{"id":37633,"date":"2025-09-17T11:06:15","date_gmt":"2025-09-17T11:06:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/37633\/"},"modified":"2025-09-17T11:06:15","modified_gmt":"2025-09-17T11:06:15","slug":"debatt-politikk-den-som-rekker-opp-handa-vil-fa-ein-knalltoff-jobb","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/37633\/","title":{"rendered":"Debatt, Politikk | Den som rekker opp handa vil f\u00e5 ein knallt\u00f8ff jobb"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Fredag kom beskjeden<\/b> som berre m\u00e5tte komma. Etter to strake valnederlag varsla Erna Solberg at ho kjem til \u00e5 g\u00e5 av som leiar i H\u00f8gre.<\/p>\n<p>Dermed er ein epoke over i norsk politikk. Erna Solberg kjem til \u00e5 verta nemnd i same andedrag som K\u00e5re Willoch n\u00e5r historikarane skal peika p\u00e5 dei st\u00f8rste skikkelsane p\u00e5 h\u00f8gresida i norsk politikk.<\/p>\n<p><b>Det er ikkje<\/b> f\u00f8rst og fremst som stemmesankar for H\u00f8gre Erna Solberg kjem til \u00e5 verta hugsa.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4607\" height=\"3071\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/NTB_U9bi8lt1aPE.jpg\" alt=\"Gardermoen  20250912. &#10;Erna Solberg g\u00e5r av som partileder under H\u00f8yres sentralstyrem\u00f8te fredag. &#10;Foto: Gorm Kallestad \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4607 \/ 3071;\"\/><\/p>\n<p>    Erna Solberg stod \u00e5leine p\u00e5 podiet d\u00e5 ho takka for seg. Det er likevel som ein borgarleg lagbyggar Solberg kjem til \u00e5 verta hugsa.<br \/>\n    Foto: Gorm Kallestad\n  <\/p>\n<p>P\u00e5 det feltet er nemleg nedturane fleire enn oppturane. I l\u00f8pet av 22 \u00e5r som gallionsfigur for H\u00f8gre gjekk Solberg nemleg p\u00e5 fire sviande valnederlag. Faktisk har ho hatt ansvaret for to av dei tre svakaste valresultata til partiet etter krigen.<\/p>\n<p>\u00abBerre\u00bb to gongar kunne ho feira triumf.<\/p>\n<p><b>Grunnen til at<\/b> Erna Solberg likevel m\u00e5 reknast blant dei store i norsk politikk, uavhengig av parti, var at ho greidde \u00e5 omsetta valsigrar i eit borgarleg samarbeid som stod seg i \u00e5tte samanhengande \u00e5r.<\/p>\n<p>Det greidde aldri K\u00e5re Willoch.<\/p>\n<p><b>Det finst nemleg<\/b> eit uttrykk p\u00e5 borgarleg samarbeid som har festa seg i det norske spr\u00e5ket. Me snakkar sj\u00f8lvsagt om \u00absprikane staur\u00bb, som var tidlegare statsminister Per Borten sin karakteristikk av korleis det var \u00e5 halda kontroll p\u00e5 motstridande interesser i ei borgarleg firepartiregjering.<\/p>\n<p>Ingen har sjonglert staur som Erna Solberg. Det er heller ingen H\u00f8gre-leiarar som har flytta partiet lengre til sentrum i norsk politikk.<\/p>\n<p><b>Om h\u00f8gresida er<\/b> interessert i \u00e5 l\u00e6ra av Solberg-\u00e6raen, b\u00f8r dei festa seg med eit viktig poeng:<\/p>\n<p>Ein borgarleg valsiger har aldri komme av seg sj\u00f8lv. Faktisk m\u00e5 h\u00f8gresida greia det ekstraordin\u00e6re om dei skal vinna val.<\/p>\n<p><b>Historia viser nemleg<\/b> at den norske h\u00f8gresida er avhengig av minst tre premiss for \u00e5 vinna regjeringsmakt:<\/p>\n<ul>\n<li>H\u00f8gre m\u00e5 vera st\u00f8rst p\u00e5 borgarleg side, og ha ei oppslutning p\u00e5 minst 22 prosent.<\/li>\n<li>Framstegspartiet m\u00e5 ikkje vera for store. H\u00f8gresida har nemleg aldri vunne valet om Frp har ei oppslutning p\u00e5 meir enn 17 prosent.<\/li>\n<li>B\u00e5de Venstre og Kristeleg folkeparti m\u00e5 over sperregrensa.<\/li>\n<\/ul>\n<p>I \u00e5rets Stortingsval slo ingen av desse kriteria til. Dei tre premissane heng nemleg tett saman.<\/p>\n<p><b>Sj\u00f8lv om det<\/b> mest utslagsgjevande for valresultatet var at Venstre droppa under sperregrensa, snakkar me om ein dominoeffekt:<\/p>\n<ul>\n<li>At landet kunne f\u00e5 ei sterkt Frp-dominert regjering f\u00f8rte til at dei minst borgarlege Venstre-veljarane flykta over den politiske midtstreken til Arbeidarpartiet eller Milj\u00f8partiet Dei Gr\u00f8ne.<\/li>\n<li>At H\u00f8gre lukta p\u00e5 14-talet og var milevis unna \u00e5 vera st\u00f8rst p\u00e5 borgarleg side f\u00f8rte \u00f2g truleg til at f\u00e6rre liberale h\u00f8greveljarar i Oslo, Asker og B\u00e6rum gav ei sympatistemme for \u00e5 f\u00e5 Venstre over sperregrensa.<\/li>\n<li>At Arbeidarpartiet gjennom heile valkampen kunne mala Sylvi Listhaug p\u00e5 veggen, f\u00f8rte til at partiet for f\u00f8rste gong sidan 2009 opplevde framgang i oppslutning fr\u00e5 eit val til neste.<\/li>\n<\/ul>\n<p><b>Erna Solberg s\u00e5g<\/b> kva som var i ferd med \u00e5 skje. Med vel ei veke igjen til valdagen braut h\u00f8greleiaren med det som tidlegare hadde vore hennar viktigaste suksessoppskrift, nemleg \u00e5 ikkje g\u00e5 ut mot vennane sine p\u00e5 borgarleg side.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6716\" height=\"4478\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/NTB_pBOaZeTigcU.jpg\" alt=\"Oslo 20250831. &#10;Leder i Fremskrittspartiet (Frp) Sylvi Listhaug under pausen i TV2s partilederdebatt p\u00e5 Carls i Oslo.&#10;Foto: Javad Parsa \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6716 \/ 4478;\"\/><\/p>\n<p>    Sylvi Listhaug (Frp) nekta \u00e5 sleppa Erna Solberg fram i lyset i valkampinnspurten.<br \/>\n    Foto: Javad Parsa\n  <\/p>\n<p>Erna Solberg hadde sj\u00f8lvsagt rett. Om det skulle verta borgarleg valsiger m\u00e5tte Framstegspartiet og Sylvi Listhaug ha forsaka litt av sitt eige momentum, og peikt p\u00e5 Erna Solberg som sin statsministerkandidat.<\/p>\n<p><b>For at det<\/b> skulle verta borgarleg regjering m\u00e5tte H\u00f8gre ha tetta noko av gapet til Framstegspartiet, noko som igjen kunne gitt liberale sentrumsveljarar litt meir tru p\u00e5 det borgarlege prosjektet.<\/p>\n<p>Tre gongar har det nemleg skjedd at Framstegspartiet har f\u00e5tt over 20 prosent i eit Stortingsval. Kvar einaste gong har Arbeidarpartiet hatt framgang fr\u00e5 valet f\u00f8r. Ja, det er faktisk dei einaste tre gongane sidan 90-talet at Ap har greidd \u00e5 veksa!<\/p>\n<p><b>Kvar einaste gong<\/b> har h\u00f8gresida vorte d\u00f8mt til fire \u00e5r i opposisjon.<\/p>\n<p>Litt av forklaringa finn me i tala til Norsk medborgarpanel ved Universitetet i Bergen. Framstegspartiet er nemleg det partiet som splittar det norske folket aller mest. Samla sett er veljarane til sentrumsparti som Venstre, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Milj\u00f8partiet Dei Gr\u00f8ne langt meir begeistra for Arbeidarpartiet enn for Frp.<\/p>\n<p>Liberale sentrumsveljarar flyktar om Frp vert for dominerande.<\/p>\n<p><b>D\u00e5 Erna Solberg <\/b>tok bladet fr\u00e5 munnen var det kanskje uansett for seint. Store delar av veljarane hadde d\u00e5 allereie bestemt seg.<\/p>\n<p>At Erna Solberg venta s\u00e5 lenge med \u00e5 ta oppgjeret med Listhaug seier litt om hennar viktigaste bidrag til norsk politikk. Nemleg \u00e5 vera politikaren som greidde balansekunsten i \u00e5 foreina gr\u00f8ne liberalarar fr\u00e5 Venstre, verdikonservative fr\u00e5 KrF og ei salig blanding av populistar og liberalistar i Frp.<\/p>\n<p><b>Gjennom \u00e5tte \u00e5r <\/b>i regjering, greidde ho \u00e5 halda denne koalisjonen samla. Sj\u00f8lv d\u00e5 Knut Arild Hareide pr\u00f8vde \u00e5 sprenga den borgarlege idyllen gjennom retningsvalet til KrF, valde medlemmane i KrF Solberg framfor Hareide.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4458\" height=\"2977\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/NTB_qp7KcXosW0U.jpg\" alt=\"Oslo  20181102.&#10;Kjell Ingolf Ropstad, Erna Solberg (H) og KrF-leder Knut Arild Hareide f\u00f8r partilederdebatten p\u00e5 NRK fredag kveld.&#10;Foto: Terje Pedersen \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4458 \/ 2977;\"\/><\/p>\n<p>    Knut Arild Hareide (KrF) pr\u00f8vde seg p\u00e5 eit heilhjarta angrep p\u00e5 Erna Solberg sin store kongstanke. P\u00e5 hengande h\u00e5ret overlevde det borgarlege samarbeidet myterifors\u00f8ket fr\u00e5 b\u00f8mlingen.<br \/>\n    Foto: Terje Pedersen\n  <\/p>\n<p>Den som skal etterf\u00f8lga Erna Solberg kjem verkeleg til \u00e5 f\u00e5 noko \u00e5 bryna seg p\u00e5.<\/p>\n<p><b>Eit rekordstort Frp<\/b> skal dei neste fire \u00e5ra gjera det dei kan aller best i norsk politikk, nemleg \u00e5 sitta i opposisjon.<\/p>\n<p>Med draghjelp fr\u00e5 den nye h\u00f8greb\u00f8lga, som ikkje er noko bl\u00e5russb\u00f8lge, men ei b\u00f8lge som spelar p\u00e5 langt meir folkelege strenger, vil H\u00f8gre f\u00e5 ein stri jobb med \u00e5 t\u00f8yla Frp.<\/p>\n<p><b>Dersom H\u00f8gre fell<\/b> for freistinga om at dei \u00f2g skal ri den nye h\u00f8greb\u00f8lga kan det g\u00e5 verkeleg ille. Valresultatet viser nemleg at motreaksjonen mot h\u00f8greb\u00f8lga er om lag like sterk i det norske folket som sj\u00f8lve b\u00f8lga.<\/p>\n<p>Alt tyder p\u00e5 at motsetninga mellom liberale og konservative veljarar vil verta ei viktigare skiljelinje i norsk politikk framover. Det er ingenting som tyder p\u00e5 at H\u00f8gre kan setta dei liberale veljarane p\u00e5 borgarleg side p\u00e5 spel.<\/p>\n<p><b>Likevel skal ein<\/b> ikkje verta overraska om H\u00f8gre justerer kursen noko. Mykje tyder p\u00e5 at h\u00f8gre kan komma til \u00e5 verta meir konservative i ruspolitikken, meir skeptiske til innvandring, meir restriktive til offentleg pengebruk, og end\u00e5 meir opphengt i ei t\u00f8ffare linje n\u00e5r det gjeld kriminalitet.<\/p>\n<p>Likevel skal H\u00f8gre passa seg. B\u00e5de fordi dei kan framst\u00e5 som ein light-versjon av Frp, men \u00f2g fordi konservative grep kan straffa seg i den andre enden.<\/p>\n<p><b>Den aller viktigaste<\/b> bragda til Solberg var uansett \u00e5 halda seg inne med Venstre og Kristeleg folkeparti i sentrum. At nettopp KrF er p\u00e5 glideflukt vekk fr\u00e5 sine meir liberale standpunkt, og reindyrkar seg som eit tydelegare konservativt h\u00f8greparti, vil truleg stilla end\u00e5 st\u00f8rre krav til H\u00f8gre n\u00e5r det gjeld \u00e5 behalda ryktet som eit liberalt parti, sj\u00f8lv om partiet har mista veljarar til Frp.<\/p>\n<p>Om h\u00f8gresida vil l\u00e6ra noko av Erna Solberg, m\u00e5 det vera at nokon borgarleg valsiger aldri har komme av seg sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3498\" height=\"2339\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/NTB_nvU2nTUIWOo.jpg\" alt=\"Gardermoen  20250912. &#10;Henrik Asheim, Tina Bru, Peter Christian Fr\u00f8lich, Ine Marie Eriksen S\u00f8reide og Sandra Bruflot i forbindelse med en pressekonferanse. Erna Solberg gjorde det kjent at hun g\u00e5r av som partileder under H\u00f8yres sentralstyrem\u00f8te fredag. &#10;Foto: Terje Pedersen \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3498 \/ 2339;\"\/><\/p>\n<p>    Peter Christian Fr\u00f8lich kjem ganske sikkert til \u00e5 verta ein sentral fyr i leiinga i H\u00f8gre. Om Ine Marie Eriksen S\u00f8reide skulle takka nei til \u00e5 verta ny h\u00f8greleiar, er han ein heit kandidat for toppjobben.<br \/>\n    Foto: Terje Pedersen\n  <\/p>\n<p><b>At Erna Solberg<\/b> greidde \u00e5 ta Framstegspartiet inn i regjeringsvarmen, men samtidig greidde \u00e5 halda p\u00e5 gunsten hj\u00e5 sentrumspartia \u2013 og veljarane deira \u2013 gjennom \u00e5tte \u00e5r, er den st\u00f8rste endringa i norsk politikk p\u00e5 mange ti\u00e5r.<\/p>\n<p>Om h\u00f8gresida skal vinna neste val, tyder alt p\u00e5 at H\u00f8gre m\u00e5 finna seg ein ny pragmatisk lagbyggar.<\/p>\n<p><b>Om fire \u00e5r<\/b> er sjansen uansett stor for at statistikk og rekordar st\u00e5r for fall.<\/p>\n<p>Premissane for borgarleg valsiger er nemleg ikkje skrivne i stein.<\/p>\n<p><b>Men: Om ikkje<\/b> H\u00f8gre greier \u00e5 balansera h\u00f8gresida i norsk politikk, men p\u00e5 ny trur at ein borgarleg valsiger kan komma av seg sj\u00f8lv, kan Arbeidarpartiet greia det som ikkje har skjedd sidan Gerhardsen, nemleg vinna tre strake val.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Fredag kom beskjeden som berre m\u00e5tte komma. Etter to strake valnederlag varsla Erna Solberg at ho kjem til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":37634,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,266,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,41,1382,26,27],"class_list":{"0":"post-37633","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-kommentar","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-politikk","26":"tag-solve-rydland","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/37633","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=37633"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/37633\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/37634"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=37633"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=37633"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=37633"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}