{"id":396783,"date":"2026-10-25T22:49:22","date_gmt":"2026-10-25T22:49:22","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/396783\/"},"modified":"2026-10-25T22:49:22","modified_gmt":"2026-10-25T22:49:22","slug":"sogndal-nordfjordeid-kva-kan-sogndal-vinna-pa-cruise-og-kva-kan-bygda-tapa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/396783\/","title":{"rendered":"Sogndal, Nordfjordeid | Kva kan Sogndal vinna p\u00e5 cruise \u2013 og kva kan bygda tapa?"},"content":{"rendered":"\n<p>Etter at initiativet fr\u00e5 private akt\u00f8rar som ynskjer \u00e5 etablera ein cruisekai i Sogndal vart kjend, har debatten i bygda tatt fyr.\u00a0<\/p>\n<p>Akt\u00f8rane har h\u00e5p om at planane deira kan gje n\u00e6ringslivet eit oppsving og skapa meir aktivitet i bygda. Reaksjonane har ikkje late venta p\u00e5 seg.\u00a0<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/rita-skil-seg-ut-blant-skeptiske-kollegaer-tykkjer-det-er-heilt-fantastisk\/s\/80-115-23244\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Nokre har trua<\/a> p\u00e5 at det vil ta mykje godt med seg, medan andre truar med \u00e5 <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/vurderer-a-flytta-om-cruiseskipa-kjem-hundre-prosent-serios\/s\/80-115-22218\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">flytta fr\u00e5 bygda. <\/a><\/p>\n<p><b>Men korleis er eigentleg stoda der det allereie er etablert ei cruisehamn? Me snakkar ikkje om Vik, Skjolden eller Fl\u00e5m \u2013 dei sm\u00e5 bygdene langs Sognefjorden, der dei \u00e5rleg tek i mot fleire hundre anl\u00f8p og hundrevis av tusen turistar. <\/b><\/p>\n<p>Korleis vil masseturismen som cruise tek med seg p\u00e5verka ein stad som Sogndal?\u00a0<\/p>\n<p>P\u00e5 leit etter svar, har Sogn Avis teke turen til Nordfjordeid. Ein tettstad som p\u00e5 fleire m\u00e5tar kan samanliknast med tettstaden Sogndal.<\/p>\n<p>Til samanlikning<\/p>\n<p>Nordfjordeid er administrasjonssenter i Stad kommune, og talte i fjor 3247 innbyggjarar. Til samanlikning skriv SNL (Store norske leksikon) at Sogndalsfj\u00f8ra hadde 4475 innbyggjarar.\u00a0<\/p>\n<p><b>Begge tettstadane kan smykka seg med handlegater, kj\u00f8pesenter, ein gangveg langs fjorden som allmenta kan nytta seg av, kulturhus, vidareg\u00e5ande skule og idrettsanlegg. Dei er begge viktige senter for regionen dei ligg i. <\/b><\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"7728\" height=\"5152\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/DSCF4741.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 7728 \/ 5152;\"\/><\/p>\n<p>      Eidsgata er ei popul\u00e6r handlegate p\u00e5 tettstaden i Nordfjord.<br \/>\n      Foto: Ronja \u00c5rskaug Vallestad\n    <\/p>\n<p>I tillegg har b\u00e5de Eid og Sogndal unge milj\u00f8 av friluftsinteresserte menneske som har kome til bygdene p\u00e5 grunn av naturen og moglegheitene i omr\u00e5da.\u00a0<\/p>\n<p>Sj\u00f8lvsagt er det mykje som er ulikt ogs\u00e5. Me hevdar p\u00e5 ingen m\u00e5te at Sogndal og Nordfjordeid er same plassen. Alle bygder rundt om p\u00e5 Vestlandet har sitt unike milj\u00f8, med lokale skilnadar som s\u00e6rteiknar innbyggjarane, kulturen og plassen.<\/p>\n<p><b>Me tok turen til Nordfjordeid fordi me vil sj\u00e5 korleis cruisen\u00e6ringa har p\u00e5verka dei sidan dei f\u00f8rste skipa kom inn, og kva tankar dei har om bygda i \u00e5ra framover. Der har me m\u00f8tt n\u00e6ringsakt\u00f8rar, butikkdrivarar, lokalavis og vanlege folk. Og stilt sp\u00f8rsm\u00e5l om korleis dei opplever det \u00e5 ha cruiseturisme i bygda. <\/b><\/p>\n<p>Gjennom ein miniserie vil me publisera fleire saker fr\u00e5 reportasjeturen, for \u00e5 gje nye perspektiv inn i cruisedebatten i Sogndal.<\/p>\n<p>Ser for seg 100 anl\u00f8p<\/p>\n<p>Eid og Sogndalsfj\u00f8ra ligg begge i fjordar der det allereie er etablert fleire cruisekaier. I Nordfjord finn me b\u00e5de Olden, Loen og M\u00e5l\u00f8y som alle tek i mot tusenvis av turistar gjennom dei flytande hotella.<\/p>\n<p>Nordfjordeid tok i mot sine f\u00f8rste cruiseanl\u00f8p i 2019, d\u00e5 str\u00f8ymde turistane i land p\u00e5 det som var Skjolden cruisekai sin tidlegare Seawalk.\u00a0<\/p>\n<p>Etter nokre pause\u00e5r under pandemien, tok tilstr\u00f8yminga av skip seg opp att. I 2026 tek den vesle nordfjordbygda i mot til saman 76 anl\u00f8p p\u00e5 Port of Nordfjordeid.<\/p>\n<p><b>Sogndal Utvikling ser i <a href=\"https:\/\/www.sogndalutvikling.no\/fakta\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">sitt scenario<\/a> for seg at det innan 2031 vil vera 100 anl\u00f8p i \u00e5ret, med i snitt 2000 passasjerar per anl\u00f8p. M\u00e5let deira er at f\u00f8rste anl\u00f8p kjem i 2028, og dei arbeider fram mot ein realitetsvurdering innan utgangen av 2026.<\/b><\/p>\n<p>M\u00e5ndag kjem f\u00f8rste artikkel, der me har snakka med fleire n\u00e6ringsdrivande p\u00e5 Eid om korleis cruiseturismen har p\u00e5verka dei.\u00a0<\/p>\n<p><b>\u2013 P\u00e5 dei absolutt beste cruisedagane kan me selja 600\u2013700 bollar, kunne ei av dei me m\u00f8tte fortelja.<\/b><\/p>\n<p><b>Meir kan du lesa i morgon. <br \/><\/b><\/p>\n<p><a class=\"simple-relation related-teaser article--c-eBQpMJ\" href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/lokale-aktorar-vil-ha-cruisekai-i-sogndal-har-me-rad-til-a-seia-nei\/s\/80-115-19266\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Lokale akt\u00f8rar vil ha cruisekai i Sogndal: \u2013 Har me r\u00e5d til \u00e5 seia nei?<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Etter at initiativet fr\u00e5 private akt\u00f8rar som ynskjer \u00e5 etablera ein cruisekai i Sogndal vart kjend, har debatten&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":396784,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,1990,1839,24,25,15,22,23,13,30,10583,28,29,14,16,216,1029,26,27],"class_list":["post-396783","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-cruise","tag-feature","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-nordfjordeid","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-okonomi-og-naeringsliv","tag-sogndal","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117503994678085829","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/396783","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=396783"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/396783\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/396784"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=396783"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=396783"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=396783"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}