{"id":380546,"date":"2026-10-10T10:54:18","date_gmt":"2026-10-10T10:54:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/380546\/"},"modified":"2026-10-10T10:54:18","modified_gmt":"2026-10-10T10:54:18","slug":"meiningar-ardal-vern-av-sognefjorden-historielause-faktanektarar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/380546\/","title":{"rendered":"Meiningar, \u00c5rdal | Vern av Sognefjorden: \u2013 Historielause faktanektarar"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Meiningar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Statsforvaltaren sitt h\u00f8yringsutkast til Marin verneplan for Sognefjorden provoserer NHO-direkt\u00f8rar og ordf\u00f8rarar til brestepunktet.\u00a0<\/p>\n<p>Plutseleg hamna dei i populistfella og blir talsmenn for reindyrka FRP-politikk, der omsynet til naturen m\u00e5 vika for utvikling og \u00abframsteg\u00bb.<\/p>\n<p>Ingen av dei bryr seg om \u00e5 g\u00e5 inn i faktadelen i h\u00f8yringsutkastet, som p\u00e5 ein glimrande m\u00e5te skildrar Sognefjorden sin helsetilstand. Situasjonen er s\u00e5 alvorleg at viss Statsforvaltaren skulle teke faktagrunnlaget p\u00e5 fullt alvor, er framlegga til vernetiltak s\u00e5 liberale at utgangspunktet for ein framtidsretta dialog om utviklinga i Sognefjorden, burde vera gode. Men, i staden blir det no ropa NEI, NEI og NEI.<\/p>\n<p>I NRK Helgemorgen hevda NHO-direkt\u00f8r Sondre Olsen med st\u00f8rste Sylvi Listhaug-kraft, at utkastet til verneplan vil, om tiltaka blir gjennomf\u00f8rte, gjera Sognebygdene om til museum. Han plasserer Ap-ordf\u00f8rarane fr\u00e5 Sogn som alibi for meiningane sine og overser totalt at Statsforvaltaren utf\u00f8rer oppdraget sit p\u00e5 vegner av regjering og storting.<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let om Sognefjorden si framtid blir best ivareteke av kommunane, dei skal styre seg sj\u00f8lv, noko dei har klart p\u00e5 ein god m\u00e5te i alle \u00e5r, hevdar direkt\u00f8ren.<\/p>\n<p>Eg var s\u00e5 heldig \u00e5 veksa opp i Fresvik p\u00e5 1950 og 60-talet. Fjorden og livet p\u00e5 og i fjorden var sj\u00f8lve navet i eit pulserande liv. Laksefisket med kilen\u00f8ter starta 15. mai kvart \u00e5r og var ei viktig att\u00e5tn\u00e6ring for dei med lakserett omkring heile Fresvikbukta og innover mot Simleneslandet. Kvar einaste dag vart det landa kilovis med laks fr\u00e5 ein levande fjord.<\/p>\n<p>Sommar og haust var brislingfiskarane eit \u00e5rvisst innslag og skapte eit yrande liv p\u00e5 Fresvikbukta og i kai-omr\u00e5det. Fiskereiskapen var kastenot for \u00e5 omringa brislingstimane, f\u00f8r fangsten vart plassert i kvilen\u00f8ter i p\u00e5vente av at oppkj\u00f8psb\u00e5ten skulle komma.<\/p>\n<p>Kvilen\u00f8tene tiltrekte seg rikeleg med torsk og pale. Me, ungane, festa rob\u00e5ten til kvilenota, stal agnsild p\u00e5 innsida og fiska store mengder fin kokefiskp\u00e5 utsida.<\/p>\n<p>Med rob\u00e5t og ein liten Crescent p\u00e5hengsmotor dorga eg etter aure langs Fresvikstrondi, via Mulakamben og til Simlenes. Mest p\u00e5 kvar tur var fangsten 2 -4 kg\u2019s aure, nydeleg matfisk som tilskot til hushaldet.<\/p>\n<p>Me fiska med line med 600 anglar fr\u00e5 den grunnaste delen av Fresvikbukta, til djupare parti lenger ut. Agnet var sj\u00f8lvsagt fin brisling henta i kvilenota. Rikeleg med fleire typar fisk, ikkje minst flott djupvassfisk som brosme og lange.\u00a0<\/p>\n<p>I eit perspektiv p\u00e5 50\u201360 \u00e5r er Fresvikbukta i dag s\u00e5 godt som d\u00f8d. Det same gjeld store deler av fjorden fr\u00e5 ytst til inst. Eg er ikkje biolog eller har anna marin kompetanse, men eg forst\u00e5r s\u00e5pass, m.a. ved \u00e5 lese faktadelen i Statsforvaltaren sitt h\u00f8yringsutkast, at situasjonen er kritisk, m.a. ved at det livgjevande oksygenniv\u00e5et har sokke med 15 % sidan 1970, og at oppvarminga er faretruande, saman med ein sterk auke i tilf\u00f8rsel av organisk materiale og n\u00e6ringssalt som gj\u00f8dslar fjorden. At fjordbotnen p\u00e5 ulike stader blir teppelagt med deponering av tunnelmassar og anna avfall, er med \u00e5 forsterke ei urovekkjande utvikling.<\/p>\n<p>Eg har ikkje svar p\u00e5 korleis n\u00e6ringsutvikling og omsynet til ein berekraftig balanse med naturen (Sognefjorden) skal harmoniserast, men ein god stad \u00e5 byrje er \u00e5 m\u00f8ta h\u00f8yringsutkastet fr\u00e5 Statsforvaltaren med ope sinn.\u00a0<\/p>\n<p>D\u00e5 kan me kanskje m\u00f8te framtida med nye l\u00f8ysingar, innovasjon og ny teknologi.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-19128\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/image_DEEEA9CA-D6C2-4B12-8457-CA072582FA16_1791311479.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Irettesette ordf\u00f8rarane i Sogn: \u2013 Det er ikkje berre gamle synder\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-18651\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/a7acc1b8-f1e3-4124-901f-e138f1ad699f.bin.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Vern eller ikkje vern: Meiner ordf\u00f8rarane set n\u00e6ring over natur\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-17811\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/DSCF4607-2.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Fann felles grunn om vern: \u2013 Eg er skeptisk\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-18396\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/image_DEE0F8D7-5A46-487D-8327-6582F15C145F_1790248041.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Dreg i bremsen for datasenter \u2013 kallar inn til folkem\u00f8te\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-16020\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/PXL_20260923_080405507.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            \u2013 Dei tek makt fr\u00e5 oss, fr\u00e5 lokaldemokratiet. Det er ikkje tillit til at me greier \u00e5 ta vare p\u00e5 fjorden\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-16065\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/image_2A71F60B-3F7A-4B3F-ACDF-3C2639F7B1F3_1790253136.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Forslag om vern langt opp i fj\u00f8resteinane: \u2013 Snart berre me lustringar som ikkje er verna\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-14755\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/_DSC4750.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Fryktar konsekvensane av vern: \u2013 Dei kjem og skal overtyda oss. Noko eg ikkje har s\u00e5 veldig tru p\u00e5\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Statsforvaltaren sitt h\u00f8yringsutkast til Marin verneplan&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":380547,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[5342,36,20,21,24,25,15,22,23,1939,4648,13,30,28,29,14,1533,16,41,26,27],"class_list":["post-380546","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-ardal","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-naturvern","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117416249453425524","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/380546","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=380546"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/380546\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/380547"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=380546"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=380546"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=380546"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}