{"id":383643,"date":"2026-10-13T10:35:22","date_gmt":"2026-10-13T10:35:22","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/383643\/"},"modified":"2026-10-13T10:35:22","modified_gmt":"2026-10-13T10:35:22","slug":"debatt-floro-barneskole-gi-barna-i-floro-den-skulen-dei-fortener","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/383643\/","title":{"rendered":"Debatt, Flor\u00f8 barneskole | Gi barna i Flor\u00f8 den skulen dei fortener"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Meiningar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p><b>Kinn kommune<\/b> har vedteke \u00e5 leggje ned Krokane skule og samle elevane p\u00e5 ein utvida og fornya Flor\u00f8 barneskole. Det var ein krevjande prosess for mange. Vi som foreldre har teke vedtaket inn over oss, fordi vi fekk ein lovnad om at barna skulle f\u00e5 ein god, moderne og framtidsretta skule. No f\u00f8resl\u00e5r kommunedirekt\u00f8ren \u00e5 nedskalere prosjektet kraftig for \u00e5 spare pengar. Det kan vi ikkje akseptere i stillheit.\u00a0<\/p>\n<p><b>Vi forst\u00e5r<\/b> at kommune\u00f8konomien er stram. Skulen har sj\u00f8lv heile vegen vore oppteken av \u00e5 halde kostnadane nede. Men det som no blir f\u00f8resl\u00e5tt, er ikkje sm\u00e5 justeringar. Kutta endrar kva slags skule barna v\u00e5re f\u00e5r dei neste 50 \u00e5ra. Den planlagde skulen var ein viktig del av grunnlaget for \u00e5 samle skulane. N\u00e5r kommunen no vil redusere prosjektet, m\u00e5 det kunne dokumenterast at behova til elevane framleis blir tekne vare p\u00e5 p\u00e5 ein likeverdig m\u00e5te. Kva er endra i vurderinga av behova til skulen sidan prosjektet vart planlagt?Er skulen dimensjonert for elevane som skal g\u00e5 der?<\/p>\n<p><b>Det er <\/b>ikkje nok \u00e5 rekne ut kor mange elevar ein f\u00e5r plass til i eit klasserom. Ein m\u00e5 ogs\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 korleis romma fungerer i praksis. Elevane treng plass til variert undervisning, leik, gruppearbeid og individuell tilrettelegging. N\u00e5r elevtalet aukar, medan planlagde areal og funksjonar blir reduserte, m\u00e5 kommunen kunne dokumentere at skulen framleis har god nok kapasitet. Vi etterlyser ei open og etterpr\u00f8vbar vurdering av elevtal, klassestorleikar, romkapasitet og pedagogiske behov i dei reviderte planane.<\/p>\n<p>Kva tapar vi?<\/p>\n<p><b>Viss tilbygget<\/b> blir kutta, mistar skulen rundt 600 kvadratmeter. Det rammar dei om lag 340 elevane og 90 tilsette som skal bruke denne delen av skulen. Skulen mistar minst eitt, kanskje to spesialrom, til d\u00f8mes musikkrom og naturfagrom. Rommet for forsterka norskoppl\u00e6ring forsvinn, og det blir f\u00e6rre m\u00f8terom og mindre lager. I tillegg skal vindauga i storskulen ikkje skiftast, sj\u00f8lv om dei har mykje \u00e5 seie for inneklimaet og m\u00e5 skiftast f\u00f8r eller sidan uansett.<\/p>\n<p><b>Nasjonal utdanningspolitikk<\/b> peikar tydeleg mot ein meir praktisk, utforskande og elevaktiv skule, mellom anna i Stortingsmelding 34 (2023\u20132024) En mer praktisk skole. Stortingsmeldinga Fellesskolen \u2013 b\u00e6rebjelken i framtidens samfunn, som kom i august, understrekar kor viktige dei fysiske rammene er for ein god fellesskule. Ulike arbeidsformer krev ulike l\u00e6ringsarenaer, og eit fellesskap krev stader der st\u00f8rre grupper kan m\u00f8tast.<\/p>\n<p>Ein skule for alle elevane<\/p>\n<p><b>Ein framtidsretta<\/b> skule m\u00e5 ogs\u00e5 ha plass til elevane som treng noko meir eller noko anna enn ordin\u00e6r klasseromsundervisning. Tilpassa oppl\u00e6ring, s\u00e6rskild spr\u00e5koppl\u00e6ring, lesetrening, skjerming og spesialpedagogisk tilrettelegging krev ofte eigna rom og mindre l\u00e6ringsgrupper. N\u00e5r grupperom, spesialrom og st\u00f8tteareal blir reduserte, m\u00e5 vi sp\u00f8rje kva det vil bety for elevane som har st\u00f8rst behov for tilrettelegging.<\/p>\n<p><b>Grupperom og<\/b> tilrettelagde areal er ikkje tillegg ein kan kutte n\u00e5r budsjettet blir stramt. Dei er n\u00f8dvendige for at alle elevar skal f\u00e5 eit forsvarleg og likeverdig skuletilbod. Inkludering handlar ikkje berre om \u00e5 h\u00f8yre til i ein klasse. Det handlar ogs\u00e5 om fysiske rammer som gjer det mogleg \u00e5 delta og meistre skulekvardagen.<\/p>\n<p>Alternative bygg m\u00e5 fungere i skulekvardagen<\/p>\n<p><b>Kommunen vurderer <\/b>\u00e5 bruke mellom anna Prestegarden og andre eksisterande lokale som alternative l\u00e6ringsarenaer. Det kan vere positive supplement, men dei kan ikkje utan vidare reknast som likeverdige erstatningar for rom p\u00e5 skulen. N\u00e5r undervisninga skal flyttast mellom ulike bygg, m\u00e5 ein ta omsyn til gangtid, tilsyn, universell utforming, tilgang til utstyr og kor ofte romma faktisk er ledige.\u00a0<\/p>\n<p><b>For dei <\/b>yngste elevane og elevar som treng ekstra tilrettelegging, kan slike overgangar vere s\u00e6rleg krevjande. Vi etterlyser difor ei konkret vurdering av korleis desse l\u00f8ysingane skal fungere gjennom ein vanleg skuledag, og kva dei vil krevje av bemanning og ressursar.<\/p>\n<p>Like krav til Flor\u00f8 barneskole og Skram skole?<\/p>\n<p><b>Skram skole<\/b> skal byggjast for rundt 350 millionar kroner, med plass til om lag 250 elevar. Flor\u00f8 barneskole skal ta imot n\u00e6rare 600 elevar og ha rundt 100 tilsette, med ei kostnadsramme p\u00e5 250 millionar. Nesten 50 millionar av dette g\u00e5r til etterslep p\u00e5 vedlikehald. Vi unner Skram ein god skule, men skeivfordelinga er stor. Kuttar ein no i Flor\u00f8, blir den end\u00e5 st\u00f8rre.\u00a0<\/p>\n<p><b>Vi vil<\/b> difor sp\u00f8rje: Har kommunen like h\u00f8ge krav til kvalitet, l\u00e6ringsmilj\u00f8 og framtidig kapasitet ved begge skulane?<\/p>\n<p>Ein skule for framtida<\/p>\n<p><b>Skulen skal <\/b>st\u00e5 i minst 50 \u00e5r til. Det vi byggjer no, avgjer kva pedagogikk l\u00e6rarane kan drive i ein generasjon framover. Vi m\u00e5 ogs\u00e5 byggje ein skule som er attraktiv for dei tilsette. Kampen om kvalifiserte l\u00e6rarar har berre s\u00e5 vidt starta.<\/p>\n<p><b>Til politikarane<\/b> i Kinn: Barna fr\u00e5 Krokane og Flor\u00f8 har allereie gitt mykje i denne prosessen. De har lova ein god, moderne og framtidsretta skule. No m\u00e5 de levere p\u00e5 den lovnaden.\u00a0<\/p>\n<p><b>Gi barna i Flor\u00f8 den skulen dei vart lova, og den skulen dei fortener. <\/b><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Kinn kommune har vedteke \u00e5 leggje&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":383644,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,28089,15,6234,10304,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,41,26,27],"class_list":["post-383643","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-debatt","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-floro-barneskole","tag-headlines","tag-kinn","tag-krokane-skule","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117433160527155761","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/383643","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=383643"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/383643\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/383644"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=383643"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=383643"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=383643"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}