{"id":40792,"date":"2025-09-20T20:22:12","date_gmt":"2025-09-20T20:22:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/40792\/"},"modified":"2025-09-20T20:22:12","modified_gmt":"2025-09-20T20:22:12","slug":"norske-artistar-med-musikk-pa-norsk-toppar-hitlistene-i-noreg-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/40792\/","title":{"rendered":"Norske artistar med musikk p\u00e5 norsk toppar hitlistene i Noreg \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Det er noko med \u00e5 synge p\u00e5 dialekta si, og representere plassen ein kjem fr\u00e5, seier Oda Eirin Almeland, som g\u00e5r under artistnamnet Taus.<\/p>\n<p>Ho er fr\u00e5 Voss og syng p\u00e5 vossam\u00e5l.<\/p>\n<p>\u2013 Eg starta \u00e5 skrive p\u00e5 engelsk, men merka at det kjentest meir ekte ut p\u00e5 norsk, seier Almeland.<\/p>\n<p>N\u00e6rare publikum p\u00e5 norsk<\/p>\n<p>Almeland har ikkje vurdert \u00e5 g\u00e5 tilbake til engelsk.<\/p>\n<p>\u2013 Musikk p\u00e5 norsk treff publikum betre enn engelsk, fordi ein lettare kan kjenne seg att i spr\u00e5ket ein snakkar sj\u00f8lv.<\/p>\n<p><strong>N\u00e5r alle artistane har sine eigne dialekter f\u00e5r ein h\u00f8yre musikk og historier fr\u00e5 heile landet, noko Almeland synest er fint.<\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Silje Halstensen i Bendik\"  width=\"3840\" height=\"2160\" style=\"--_average-color:transparent\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Bendik er ein av fleire artistar som syng p\u00e5 norsk.<\/p>\n<p> Foto: Mattis Folkestad <\/li>\n<li><img alt=\"Foto: Eskil Olaf Vestre, NRK P3\"  width=\"3840\" height=\"2160\" style=\"--_average-color:transparent\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Tobias Sten lagar country med norske tekstar. <\/p>\n<p> Foto: Eskil Olaf Vestre \/ NRK P3 <\/li>\n<li><img alt=\"Randi Oline i Piknik i parken 2025. Foto: Tom \u00d8verlie, NRK P3\"  width=\"3840\" height=\"2156\" style=\"--_average-color:transparent\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Randi Oline lagar musikken sin i norsk spr\u00e5kdrakt. <\/p>\n<p> Foto: Tom \u00d8verlie \/ NRK P3 <\/li>\n<li><img alt=\"en mann som syng inn i en mikrofon\"  width=\"3840\" height=\"2156\" style=\"--_average-color:transparent\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>dePresno har fleire norske l\u00e5tar. <\/p>\n<p> Foto: Julia Marie Naglestad \/ NRK\/Monster <\/li>\n<li><img alt=\"et par personar som spelar gitarar\"  width=\"3840\" height=\"2156\" style=\"--_average-color:transparent\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Synne S\u00f8rgjerd syng p\u00e5 norsk, og har samarbeidd med den svenske artisten Ida-Lova. <\/p>\n<p> Foto: Tom Ivar \u00d8verlie \/ NRK <\/li>\n<li><img alt=\"Jonas Alaska - her fr\u00e5 Slottsfjell '11.\"  width=\"3840\" height=\"2159\" style=\"--_average-color:transparent\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Jonas Alaska har l\u00e5tar b\u00e5de p\u00e5 norsk og engelsk.<\/p>\n<p> Foto: Kim Erlandsen \/ NRK P3 <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Gunn Kvaale fr\u00e5 Sogndal skriv ogs\u00e5 tekstane sine p\u00e5 norsk, etter nokre \u00e5r med engelsk.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg kjem mykje n\u00e6rare publikum med norske tekstar, og artistidentiteten vert sterkare. Med dialekta mi vart det lettare \u00e5 finne Gunn Kvaale-prosjektet. <\/strong><\/p>\n<p>Norske tekstar p\u00e5 topplista<\/p>\n<p>Ti av dei 20 \u00f8vste l\u00e5tane p\u00e5 Topp 50 i Noreg har norsk spr\u00e5kdrakt. For ti \u00e5r sidan var berre ti prosent av l\u00e5tane p\u00e5 topplista norskspr\u00e5klege, <\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.aftenposten.no\/kultur\/i\/eMQopa\/laater-paa-norsk-tar-over-hitlistene\" class=\"autonomous\" data-id=\"1.17555700\" data-ec-id=\"https:\/\/www.aftenposten.no\/kultur\/i\/eMQopa\/laater-paa-norsk-tar-over-hitlistene\" data-ec-name=\"skreiv Aftenposten.\" data-ec-category=\"LINK\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><br \/>\nskreiv Aftenposten.<br \/>\n<\/a><\/p>\n<p><strong>\u2013 Slik burde det vere i Noreg, at i alle fall halvparten av topplista er p\u00e5 norsk. Det er kjempekult at musikk med norske tekstar kan halde like h\u00f8gt niv\u00e5 som engelsk, seier Gunn Kvaale.<\/strong><\/p>\n<p>Vokalist og l\u00e5tskrivar i bandet Oddny, Iver Strand Senneset, meiner topplista viser at Noreg har mange flinke musikarar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Og at folk har god smak n\u00e5r det gjeld musikk. <\/strong><\/p>\n<p>Plateselskapet Playground Music Noreg merkar etterspurnaden etter l\u00e5tar med tekstar p\u00e5 norsk, b\u00e5de fr\u00e5 str\u00f8ymetenestene og for \u00e5 f\u00e5 musikk spelt p\u00e5 radio.<\/p>\n<p>Marit Johansen er PR-ansvarleg i selskapet, og fortel at det er attraktivt for artistane \u00e5 skrive p\u00e5 norsk.<\/p>\n<p>\u2013 Vi er opptekne av at artistane skal gi ut musikk p\u00e5 spr\u00e5ket dei f\u00f8ler dei best kan formidle.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 mest engelsk til mest norsk<\/p>\n<p>I NRK er A- og B- listene fulle med musikk i norsk spr\u00e5kdrakt.<\/p>\n<p>\u2013 Artistane har forst\u00e5tt at det \u00e5 skrive p\u00e5 morsm\u00e5let kan gjere bodskapen tettare og at lyttarane set meir pris p\u00e5 norsk p\u00e5 norsk, seier musikksjef i NRK P1, Atle Bredal.<\/p>\n<p>For ti \u00e5r sidan byrja morsm\u00e5lssongar \u00e5 sl\u00e5 godt an i Noreg.<\/p>\n<p>\u2013 Det er berre dei tre-fire siste \u00e5ra vi har hatt overvekt av norske artistar, fortel Bredal.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Artisten Taus \" title=\"Foto: Maren S\u00f8nsthagen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Oda Eirin Almeland skriv tekstane sine p\u00e5 norsk, under artistnamnet Taus. <\/p>\n<p>Foto: Maren S\u00f8nsthagen<\/p>\n<p>Skandinavisk samarbeid<\/p>\n<p>Med norske tekstar er det meir utfordrande \u00e5 sl\u00e5 igjennom internasjonalt, men det opnar for \u00e5 n\u00e5 publikum i nabolanda v\u00e5re.<\/p>\n<p>\u2013 Eg vil etablere meg som artist i Noreg, og ser moglegheiter innan Skandinavia, fortel Gunn Kvaale.<\/p>\n<p>I Playground Music merkar dei auken i samarbeid p\u00e5 tvers av landegrenser.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ein vinn-vinn-situasjon for begge partar, der ein nyttar seg av posisjonen til artisten ein samarbeider med, gjennom dekning i media, faste lyttarar, str\u00f8ymetenester og sosiale medium, fortel Johansen i Playground Music.<\/strong><\/p>\n<p>Bandet Oddny har allereie spelt i Sverige, der dei delte konsertkvelden med nokre svenske band.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Iver Strand Senneset og Bartek Galek i gruppa Oddny\" title=\"Foto: Jens Gustafsson\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bandet Oddny spelte for svensk publikum i Stockholm. <\/p>\n<p>Foto: Jens Gustafsson<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi fekk sett at det g\u00e5r an \u00e5 dele publikum, noko vi absolutt kan gjere meir av, fortel Iver Strand Senneset i Oddny. <\/strong><\/p>\n<p>Oda Eirin Almeland har eit m\u00e5l om \u00e5 spele i Sverige eller Danmark, og er ikkje framand for skandinavisk samarbeid.<\/p>\n<p>\u2013 Det er noko spesielt med at det er tre ulike land som forst\u00e5r kvarandre sine spr\u00e5k. Eg trur danskane m\u00e5 verte vande til \u00e5 h\u00f8yre meir norskspr\u00e5kleg musikk, seier Almeland.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>20.09.2025, kl. 15.11<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det er noko med \u00e5 synge p\u00e5 dialekta si, og representere plassen ein kjem fr\u00e5, seier Oda&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":40793,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-40792","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/40792","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=40792"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/40792\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/40793"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=40792"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=40792"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=40792"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}