{"id":402589,"date":"2026-10-31T14:10:16","date_gmt":"2026-10-31T14:10:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/402589\/"},"modified":"2026-10-31T14:10:16","modified_gmt":"2026-10-31T14:10:16","slug":"meiningar-sport-idretten-i-sogndal-fortener-ein-fullverdig-kvale-stadion","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/402589\/","title":{"rendered":"Meiningar, Sport | Idretten i Sogndal fortener ein fullverdig Kv\u00e5le stadion"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Meiningar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>P\u00e5 folkem\u00f8tet 13.oktober om \u00abNyskapande aktivitetsaktivitetsanlegg\u00bb med det lokale namnet \u00abKv\u00e5le \u2013 idretts og aktivitetspark\u00bb fekk vi delta p\u00e5 ein kreativ og interessant arbeidsprosess.\u00a0<\/p>\n<p>Sidan det er mange interesser som her skal belysast er det naturleg at ikkje alle behov f\u00e5r plass p\u00e5 eit slikt m\u00f8te. Som leiar for friidretten i Sogn og Fjordane er det viktig \u00e5 f\u00e5 fram friidretten sitt behov knytt til Kv\u00e5le stadion som ein viktig regional arena.\u00a0<\/p>\n<p>Dette er og heilt i samsvar med uttalane fr\u00e5 SIL og friidrettsgruppa i Sogndal.<\/p>\n<p>Kv\u00e5le stadion er eit friidrettsanlegg for regionsenteret Sogndal i Indre Sogn. Det er og ein viktig arena for heile Sogndal kommune, burde i alle fall vere det. Kv\u00e5le stadion b\u00f8r vere ein fullverdig friidrettsstadion.<\/p>\n<p><b>Friidrett er i vinden, vi er i ei fantastisk l\u00f8peb\u00f8lge. Sj\u00f8lv om det vi h\u00f8yrer mest om er l\u00f8p utanfor bane, er det stor aktivitet b\u00e5de blant barn, unge og vaksne i alle friidretts\u00f8vingar. Dette ser vi og i Sogndal.<\/b><\/p>\n<p>Friidrett er b\u00e5de l\u00f8p, hopp og kast. Det har vore sj\u00f8lvsagt at alle barn og unge skal f\u00e5 oppl\u00e6ring og pr\u00f8ve seg p\u00e5 ulike idrettar og innan friidretten sine ulike \u00f8vingar. Vi har ulike fysiske utrustningar og vi veit at ulike \u00f8vingar passar for ulike kroppar og \u00f8nsker.\u00a0<\/p>\n<p>Vi er f\u00f8dde til \u00e5 b\u00e5de hoppe, springe og kaste. Og ikkje minst gleda ved \u00e5 gjere det. Vi som har barn veit at dette er naturleg for alle barn<\/p>\n<p>I Sogndal f\u00e5r barn og unge lite oppl\u00e6ring i og pr\u00f8vd seg p\u00e5 dei ulike kast \u00f8vingane verken p\u00e5 barneskulen, ungdomskulen, vidareg\u00e5ande eller som studentar. H\u00f8gskulen i Sogndal har eit kraftfullt idrettsmilj\u00f8 med mykje kompetanse.\u00a0<\/p>\n<p>For nokre \u00e5r sidan var det det nest st\u00f8rste idrettskompetansemilj\u00f8et etter Norges Idrettsh\u00f8gskule. Vidareg\u00e5ande har idrettslinje.\u00a0<\/p>\n<p><b>Kv\u00e5le stadion var ein fullverdig friidrettsstadion fram til det blei lagt kunstgras. Bakgrunnen for \u00e5 legge kunstgras p\u00e5 Kv\u00e5le stadion var behovet for auka kapasitet til fotballaktivitet som f\u00f8lgje av utbygging p\u00e5 Fosshaugane og bortfall av eksisterande treningsareal. <\/b><\/p>\n<p>Samstundes vart det lagt til grunn at friidretten sine behov skulle ivaretakast, mellom anna gjennom etablering av erstatningsareal for kast\u00f8vingane.\u00a0<\/p>\n<p>Den 23. desember 2009 avslo Kulturdepartementet s\u00f8knaden om omlegging til kunstgras. Etter nytt brev fr\u00e5 r\u00e5dmannen 7. januar 2010, der kommunen stadfesta at ein ville arbeide for tilfredsstillande l\u00f8ysingar for kast\u00f8vingane, endra departementet vurdering. I brev av 19. februar 2010 aksepterte departementet omlegging til kunstgras under f\u00f8resetnad av at friidretten sine interesser vart tekne vare p\u00e5.\u00a0<\/p>\n<p>I dag ville det bli sett eit rekkef\u00f8lge krav. Ved bortfall av h\u00f8ve til \u00e5 utf\u00f8re kast\u00f8vingar pga kunstgras, s\u00e5 m\u00e5 areal for kast\u00f8vingar etablerast f\u00f8r det blir gjedd dispensasjon. Dette blei ikkje gjort i 2010 og sidan har saka versert med ulike forslag utan at det er blitt landa ei l\u00f8ysing.\u00a0<\/p>\n<p>I brev av 9. juni 2016 peika departementet p\u00e5 at kommunen enno ikkje hadde teke tilstrekkelege steg for \u00e5 sikre l\u00f8ysingar for kast\u00f8vingane. I brev av 22. september 2016 vart det stilt tydelege krav om reguleringsarbeid med sikte p\u00e5 \u00e5 realisere kastsektor som erstatning for naturgrasdekket.\u00a0<\/p>\n<p>I samband med omr\u00e5deplanarbeidet for Campus Sogndal vart nye l\u00f8ysingar vurderte. Omr\u00e5de vest for stadion vart peika ut som mogleg framtidig kastomr\u00e5de, og idrettsr\u00e5det st\u00f8tta denne retninga. Saka fekk ny aktualitet gjennom arbeidet med aktivitetspark, skule og barnehage p\u00e5 Kv\u00e5le.\u00a0<\/p>\n<p>Under dialogm\u00f8tet 12. mars 2026 understreka Norges Friidrettsforbund, Friidrettskrinsen, Sogndal Idrettslag og Idrettsr\u00e5det behovet for \u00e5 sikre framtidig areal til kastanlegg og eit fullverdig friidrettstilbod.\u00a0<\/p>\n<p>Friidrettskrinsen i Sogn og fjordane vil p\u00e5 det sterkaste oppfordre kommunen, og no gjennom arbeidet med Nyskapande aktivitetsanlegg, \u00e5 sette av areal som kan nyttast til kast\u00f8vingane i friidrett. Dette vil lett kunne gjerast p\u00e5 grasarealet vest i omr\u00e5det.\u00a0<\/p>\n<p>Dette vil ikkje utelukke anna bruk av arealet. Ei aktivitetsflate av denne typen, utan permanente installasjonar i store delar av omr\u00e5det, vil i tillegg kunne nyttast til ei rekkje aktivitetar, folkehelsetiltak og pedagogiske f\u00f8rem\u00e5l for Kv\u00e5le skule, Sogndal vidareg\u00e5ande skule og H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1450445\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/IMG_7084.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Sjekk kven som dukka opp og serverte p\u00f8lser til ungane: \u2013 Saknar det\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1447636\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/IMG_24721_1.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Ein skade \u00f8ydela for Brede (27) i fjor. No vil han ha revansj\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1443899\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/DSCF0862.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Aleksander tok med seg Garden heim til Sogn: \u2013 Ei stor oppleving\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>    Vil du sj\u00e5 neste video?<\/p>\n<p>    <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/folkemote-om-cruisekai-i-sogndal\/v\/80-115-31117\" class=\"recommend-poster\" data-adp-clicklabel=\"video-recommend\" data-adp-clickvalue=\"poster\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><br \/>\n      <img decoding=\"async\" width=\"200\" height=\"200\" loading=\"lazy\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/10\/v-i-2295bdd5-5912-45e0-82aa-c0567b5b1ebe-1.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 200 \/ 200;\"\/><\/p>\n<p>Folkem\u00f8te om cruisekai i Sogndal1:13<\/p>\n<p>    <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. P\u00e5 folkem\u00f8tet 13.oktober om \u00abNyskapande aktivitetsaktivitetsanlegg\u00bb&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":402590,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[36,1939,30,28,29,1533,1029,83,82],"class_list":["post-402589","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-art","tag-meiningar","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-opinion","tag-sogndal","tag-sport","tag-sports"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117535927753433689","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/402589","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=402589"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/402589\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/402590"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=402589"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=402589"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=402589"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}