygd i eit krevjande fjellterreng.\u00a0<\/p>\n<p>Kostar 2,5 milliardar<\/p>\n<p>Illvatn er eit heilt nytt kraftverk som skal bidra med ny kraft og meir effekt i det norske kraftsystemet. Pumpekraftverket skal gjera det mogleg \u00e5 pumpa vatn fr\u00e5 Fivlemyrane opp i Illvatn og auka lagringskapasiteten i magasinet med om lag 90 millionar kubikkmeter vatn.\u00a0<\/p>\n<p>Prosjektet er forventa \u00e5 gje ein brutto produksjonsauke p\u00e5 rundt 210 GWh \u00e5rleg og ei netto auke i fornybar kraftproduksjonen p\u00e5 107 GWh.\u00a0<\/p>\n<p>Byggjearbeida starta i november 2025 og anlegget er planlagt sett i drift i l\u00f8pet av andre kvartal av 2030. Investeringsramma er 2,5 milliardar kroner.\u00a0<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Prosjektet kombinerer dermed fornybar kraftproduksjon med bruk av aluminium fr\u00e5 Hydro sine eigne fabrikkar.\u00a0 Det melder Hydro i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":369725,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[56],"tags":[36,60,61,4958,2276,110,62,30,28,29,216,1510],"class_list":["post-369724","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-naeringsliv","tag-art","tag-business","tag-economy","tag-hydro","tag-kraft","tag-luster","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-okonomi-og-naeringsliv","tag-story"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117355182050560394","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/369724","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=369724"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/369724\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/369725"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=369724"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=369724"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=369724"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}