{"id":381977,"date":"2026-10-11T19:12:35","date_gmt":"2026-10-11T19:12:35","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/381977\/"},"modified":"2026-10-11T19:12:35","modified_gmt":"2026-10-11T19:12:35","slug":"meiningar-politikk-er-det-akkurat-no-me-skal-leggja-ned-infrastruktur-som-bind-landet-saman","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/381977\/","title":{"rendered":"Meiningar, Politikk | Er det akkurat no me skal leggja ned infrastruktur som bind landet saman?"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Kommentar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er ein kommentar, skriven av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Eg er 34 \u00e5r og trur knapt eg har sendt eit brev i heile mitt liv. Med atterhald om nokre postkort fr\u00e5 Syden som born p\u00e5 90-talet.<\/p>\n<p>I \u00e5r 2000 vart det sendt 2,5 milliardar brev i Noreg. I \u00e5r sender me ein tidel av dette.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 eit bedrifts\u00f8konomisk perspektiv gir Ap-regjeringa sitt forslag om omfattande kutt i Posten 100 prosent meining. <a href=\"https:\/\/www.nettavisen.no\/okonomi\/kraftige-reaksjoner-pa-kutt-i-posten-en-politisk-bestilt-nedbemanning\/s\/80-95-144896\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Dei vil spara 1,5 milliardar kroner <\/a>p\u00e5 \u00e5 berre la Posten levera brev \u00e9in dag i veka, i staden for annankvar dag som no.<\/p>\n<p>Det finst nok av ting 1,5 milliardar skattekroner kan brukast p\u00e5 i staden.<\/p>\n<p>S\u00e5 lenge pakkeleveringa held fram som normalt og alt anna f\u00f8reg\u00e5r digitalt, er dette noko s\u00e5 sjeldan som eit stort kutt dei fleste av oss knapt kjem til \u00e5 merka.<\/p>\n<p>Andre igjen kjem til \u00e5 merka det veldig. F\u00f8rst og fremst dei 2000 menneska som risikerer \u00e5 mista jobben i Posten. Men i Noreg f\u00e5r folk seg som regel ny jobb.<\/p>\n<p>Nettopp difor b\u00f8r dette helst vera gjennomtenkt. N\u00e5r postrutene f\u00f8rst er lagde ned og dei tilsette har funne seg noko anna \u00e5 gjera, er det ikkje berre \u00e5 skru tenestene p\u00e5 att, skulle det koma ein dag me oppdagar at me treng dei.<\/p>\n<p>Kor s\u00e5rbare skal me gjera oss?<\/p>\n<p>Me lever i usikre tider. Sikkerheitspolitisk har ikkje kartet sett verre ut sidan me frigjorde oss fr\u00e5 Nazi-Tyskland og 2. verdskrig tok slutt i 1945.\u00a0<\/p>\n<p>Me brukar enorme summar p\u00e5 \u00e5 rusta landet v\u00e5rt for kriser, hybrid krigf\u00f8ring og i verste fall krig. Kommunane blir bedne om \u00e5 ha beredskap for straumbrot, digitale \u00e5tak og andre skremmande hendingar. Statsministeren har sagt at me m\u00e5 vere f\u00f8rebudde, utan at eg trur s\u00e5 mange av oss anar kva det inneber i praksis.<\/p>\n<p>At digitale system kan bli sl\u00e5tt ut i kortare eller lengre tidsrom er ikkje lenger eit hypotetisk scenario. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har <a href=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/dokumenter\/rapport-fra-utvalget-for-fremtidens-posttjenester\/id3079200\/?ch=5\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">tidlegare peika p\u00e5<\/a> at det landsdekkjande postnettet me har kan spela ei viktig rolle dersom digital kommunikasjon sviktar.<\/p>\n<p>Men akkurat no skal me alts\u00e5 byggja ned denne infrastrukturen.<\/p>\n<p>Torsdag denne veka f\u00f8rte ein <a href=\"https:\/\/www.dsb.no\/aktuelt\/alvorlige-samfunnskonsekvenser-etter-telenor-problemer\/\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">teknisk feil hos Telenor<\/a> til at sv\u00e6rt mange nordmenn ikkje kunne ringa kvarandre i rundt tre timar. Folk kunne heller ikkje ringe naudnummer.\u00a0<\/p>\n<p>Eg sat p\u00e5 ein kaf\u00e9 d\u00e5 feilen oppstod, og det var fascinerande \u00e5 observera kor stressa folk vart av at ein ikkje kunne gjera noko s\u00e5 daglegdags som \u00e5 ta eller motta ein telefon. I eit par timar.<\/p>\n<p>Kva viss mobilnettet forsvann i dagevis, Facebook og nettaviser gjekk ned, BankID slutta \u00e5 verka og straumen var borte s\u00e5 me ikkje fekk lada noko som helst.\u00a0<\/p>\n<p>Ein ting er at folk hadde f\u00e5tt panikk. Ein annan ting er korleis stat, fylke og kommunar ser for seg \u00e5 kommunisera med innbyggjarane sine i ein vedvarande krisesituasjon.<\/p>\n<p>Alle har ikkje ein telefon som plingar<\/p>\n<p>I ein normalsituasjon kjem mange av oss som sagt ikkje til \u00e5 merka dette kuttet.<\/p>\n<p>Men ikkje alle har ein smarttelefon med pushvarsling, nettaviser, nettbank og e-post. Me i Sogn Avis sender framleis ut over 2000 papiraviser kvar tysdag og torsdag, og ein del av mottakarane er ikkje p\u00e5 nett i det heile.<\/p>\n<p>Digdir p\u00e5 Leikanger har ansl\u00e5tt at <a href=\"https:\/\/www.digdir.no\/rikets-digitale-tilstand\/mange-treng-hjelparar-gjere-digitale-oppgaver\/5253\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">850.000 nordmenn er s\u00e5kalla digitalt s\u00e5rbare<\/a>, om ikkje direkte hjelpelause.\u00a0<\/p>\n<p>Hadde eg vore ein av desse og f\u00e5tt vita at posten no skal koma ein dag i veka i staden for annakvar dag, hadde eg ikkje f\u00f8lt meg meir inkludert i samfunnet.<\/p>\n<p>I ein festtale om beredskap kunne mang ein politikar ha f\u00e5tt seg til \u00e5 seia at samhaldet og tilliten mellom oss er Noregs viktigaste forsvar.<\/p>\n<p>Det er eit paradoks.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6000\" height=\"3376\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/5_115_736532 Posten 07416_2.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6000 \/ 3376;\"\/><\/p>\n<p>      I 2021 fortalde Sogn Avis om postbodet Edith Halset i Vik. Ein institusjon i Posten sidan 1981. Nedst i kommentaren finn du lenke til reportasjen.<br \/>\n      Foto: Cecilie Skogheim\n    <\/p>\n<p>  Posten 2.0<\/p>\n<p>Dei same politikarane har ogs\u00e5 oppdaga at folket deira lever stadig lengre. Noko som er koseleg, men dyrt. Difor er dei opptekne av at fleire m\u00e5 bu heime lenger, og spara kommunane for pengar.<\/p>\n<p>Posten har noko mange offentlege akt\u00f8rar ikkje har. Dei har folk, bilar og lokalkunnskap som n\u00e5r fram til d\u00f8rer det aldri vil vera kommersielt l\u00f8nsamt \u00e5 k\u00f8yra til.<\/p>\n<p>Denne infrastrukturen b\u00f8r kunne brukast til meir enn \u00e5 levera konvoluttar?<\/p>\n<p>Posten og kommunesektoren har alt pr\u00f8vd ut <a href=\"https:\/\/www.ks.no\/fagomrader\/innovasjon\/partnerskap-for-radikal-innovasjon\/pa-dorterskelen-med-ks-og-posten\/\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">ei ordning kalla \u00abP\u00e5 d\u00f8rterskelen\u00bb <\/a>enkelte stader i landet. Ei ordning der eldre f\u00e5r tilbod om \u00e5 f\u00e5 post og informasjon fr\u00e5 kommunen levert p\u00e5 d\u00f8ra.<\/p>\n<p>Postbodet skal sj\u00f8lvsagt ikkje overta jobben til heimesjukepleia. Men ein person som kjem innom med informasjon, veit kven som bur der og kan vera eit bindeledd til det offentlege Noreg og storsamfunnet skal ein ikkje kimsa av.\u00a0<\/p>\n<p>S\u00e6rleg i regionar der avstandane er store og stadig fleire eldre skal klara seg i eigen heim. Som her i Sogn.<\/p>\n<p>KS meiner ordninga b\u00f8r innf\u00f8rast som eit nasjonalt fors\u00f8ksprosjekt, men regjeringa vil ikkje.<\/p>\n<p>Ein bedrifts\u00f8konom vil sj\u00f8lvsagt aldri sj\u00e5 verdien av noko slikt, men ein samfunns\u00f8konom b\u00f8r gjera det. Og det er tilfeldigvis akkurat det finansminister Jens Stoltenberg er.<\/p>\n<p>F\u00f8r me byggjer ned ein infrastruktur me aldri f\u00e5r bygd opp att, b\u00f8r staten ta seg tid til \u00e5 tenkja heilskapleg om beredskap, fellesskap og informasjon.<\/p>\n<p>Kanskje kan ein slik prosess enda med at Posten f\u00e5r eit nytt samfunnsoppdrag tilpassa tida me lever i, heller enn \u00e5 verta avvikla slik mange kjenner den.\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-95-141593\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/Postdame n\u00e6rbilde.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            2000 kan miste jobben: \u2013 Det gj\u00f8r meg sint!\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-16656\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/5_115_680664 IMG_2539.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Irritert over at pakkar m\u00e5 via Oslo: Posten brukte ei veke fr\u00e5 Loen til Leikanger\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-735774\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/Posten-07427.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Edith har job\u00adba man\u00adge julaftnar for \u00e5 f\u00e5 fram ju\u00adle\u00adpos\u00adten\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kommentar Dette er ein kommentar, skriven av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Eg&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":381978,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,3851,20,21,1512,24,25,15,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,2498,3377,26,27],"class_list":["post-381977","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-beredskap","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-eldreomsorg","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-posten","tag-samfunn","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117423869571304477","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/381977","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=381977"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/381977\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/381978"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=381977"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=381977"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=381977"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}