{"id":407405,"date":"2026-11-05T07:40:11","date_gmt":"2026-11-05T07:40:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/407405\/"},"modified":"2026-11-05T07:40:11","modified_gmt":"2026-11-05T07:40:11","slug":"test-gamesir-g7-pro-8k-pc-aimlabs-edition","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/407405\/","title":{"rendered":"Test: GameSir G7 Pro 8K PC Aimlabs Edition"},"content":{"rendered":"<p>GameSir G7 Pro 8K Aimlabs Edition er ein kontrollar for deg som meiner alvor. Ved f\u00f8rste augekast ser det kanskje berre ut som enda ein kontrollar modellert etter Xbox-kontrolleren, men det er berre delvis sant. Denne kontrollaren tek det heile eit lite stykke lengre, med ekstra knappar og eigen programvare for \u00e5 la deg finslipe opplevinga etter eige ynskje. Den er tilgjengeleg for PC, skj\u00f8nt den har bluetooth, og kan s\u00e5leis brukast p\u00e5 andre plattformer.<\/p>\n<p>Dette er p\u00e5 grensa til ein Rolls Royce-modell for PC-spelarar, med mindre du svergar hardnakka til mus og tastatur. Den er laga for dei som vil ha det vesle ekstra.<\/p>\n<p>Den er lekker, har god komfort, og er fantastisk i bruk.<\/p>\n<p>        <a href=\"https:\/\/i.bo3.no\/image\/402769\/gamesire_rygg.jpg?c=0&amp;h=1080&amp;w=1920\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>                        <img decoding=\"async\" onload=\"this.style = null\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/gamesire_rygg.jpg\" style=\"background-image: url('data:image\/jpeg;base64,\/9j\/2wBDAAgGBgcGBQgHBwcJCQgKDBQNDAsLDBkSEw8UHRofHh0aHBwgJC4nICIsIxwcKDcpLDAxNDQ0Hyc5PTgyPC4zNDL\/2wBDAQkJCQwLDBgNDRgyIRwhMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjL\/wAARCAAUACQDASIAAhEBAxEB\/8QAHwAAAQUBAQEBAQEAAAAAAAAAAAECAwQFBgcICQoL\/8QAtRAAAgEDAwIEAwUFBAQAAAF9AQIDAAQRBRIhMUEGE1FhByJxFDKBkaEII0KxwRVS0fAkM2JyggkKFhcYGRolJicoKSo0NTY3ODk6Q0RFRkdISUpTVFVWV1hZWmNkZWZnaGlqc3R1dnd4eXqDhIWGh4iJipKTlJWWl5iZmqKjpKWmp6ipqrKztLW2t7i5usLDxMXGx8jJytLT1NXW19jZ2uHi4+Tl5ufo6erx8vP09fb3+Pn6\/8QAHwEAAwEBAQEBAQEBAQAAAAAAAAECAwQFBgcICQoL\/8QAtREAAgECBAQDBAcFBAQAAQJ3AAECAxEEBSExBhJBUQdhcRMiMoEIFEKRobHBCSMzUvAVYnLRChYkNOEl8RcYGRomJygpKjU2Nzg5OkNERUZHSElKU1RVVldYWVpjZGVmZ2hpanN0dXZ3eHl6goOEhYaHiImKkpOUlZaXmJmaoqOkpaanqKmqsrO0tba3uLm6wsPExcbHyMnK0tPU1dbX2Nna4uPk5ebn6Onq8vP09fb3+Pn6\/9oADAMBAAIRAxEAPwDr9b12x8MxKbk\/M3Ra4+++JLT3EX2NMID8w9avfFq3t3hjnP307V4y8kjNvhJA9BRFaXJk7vlPZ2+JaxqubcdOTS6V8RoLzUhBc4VHOFrxdpLmQgEsB3re8LRQ3mtW8cg+4wOaEkKe61PoZbZZFDryGGRRWlZJH9jiC9AoAorM1OX8X6NZ6lbEXKFvoa86u\/C2lwWzNHEwI\/2qKKYytpXh+wuY281GP411Gg+FtKtbxZY4WD56k0UUkDPUrWNUt0UdAKKKKAP\/2Q==');background-size:cover;background-position:50% 50%;\" class=\"image-container__image \" width=\"999\" height=\"562\" loading=\"lazy\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>                                    Eit ekstra sett med bumper-knappar gir litt meir spelerom.<\/p>\n<p>                                                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                                            <\/p>\n<p> Herlege knappar <\/p>\n<p>Det m\u00e5 seiast at knappane p\u00e5 denne kontrollaren er noko av det beste eg har kjent. Du kjenner kanskje kjensla av at nokre knappar kanskje er litt seige of framst\u00e5r mest som \u00e5 trykke ein plastbit mot ei pute?<\/p>\n<p>Desse er sjeldan vare, og knappane var det f\u00f8rste eg reagerte p\u00e5. Det er sv\u00e6rt god klikk i dei og gir ei umiddelbar kjensle av kvalitet, det er litt lyd i dei, men ikkje meir enn eit lite klikk det er lett leve med n\u00e5r ein kjenner den umiddelbare responsen. Dei er skikkeleg gode \u00e5 trykke p\u00e5, og det er slikt eg kunne ha enda opp med \u00e5 berre sitje og klikke p\u00e5 lenge berre for \u00e5 gjere akkurat det. D\u00e5 eg var yngre, vel og merke. For gammal for slikt no.<\/p>\n<p>Kontrollaren i seg sj\u00f8lv er den same forma dei fleste kontrollarar kjem i no om dagen, med diagonale stikker og ekstra programmerbare knappar p\u00e5 baksida.<\/p>\n<p>Denne kontrollaren g\u00e5r derimot litt lengre. Gamesir har lagt til to ekstra programmerbare knappar p\u00e5 toppen, rett ved sidan av bumber-knappane, noko som gir deg enda fleire moglegheiter til \u00e5 skreddarsy di spesifikke oppleving. Du kan sj\u00f8lvsagt g\u00e5 inn i programvaren for \u00e5 finslipe ting, men du kan \u00f2g enkelt programmere knappane ved \u00e5 trykke p\u00e5 M-knappen nedst p\u00e5 kontrollaren, og s\u00e5 den knappen du vil programmere.<\/p>\n<p>P\u00e5 denne m\u00e5en kan du til d\u00f8mes legge alle XYAB-knappane til andre knappar. To p\u00e5 toppen, og to p\u00e5 baksida, og med det aldri m\u00e5tte flytte tommelen fr\u00e5 analogstikka. Du f\u00e5r med det mange fleire moglegheiter for detaljstyring om tempo er viktig for deg.<\/p>\n<p>Hall effect-avtrekkarane kan ogs\u00e5 justerast med ein brytar for om du vil trykke dei heilt inn, eller at dei skal fungere som mikrobrytarar med sm\u00e5 klikk.<\/p>\n<p>GameSir g\u00e5r bittelitt den andre vegen \u00f2g, for dei som kanskje ikkje vil ha alle desse sktra knappane, og lar deg l\u00e5se knappane p\u00e5 undersida av kontrollaren. D\u00e5 kan dei ikkje lenger trykkast inn, og er ute av funksjon.<\/p>\n<p>        <a href=\"https:\/\/i.bo3.no\/image\/401803\/gamesir%2520connect.jpg?c=0&amp;h=1019&amp;w=1920\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>                        <img decoding=\"async\" onload=\"this.style = null\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/gamesir%20connect.jpg\" style=\"background-image: url('data:image\/jpeg;base64,\/9j\/2wBDAAgGBgcGBQgHBwcJCQgKDBQNDAsLDBkSEw8UHRofHh0aHBwgJC4nICIsIxwcKDcpLDAxNDQ0Hyc5PTgyPC4zNDL\/2wBDAQkJCQwLDBgNDRgyIRwhMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjL\/wAARCAAUACYDASIAAhEBAxEB\/8QAHwAAAQUBAQEBAQEAAAAAAAAAAAECAwQFBgcICQoL\/8QAtRAAAgEDAwIEAwUFBAQAAAF9AQIDAAQRBRIhMUEGE1FhByJxFDKBkaEII0KxwRVS0fAkM2JyggkKFhcYGRolJicoKSo0NTY3ODk6Q0RFRkdISUpTVFVWV1hZWmNkZWZnaGlqc3R1dnd4eXqDhIWGh4iJipKTlJWWl5iZmqKjpKWmp6ipqrKztLW2t7i5usLDxMXGx8jJytLT1NXW19jZ2uHi4+Tl5ufo6erx8vP09fb3+Pn6\/8QAHwEAAwEBAQEBAQEBAQAAAAAAAAECAwQFBgcICQoL\/8QAtREAAgECBAQDBAcFBAQAAQJ3AAECAxEEBSExBhJBUQdhcRMiMoEIFEKRobHBCSMzUvAVYnLRChYkNOEl8RcYGRomJygpKjU2Nzg5OkNERUZHSElKU1RVVldYWVpjZGVmZ2hpanN0dXZ3eHl6goOEhYaHiImKkpOUlZaXmJmaoqOkpaanqKmqsrO0tba3uLm6wsPExcbHyMnK0tPU1dbX2Nna4uPk5ebn6Onq8vP09fb3+Pn6\/9oADAMBAAIRAxEAPwDzF7zKL61FC7TXyJ5m1e5pzW6BAQ\/WojGinrzRFnRVjJppOzLzwRSSyKt10FZKTOAyliSDjNSkJzg801UTnmtU1Y5o05RbvK4hunAwXNFRToqgYPNFUhs0DEvTn86Y0aj1oorBHRIjMa00xrRRWiMpEbRqeuaKKK0Mz\/\/Z');background-size:cover;background-position:50% 50%;\" class=\"image-container__image \" width=\"1000\" height=\"531\" loading=\"lazy\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>                                    Fr\u00e5 GameSir Connect kan du skru p\u00e5 alt du m\u00e5tte ynskje.<\/p>\n<p>                                                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                                            <\/p>\n<p> Stikker og gyro <\/p>\n<p>Etter mange \u00e5r med utslitne analogstikker har etter kvart den gamle potentiometer-teknologien som blir brukt i s\u00e5 og seie alt av offisielle konsollkontrollerar byrja \u00e5 bli skifta ut med ny og betre teknologi. Mange nyttar no hall effect-stikker, men Gamesir g\u00e5r litt lengre, og brukar TMR-stikker. Desse er som med hall effect-stikker kontaktlause og magnetiske, men byr potensielt p\u00e5 hakket h\u00f8gre sensitivitet.<\/p>\n<p>Det er ingenting \u00e5 seie p\u00e5 det. Presisjonen med denne kontrollaren er absolutt i toppskitet, og speleopplevinga med denne kontrollaren kontra billegare alternativ er merkbar. Den har ogs\u00e5 gyro for dei som likar det.<\/p>\n<p>Den har polling rate p\u00e5 opp mot 8000 Hz, noko som betyr at den sender signal til PCen opp mot 8000 gongar i sekundet, noko som er i toppskiktet. <\/p>\n<p>Skulle du ynskje \u00e5 endre p\u00e5 dette, eller andre ting kan det gjerast i Gameir Connect-programvaren kontrollaren kan finslipast med.<\/p>\n<p>I programvaren kan du til d\u00f8mes skru p\u00e5 korleis stikkene skal oppf\u00f8re seg, ned til kurve, d\u00f8dsone og oppl\u00f8ysing, samt programmere alt av knappar og avtrekkarar til \u00e5 reagere slik du vil dei skal reagere, byte om p\u00e5 kva knappar som gjer kva, bestemme om kontrollaren skal sl\u00e5 seg p\u00e5 n\u00e5r du l\u00f8ftar den fr\u00e5 basen, eller om du vil endre fargen p\u00e5 lysa rundt logoen i midten av kontrollaren.<\/p>\n<p>Det er eit sv\u00e6rt nyttig verkty som dei med spesifikke preferansar vil kunne f\u00e5 mykje utbytte av. Eg vil likevel tru folk flest vil klare seg med kontrollaren slik den er ut av boksen, og den byr p\u00e5 alt dei fleste treng utan finare justering.<\/p>\n<p>        <a href=\"https:\/\/i.bo3.no\/image\/402283\/gamesir_ekstrautstyr.jpg?c=0&amp;h=1080&amp;w=1920\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>                        <img decoding=\"async\" onload=\"this.style = null\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/gamesir_ekstrautstyr.jpg\" style=\"background-image: url('data:image\/jpeg;base64,\/9j\/2wBDAAgGBgcGBQgHBwcJCQgKDBQNDAsLDBkSEw8UHRofHh0aHBwgJC4nICIsIxwcKDcpLDAxNDQ0Hyc5PTgyPC4zNDL\/2wBDAQkJCQwLDBgNDRgyIRwhMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjL\/wAARCAAUACQDASIAAhEBAxEB\/8QAHwAAAQUBAQEBAQEAAAAAAAAAAAECAwQFBgcICQoL\/8QAtRAAAgEDAwIEAwUFBAQAAAF9AQIDAAQRBRIhMUEGE1FhByJxFDKBkaEII0KxwRVS0fAkM2JyggkKFhcYGRolJicoKSo0NTY3ODk6Q0RFRkdISUpTVFVWV1hZWmNkZWZnaGlqc3R1dnd4eXqDhIWGh4iJipKTlJWWl5iZmqKjpKWmp6ipqrKztLW2t7i5usLDxMXGx8jJytLT1NXW19jZ2uHi4+Tl5ufo6erx8vP09fb3+Pn6\/8QAHwEAAwEBAQEBAQEBAQAAAAAAAAECAwQFBgcICQoL\/8QAtREAAgECBAQDBAcFBAQAAQJ3AAECAxEEBSExBhJBUQdhcRMiMoEIFEKRobHBCSMzUvAVYnLRChYkNOEl8RcYGRomJygpKjU2Nzg5OkNERUZHSElKU1RVVldYWVpjZGVmZ2hpanN0dXZ3eHl6goOEhYaHiImKkpOUlZaXmJmaoqOkpaanqKmqsrO0tba3uLm6wsPExcbHyMnK0tPU1dbX2Nna4uPk5ebn6Onq8vP09fb3+Pn6\/9oADAMBAAIRAxEAPwD0W2tikfzdAK4TX\/EV0+pvbWlysSJwTmvTLhUitJCxwNp5r548R6detrFxLCWaJmJyDSp8utzKqptpRNi68SaxauAb4P6YNdx4c1T+3dK8xjmVOGrxSXStS8sSMH2nuTXpXw0lTT2a0nb95JyAaqXK46EpTjPfRnRTWbeaeKK6p7JGbOKKyOgv3EazRNG4yp6iuNvNBsWuZVKMFI6A0UUhoy4dBspLdoXDlA3A3V0dhoOn2zRyxw4kUcNRRTYjeHQUUUUgP\/\/Z');background-size:cover;background-position:50% 50%;\" class=\"image-container__image \" width=\"999\" height=\"562\" loading=\"lazy\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>                                    Kontrollar med ekstrautstyr.<\/p>\n<p>                                                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                                            <\/p>\n<p> Rikeleg med innhald <\/p>\n<p>I boksen f\u00e5r vi det vi forventar. Ein kontrollar, eit sett med seks utskiftbare stikkeknottar der eit par er konvekse, og to er konkave med ulik lengde, samt to erstaningar for D-paden.<\/p>\n<p>Dette er kanskje kontrollarens lavaste kvalitetspunkt. Sj\u00f8lv om stikker og knappar er gode, er dei utskiftbare delane av plast som ikkje gir meg heilt den same kjensla av at dette vile vare evig, som ein kan f\u00e5 med dei magnetiserte ekstradelane til for eksempel ein Xbox Elite-kontroller. Litt metall hadde fjort susen, og l\u00f8fta kvalitetsinntrykket eit ekstra hakk.<\/p>\n<p>Den mest positive overraskinga boksen byr p\u00e5 er derimot ladestasjonen. Denne kontrollaren kjem med eigen stasjon der du kan setje kontrollaren etter bruk for \u00e5 vere ferdiglada til neste gong, og det er smidige greier.<\/p>\n<p>Ved \u00e5 l\u00f8fte opp kontrollaren sl\u00e5r den seg p\u00e5, og du treng ikkje gjere noko ekstra for \u00e5 aktivere den. Om du vil kan du likevel kople kontrollaren direkte til PCen med kabel, men eg merka ikkje noko responsforskjell verken den eine eller den andre vegen. \u00c5 ha denne ladestasjonen tilgjengeleg gjer lading til ei ikkje-sak, og s\u00f8rger for at du alltid har batteriet du treng. Om du skulle velje \u00e5 la den ligge utanfor stasjonen kan du rekne med ei batteritid rundt av \u00e5tte timar, men den kan forlengast om du skrur ned polling raten fr\u00e5 8000 Hz til noko l\u00e5gare i programvaren.<\/p>\n<p>USB-dongelen som tek imot signal fr\u00e5 kontrollaren blir kopla direkte til denne stasjonen, men kan pluggast direkte i PC-en din om du ikkje vil bruke stasjonen. Frie val der alts\u00e5.<\/p>\n<p>Kontrollaren er litt tyngre enn fleire andre kontrollarar i liknande form, men for meg er det eit pluss. Den sit godt i henda, har gummigrep p\u00e5 baksida for ekstra komfort. <\/p>\n<p>Framsida er vidare best\u00e5ande av tre deksel, ei som rommar knappar og stikker, samt eit for kvart grep. Desse kan alle takast av, og bytast ut med andre deksel, eller berre fjerne for \u00e5 f\u00e5 eit gjennomsiktig design der ein gjennom bl\u00e5 plast kan studere kontrollarens innmat.<\/p>\n<p>        <a href=\"https:\/\/i.bo3.no\/image\/402285\/gamesire_utan_plater.jpg?c=0&amp;h=1080&amp;w=1920\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>                        <img decoding=\"async\" onload=\"this.style = null\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/gamesire_utan_plater.jpg\" style=\"background-image: url('data:image\/jpeg;base64,\/9j\/2wBDAAgGBgcGBQgHBwcJCQgKDBQNDAsLDBkSEw8UHRofHh0aHBwgJC4nICIsIxwcKDcpLDAxNDQ0Hyc5PTgyPC4zNDL\/2wBDAQkJCQwLDBgNDRgyIRwhMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjIyMjL\/wAARCAAUACQDASIAAhEBAxEB\/8QAHwAAAQUBAQEBAQEAAAAAAAAAAAECAwQFBgcICQoL\/8QAtRAAAgEDAwIEAwUFBAQAAAF9AQIDAAQRBRIhMUEGE1FhByJxFDKBkaEII0KxwRVS0fAkM2JyggkKFhcYGRolJicoKSo0NTY3ODk6Q0RFRkdISUpTVFVWV1hZWmNkZWZnaGlqc3R1dnd4eXqDhIWGh4iJipKTlJWWl5iZmqKjpKWmp6ipqrKztLW2t7i5usLDxMXGx8jJytLT1NXW19jZ2uHi4+Tl5ufo6erx8vP09fb3+Pn6\/8QAHwEAAwEBAQEBAQEBAQAAAAAAAAECAwQFBgcICQoL\/8QAtREAAgECBAQDBAcFBAQAAQJ3AAECAxEEBSExBhJBUQdhcRMiMoEIFEKRobHBCSMzUvAVYnLRChYkNOEl8RcYGRomJygpKjU2Nzg5OkNERUZHSElKU1RVVldYWVpjZGVmZ2hpanN0dXZ3eHl6goOEhYaHiImKkpOUlZaXmJmaoqOkpaanqKmqsrO0tba3uLm6wsPExcbHyMnK0tPU1dbX2Nna4uPk5ebn6Onq8vP09fb3+Pn6\/9oADAMBAAIRAxEAPwDqLOLCjNcT4x8WGC6NnaT+WyfeINemCzxEwXqRXhfjPwrfQ6rNcFHKsc7qURVE2rDX8Y6xasoS9ZwfevVPBerXOr6N5t0cuO9eCw+YjBGjJK969++H1gyeHI2YYL81dS3LdGNLmUrNmw8ILZorVFlntRWJ1E4jX0qvd6fbXkJSeJXUjuKKKBnmfiDwzplrfoYYSu5+ea9Q0a1httLgjiXChRxRRVPYhJczNZUXaOKKKKkZ\/9k=');background-size:cover;background-position:50% 50%;\" class=\"image-container__image \" width=\"999\" height=\"562\" loading=\"lazy\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n<p>                                    Du kan ta av deksla, og byyte dei ut med andre.<\/p>\n<p>                                                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                                            <\/p>\n<p> Konklusjon <\/p>\n<p>GameSir G7 Pro 8K Aimlabs Edition har raskt blitt min favoritt blant fleire kontrollarar i heimen. For det f\u00f8rste ligg den godt i hendene, med god passform og behagelege gummigrep, men det er ikkje det som er hovudattraksjonen.<\/p>\n<p>Det er stikkene og knappane som verkeleg dreg meg mot denne. Knappane klikkar lett og behageleg, og ein kvar som har irritert seg over litt harde, stive, eller br\u00e5kete knappar b\u00f8r umiddelbart f\u00e5 eit smil om munnen ved \u00e5 ta denne kontrollaren i bruk.<\/p>\n<p>Kontrollaren er allsidig, kan tilpassast b\u00e5de manuelt og via programvare, og er uhyre praktisk, med ein eigen ladestasjon du kan plassere slik at kontrollaren og ladekabel er ute av vegen n\u00e5r den ikkje er i bruk.<\/p>\n<p>Dette er eit tryg og godt kj\u00f8p som b\u00f8r innfri alle forventningar du har til ein kontrollar.<\/p>\n<p><strong>GameSir G7 Pro 8K PC Aimlabs Edition er tilgjengeleg no.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"GameSir G7 Pro 8K Aimlabs Edition er ein kontrollar for deg som meiner alvor. Ved f\u00f8rste augekast ser&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":407406,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[57],"tags":[27959,29138,28118,30,28,29,65,63,64,66,70,69,67,68],"class_list":["post-407405","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-vitenskap-og-teknologi","tag-gamerno","tag-gamesir-g7-pro-8k-pc-aimlabs-edition","tag-hardware","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-science","tag-science-and-technology","tag-scienceandtechnology","tag-technology","tag-teknologi","tag-vitenskap","tag-vitenskap-og-teknologi","tag-vitenskapteknologi"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117562705608154577","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/407405","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=407405"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/407405\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/407406"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=407405"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=407405"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=407405"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}