{"id":406403,"date":"2026-11-04T08:52:23","date_gmt":"2026-11-04T08:52:23","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/406403\/"},"modified":"2026-11-04T08:52:23","modified_gmt":"2026-11-04T08:52:23","slug":"datasenter-regjeringa-alle-parti-vil-stoppa-datasentera-regjeringa-noler","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/406403\/","title":{"rendered":"Datasenter, Regjeringa | Alle parti vil stoppa datasentera \u2013 regjeringa n\u00f8ler"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Vi skal ikkje berre handle raskt, men ogs\u00e5 rett. Datasenter handlar om v\u00e5r eigen beredskap, tryggleik og dei digitale l\u00f8ysingane vi er avhengige av i kvardagen v\u00e5r, seier digitaliseringsminister Torgeir Micaelsen (Ap) til NTB.<\/p>\n<p>Noreg har no 61 kommersielle datasenter, if\u00f8lgje Nkom, som er sett til \u00e5 registrere og f\u00f8lgje opp desse sentera. Av desse er det eit aukande tal s\u00e5kalla hyperscale datasenter, gigantiske datahallar n\u00e6r knutepunkt for kraft eller kj\u00f8ling. Dei er som oftast eigde av utanlandske \u00abbig tech\u00bb-selskap som har d\u00e5rleg tid og mange pengar.<\/p>\n<p>No krev SV, MDG, KrF, Sp og Raudt mellombels stogg i bygging av fleire senter. Frp har sagt at dei \u00f8nskjer strengare kontroll og prioritering av kven som skal f\u00e5 kraft. H\u00f8gre vil ogs\u00e5 ha strengare regulering av datasentera.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-30081\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/Folkem\u00f8te i luster om datasenter 2.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Hevdar datasenter kan gje n\u00e6r 200 arbeidsplassar: \u2013 H\u00f8yrest mykje ut\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-19674\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/\u00c5rdal n\u00e6ringgsenter dooriabygget 3.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Eit steg n\u00e6rare datasenter: \u2013 Sterke krefter som ikkje likar det\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Kortsiktig og langsiktig<\/p>\n<p>Arbeidarpartiet svarer at \u00abregjeringa jobbar med korleis ho skal f\u00f8lgje opp dette i eit kortsiktig og langsiktig spor\u00bb.<\/p>\n<p>Kor kort kortsiktig er, eller kor lenge langsiktig er, svarer ikkje Torgeir Micaelsen p\u00e5 n\u00e5r NTB sp\u00f8r.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er heilt samd i at veksten m\u00e5 bli meir kontrollert og at meir av verdiskapinga m\u00e5 komme lokalsamfunna til gode. Arbeidarpartiet har vedteke at vi mellom anna vil vurdere kriterium for etablering og strengare energikrav. Det er ikkje alle datasenter vi treng \u00e5 ha i Noreg, men vi m\u00e5 no passe p\u00e5 at eventuelle kortsiktige tiltak ikkje f\u00e5r utilsikta konsekvensar, lyder svaret.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-26104\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/Jonas Gahr St\u00f8re og datasenter.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Varslar full gjennomgang av datasenter: \u2013 M\u00e5 sikra at me har kontroll\u00a0\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  NVE bekymra<\/p>\n<p>Slike digre serverhallar, som eit kommersielt hyperscale datasenter best\u00e5r av, blir i stor grad brukte som mellomlager for data fr\u00e5 kjende selskap som Netflix, Amazon, Apple eller Facebook, alts\u00e5 sosiale medium og str\u00f8yming av filmar. Eller for at brukarar skal f\u00e5 kjappe svar n\u00e5r dei til d\u00f8mes sp\u00f8r KI om korleis kj\u00f8ttkakene til bestemor eigentleg skal lagast. Slikt krev datakraft, straum, kj\u00f8ling og n\u00e6rleik til den som sp\u00f8r.<\/p>\n<p>For \u00abskya\u00bb der alt blir lagra i, er jo ikkje eigentleg noka sky. Ho er ein n\u00f8ye temperert, straumslukande hall stappfull av datamaskiner i Distrikts-Noreg, ikkje langt fr\u00e5 ein foss eller ein h\u00f8gspentleidning.<\/p>\n<p>Torsdag gjekk Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) ut med ei bekymring om at heile den norske kraftbalansen kan bli forstyrra dersom ingen set bremsen p\u00e5. Sj\u00f8lv ikkje den eigenbestilte analysen til regjeringa fr\u00e5 Menon Economics, som ogs\u00e5 uventa vart lagd ut torsdag, la skjul p\u00e5 at straumprisane ville stige som f\u00f8lgje av fleire datasenter.<\/p>\n<p>Vil ha samfunnsnytte<\/p>\n<p>For norske kommunar, som st\u00e5r utan ryggdekning i form av regulering eller rettleiarar fr\u00e5 regjering eller h\u00f8gare styresmakter, kan presset bli vanskeleg \u00e5 st\u00e5 imot n\u00e5r den internasjonale kapitalismen bankar p\u00e5 d\u00f8ra og vil ha straumen deira.<\/p>\n<p>For den yngste ordf\u00f8raren i landet, H\u00e5vard Handeland (Ap), vart det overveldande d\u00e5 eit planlagt ammoniakkprosjekt i Sauda vart skrinlagt. Over natta vart 250 MW straum ledig i kommunen med snautt 5000 innbyggjarar, noko den internasjonale datasenterbransjen fekk med seg. Telefonen ringde dag og natt med det eine tilbodet rausare enn det andre.<\/p>\n<p>Utan st\u00f8tte i reglar eller noko anna, byrja ordf\u00f8raren \u00e5 leggje ut korrespondanse med tilbydarane i dei opne postlistene til kommunen. Han ville ikkje ha nokon hemmelege avtalar inng\u00e5tt bak ryggen p\u00e5 sine eigne innbyggjarar. For den uvanlege openheita vart han nyleg tildelt openheitsprisen til Norsk presseforbund.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ikkje rett at det er utanlandske tech-gigantar som skal leggje f\u00f8ringane for den lokale utviklinga inst i Ryfylkefjorden, alts\u00e5, seier Handeland til NTB.<\/p>\n<p>I mangel av sentrale reglar og r\u00e5d, etablerte Sauda kommune sine eigne kriterium for tildeling av den attraktive tomta. Og det er ikkje berre pengar som tel. Ordf\u00f8raren vil ogs\u00e5 ha samfunnsnytte for tomta.<\/p>\n<p>Dyrebart arves\u00f8lv<\/p>\n<p>\u2013 Dette er dyrebart arves\u00f8lv som skal forvaltast. Og hj\u00e5 Statnett, i tildelingskriteria deira, s\u00e5 finst det ingen omsyn som sorterer. Det er f\u00f8rstemann til m\u00f8lla-prinsippet som blir praktisert. S\u00e5 vi har omsorg for den kraftproduksjonen vi har, og vil at den krafta vi har tilgjengeleg i Sauda, ho skal brukast til den best kvalifiserte akt\u00f8ren. Og d\u00e5 k\u00f8yrde vi ein prosess, fortel 22-\u00e5ringen.<\/p>\n<p>Openheita og krava fr\u00e5 kommunen har s\u00e5 langt f\u00f8rt til at 22 s\u00f8kjarar i dag er halverte til 11. Onsdag hadde kommunestyret i Sauda m\u00f8te der det vart orientert om framdrifta.<\/p>\n<p>\u2013 Administrasjonen gjekk gjennom svaret og bodet til selskapa, og liknande. Grunna bod og niv\u00e5a der m\u00e5tte m\u00f8tet lukkast, fortel Handeland til NTB om kommunestyrem\u00f8tet.<\/p>\n<p>Ap-ordf\u00f8raren opplever at hans eige parti heng etter dei andre partia p\u00e5 Stortinget.<\/p>\n<p>\u2013 Det verkar til \u00e5 vere eit ganske tydeleg fleirtal p\u00e5 Stortinget for ei regulering av eit slag no. Eg opplever regjeringa som litt for \u00abdepartementsk\u00bb i tiln\u00e6rminga, og at det skortar litt p\u00e5 visjonen for utbygging av norsk datakraft, seier Handeland.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-27990\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/Terje Bakke N\u00e6vdal .jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Avviser rekrutteringsproblem: \u2013 Mellom 60 og 90 s\u00f8kjarar til kvar stilling\u00a0\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-26988\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/hans Fredrik Bjark\u00f8y.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Spontan applaus for \u00absuperlegitimt\u00bb sp\u00f8rsm\u00e5l om datasenter:  \u2013 Heilt seri\u00f8st\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-26563\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/Geir Arve Sandvik og Andreas Wiese .jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Kritiske sp\u00f8rsm\u00e5l om datasenter: \u2013 Skulle \u00f8nskt \u00e5 h\u00f8yra fr\u00e5 dei som bur n\u00e6rare\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-26257\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/Andreas Wiese ordf\u00f8rar i luster folkem\u00f8te .jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Stinn brakke p\u00e5 folkem\u00f8te: \u2013 Ingen sp\u00f8rsm\u00e5l er for dumme\u00a0\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Vi skal ikkje berre handle raskt, men ogs\u00e5 rett. Datasenter handlar om v\u00e5r eigen beredskap, tryggleik og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":406404,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,876,24,25,15,22,23,13,30,28,29,954,14,16,16144,1510,3716,26,27],"class_list":["post-406403","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-datasenter","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nve","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-regjeringa","tag-story","tag-straum","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/406403","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=406403"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/406403\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/406404"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=406403"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=406403"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=406403"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}