{"id":385588,"date":"2026-10-15T03:22:16","date_gmt":"2026-10-15T03:22:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/385588\/"},"modified":"2026-10-15T03:22:16","modified_gmt":"2026-10-15T03:22:16","slug":"debatt-meiningar-politikarane-ma-sja-barna-bak-planteikningane","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/385588\/","title":{"rendered":"Debatt, Meiningar | Politikarane m\u00e5 sj\u00e5 barna bak planteikningane"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Meiningar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Torsdag skal formannskapet ta stilling til framtida til Flor\u00f8 barneskole. P\u00e5 bordet ligg planteikningar, rapportar, kostnadsrammer og tekniske vurderingar. Men bak alle dokumenta finst det noko som ikkje kjem fram p\u00e5 ei teikning: Barna som skal g\u00e5 p\u00e5 skulen.<\/p>\n<p>Kvifor hastar det s\u00e5 mykje?<\/p>\n<p>Den 30. september fekk FAU skriftleg beskjed om at prosjektet framleis var under arbeid, og at det var for tidleg \u00e5 forskottere ei l\u00f8ysing. Under to veker etter at prosjektet vart omtalt som uavklart, blir politikarane bedne om \u00e5 godkjenne eit omfattande og revidert avgjerdsgrunnlag.<\/p>\n<p>Den raske framdrifta gir inntrykk av at m\u00e5let er \u00e5 f\u00e5 l\u00f8ysinga vedteken f\u00f8r dei folkevalde og andre ber\u00f8rte partar har f\u00e5tt reell tid til \u00e5 forst\u00e5 kva som er endra, og kva konsekvensar endringane f\u00e5r.<\/p>\n<p>Ein stram tidsplan og ei fast kostnadsramme kan ikkje f\u00e5 presse fram ei l\u00f8ysing f\u00f8r dei pedagogiske og praktiske konsekvensane er forst\u00e5tte. D\u00e5 risikerer politikarane \u00e5 vedta det prosjektet som er raskast \u00e5 gjennomf\u00f8re, ikkje den skulen barna og dei tilsette vart lova.<\/p>\n<p>Tidslinja gir grunn til \u00e5 sp\u00f8rje om det har vore tilstrekkeleg tid til \u00e5 vurdere og kvalitetssikre l\u00f8ysinga, ikkje berre teknisk og \u00f8konomisk, men ogs\u00e5 pedagogisk og praktisk.<\/p>\n<p>Saka vart ikkje realitetsbehandla i oppvekst- og kulturutvalet. Likevel skal formannskapet etter planen ta stilling til prosjektet torsdag. N\u00e5r avgjerda skal forme kvardagen til fleire hundre barn og tilsette i kanskje 50 \u00e5r, er det b\u00e5de n\u00f8dvendig og ansvarleg \u00e5 bruke meir tid dersom avgjerdsgrunnlaget ikkje er godt nok.<\/p>\n<p>Kven st\u00e5r bak den faglege semja?<\/p>\n<p>Kommunen viser til at det er brei fagleg semje om at l\u00f8ysingane er gode. Samtidig g\u00e5r l\u00e6rarar, tillitsvalde, fagforeiningar og foreldre offentleg ut og uttrykkjer alvorleg bekymring.<\/p>\n<p>Kommunen seier no ogs\u00e5 sj\u00f8lv at skulen ikkje er fullt ut n\u00f8gd, at l\u00f8ysinga ikkje er optimal, og at ho berre \u00abstort sett\u00bb tek vare p\u00e5 behova til skulen. Det blir ogs\u00e5 peikt p\u00e5 at amfiet, l\u00e6rarrommet og inngangspartiet er for sm\u00e5, og at det er uro for trengsel i gangar og trappel\u00f8p.<\/p>\n<p>D\u00e5 m\u00e5 ein sp\u00f8rje: Kven omfattar denne faglege semja? Kva fagmilj\u00f8 har vurdert l\u00f8ysinga, og kva delar av prosjektet er det semje om?<\/p>\n<p>N\u00e5r dei som skal arbeide i bygget, og dei som skal sende barna sine dit, teiknar eit s\u00e5 annleis bilete enn kommunen, b\u00f8r politikarane og kommunen stoppe opp og sp\u00f8rje seg:<\/p>\n<p>Har vi f\u00e5tt alle svara?<\/p>\n<p>Forst\u00e5r vi konsekvensane godt nok?<\/p>\n<p>Ein stor skule kan gi gode f\u00f8resetnader for l\u00e6ring, trivsel og sterke fagmilj\u00f8. Men generell kunnskap om skulestorleik dokumenterer ikkje at den konkrete l\u00f8ysinga for Flor\u00f8 barneskule vil fungere godt etter at prosjektet er redusert.<\/p>\n<p>D\u00e5 prosjektet vart planlagt, vart det lagt til grunn behov for grupperom, spesialrom, fellesareal, st\u00f8ttefunksjonar og eit uteomr\u00e5de med plass til variert leik og aktivitet. Etter at prosjektet vart redusert, er det gjort ei ny pedagogisk funksjonsvurdering som dokumenterer at desse behova framleis blir dekte?<\/p>\n<p>Ei planteikning viser ikkje skulekvardagen<\/p>\n<p>P\u00e5 ei planteikning f\u00e5r alle elevane plass. Men ei planteikning viser ikkje korleis kvardagen blir for barnet som treng ro for \u00e5 l\u00e6re.<\/p>\n<p>Ho viser ikkje korleis l\u00e6rarane skal dele klassar p\u00e5 n\u00e6rare 30 elevar n\u00e5r fleire elevar treng ekstra oppf\u00f8lging samtidig og det berre er eit grupperom tilgjengeleg.<\/p>\n<p>Ho viser ikkje korleis skulen skal skape fellesskap n\u00e5r aulaen forsvinn.<\/p>\n<p>Ho viser ikkje korleis over 300 barn skal finne leik, aktivitet og tilh\u00f8yrsle i eit uteomr\u00e5de som framleis i stor grad best\u00e5r av asfalt.<\/p>\n<p>Eit uteomr\u00e5de med f\u00e5 aktivitetar og leikesonar legg eit st\u00f8rre ansvar p\u00e5 barna sj\u00f8lve for \u00e5 finne noko \u00e5 gjere og kome inn i leik. Det kan vere s\u00e6rleg krevjande for barn som strevar med \u00e5 ta kontakt eller finne sin plass i fellesskapet.<\/p>\n<p>Ei planteikning viser heller ikkje korleis skulen skal m\u00f8te behova til dei barna som treng mest st\u00f8tte.<\/p>\n<p>Gode klasserom er viktige, men dei er ikkje tilstrekkelege \u00e5leine. Grupperom, spesialrom, fellesareal, god elevflyt og gode uteomr\u00e5de er alle delar av det samla l\u00e6ringsmilj\u00f8et.<\/p>\n<p>Tek vi oss eigentleg tid til \u00e5 gjere dette skikkeleg?<\/p>\n<p>Dette handlar ikkje om \u00e5 stoppe prosjektet. Det handlar om \u00e5 gjere det skikkeleg.<\/p>\n<p>Ein tidsfrist kan ikkje f\u00e5 presse fram eit vedtak om ei redusert l\u00f8ysing f\u00f8r konsekvensane er forst\u00e5tte. Dersom valet st\u00e5r mellom \u00e5 halde framdriftsplanen og \u00e5 sikre ei l\u00f8ysing som fungerer godt for elevar og tilsette i fleire ti\u00e5r, m\u00e5 kvaliteten vege tyngst.<\/p>\n<p>Konsekvensane av ei mangelfull l\u00f8ysing m\u00e5 barn og tilsette leve med kvar einaste dag. Det som blir spart i tid og pengar no, kan bli langt dyrare \u00e5 rette opp seinare.<\/p>\n<p>Politikarane er v\u00e5re folkevalde. Vi ber dykk lytte til innbyggjarane som har valt dykk, ta dykk tid til \u00e5 forst\u00e5 konsekvensane og krevje ei l\u00f8ysing som fungerer for barna og dei tilsette.<\/p>\n<p>Ordf\u00f8raren har tidlegare sagt at kommunen skal finne meir pengar dersom det er n\u00f8dvendig. N\u00e5r l\u00f8ysinga som no ligg f\u00f8re, blir omtalt som \u00ablevbar\u00bb framfor optimal, m\u00e5 politikarane ta stilling til om den \u00f8konomiske ramma faktisk er god nok til \u00e5 gi barna den framtidsretta skulen dei vart lova.<\/p>\n<p>Be om dokumentasjon p\u00e5 den faglege semja. Be om den pedagogiske vurderinga av den reduserte l\u00f8ysinga. Be om svar p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5la som framleis st\u00e5r opne.<\/p>\n<p>Det er lett \u00e5 vedta ei planteikning. Det er mykje vanskelegare \u00e5 vedta ein god skule. Politikarane m\u00e5 sj\u00e5 barna bak planteikningane f\u00f8r dei stemmer.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Torsdag skal formannskapet ta stilling til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":385589,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,22,23,18019,1939,13,30,28,29,14,1533,16,26,27],"class_list":["post-385588","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-debatt","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-lesarinnlegg","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117442782588095346","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/385588","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=385588"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/385588\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/385589"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=385588"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=385588"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=385588"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}