{"id":370758,"date":"2026-09-30T16:35:19","date_gmt":"2026-09-30T16:35:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/370758\/"},"modified":"2026-09-30T16:35:19","modified_gmt":"2026-09-30T16:35:19","slug":"datasenter-moskog-naeringspark-datasenter-mot-folk-natur-og-klima","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/370758\/","title":{"rendered":"Datasenter, Moskog N\u00e6ringspark | Datasenter mot folk, natur og klima"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Debattinnlegg<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Sunnfjord kommune vil selje areal ved Moskog til tomter for to datasenter. Dei to vil forbruke elektrisitet med effekt p\u00e5 rundt 95 megawatt. Det svarer til ei energimengde p\u00e5 rundt 830 millionar kWh kvart \u00e5r. Dette er rundt 80 prosent av det som dei i si tid tenkte \u00e5 f\u00e5 ut av Gaularvassdraget.<\/p>\n<p>Dette er eit enormt tal for energi kasta vekk til ingen nytte for andre enn dei som ser fram til \u00e5 tene grovt p\u00e5 \u00e5 drive slike senter. Dei okkuperer store areal og sluker p\u00e5 lag uhemma av energi. Store mengder vatn sluker dei for \u00e5 kj\u00f8le all teknikken. Varmen i vatnet g\u00e5r som regel til spille, ogs\u00e5 fr\u00e5 Moskog, med uklare konsekvensar for elvar og vatn.<\/p>\n<p>Lokale arbeidsplassar var kanskje eit argument for nokre \u00e5r sidan. Ein artikkel fr\u00e5 Statistisk sentralbyr\u00e5 fortel no at selskapa raskt har rasjonalisert drifta nesten vekk fr\u00e5 innsats av menneske etter at bygginga er ferdig. Samfunnsnytten er langt mindre enn av tradisjonell, kraftkrevjande industri, skriv byr\u00e5et. Teknologir\u00e5det seier det same. Inntekter av drifta tek eigarane med seg heim. Ni av ti selskap er utanlandske.<\/p>\n<p>Teknikken skal f\u00f8rst og fremst drive kunstig intelligens (KI) og gjere amerikanske oligarkar end\u00e5 meir skadeleg rike. Regjeringa er s\u00e5 fjetra av det nye at dei vil sleppe utviklinga laus utan noko overordna styring. Statleg regulering vil hemme investeringane, heiter det fr\u00e5 den kanten. Som om Sunnfjord eller landet har nytte av investeringar utan \u00e5 f\u00e5 igjen noko.<\/p>\n<p>I den globale frihandels\u00f8konomien ser vi no ein meir intens kamp etter naturgode der dei enno er \u00e5 finne, der Jorda ikkje er brukt opp. Sentrum leitar etter nye jaktmarker i periferien, utkantane. Under den globale liberaliseringa leverte politikken makta over til marknaden \u2013 utan vederlag. Noreg vart blinda av glansen p\u00e5 oljen og kledde seg om til nesten rein r\u00e5vareleverand\u00f8r.<\/p>\n<p>For lenge sidan var refrenget at meir elektrisk kraft skulle berge klimaet. Det er slutt. H\u00f8gseteplassen har straum til umettelege datasenter f\u00e5tt. Dei er det motsette av klimatiltak. Eigarane og deira unders\u00e5ttar er ute etter knappe naturgode, f\u00f8rst av alt areal, energi, kj\u00f8levatn og ei rekkje metall jorda har lite av. Til saman handlar dette om \u00e5 gjere store areal om fr\u00e5 gr\u00f8ne til gr\u00e5 og livlause. \u00c5tvaringane mot slik intens utarming av naturen har kome i meir enn 50 \u00e5r, stadig meir tydeleg og alvorleg. Dei utnyttande bryr seg aldri om slikt, og dei styrande tok p\u00e5 seg \u00f8yreklokker mot tonar dei ikkje likte. \u00abLa \u00f8des, la g\u00e5 til spille, den rike Jon Gynt holder gilde\u00bb, skreiv Henrik Ibsen.<\/p>\n<p>Utanlandske eigarar, ofte heilt ukjende for norske styresmakter, f\u00e5r forsyne seg utan vilk\u00e5r av store mengder elektrisitet, areal, kj\u00f8levatn og andre gode. Kostnadene til st\u00f8rre kraftliner for \u00e5 f\u00e5 fram nok kraft, det skal norske straumkundar betale som rein forsorg til profit\u00f8rane. Mangel p\u00e5 straum kalla tidlegare statsr\u00e5d Karianne Tung eit problem for kraftforsyninga, ikkje for hennar felt. Dei som ser med berre eitt auge, misser lett perspektivet.<\/p>\n<p>V\u00e5re elvar og landskap har fr\u00e5 f\u00f8r tapt mykje av sitt rike liv. Fr\u00e5 naturen er Noreg det mest varierte landet i Europa. Stortinget har fleire gonger vedteke \u00e5 ta vare p\u00e5 v\u00e5re kvalitetar. I praksis vinn jakta etter meir pengar nesten alltid. Naturen ligg att med djupe s\u00e5r der livet har tapt. Og \u00f8ydeleggingsevna veks. Ein dag er der ikkje meir \u00e5 hente. Dette har folket sett, og sett seg opp mot naturdrapet. Til og med oljen, v\u00e5r \u00f8konomiske flytevest gjennom 50 \u00e5r, kan snart vere slutt, fortel Sokkeldirektoratet. Datasenter og kunstig intelligens har ingenting \u00e5 setje i staden.<\/p>\n<p>For 120 \u00e5r sidan tok Stortinget styrande makt over vasskraftverka med heimfallsretten og skattlegging til lokalsamfunna og staten. F\u00f8r oljetappinga kom i gang i 1970-\u00e5ra hadde landet reglane klare for tildeling av blokker, h\u00f8g skattlegging og mangt anna. Det fanst framtidsretta styringsvilje i landet. No g\u00e5r den ville kampen etter investeringar og store naturinngrep p\u00e5 sj\u00f8lvstyr.<\/p>\n<p>Teknologien har heilt sidan den industrielle revolusjonen hatt som rolle \u00e5 ta arbeid fr\u00e5 folk. Den mekaniske industrien gav h\u00f8g vekst og pengar til nye arbeidsplassar. No dalar nasjonalproduktet i den tradisjonelt rike verda her vest. Mange statar slit under tung gjeld. Dei som KI etter planen skal dytte ut av produksjonslivet og forvaltning, f\u00e5r ikkje nye alternativ \u00e5 g\u00e5 til. I hissigare kamp om krafta vil den eldre industrien og dei verdiskapande arbeidsplassane tape. Har det meining \u00e5 satse milliardar p\u00e5 arbeidsl\u00f8yse og kraftmangel?<\/p>\n<p>Gledeleg nok har folk flest rundt om sett rovdrifta og skavankane. Protestane mot datasentera veks eksplosivt. Her heime er det berre tre av ti som vil ha meir av desse bastionane. I f\u00f8rste rekkje st\u00e5r ungdomen med sin naturlege intelligens mot den syntetiske. I USA har oppstyret stansa hundrevis av planar. Staten New York sa blankt nei til nye senter av denne typen, i f\u00f8rste omgang for eit \u00e5r. Fleire andre statar syslar med same tanken. Sju av ti amerikanarar svarer at dei vil ikkje ha datasenter i sitt n\u00e6romr\u00e5de. I Wisconsin har Microsoft m\u00f8tt s\u00f8ksm\u00e5l fordi dei plagar folk med kraftig st\u00f8y. Australia vil ikkje ha fleire senter enn dei treng sj\u00f8lve. Der m\u00e5 eigarane sj\u00f8lv skaffe kraft til drifta. Ogs\u00e5 selskapa bak KI-satsinga \u00e5tvarar no mot det ville tempoet. Eit program viste seg for usikkert til \u00e5 sleppe det laust.<\/p>\n<p>Att\u00e5t stort forbruk av areal, vatn og straum protesterer amerikanarane mot veksande CO\u2082-utslepp. Kol driv det meste av datateknikken i verda, med st\u00f8rre utslepp enn all flytrafikk p\u00e5 Jorda. Utsleppa vert heller ikkje sm\u00e5 hos oss. I Fyresdal byggjer dei eit stort senter. Det vil etter planen sluke ein million liter diesel i \u00e5ret. Utsleppa vert d\u00e5 2600 tonn CO\u2082 \u00e5rleg. Utstyret som skal handtere datamengdene m\u00e5 dei skifte med f\u00e5 \u00e5rs mellomrom. Sv\u00e6rt lite av tungmetall og andre element kan dei bruke opp att. Det meste vert avfall. Eit slikt forbruk av r\u00e5varer, utnytta med stor innsats av fossil energi, let seg ikkje forsvare som ansvarleg.<\/p>\n<p>I munter stemning kan vi \u00f2g kome av sjansen for \u00f8konomisk samanbrot i denne vill vekstbransjen. Mange trur den enorme bobla vil sprekke. Sp\u00f8rsm\u00e5let er ikkje om, men n\u00e5r, hevdar \u00f8konomar. Selskapa investerer svimlande summar i KI, men har ikkje klart \u00e5 skaffe nok inntekter. Tilliten i marknaden vaklar, heiter det. Ogs\u00e5 Nicolai Tangen, sjef for oljefondet og KI-entusiast, seier at bobla vil sprekke. Det vert ein durabeleg smell.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/80-15-20536\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/10nyhlefdal_13_16_bai_9184.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Vil bygge datasenter p\u00e5 Moskog: \u2013 Kundane st\u00e5r i k\u00f8\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/80-15-20185\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/10nyhlefdal_15_16_bai_9198.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Nordfjord-selskap tek over datasenterprosjektet p\u00e5 Moskog\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Sunnfjord&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":370759,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,876,24,25,15,22,23,27528,1398,13,30,28,29,14,1533,16,6150,26,27],"class_list":["post-370758","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-datasenter","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-moskog-naeringspark","tag-naturvernforbundet","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-synspunkt","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117360966592760038","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/370758","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=370758"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/370758\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/370759"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=370758"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=370758"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=370758"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}