{"id":410113,"date":"2026-11-07T19:33:15","date_gmt":"2026-11-07T19:33:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/410113\/"},"modified":"2026-11-07T19:33:15","modified_gmt":"2026-11-07T19:33:15","slug":"sport-leikanger-stiller-serielag-for-forste-gong-fann-ut-at-me-hadde-greitt-niva","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/410113\/","title":{"rendered":"Sport, Leikanger | Stiller serielag for f\u00f8rste gong: \u2013 Fann ut at me hadde greitt niv\u00e5"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Dette er ei vidareutvikling av trimgruppa, fortel leiar Paula Snook.<\/p>\n<p>Syril har i mange \u00e5r hatt eit volleyballtilbod i trimgruppa. Men i 2024 vart volleyball etablert som ei eiga s\u00e6rgruppe og idrettslaget har sidan d\u00e5 brukt mykje tid p\u00e5 \u00e5 planleggja og byggja opp nye tilbod p\u00e5 Leikanger.<\/p>\n<p>Det har resultert i eit A-lag for herrar, minivolleyball for born og tilbod til asylmottaket. Eit ungdomstilbod er ogs\u00e5 under utarbeiding.<\/p>\n<p>\u2013 Det blir open trening tysdag 10. november. Her kan dei som vil koma for \u00e5 pr\u00f8va spelet og finna ut om det er noko for dei, seier Snook.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1536\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/IMG_451111.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1536;\"\/><\/p>\n<p>      Volleyballstyret: Anatolii Yashyn (utstyr-og integreringsansvarleg), Arek Lekki (trimansvarleg), Kristian Slinde (oppmann a-laget), Martin Fodstad St\u00f8len (nestleiar) og Paula Snook (leiar).<br \/>\n      Foto: Syril\n    <\/p>\n<p>  \u2013 Blitt ganske gode<\/p>\n<p>Martin Fodstad St\u00f8len, som er nestleiar i s\u00e6rgruppa, fortel at tanken om \u00e5 stilla lag i serien dukka opp i fjor.<\/p>\n<p>\u2013 Me har spelt mest for moro og det har g\u00e5tt litt opp og ned. Men dei siste \u00e5ra har me vore ein gjeng som har blitt ganske gode og i fjor spelte me nokre venskapskampar mot mellom anna Studentspretten og Balestrand. D\u00e5 fann me ut at me hadde eit greitt niv\u00e5.<\/p>\n<p>Dei melde difor p\u00e5 eit herrelag i 3. divisjon Sogn og Fjordane.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Me er ei kjerne p\u00e5 15 spelarar.\u00a0<\/p>\n<p>Desse er i alderen 17 til over 40 \u00e5r, fr\u00e5 Leikanger, Balestrand og fleire ulike nasjonalitetar.<\/p>\n<p>\u2013 Balestrand hadde lag i 3. divisjon i fjor og rykte opp, men greidde ikkje stilla lag i \u00e5r. Nokre av dei er med oss og trenar i \u00e5r. Me har ogs\u00e5 med oss spelarar fr\u00e5 mottaket. Det er veldig kjekt.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1152\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/IMG_119111.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1152 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      Herrelaget i aksjon.<br \/>\n      Foto: Sara Felde Liljedal\n    <\/p>\n<p>  God start <\/p>\n<p>Dei f\u00f8rste bortekampane var i Gaularhallen 31. oktober. <\/p>\n<p>\u2013 Det vart ein t\u00f8ff kamp mot Sunnfjord 2. Syril held f\u00f8lgje i alle sett, men m\u00e5tte gje tapt 0\u20133. S\u00e5 vart det ein sterk seier 3\u20130 over Viksdalen i andre kamp, skriv Syril p\u00e5 Facebook.<\/p>\n<p>\u2013 Me har f\u00e5tt ein god start, seier St\u00f8len, som sj\u00f8lv er ein del av spelargruppa, men ikkje har spelt kamp enno.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-31288\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/volleyball-3.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Gjekk saman om ny satsing: &#8211; Ungdommane har spurt om det fleire gonger\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  \u2013 Motiverte<\/p>\n<p>Laget trenar to gonger i veka.<\/p>\n<p>\u2013 Mange er motiverte. Det er kjempeg\u00f8y, seier St\u00f8len og understrekar at dei f\u00e5r god hjelp.<\/p>\n<p>\u2013 Me er heldige som har lokale ressursar som har l\u00e6rt oss b\u00e5de teknikk og formasjon. Paula Snook har spelt aktivt b\u00e5de i Tyskland og Noreg. Tone Oppedal, som har spelt i 1. divisjon, har ogs\u00e5 vore inne og hjelpt oss.<\/p>\n<p>\u2013 Kva er ambisjonane?<\/p>\n<p>\u2013 P\u00e5 spelarm\u00f8te f\u00f8r sesongen snakka me om \u00e5 verta topp tre. Det er ikkje s\u00e5 mange lag med i serien v\u00e5r, berre seks stykk. \u00c5 pr\u00f8va \u00e5 halda oss i \u00f8vre halvdel m\u00e5 vera bra. Det er litt ambisi\u00f8st, men m\u00e5 f\u00e5r sj\u00e5.<\/p>\n<p>H\u00e5par mange kjem p\u00e5 heimekamp<\/p>\n<p>6. desember ventar f\u00f8rste heimekampane i Saften. D\u00e5 kjem Sunnfjord 2 og F\u00f8rde VBK 4 p\u00e5 bes\u00f8k.<\/p>\n<p>\u2013 Det hadde vore kjekt om mange kom for \u00e5 heia, seier Snook.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Dette er ei vidareutvikling av trimgruppa, fortel leiar Paula Snook. Syril har i mange \u00e5r hatt eit&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":410114,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[36,9415,30,28,29,83,82,1510,10027],"class_list":["post-410113","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-art","tag-leikanger","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-sport","tag-sports","tag-story","tag-volleyball"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/410113","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=410113"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/410113\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/410114"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=410113"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=410113"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=410113"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}