{"id":397043,"date":"2026-10-26T08:44:13","date_gmt":"2026-10-26T08:44:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/397043\/"},"modified":"2026-10-26T08:44:13","modified_gmt":"2026-10-26T08:44:13","slug":"klonar-program-og-spel-med-ki-kan-vere-lovleg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/397043\/","title":{"rendered":"Klonar program og spel med KI \u2013 Kan vere lovleg"},"content":{"rendered":"<p>\t\t\t\t\t\t\tKan vere heilt lovleg<\/p>\n<p>\u2013 Det korte svaret er at det avheng av korleis programmet er blitt til og kva det inneheld, men at slike KI-klonar i mange tilfelle vil kunne vere lovlege, seier jussprofessoren.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" aria-describedby=\"caption-attachment-274714\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-274714 size-large\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/23-torger-kielland-126-crop-819x1024.jpg\" alt=\"\" width=\"680\" height=\"850\"  \/><\/p>\n<p id=\"caption-attachment-274714\" class=\"wp-caption-text\">Torger Kielland er professor ved Universitetet i Bergen. Foto: Eivind Senneset.<\/p>\n<p>Kielland seier det kan vere lovleg b\u00e5de for dei som lagar klonane, og dei som nyttar dei.<\/p>\n<p>\u2013 Det ser ikkje ut som \u00abklonane\u00bb av til d\u00f8mes Photoshop har kopiert koden til programmet. Og det vil d\u00e5 vere lovleg for andre \u00e5 nytte programmet.<\/p>\n<p>Det er ogs\u00e5 lovleg \u00e5 spele to spel som er sl\u00e5tt saman, om ein eig begge spela.<\/p>\n<p>\u2013 Men om ein d\u00e5 sel det som eit nytt spel, vil det vere ulovleg. P\u00e5 same m\u00e5te vil videoar fr\u00e5 ein hybrid av to spel kunne vere opphavsrettsbeskytta, og vil krevje samtykke fr\u00e5 rettigheitshavar.<\/p>\n<p>Selskapa er ikkje bekymra<\/p>\n<p>\u2013 Eg har pr\u00f8vd fleire av programma p\u00e5 ArtCraft, mellom anna PhotoCraft (basert p\u00e5 Adobe Photoshop) og PdfCraft (basert p\u00e5 Adobe Acrobat). Mitt inntrykk er at dei fungerer, men at dei er litt uferdige, skriv Kielland til Framtida p\u00e5 e-post.<\/p>\n<p>Han seier han ikkje trur Adobe f\u00f8ler seg spesielt trua.<\/p>\n<p>\u2013 Alts\u00e5, i alle fall n\u00e5r eg ser desse ArtCraft-programma, s\u00e5 trur eg ikkje Adobe og andre er s\u00e5 veldig bekymra. Rett og slett fordi dei sel meir enn berre det programma kan gjere. Dei sel eit \u00f8kosystem, dei sel service og support, seier han.<\/p>\n<p>Likevel trur han ikkje selskapa berre kjem til \u00e5 sitte stille og sj\u00e5 p\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Dei vil nok sl\u00e5 hardt ned p\u00e5 n\u00e6rg\u00e5ande varemerkebruk. Til d\u00f8mes b\u00f8r ein vere forsiktige med \u00e5 seie at programmet sitt er \u00absom Adobe sitt program\u00bb.<\/p>\n<p>Spelverda er skaka<\/p>\n<p>Medan dei store selskapa kanskje lev godt med endringane, kan det r\u00e5ke mindre selskap hardt.<\/p>\n<p>\u2013 H\u00f8ve til \u00e5 klone kva eit program kan gjere, er nok eit st\u00f8rre problem for oppstartsselskap. Om potensielle konkurrentar kan kopiere eins eigen funksjonalitet p\u00e5 eit par veker, s\u00e5 har ein mykje mindre tid enn det ein normalt sett har hatt til \u00e5 etablere sitt produkt, seier Kielland.<\/p>\n<p>Dette har vist seg \u00e5 vere tilfelle for fleire mindre spelselskap den siste tida.<\/p>\n<p>Eit nyleg d\u00f8me er spelet Needle In A Haystack Simulator, eit spel om \u00e5 finne ei n\u00e5l i ein h\u00f8ystakk. Det gjekk viralt, men har no s\u00e5 mange klonar at det er vanskeleg \u00e5 finne originalen.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/kotaku.com\/devs-behind-needle-in-a-haystack-clone-complain-their-clone-has-been-cloned-by-vibe-coder-2000747284\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Kotaku<\/a> skriv at kloningane byr p\u00e5 store utfordringar for sm\u00e5 spelselskap som ikkje har r\u00e5d til \u00e5 g\u00e5 til sak mot kopiar.<\/p>\n<blockquote class=\"twitter-tweet\" data-width=\"550\" data-dnt=\"true\">\n<p lang=\"en\" dir=\"ltr\">This is genuinely so fucked up. Ya&#8217;ll don&#8217;t even know the can of worms that&#8217;s been opened recently with decompiling and game crossover.<\/p>\n<p>Everything is open sourced. Everything can be stolen in a day. We&#8217;re absolutely not ready and it&#8217;s gonna be BAD.<\/p>\n<p>I can tell you this will most\u2026 <a href=\"https:\/\/t.co\/Dlk7g3VPPA\" rel=\"nofollow\">https:\/\/t.co\/Dlk7g3VPPA<\/a><\/p>\n<p>\u2014 Delrith (@CtrlAltDelrith) <a href=\"https:\/\/x.com\/CtrlAltDelrith\/status\/2111290855374131278?ref_src=twsrc%5Etfw\" rel=\"nofollow\">October 17, 2026<\/a><\/p>\n<\/blockquote>\n<p>Fleire sp\u00e5r no at denne teknologien kan bety at sm\u00e5 selskap m\u00e5 halde utviklinga av spel <a href=\"https:\/\/kotaku.com\/revamp-public-playtest-cancelled-digital-sun-claude-ai-clones-2000747558\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">hemmeleg<\/a> f\u00f8r spelet er heilt ute.<\/p>\n<p>Loven heng med<\/p>\n<p>Likevel held loven i det store og det heile med p\u00e5 utviklinga, meiner Kielland.<\/p>\n<p>\u2013 Vi sp\u00f8ker med at ein i opphavsretten framleis jobbar med rettsreglar utvikla for trykkepressa. Og det gjer ein jo, men det er ogs\u00e5 slik at ein har generelle regler for ny teknologi \u00f2g.<\/p>\n<p>Det er med andre ord ingen grunn til \u00e5 frykte anarki av framsteg i kunstig intelligens.<\/p>\n<p>\u2013 Men sj\u00f8lvsagt, alt klarer ein ikkje ta h\u00f8gde for, og d\u00e5 er det sj\u00f8lvsagt naudsynt \u00e5 oppdatere regelverket, avsluttar Kielland.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kan vere heilt lovleg \u2013 Det korte svaret er at det avheng av korleis programmet er blitt til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":397044,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[57],"tags":[13264,15957,467,30,28,29,65,63,64,66,70,69,67,68],"class_list":["post-397043","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-vitenskap-og-teknologi","tag-gaming","tag-juss","tag-kunstig-intelligens","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-science","tag-science-and-technology","tag-scienceandtechnology","tag-technology","tag-teknologi","tag-vitenskap","tag-vitenskap-og-teknologi","tag-vitenskapteknologi"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117506334042923288","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/397043","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=397043"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/397043\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/397044"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=397043"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=397043"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=397043"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}