{"id":386208,"date":"2026-10-15T15:08:11","date_gmt":"2026-10-15T15:08:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/386208\/"},"modified":"2026-10-15T15:08:11","modified_gmt":"2026-10-15T15:08:11","slug":"nordic-mining-synspunkt-hogsterettsdommen-i-fordefjorden-saka","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/386208\/","title":{"rendered":"Nordic Mining, Synspunkt | H\u00f8gsterettsdommen i F\u00f8rdefjorden-saka"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Debattinnlegg<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>No har vi trua!<\/p>\n<p>Lenge trudde vi at AP-regjeringa trudde det berre var i dei store byane det budde folk.<\/p>\n<p>I veka som gjekk, fekk vi eit h\u00e5p om at AP faktisk vil at det skal bu folk i mindre bygder \u00f2g.<\/p>\n<p>Det kan sj\u00e5 ut som at distriktsarbeidsplassar innan mineraln\u00e6ringa og havbruk framleis har livets rett, sj\u00f8lv om begge n\u00e6ringane set milj\u00f8messige fotavtrykk.<\/p>\n<p>Vi har p\u00e5 kort tid hatt to klima- og milj\u00f8ministrar som begge har m\u00e5tta tole hard kritikk. Vi trur nok dei begge har kjent at det brenn under skorne. Men dersom Sigrun Aasland trekkjer tilbake l\u00f8yvet til Nordic Mining p\u00e5 bakgrunn av H\u00f8gsterettsdommen, blir sp\u00f8rsm\u00e5let langt st\u00f8rre enn kva som skal skje p\u00e5 Engeb\u00f8.<\/p>\n<p>Dei som har lese oppsummeringa av H\u00f8gsterett sin dom, forst\u00e5r at dei rettslege prinsippa kan f\u00e5 konsekvensar for langt fleire enn Nordic Mining. Det kan sj\u00e5 ut som at nokon har rota dette kraftig til.<\/p>\n<p>Det st\u00e5r : \u00abEtter vannforeskriften og vanndirektivet m\u00e5 tiltak som forringer kvaliteten av en vannforekomst v\u00e6re begrunnet i tvingende allmenne hensyn.\u00bb Kjelde: H\u00f8gsterettt, F\u00f8rdefjorden-saka 17.juni 2026<\/p>\n<p>Det g\u00e5r fint an \u00e5 overleve utan oppdrettslaks.<\/p>\n<p>Det er her vi meiner det verkeleg store sp\u00f8rsm\u00e5let etter H\u00f8gsterettsdommen ligg:<\/p>\n<p>Dersom dommen blir brukt som grunnlag for \u00e5 trekkje tilbake l\u00f8yve og i praksis avvikle \u00e9i n\u00e6ring fordi ho forringar ein vassf\u00f8rekomst, m\u00e5 dei same rettslege prinsippa praktiserast konsekvent overfor andre n\u00e6ringar som medf\u00f8rer tilsvarande forringing.<\/p>\n<p>Det ville f\u00e5 enorme konsekvensar for mange sm\u00e5 kystsamfunn dersom store delar av havbruksn\u00e6ringa m\u00e5tte avviklast.<\/p>\n<p>P\u00e5 Engeb\u00f8 skal overskotsmassane deponerast p\u00e5 rundt 300 meters djupne p\u00e5 eksisterande blautbotn. Havbruksn\u00e6ringa slepp p\u00e5 si side ut organisk materiale i form av mellom anna f\u00f4rrestar og avf\u00f8ring, ofte p\u00e5 langt grunnare vatn.<\/p>\n<p>Det er sj\u00f8lvsagt snakk om to sv\u00e6rt ulike typar p\u00e5verknad. Fisk kan trekkje bort fr\u00e5 omr\u00e5det der gruveavgangen blir lagd, medan oppdrettsanlegg kan trekkje til seg villfisk som beitar p\u00e5 f\u00f4rrestar rundt anlegga. Dei fleste forst\u00e5r at villfisk ikkje er skapt for \u00e5 leve p\u00e5 oppdrettsf\u00f4r.<\/p>\n<p>Samtidig er Engeb\u00f8 no vurdert p\u00e5 nytt etter H\u00f8gsterettsdommen. Det nye mellombelse l\u00f8yvet omfattar 4,5 millionar tonn mineralavgang over tre \u00e5r. Milj\u00f8direktoratet har vurdert at denne avgrensa deponeringa ikkje vil medf\u00f8re forringing av vassf\u00f8rekomsten i strid med vassforskrifta, og Klima- og milj\u00f8departementet har lagt denne vurderinga til grunn.<\/p>\n<p>Det er eit viktig poeng: At massar lagde p\u00e5 sj\u00f8botnen, betyr ikkje i seg sj\u00f8lv at ein fjord blir \u00f8ydelagd.<\/p>\n<p>Vi har eit godt d\u00f8me rett utanfor stoved\u00f8ra. Rundt 90.000 kubikkmeter stein fr\u00e5 Naustdalstunnelen vart brukte til utfylling for badeplass og sm\u00e5b\u00e5thamn i Naustdal. Sj\u00f8botnen vart endra, mange botndyr m\u00e5tte b\u00f8te med livet, men overskotsmassane vart samtidig ein ressurs for lokalsamfunnet.<\/p>\n<p>Overskotsmasse fr\u00e5 Nordic Mining kan ogs\u00e5 brukast til \u00e5 dekke forureina sj\u00f8botn og redusere spreiing av milj\u00f8gifter. Ved U-864 utanfor Fedje er tildekking av kvikks\u00f8lvforureina sj\u00f8botn vurdert som eit milj\u00f8tiltak og ogs\u00e5 sj\u00f8lve ub\u00e5tvraket kan dekkast til som ein del av l\u00f8ysinga. Det kunne \u00f2g vere interessant \u00e5 unders\u00f8kje slike l\u00f8ysingar ved gamle industriomr\u00e5de, som t..d tidlegare Ankerl\u00f8kken.<\/p>\n<p>Mineralutvinninga p\u00e5 Engeb\u00f8 tilf\u00f8rer ei bygd som folketalsmessig er i knest\u00e5ande, over hundre distriktsarbeidsplassar, der dei som bur lokalt kan f\u00e5 arbeid dersom dei \u00f8nskjer det.<\/p>\n<p>Havbruksn\u00e6ringa held p\u00e5 si side liv i sv\u00e6rt mange sm\u00e5bygder langs kysten av landet v\u00e5rt. Utan desse arbeidsplassane ville det blitt m\u00f8rkt i mange vindauge.<\/p>\n<p>H\u00f8gsterettsdommen vil f\u00e5 konsekvensar, men konsekvensen av strengare vassmilj\u00f8krav treng ikkje \u00e5 vere avvikling.<\/p>\n<p>Tolkar ein dommen slik at eksisterande n\u00e6ringar som p\u00e5verkar vassf\u00f8rekomstar skal avviklast, kan ein ikkje utan vidare stoppe mineraln\u00e6ringa og la andre n\u00e6ringar med tilsvarande rettslege problemstillingar halde fram som f\u00f8r. Dommen m\u00e5 praktiserast konsekvent.<\/p>\n<p>Ei omfattande avvikling av n\u00e6ringane vil f\u00e5 dramatiske konsekvensar for distrikts-Noreg. Det handlar om titusenvis av arbeidsplassar, busetjing og sm\u00e5 lokalsamfunn langs heile kysten.<\/p>\n<p>Problemstillinga rundt vassdirektiva stoppar heller ikkje ved gruvedrift og havbruk. Kommunalt avl\u00f8p og utslepp fr\u00e5 store befolkningskonsentrasjonar er ogs\u00e5 omfatta av vassregelverket. I Oslofjorden vil neppe l\u00f8ysinga vere \u00e5 avvikle byane.<\/p>\n<p>Vi m\u00e5 ta H\u00f8gsterettsdommen p\u00e5 alvor og stille strengare milj\u00f8krav der det er n\u00f8dvendig. Men skal dommen ha legitimitet, m\u00e5 dei same rettslege prinsippa gjelde.<\/p>\n<p>L\u00f8ysinga m\u00e5 vere tiltak som ikkje forringar vasskvaliteten i for stor grad \u2013 ikkje \u00e5 avvikle n\u00e6ringane og lokalsamfunna som er bygde rundt dei.<\/p>\n<p>Honn\u00f8r til AP for \u00e5 st\u00e5 st\u00f8tt i stormen og vil oppretthalde distriktsarbeidsplassar som ikkje kan sentraliserast.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. No&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":386209,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,13,30,1467,28,29,14,1533,16,9088,6150,26,27],"class_list":["post-386208","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-nordic-mining","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-sunnfjord-kommune","tag-synspunkt","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/386208","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=386208"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/386208\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/386209"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=386208"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=386208"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=386208"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}