{"id":408709,"date":"2026-11-06T12:43:24","date_gmt":"2026-11-06T12:43:24","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/408709\/"},"modified":"2026-11-06T12:43:24","modified_gmt":"2026-11-06T12:43:24","slug":"sport-nff-ukjent-vm-drama-juristen-fra-sogndal-matte-i-retten-i-usa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/408709\/","title":{"rendered":"Sport, NFF | Ukjent VM-drama: Juristen fr\u00e5 Sogndal m\u00e5tte i retten i USA"},"content":{"rendered":"\n<p>Det kjem fram i Alfred Fidjest\u00f8ls nye bok \u00abEventyrnettene\u00bb. Boka handlar om heile opphaldet til det norske laget under sommar-VM.<\/p>\n<p>\u2013 Det vart veldig mykje humor av det, seier landslagssjef St\u00e5le Solbakken til NTB.<\/p>\n<p>Historia om rettsdramaet som sjokkerte \u2013 og underheldt \u2013 den norske VM-leiren, har til s\u00e5 lenge vore halden utanfor offentlegheita.<\/p>\n<p>\u2013 Eg var veldig glad for at det ikkje vart avsl\u00f8rt f\u00f8r saka var avgjord, fortel Henrik Salveson til NTB i dag.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/5-15-2075502\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/2_1.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Jobbar p\u00e5 landslaget og har f\u00e5tt spesiell kontakt med \u00e9in: \u2013 Gidd ikkje nemne namn\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Pinebenken<\/p>\n<p>Forfattar Fidjest\u00f8l sat ikkje p\u00e5 tiltalebenken, men innr\u00f8mmer at han var litt p\u00e5 pinebenken i rettsbygningen i Greensboro.<\/p>\n<p>\u2013 Ja, eg var litt spent p\u00e5 sj\u00f8lve rettssaka, for ho er jo offentleg, s\u00e5 d\u00e5 stilte eg opp tidleg p\u00e5 morgonen i rettshuset der og var spent p\u00e5 om eg kom til \u00e5 treffe nokre av dykk, seier Fidjest\u00f8l og ler.<\/p>\n<p>Salveson var med det norske VM-laget som ein ekstra materialforvaltar og for \u00e5 halde styr p\u00e5 dei kompliserte reglane som gjaldt for import av utstyr til USA.<\/p>\n<p>Men tre dagar ut i Noregs USA-opphald gjekk det gale. 5. juni var Salveson sj\u00e5f\u00f8r d\u00e5 han og materialforvaltarane Sigurd Erts\u00e5s og Erik Hulleberg k\u00f8yrde leigebilen fr\u00e5 trening i Greensboro til spelarhotellet, st\u00e5r det i boka.<\/p>\n<p>\u2013 Litt shaky<\/p>\n<p>Like ved treningsfeltet gjorde dei ei forbik\u00f8yring forbi ein skulebuss som hadde stoppa for \u00e5 sleppe av barn. Det er strengt forbode i USA. Like etter dukka ein sivil politibil opp i bakspegelen.<\/p>\n<p>\u2013 Eg var litt shaky der og d\u00e5. Og stoppet tok ganske lang tid, s\u00e5 eg var ikkje ekstremt forn\u00f8gd med \u00e5 hamne i den situasjonen i starten av opphaldet, forklarer Salveson til NTB.<\/p>\n<p>Politikonstabelen, som ikkje brydde seg om at mennene i bilen var p\u00e5 jobb for Noreg, tok seg god tid. Salveson sa at han ikkje kjende til regelen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8245\" height=\"5497\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/NTB_fEHwgBgN2DI.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8245 \/ 5497;\"\/><\/p>\n<p>      FORFATTAR: Alfred Fidjest\u00f8l med ny bok: \u00abEventyrnettene\u00bb.<br \/>\n      Foto: Beate Oma Dahle\n    <\/p>\n<p>Ei anna lov vart broten i same hending: I bagasjerommet p\u00e5 tosetaren l\u00e5g nemleg materialforvaltar Hulleberg. I boka st\u00e5r det at Salveson blokkerte innsynet i bagasjerommet for politimannen ved \u00e5 lene seg ut av vindauget.<\/p>\n<p>\u2013 Det tok nesten tre kvarter og enda med eit sjokk: Salveson fekk inga bot, han fekk ein \u00abcourt date\u00bb, skriv Fidjest\u00f8l.<\/p>\n<p>Tre dagar etter framkomst til USA hadde alts\u00e5 Noregs fotballforbunds (NFF) juridisk ansvarlege Salveson hamna i ei rettssak.<\/p>\n<p>\u2013 Det var jo ikkje heilt etter planen at eg skulle hamne oppi noko s\u00e5nt, seier han no.<\/p>\n<p>Frifunnen<\/p>\n<p>D\u00e5 ein lokal politimann forklarte at akkurat denne typen lovbrot blir tekne sv\u00e6rt alvorleg i Greensboro, vart det br\u00e5tt alvor i VM-leiren.<\/p>\n<p>Samtidig vart saka ein intern snakkis. St\u00e5le Solbakken skal ha sp\u00f8kt med at Salveson risikerte den elektriske stolen som \u00abf\u00f8rste nordmann nokon gong\u00bb.<\/p>\n<p>Andre humra om at han m\u00e5tte plukke s\u00f8ppel i parkane, medan lokale politifolk hengde opp \u00abwanted\u00bb-plakatar med Salvesons bilete i garderobeanlegget.<\/p>\n<p>Med lokal hjelp vart rettsm\u00f8tet framskunda til 12. juni. I Guilford County Courthouse erkl\u00e6rte Salveson seg \u00abguilty\u00bb. Med hjelp av ein advokat vart han frifunnen, mykje p\u00e5 grunn av at politiet ikkje var til stades for \u00e5 forklare kva som hadde skjedd.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5020\" height=\"3346\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/NTB_kWlM_6Zq3r4.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5020 \/ 3346;\"\/><\/p>\n<p>      LANDSLAGSSJEFEN: St\u00e5le Solbakken.<br \/>\n      Foto: Lise \u00c5serud\n    <\/p>\n<p>  Haaland-sp\u00f8k<\/p>\n<p>Dei lokale politimennene NFF samarbeidde med, og dessutan store delar av spelargruppa, mora seg p\u00e5 Salvesons kostnad. Erling Braut Haaland var blant dei som filma \u00abforbrytaren\u00bb p\u00e5 spelarhotellet.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5nn som det vart, s\u00e5 var det i alle fall ikkje negativt for energien i gruppa at det vart noko ekstra \u00e5 k\u00f8dde med for heile gjengen, seier Salveson, som ikkje klarer \u00e5 komme p\u00e5 nokon konkrete sprell:<\/p>\n<p>\u2013 Rett og slett fordi det var s\u00e5 mykje meldingar som vart slengde i den perioden.<\/p>\n<p>Erts\u00e5s og Hulleberg var vanlegvis dei faste sj\u00e5f\u00f8rane av leigebilen. Men 5. juni ville Salveson det annleis.<\/p>\n<p>\u2013 Ja, det var maks uflaks og min eigen feil! Eg gav beskjed til Sigurd og Erik om at no er det min tur \u00e5 k\u00f8yre heim igjen. Det viste seg \u00e5 vere ein d\u00e5rleg id\u00e9, ler han.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/80-15-37850\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/261002-SNP-Martin--6.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Privatskule ser p\u00e5 Sogndal: \u2013\u00a0Gjer det mogleg for fleire \u00e5 satse\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/80-15-38330\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/1793969003_510_unnamed.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            No vil dei m\u00f8te folket: \u2013 N\u00e5r vi seier at vi skal vere opne, m\u00e5 vi vere det \u00f2g\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.firda.no\/80-15-33210\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/DJI_20261007141549_0150_D_1.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Etterlyst i regionen: No legg Sogndal korta p\u00e5 bordet\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det kjem fram i Alfred Fidjest\u00f8ls nye bok \u00abEventyrnettene\u00bb. Boka handlar om heile opphaldet til det norske laget&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":408710,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[36,4842,4583,30,28,29,1029,83,82,1510],"class_list":["post-408709","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-art","tag-herrelandslaget-i-fotball","tag-nff","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-sogndal","tag-sport","tag-sports","tag-story"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117569559430862388","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/408709","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=408709"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/408709\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/408710"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=408709"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=408709"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=408709"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}