{"id":385944,"date":"2026-10-15T10:41:20","date_gmt":"2026-10-15T10:41:20","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/385944\/"},"modified":"2026-10-15T10:41:20","modified_gmt":"2026-10-15T10:41:20","slug":"nordic-mining-vevring-heftig-fordefjord-debatt-pa-nrk-de-har-behandla-fjorden-som-ein-soppelplass","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/385944\/","title":{"rendered":"Nordic Mining, Vevring | Heftig F\u00f8rdefjord-debatt p\u00e5 NRK: \u2013 De har behandla fjorden som ein s\u00f8ppelplass"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 F\u00f8rdefjorden skal fyllast med over fire millionar tonn gruveavfall dei neste tre \u00e5ra. Men korleis er det mogleg n\u00e5r H\u00f8gsterett har avgjort at staten tok feil d\u00e5 dei gav l\u00f8yve til sj\u00f8deponi?<\/p>\n<p>Slik opna programleiar Johannes Irgens Herlofson torsdagens utg\u00e5ve av \u00abPolitisk kvarter\u00bb p\u00e5 NRK.<\/p>\n<p>I studio m\u00f8ttest klima- og milj\u00f8minister Sigrun Aasland (Ap), leiaren i Natur og Ungdom, Sigrid Hoddevik Losneg\u00e5rd, og SV-politikar Lars Haltbrekken. Debatten blei raskt oppheta.<\/p>\n<p>\u2013 P\u00e5 lag med begge<\/p>\n<p>Programleiaren teikna opp eit skilje mellom dei to sidene i konflikten: P\u00e5 den eine sida demonstrantar i ullgenserar som lenkjer seg fast, p\u00e5 den andre folk i blanke sko som forsvarar gruvedrifta.<\/p>\n<p>\u2013 Kven er du p\u00e5 lag med? Dressjakkene eller ullgenserane? spurde programleiaren milj\u00f8ministeren.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er p\u00e5 lag med begge to, svara Aasland.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1887\" height=\"956\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/Skjermbilde 2026-10-15 101444.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1887 \/ 956;\"\/><\/p>\n<p>      VIKTIGE MINERAL: Klima- og milj\u00f8minister Sigrun Aasland (Ap) peika p\u00e5 verdas mineralbehov.<br \/>\n      Foto: Skjermdump NRK\n    <\/p>\n<p>Ho vedgjekk at gruvedrift p\u00e5verkar naturen, men viste samtidig til mineralbehovet i verda.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei komplisert sak. Men det er heller ingen tvil om at verda treng mineral, sa ho.<\/p>\n<p>\u2013 Vi f\u00f8lger opp H\u00f8gsterett<\/p>\n<p>Eit sentralt tema i debatten var korleis regjeringa kan opne for vidare dumping i F\u00f8rdefjorden etter at H\u00f8gsterett har kjent det opphavlege l\u00f8yvet ugyldig.<\/p>\n<p>Programleiaren spurde kvifor Arbeidarpartiet overser dommen.<\/p>\n<p>\u2013 Kvifor \u00abdrit du i det H\u00f8gsterett har sagt\u00bb?<\/p>\n<p><b>\u2013 Det gjer eg absolutt ikkje! Vi f\u00f8lger opp H\u00f8gsterett. Men det er viktig \u00e5 sj\u00e5 kva dommen faktisk seier, svara Aasland.<\/b><\/p>\n<p>Ho viste til at H\u00f8gsterett kom fram til at l\u00f8yvet fr\u00e5 2016 til \u00e5 dumpe 170 millionar tonn gruveavfall bygde p\u00e5 ei feil tolking av vassforskrifta.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 seier ogs\u00e5 H\u00f8gsterett at saka m\u00e5 vurderast p\u00e5 nytt, og det gjer vi no, sa ministeren.<\/p>\n<p>\u2013 Det er heilt sjukt<\/p>\n<p>I sendinga vert det ogs\u00e5 spelt av eit tidlegare intervju med jusprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo. Han var sv\u00e6rt kritisk til regjeringa si handtering av saka.<\/p>\n<p>Graver meiner regjeringa har leita etter smotthol for \u00e5 kome rundt ein dom dei ikkje likte. Etter hans syn undergrev staten b\u00e5de rettsreglane og domstolane n\u00e5r han opptrer p\u00e5 denne m\u00e5ten.<\/p>\n<p><b>Aasland var ueinig i kritikken.<\/b><\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1910\" height=\"928\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/Skjermbilde 2026-10-15 101505.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1910 \/ 928;\"\/><\/p>\n<p>      TUNGT SKYTS: Sigrid Hoddevik Losneg\u00e5rd skulda regjeringa for \u00e5 bryte ned alle verdiar ein har i samfunnet.<br \/>\n      Foto: Skjermdump NRK\n    <\/p>\n<p>Natur og Ungdom-leiar Sigrid Hoddevik Losneg\u00e5rd var langt meir direkte i sin kritikk av regjeringa.<\/p>\n<p><b>\u2013 Det er heilt sjukt det de i regjeringa gjer no! De bryt ned alle verdiane som vi har i samfunnet.<\/b><\/p>\n<p>Ho meinte at planen om mellombels dumping i tre \u00e5r var ein del av eit st\u00f8rre m\u00e5l om \u00e5 gi Nordic Mining permanent l\u00f8yve til \u00e5 dumpe gruveavfall i fjorden.<\/p>\n<p>Aasland ville ikkje svare p\u00e5 p\u00e5standen om at regjeringa planlegg eit permanent l\u00f8yve.<\/p>\n<p>\u2013 Vi er ikkje mot gruvedrift<\/p>\n<p>Natur og Ungdom-leiaren blei utfordra p\u00e5 argumentet om at mineral som ikkje blir utvunne i Norge, kan bli utvunne i andre land.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har aldri sagt at vi er mot gruvedrift, svara Hoddevik Losneg\u00e5rd.<\/p>\n<p>Ho meiner det er mogleg \u00e5 drive gruvedrift utan \u00e5 dumpe avfallet i fjordane. Ho kritiserte staten for ikkje \u00e5 stille strengare krav til at Nordic Mining m\u00e5 finne andre l\u00f8ysingar.<\/p>\n<p>Aasland viste p\u00e5 si side til at den milj\u00f8faglege vurderinga er at tre \u00e5r med dumping ikkje vil f\u00e5 store milj\u00f8konsekvensar.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00f8ppelplass<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Lars Haltbrekken fr\u00e5 SV gjekk hardt ut mot regjeringa.<\/p>\n<p><b>\u2013 Regjeringa har behandla F\u00f8rdefjorden som ein s\u00f8ppelplass!<\/b><\/p>\n<p>Han meiner regjeringa har sett H\u00f8gsterett til side, og kravde at utsleppet blir stansa med ein gong.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1890\" height=\"960\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/Skjermbilde 2026-10-15 101530.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1890 \/ 960;\"\/><\/p>\n<p>      ULLGENSAR: Lars Haltbrekken (SV).<br \/>\n      Foto: Skjermdump NRK\n    <\/p>\n<p>Haltbrekken blei utfordra p\u00e5 at SV i partiprogrammet sitt tek til orde for ein god balanse mellom mineraln\u00e6ringa, milj\u00f8et og lokalsamfunna.<\/p>\n<p>Han understreka at SV \u00f8nskjer \u00e5 utvikle mineraln\u00e6ringa, men ikkje p\u00e5 ein m\u00e5te som let internasjonale gruveselskap velje den billigaste l\u00f8ysinga for \u00e5 bli kvitt avfallet sitt.<\/p>\n<p>SV har to krav, if\u00f8lge Haltbrekken: Stans utsleppet og trekk tilbake dei mellombelse l\u00f8yva. I tillegg vil partiet stanse gruvedumping i alle norske fjordar.<\/p>\n<p>\u2013 Vi er eit av to land i verda som brukar fjordane som s\u00f8ppelplass!<\/p>\n<p>D\u00e5 Haltbrekken blei spurd om korleis Norge d\u00e5 skal utvikle mineraln\u00e6ringa, svara han:<\/p>\n<p>\u2013 Resten av verda gjer det ikkje p\u00e5 denne m\u00e5ten!<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/80-15-30288\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/_MG_3655-29OpphavsbileteFirda-vev.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            MDG krev full stans for F\u00f8rdefjorden-utslepp i budsjettforhandlingane\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/80-15-30177\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/PP0A7279.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            M\u00f8ter sjukdommen p\u00e5 jobb: \u2013 Ser kor viktig det er\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/80-15-29611\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/1792060880_783_Bildemontoren_2026-10-13.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            \u2013 Av og til s\u00e5 vinn vi, av og til tapar vi. Slik er livet\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 F\u00f8rdefjorden skal fyllast med over fire millionar tonn gruveavfall dei neste tre \u00e5ra. Men korleis er det&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":385945,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,5778,13,30,1467,28,29,14,16,1510,1466,26,27,1465],"class_list":["post-385944","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-naustdal","tag-news","tag-no","tag-nordic-mining","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-story","tag-sunnfjord","tag-top-stories","tag-topstories","tag-vevring"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117444509733281664","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/385944","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=385944"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/385944\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/385945"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=385944"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=385944"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=385944"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}