{"id":400783,"date":"2026-10-29T18:16:34","date_gmt":"2026-10-29T18:16:34","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/400783\/"},"modified":"2026-10-29T18:16:34","modified_gmt":"2026-10-29T18:16:34","slug":"meiningar-sogndal-cruise-i-sogndal-kva-kan-vi-laere-fra-andre-cruisehamner-i-sogn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/400783\/","title":{"rendered":"Meiningar, Sogndal | Cruise i Sogndal: Kva kan vi l\u00e6re fr\u00e5 andre cruisehamner i Sogn?"},"content":{"rendered":"\n<p>Sogndal Utvikling ynskjer \u00e5 etablere cruisehamn i Sogndal, og i debatten om planane, har mange peika p\u00e5 Vestlandsforsking sin kompetanse p\u00e5 omr\u00e5det. Kompetanse har vi, b\u00e5de n\u00e5r det gjeld klima- og milj\u00f8sida og korleis reiselivet og lokalsamfunna rundt, p\u00e5verkar kvarandre.\u00a0<\/p>\n<p><b>Som reiselivsforskar er det dette siste eg uttalar meg om, alts\u00e5 korleis innbyggjarane svarte d\u00e5 vi spurde om deira syn p\u00e5 \u00e5 leve med cruiseanl\u00f8p. <\/b><\/p>\n<p>I 2025 tok vi oppdraget fr\u00e5 kommunane Vik, Luster og Aurland om \u00e5 utf\u00f8re innbyggjarunders\u00f8kingar om reiselivet. I Luster og Vik ynskte dei s\u00e6rleg fokus p\u00e5 cruise i unders\u00f8kingane, medan Aurland kommune la st\u00f8rst vekt p\u00e5 innbyggjarane sine samla erfaringar med reiselivet lokalt.\u00a0<\/p>\n<p>Sidan pandemien har stadig fleire skip lagt til i dei nyare hamnene i Vik og i Skjolden. I fjor hadde Vik 50 anl\u00f8p og Skjolden 45. I Fl\u00e5m, som har lang historie med cruisetrafikk, kom det f\u00e6rre skip etter pandemien. Dei siste \u00e5ra har det liggje p\u00e5 rundt 110, men mange av skipa som kjem, er st\u00f8rre enn f\u00f8r.\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-29388\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/1793297787_213_Bildemontoren_2026-10-28.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Kaiselskap cruisar inn millionar \u2013 kommunen f\u00e5r ingenting i 50 \u00e5r\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Alle som ville det, kunne svare p\u00e5 innbyggjarunders\u00f8kingane, s\u00e5 lenge dei var over 18 \u00e5r og hadde bustadadresse i kommunen. Med eit slikt oppsett er det naturleg nok dei mest engasjerte som svarar. Unders\u00f8kingane er dermed ikkje representative i vitskapleg tyding, men kan likevel seie noko om kor skoen trykkjer, kva som fungerer og kva som ikkje fungerer i det lokale reiselivet.\u00a0<\/p>\n<p>Med bakgrunn i unders\u00f8kingane er det nokre overordna tema eg meiner innbyggjarar, s\u00e5 vel som folkevalde i Sogndal, b\u00f8r tenkje gjennom f\u00f8r dei tek stilling til sp\u00f8rsm\u00e5let om ei eventuell cruisekai i bygda.\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-22002\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/collage.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            \u2013 N\u00e5r dei har brukt to \u00e5r p\u00e5 \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 korleis dei kan s\u00f8rgje for ny aktivitet i Sogndal, er me sv\u00e6rt overraska over at cruise er l\u00f8ysinga\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Det fyrste handlar om eigarskap. I Aurland og Vik er hamnene kommunalt eigde, medan hamna i Luster er privat. Eigaren av hamna betalar for investeringa i kaien og hamneomr\u00e5det, men f\u00e5r \u00f2g hamneinntekter og kontroll over utviklinga.\u00a0<\/p>\n<p>Viss ein privat eigar invester store summar i hamna, blir det utfordrande for kommunen \u00e5 kome i etterkant og seie at ting \u00abikkje vart nett slik me trudde\u00bb. Hamneeigaren vil ha hand om kor mange og store skip som kjem, men ikkje ha ansvar for omr\u00e5da turistane beveger seg i utanom sj\u00f8lve hamna.\u00a0<\/p>\n<p>Kommunen b\u00f8r difor \u00f2g tenkje n\u00f8ye gjennom kor turistane kjem til \u00e5 bevege seg og opphalde seg i bygda, og p\u00e5 opparbeiding og vedlikehald av fellesgode og infrastruktur.\u00a0<\/p>\n<p>Vegane, fortaua, parkeringsplassane, badelaguna, fjordstien, parken, benkane, leikeplassane, s\u00f8ppelb\u00f8ttene og toaletta er fellesgode som er dimensjonerte for Sogndal (og noko turisme i sommarm\u00e5nadane).\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-21861\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/5_115_844676 IMG_7074.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Cruisekai i Sogndal: \u2013 Har nokon spurt dei som faktisk skal ta imot turistane?\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>I Vik vil kommunen nytte hamneavgifter til \u00e5 styrke denne infrastrukturen, men med ein privat hamneeigar fell det p\u00e5 kommunens sitt budsjett. Sj\u00f8lv om situasjonen er ulik i Aurland, Vik og Skjolden, viste svara i innbyggjarunders\u00f8kingane at det r\u00e5r stor frustrasjon i alle kommunane rundt tema som vegar og infrastruktur knytt til cruisetrafikken.\u00a0<\/p>\n<p>I Aurland har kommunen gjort mykje med infrastrukturen gjennom \u00e5ra, til d\u00f8mes i Fl\u00e5m, men fordi mange ulike delar av reiselivet der er i vekst, er det framleis store utfordringar. Det er ogs\u00e5 eit poeng ein b\u00f8r ta med i vurderingane i Sogndal: Reiselivet er i vekst, og prognosane til Menon Economics tilseier vidare vekst. Desse \u00abvanlege\u00bb turistane m\u00e5 det \u00f2g vere plass til i bygda og p\u00e5 vegane.\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-19266\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/1793297790_508_PXL_20261002_064752796.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Lokale akt\u00f8rar vil ha cruisekai i Sogndal: \u2013 Har me r\u00e5d til \u00e5 seia nei?\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p><b>Verdiskaping er naturleg nok eit tema politikarane er opptekne av. Men inntektene p\u00e5 land kan variere stort fr\u00e5 hamn til hamn. <\/b><\/p>\n<p>Faktorane som betyr noko, er mellom anna talet p\u00e5 anl\u00f8p og p\u00e5 passasjerar som g\u00e5r i land, kva tilbod som m\u00f8ter turistane i form av butikkar og kafear, kva utflukter turistane kan vere med p\u00e5 og ikkje minst, korleis desse er organiserte, som avgjer kor mykje av inntektene som blir att lokalt.\u00a0<\/p>\n<p>I tillegg kjem hamneavgifter, liggjetid, kva fasilitetar skipa har sj\u00f8lve og kvar turistane kjem fr\u00e5.\u00a0<\/p>\n<p>\u00c5 ansl\u00e5 framtidig inntening lokalt i Sogndal, er difor krevjande. I innbyggjarunders\u00f8kingane v\u00e5re kom det fram at innbyggjarane i Aurland opplevde \u00e5 f\u00e5 gode inntekter og mange arbeidsplassar fr\u00e5 reiselivet, cruise inkludert, Innbyggarane i b\u00e5de Vik og Luster meinte i mindre grad at cruiseaktiviteten var positiv for inntening og arbeidsplassar.\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-23244\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/image_5CCF2AC1-648D-4DE3-8AE1-5026ABC6377E_1763028504.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Rita skil seg ut blant skeptiske kollegaer: \u2013 Tykkjer det er heilt fantastisk\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Her er det viktig \u00e5 hugse p\u00e5 at Aurland har hatt fleire ti\u00e5r p\u00e5 \u00e5 utvikle tilboda sine og har den s\u00e6rmerkte Fl\u00e5msbana som trekkplaster.<\/p>\n<p>I innbyggjarunders\u00f8kingane hadde vi nokre tekstboksar der folk kunne utdjupe med eigne ord korleis dei opplevde det lokale reiselivet. Svara deira fortel oss mest om korleis folk som har cruisetrafikken tettast p\u00e5, opplever situasjonen. Kontrastane er store mellom dei som ser p\u00e5 utviklinga som positiv og n\u00f8dvendig for bygda, og dei som tykkjer utviklinga er sv\u00e6rt krevjande.<\/p>\n<p>Enkelte formidlar at dei ikkje kjenner att bygda si, at dei kjenner seg fortrengde av tilreisande, at all utvikling no handlar om reiseliv og ikkje om lokalsamfunna og at dei m\u00e5 tilpasse kvardagen sin etter cruiseanl\u00f8pa. Dette er enkeltutsegner, men dei fortel oss at dette er ei form for reiseliv som kan ha store f\u00f8lgjer for folk sitt daglegliv.\u00a0<\/p>\n<p>Overfor alle dei tre kommunane tilr\u00e5dde vi ei oppbremsing. Det gjorde vi ut fr\u00e5 funna v\u00e5re knytt til belastningar p\u00e5 infrastruktur og lokalsamfunn, s\u00e6rdrag i kvar kommune, som omsynet til landbruk n\u00e6r Vik\u00f8yri og utrygge trafikkforhold langs fylkesveg 55 i Luster. Vi tilr\u00e5dde alts\u00e5 ikkje vidare vekst i talet p\u00e5 cruiseanl\u00f8p verken i Luster eller i Vik. For Aurland sin del, fr\u00e5r\u00e5dde vi \u00e5 auke den samla reiselivstrafikken.\u00a0<\/p>\n<p>Ei slik oppbremsing er p\u00e5 ingen m\u00e5te beint fram n\u00e5r lokale verksemder har bygd opp produkt og aktivitetar rundt cruiseaktiviteten i alle tre kommunane. Det er ikkje berre \u00e5 skru tida tilbake dersom ein kommune f\u00f8rst har sagt ja. Ogs\u00e5 det b\u00f8r dei folkevalde i Sogndal kommune vere klar over.<\/p>\n<p>Det er med andre ord ei stor og viktig sak kommunen har f\u00e5tt i hendene, og det gjeld \u00e5 la vere \u00e5 forhaste seg. Eit r\u00e5d er \u00e5 bruke tid p\u00e5 \u00e5 snakke med b\u00e5de hamnesjefar og den politiske og administrative leiinga i nabokommunar med cruise. Blant dei finst det verdifull kompetanse og kunnskap om den lokale verdiskapinga, men \u00f2g innsikt i milj\u00f8belastning og slitasje p\u00e5 lokalsamfunnet.\u00a0<\/p>\n<p>I arbeidet med innbyggjarunders\u00f8kingane, valde vi som utf\u00f8rte studien \u00e5 bes\u00f8kje Skjolden, Vik og Fl\u00e5m p\u00e5 dagar d\u00e5 cruiseskip l\u00e5g til kai. Vi gjekk langs dei same vegane som passasjerane og opps\u00f8kte stader dei ville sj\u00e5, som Hopperstad stavkyrkje i Vik. Pr\u00f8v gjerne n\u00e5r de skal gjere dykk opp ei meining om kor vidt cruisekai i Sogndal er ein d\u00e5rleg id\u00e9 eller noko som kan gje Sogndalsfj\u00f8ra eit nytt l\u00f8ft.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-30697\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/1793297791_572_unnamed (1).jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Lat oss ikkje pisse i br\u00f8nnen!\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-29934\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/B og J.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Treng me cruise og datasenter for \u00e5 f\u00e5 gode liv: \u2013 Skilnad p\u00e5 \u00e5 barbera skallen og \u00e5 skj\u00e6ra av seg hovudet\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-26877\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/DSCF4660.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            \u2013 P\u00e5 dei absolutt beste cruisedagane kan me selja 600\u2013700 bollar\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-27756\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/1793297793_753_image_43FEDF8A-95E1-46BD-BF9B-D4D1FBDD8695_1792673848.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Vibeke fekk ikkje fleirtal for cruise-nei: \u2013 Ville vore heilt feil \u00e5 stenga d\u00f8ra no\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-22218\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/DSCF5513.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Vurderer \u00e5 flytta om cruiseskipa kjem: \u2013 Hundre prosent seri\u00f8s\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-22095\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/PXL_20261002_064805801.PORTRAIT.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Vil byggja cruisekai: \u2013 Me \u00f8nskjer meir enn troll og kj\u00f8leskapsmagnetar\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Sogndal Utvikling ynskjer \u00e5 etablere cruisehamn i Sogndal, og i debatten om planane, har mange peika p\u00e5 Vestlandsforsking&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":400784,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,1990,24,25,15,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,1209,1029,26,27],"class_list":["post-400783","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-cruise","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-reiseliv","tag-sogndal","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117525570306286312","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/400783","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=400783"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/400783\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/400784"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=400783"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=400783"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=400783"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}