{"id":412225,"date":"2026-11-09T23:56:22","date_gmt":"2026-11-09T23:56:22","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/412225\/"},"modified":"2026-11-09T23:56:22","modified_gmt":"2026-11-09T23:56:22","slug":"anmeldelse-the-legend-of-zelda-ocarina-of-time","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/412225\/","title":{"rendered":"Anmeldelse: The Legend of Zelda: Ocarina of Time"},"content":{"rendered":"<p>Eg m\u00e5 vere \u00e6rleg p\u00e5 at <a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.gamer.no\/artikler\/nar-mystikken-avtar-sliter-breath-of-the-wild-med-a-engasjere\/377909\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">The Legend of Zelda: Breath of the Wild<\/a> aldri heilt traff meg. Det var ikkje det eg ynskjer meg fr\u00e5 eit Zelda-spel. Jaud\u00e5, det var stort og ambisi\u00f8st med imponerande detaljrikdom.<\/p>\n<p>For meg er det likevel eit heilt anna ord som skildrar spelet; tomt.<\/p>\n<p>\u00c5 spele The Legend of Zelda: Ocarina of Time igjen etter alle desse \u00e5ra illustrerer p\u00e5 demonstrastivt vis kor mykje betre dette spelet er enn det meste Nintendo \u2013 eller nokon, for den saks skuld \u2013 har gjort i \u00e5ra sidan, og kvifor eg fryktar for framtida om Breath of the Wild skal bli malen utviklarane g\u00e5r etter fr\u00e5 no av.<\/p>\n<p>                            F\u00f8r alt g\u00e5r skeis.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p> Lite, men stort <\/p>\n<p>Ocarina of Time viser kvifor spel med digre opne verder ofte kan vere bortkasta tid. <\/p>\n<p>Mi erfaring med store, utstrakte verder og spela som leikar seg i dei er ofte denne; spring mykje til lyden av fotsteg, sj\u00e5 rundt deg til du har sett deg lei og ikkje lar deg imponere lenger, og bli positivt overraska kvar gong noko som minnar om musikk bryt med den overveldande monotonien.<\/p>\n<p>Ocarina of Time er akkurat det eg vil ha i eit spel. Det kastar ikkje bort tida mi, kvar detalj er der av ein grunn, og herleg musikk ligg alltid i bakgrunnen og kiler \u00f8yra mine med stemning. Her spring vi rundt i grotter eller rir over vidstrakte sletter med lett gjenkjennelege tonar som vekker eventyrlyst og heltemot i staden for isolasjon og sosial angst som ser ut til \u00e5 vere eit nedfelt mandat for alle som skal lage musikklause opa verd-spel.<\/p>\n<p>Spelverda i Ocrina of Time er ikkje stor, men den framst\u00e5r slik. Di neste utfordring og ditt neste eventyr er alltid rett rundt hj\u00f8rnet, eller ein kort joggetur unna, og eg elskar det. Det er ein grunn til at Ocarina of Time rangerer p\u00e5 s\u00e5 ufatteleg mange lister over tidenes beste spel.<\/p>\n<p>Det er eit av tidenes beste spel. Dette er spelet som tok det fantastisk The Legend of Zelda: A Link to the Past og drog det inn i den tredimensjonale verda. Nintendo gav verda noko den ikkje var klar for, og skapte eit stykke historie som aldri lar seg gl\u00f8yme.<\/p>\n<p>LES OGS\u00c5: <strong><a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.gamer.no\/artikler\/eit-spel-som-endra-verda\/516163\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Eit spel som endra verda<\/a><\/strong><\/p>\n<p>                            Lite er betre enn litt vindt i h\u00e5ret.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p> Modernisert, takk og lov <\/p>\n<p>N\u00e5r det er sagt. Ocarina of Time har p\u00e5 mange m\u00e5tar m\u00f8tt alderdomen som gammal mj\u00f8lk, og er nesten smertefullt \u00e5 spele den dag i gag.<\/p>\n<p>Det m\u00e5 vere lov \u00e5 poengetre dette. Spelet var eit tidleg 3D-spel fr\u00e5 folk som knapt hadde gjort slikt f\u00f8r, og det p\u00e5 ein konsoll med berre ei styrestikke.<\/p>\n<p>Ikkje berre framst\u00e5r resultatet i dag tungvindt og keitete, det er tungvindt og keitete og er hovudgrunnen til at det byrjar \u00e5 bli lenge sidan sist eg tok akkurat denne turen innom Hyrule. Til samanlikning nyt eg eit gjensyn med A Link to the Past rett som det er, men det spelet har eldast som ein fin vin. <\/p>\n<p>Det sagt. Det er eit heilt anna spel vi f\u00e5r i 2026-tolkinga av Ocarina of Time. Dette er eit spel som ivaretek alt som gjorde originalen s\u00e5 h\u00f8gt elska, men som fjernar irritasjonane, fiksar dei tunge kontrollane og lar b\u00e5de nye og gamle spelarar spele dette spelet p\u00e5 ein m\u00e5te som gjer denne versjonen til den opplevinga vi alle trudde vi hadde i 1998.<\/p>\n<p>Ocarina of Time er s\u00e5 smidig og polert at dei fleste potensielle konkurrentar hamnar fullstendig i skuggen. Kampsystemet flyt som ein draum, \u00e5 skifte utstyr og gjenstandar er gjort med knappetrykk og alt flyt under fingrane. <\/p>\n<p>                            Var det alltid s\u00e5 enkelt?<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p> Eit nydeleg stykke spelhistorie <\/p>\n<p>Ocarina of Time sine aller st\u00f8rste h\u00f8gdepunkt er det eg sakna aller mest i Breath of the Wild; grottene.<\/p>\n<p>Desse tidvis store underjordiske kompleksa fulle av krikar, krokar, kister, nye gjenstandar og ei uendeleg rekke med sm\u00e5 g\u00e5ter for nesten kvart steg du har.<\/p>\n<p>Utfordringa er nesten provoserande perfekt balansert. Dette er ikkje eit vanskeleg spel, og om ein skal kritisere denne nyversjonen for noko er det at spelet no kanskje har blitt litt vel enkelt. Var desse sjefskampane alltid s\u00e5 forutsigbare og banalt enkle?<\/p>\n<p>Det er likevel moro, heile tida, og utan stopp.<\/p>\n<p>Eg f\u00e5r ei konstant og vedvarande kjensle av \u00e5 alltid vere p\u00e5 veg ein stad, av \u00e5 alltid f\u00e5 til av noko sj\u00f8lv om eg ogs\u00e5 alltid har sp\u00f8rsm\u00e5l eg leitar etter svar p\u00e5. Du blir s\u00e5 mata med positiv stimuli som kjem av at du faktisk har prestert noko at ein nesten kan bli litt m\u00e5llaus.<\/p>\n<p>Dette er ikkje samanliknbart med hjernedaude dopaminfabrikkar der du skal klikke p\u00e5 eit punkt for \u00e5 g\u00e5 opp i niv\u00e5. Dette er godt gjennomtenkte g\u00e5ter og utfordringar som er akkurat s\u00e5 passe utfordrande at born i absolutt alle aldrar kan kose seg med dei.<\/p>\n<p>                            Ei verd for v\u00e5re f\u00f8ter.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p> Stil til besv\u00e6r <\/p>\n<p>Det som kanskje har hausta flest negative reaksjonar f\u00f8r lansering var den visuelle stilen Nintendo har g\u00e5tt for, og her m\u00e5 eg til dels seie meg einig. <\/p>\n<p>Med denne versjonen av Ocarina of Time har utviklarane g\u00e5tt for ein litt s\u00e6r mellomting mellom fotorealisme og dokketeater. Spesielt unge Link gir meg alvorlege uncanny valley-vibbar, men dei er heilt borte n\u00e5r Link er vaksen, eller med andre figurar vi m\u00f8ter i spelet.<\/p>\n<p>Eg skulle ynskje Nintendo hadde dytta enda litt meir i retning dokketeater. F\u00e5tt det til \u00e5 sj\u00e5 ut som alt var handlaga, ned til kvart vesle lauv. Noko meir i retning av det Square Enix gjorde med <a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.gamer.no\/artikler\/bor-blir-malen-framover\/519909\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Dragon Quest VII Reimagined<\/a> fr\u00e5 tidlegare i \u00e5r.<\/p>\n<p>Det sagt, dette er eit imponerande spel, og det er stunder d\u00e5 dette er noko av det mest spektakul\u00e6re eg har sett. Det er s\u00e5 mange sm\u00e5 detaljar overalt som f\u00e5r verda til \u00e5 sj\u00e5 levande ut. Fr\u00e5 detaljar i hus og gatene rundt, korleis skogane er levande og fulle av ein stemningsfull dis som virvlar rundt f\u00f8tene n\u00e5r Link spring fordi, til korleis det s\u00e6re persongalleriet er animert.<\/p>\n<p>No og d\u00e5 viser Switch 2 kor grensa g\u00e5r, som n\u00e5r ein rir over slettene i Hyrule og lett kan sj\u00e5 graslause \u00e5sar i det fjerne, men det er sm\u00e5tteri som forsvinn s\u00e5 fort sola g\u00e5r ned og m\u00e5nen kastar sitt kalde, vakre lys over verda.<\/p>\n<p>                            Hopp, hopp, hopp.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p> Konklusjon <\/p>\n<p>Med The Legend of Zelda: Ocarina of Time demonstrerer Nintendo alt som hat g\u00e5tt tapt p\u00e5 dei \u00e5ra som har g\u00e5tt sidan spelet f\u00f8rst kom ut p\u00e5 Nintendo 64 i 1998.<\/p>\n<p>Dette er det beste Zelda-spelet sidan, vel, Ocarina of Time. <\/p>\n<p>Det er eit spel som f\u00e5r meg til \u00e5 f\u00f8le meg som ein unge igjen. Eg kjenner den uskuldige gleda over \u00e5 reise p\u00e5 eventyr velle over meg. Eg vil berre sj\u00e5 litt meir, gjere litt meir, vere her litt meir. Heilt tida vil eg berre litt meir, og ikkje p\u00e5 den negative m\u00e5ten mange moderne spel kynisk brukar for \u00e5 manipulere oss til \u00e5 s\u00f8ke bel\u00f8nning for null innsats.<\/p>\n<p>Her vil eg ha meir fordi det er s\u00e5 inderleg gjevande. Spelet byr kanskje ikkje p\u00e5 dei store utfordringane, men eg f\u00f8ler meg smart fordi eg skj\u00f8nte korleis eg skulle l\u00f8yse den utfordringa fordi eg la merke til detaljane og no veit kva eg skal gjere. Der nokre spel er kompromisslause og p\u00e5 grensa til sadistiske er dette ein varm genser og eit fat med stearinlys ein sein haustkveld.<\/p>\n<p>Mest av alt viser The Legend of Zelda: Ocarina of Time til ein ny generasjon kvifor akkurat dette spelet gong p\u00e5 gong blir k\u00e5ra til eit av tidenes beste spel.<\/p>\n<p><strong>The Legend of Zelda: Ocarina of Time er ute no p\u00e5 Switch 2.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Eg m\u00e5 vere \u00e6rleg p\u00e5 at The Legend of Zelda: Breath of the Wild aldri heilt traff meg.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":412226,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[58],"tags":[71,27959,28870,30,28,29,29060,72],"class_list":["post-412225","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-underholdning","tag-entertainment","tag-gamerno","tag-nintendo-switch-2","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-the-legend-of-zelda-ocarina-of-time","tag-underholdning"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117589192445098225","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/412225","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=412225"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/412225\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/412226"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=412225"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=412225"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=412225"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}