{"id":381098,"date":"2026-10-10T20:54:12","date_gmt":"2026-10-10T20:54:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/381098\/"},"modified":"2026-10-10T20:54:12","modified_gmt":"2026-10-10T20:54:12","slug":"meiningar-sogndal-cruisekai-i-sogndal-har-nokon-spurt-resten-av-sogn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/381098\/","title":{"rendered":"Meiningar, Sogndal | Cruisekai i Sogndal: \u2013 Har nokon spurt resten av Sogn?"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Meiningar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>For snart tjue \u00e5r sidan sa Sogndal nei til cruisekai. Argumenta handla om natur, landskap og kva slags utvikling ein \u00f8nskte for fjorden. No er forslaget tilbake, og denne gongen blir det presentert som ei l\u00f8ysing p\u00e5 utfordringane i Sogndalsfj\u00f8ra.<\/p>\n<p>Eg forst\u00e5r \u00f8nsket om meir aktivitet. Eg forst\u00e5r \u00f8nsket om fleire arbeidsplassar. Men eg er ikkje overtydd om at cruise er svaret.<\/p>\n<p>Det som sl\u00e5r meg i debatten, er at dei sterkaste argumenta for ein cruisekai i Sogndal ofte handlar om heilt andre stader enn Sogndal.<\/p>\n<p>Det blir vist til Fj\u00e6rland, Norsk bremuseum, B\u00f8yabreen, Jostedalsbreen, Urnes stavkyrkje, Jotunheimen og ei rekkje andre attraksjonar. Sogndal skal vere ein inngangsport til regionen.<\/p>\n<p>D\u00e5 melder det seg eit naturleg sp\u00f8rsm\u00e5l:<\/p>\n<p>Har nokon spurt dei som faktisk skal ta imot turistane?<\/p>\n<p>Har ein snakka med n\u00e6ringslivet i Fj\u00e6rland? Med innbyggjarane i Jostedalen? Med folk i Luster og kring Urnes? Er dei interesserte i fleire tusen cruiseturistar? Eller \u00f8nskjer dei heller fleire gjester som kjem p\u00e5 eiga hand, blir lenger og legg meir pengar att lokalt?<\/p>\n<p>Desse stadene er ikkje berre attraksjonar p\u00e5 eit kart. Dei er levande lokalsamfunn som skal leve med konsekvensane lenge etter at skipet har lagt fr\u00e5 kai.<\/p>\n<p>I kommentarfeltet til Sogn Avis sette Rikke Vidde Westvig ord p\u00e5 noko eg meiner treff kjernen i denne debatten. Ho peika p\u00e5 at Sogndal ligg omgjeve av destinasjonar som allereie har sterke attraksjonar og etablerte reiselivstilbod. Samstundes stilte ho sp\u00f8rsm\u00e5l ved kor mykje cruise faktisk legg att lokalt samanlikna med belastninga p\u00e5 natur, infrastruktur og lokalmilj\u00f8.<\/p>\n<p>Det er sp\u00f8rsm\u00e5l som fortener meir enn slagord om vekst.<\/p>\n<p>Cruisetilhengjarane snakkar mykje om verdiskaping. Det b\u00f8r dei. Men d\u00e5 m\u00e5 me ogs\u00e5 snakke om kor verdiskapinga hamnar.<\/p>\n<p>Viss turistane g\u00e5r i land i Sogndal, set seg p\u00e5 buss og reiser vidare til Fj\u00e6rland, Jostedalen, Luster eller andre delar av regionen f\u00f8r dei returnerer til skipet, kor mykje blir eigentleg att i Sogndalsfj\u00f8ra? Og kor mykje av belastninga blir flytta til andre bygder?<\/p>\n<p>Det er ogs\u00e5 verdt \u00e5 minnast kva som vart sagt d\u00e5 cruisekai vart vurdert sist. I 2008 peika St\u00e5le Brandshaug ved H\u00f8gskulen i Sogn og Fjordane p\u00e5 at cruisemarknaden var i vekst, men at ei slik satsing kravde store investeringar. Samstundes konkluderte han med at det ikkje var pengar nok til at b\u00e5de Sogndal og Skjolden kunne byggje opp konkurrerande tilbod.<\/p>\n<p>Den siste setninga er like interessant i dag.<\/p>\n<p>For sp\u00f8rsm\u00e5let er ikkje berre om Sogndal kan f\u00e5 cruise. Sp\u00f8rsm\u00e5let er om regionen er tent med \u00e5 byggje opp end\u00e5 ein cruisedestinasjon n\u00e5r Skjolden allereie har etablert seg i denne marknaden. Kva blir konsekvensane for ressursbruk, investeringar og prioriteringar i heile Sogn?<\/p>\n<p>Samstundes er det verdt \u00e5 merke seg at argumentasjonen for cruisekai i stor grad byggjer p\u00e5 attraksjonar og opplevingar utanfor Sogndal. Turistane skal vidare til breen, til Fj\u00e6rland, til Jostedalen, til J\u00f8lster og til andre reisem\u00e5l i regionen.<\/p>\n<p>D\u00e5 blir det ogs\u00e5 naturleg \u00e5 stille sp\u00f8rsm\u00e5l om kven som st\u00e5r til \u00e5 tene p\u00e5 denne utviklinga.<\/p>\n<p>Dersom akt\u00f8rar som arbeider for cruisekai i Sogndal samstundes har eigarinteresser i reiselivsprosjekt som kan f\u00e5 fleire kundar gjennom auka cruisetrafikk, er ikkje det n\u00f8dvendigvis kritikkverdig. Men det er relevant informasjon i ein offentleg debatt.<\/p>\n<p>For d\u00e5 handlar ikkje cruisekai berre om utvikling av Sogndalsfj\u00f8ra.<\/p>\n<p>D\u00e5 handlar det ogs\u00e5 om \u00e5 skape trafikkgrunnlag for investeringar som allereie er gjorde andre stader i regionen.<\/p>\n<p>N\u00e5r nokon argumenterer for at cruisekai vil skape aktivitet i alt fr\u00e5 Fj\u00e6rland og Jostedalen til J\u00f8lster, er det heilt legitimt \u00e5 sp\u00f8rje om dette berre handlar om regional utvikling, eller om det ogs\u00e5 handlar om \u00e5 styrkje marknadsgrunnlaget for eksisterande reiselivsinvesteringar.<\/p>\n<p>Det er ikkje noko gale i \u00e5 investere i reiselivet. Men openheit er avgjerande. Innbyggjarane har krav p\u00e5 \u00e5 vite kven som kan f\u00e5 \u00f8konomiske gevinstar dersom planane blir realiserte.<\/p>\n<p>For det er lett \u00e5 snakke om kva cruise kan gje av inntekter.<\/p>\n<p>Det er mindre snakk om kven som skal betale rekninga dersom forventningane ikkje sl\u00e5r til.<\/p>\n<p>Det er lett \u00e5 snakke om verdiskaping.<\/p>\n<p>Det er mindre snakk om kven som skal handtere trafikken, presset p\u00e5 naturen, fleire bussar p\u00e5 smale bygdevegar og konsekvensane for lokalsamfunn som kanskje aldri har bedt om denne utviklinga.<\/p>\n<p>Difor handlar denne debatten om meir enn ein kai.<\/p>\n<p>Han handlar om kven som set premissane for utviklinga av Sogn.<\/p>\n<p>Er det lokalsamfunna som skal f\u00e5 definere kva slags reiseliv dei \u00f8nskjer? Eller skal resten av regionen f\u00f8rst og fremst fungere som utfluktsm\u00e5l for passasjerar som kjem i land fr\u00e5 eit cruiseskip i nokre f\u00e5 timar?<\/p>\n<p>I den nye satsinga blir sp\u00f8rsm\u00e5let stilt slik:<\/p>\n<p>\u00abHar me r\u00e5d til \u00e5 seie nei?\u00bb<\/p>\n<p>Eg meiner det f\u00f8rst finst eit viktigare sp\u00f8rsm\u00e5l:<\/p>\n<p>Har me r\u00e5d til \u00e5 seie ja f\u00f8r heile regionen har f\u00e5tt vere med p\u00e5 diskusjonen?<\/p>\n<p>For dette handlar ikkje berre om ein kai i Sogndal.<\/p>\n<p>Det handlar om kva slags Sogn me \u00f8nskjer \u00e5 overlate til neste generasjon.<\/p>\n<p>    Vil du sj\u00e5 neste video?<\/p>\n<p>    <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/her-star-den-utbrente-elbilen\/v\/80-115-20388\" class=\"recommend-poster\" data-adp-clicklabel=\"video-recommend\" data-adp-clickvalue=\"poster\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><br \/>\n      <img decoding=\"async\" width=\"200\" height=\"200\" loading=\"lazy\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/v-i-cc2cc86b-1d38-4b31-8f60-76c70a628565-1_3.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 200 \/ 200;\"\/><\/p>\n<p>Her st\u00e5r den utbrente elbilen0:38<\/p>\n<p>    <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-19266\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/PXL_20261002_064752796.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Lokale akt\u00f8rar vil ha cruisekai i Sogndal: \u2013 Har me r\u00e5d til \u00e5 seia nei?\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. For snart tjue \u00e5r sidan sa&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":381099,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,1029,26,27,3363],"class_list":["post-381098","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-sogndal","tag-top-stories","tag-topstories","tag-turisme"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/381098","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=381098"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/381098\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/381099"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=381098"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=381098"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=381098"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}