{"id":413077,"date":"2026-11-10T19:28:13","date_gmt":"2026-11-10T19:28:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/413077\/"},"modified":"2026-11-10T19:28:13","modified_gmt":"2026-11-10T19:28:13","slug":"meiningar-sogndal-sogndal-fotball-ei-merkevare-langt-storre-enn-bygda","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/413077\/","title":{"rendered":"Meiningar, Sogndal | Sogndal Fotball \u2013 ei merkevare langt st\u00f8rre enn bygda"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Meiningar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Dette handlar om langt meir enn fotball. Dette handlar om noko som har teke 50 \u00e5r \u00e5 byggje opp, og som har ein verdi for Sogndal og heile Sogn som eg trur altfor f\u00e5 av oss er klar over.<\/p>\n<p>I eit halvt hundre\u00e5r har Sogndal utfordra dei store i norsk fotball. Fr\u00e5 cupfinalen i 1976 og fram til i dag har klubben klart noko nesten ingen trudde var mogleg. Ein liten stad inst i Sognefjorden har \u00e5r etter \u00e5r konkurrert med dei st\u00f8rste byane i landet.<\/p>\n<p><b>Det er eigentleg ganske utruleg.<\/b><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-34917\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/1794338891_532_DSC_7657 copy.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Bakke kjenner p\u00e5 djup skuffelse, men: \u2013 Dette skal me klara\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Eg trur me undervurderer kor mange rundt om i Noregs land som har trykka Sogndal til sitt hjarta. Kor mange har ikkje hatt Sogndal som sin favorittklubb nummer to? Me har vore \u00abAskeladden\u00bb i norsk fotball. Den vesle som har utfordra dei store, og som gong p\u00e5 gong har vist at det er mogleg \u00e5 f\u00e5 til noko stort, sj\u00f8lv om ein kjem fr\u00e5 ein liten stad.<\/p>\n<p>Det er denne historia som har gjort Sogndal til ei nasjonal merkevare. Ei merkevare som ikkje berre tilh\u00f8yrer fotballklubben, men heile regionen.<\/p>\n<p>Svaret ville overraska mange<\/p>\n<p>Kvar gong Sogndal blir omtala i nasjonale medium, blir ogs\u00e5 bygda og Sogn sette p\u00e5 kartet. Det er merksemd og marknadsf\u00f8ring som kjem reiselivet, n\u00e6ringslivet, h\u00f8gskulen og lokalsamfunnet til gode.<\/p>\n<p>Kva trur de det ville ha kosta n\u00e6ringslivet og reiselivet i Sogn \u00e5 kj\u00f8pe tilsvarande merksemd gjennom 50 \u00e5r? Eg trur svaret ville overraska mange.<\/p>\n<p>Men kva skjer dersom me mistar denne posisjonen? Kva skjer dersom Sogndal ikkje lenger blir ein naturleg del av det nasjonale fotballkartet? N\u00e5r medieomtalen blir mindre, interessa minkar og f\u00e6rre utanfor regionen har eit forhold til namnet Sogndal?<\/p>\n<p>Og konsekvensane stoppar garantert ikkje ved stadionportane.<\/p>\n<p>Fotballen skaper puls i bygda, samlar studentar, n\u00e6ringsliv, familiar og folk fr\u00e5 bygdene rundt Saftbygda. Han skaper aktivitet for handelsstanden, serveringsstadane og andre lokale bedrifter. Han gir ungdom noko \u00e5 dr\u00f8yme om, og han gir oss alle noko \u00e5 vere stolte av og st\u00e5 samla rundt.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1265\" height=\"977\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/Avisinnlegg2.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1265 \/ 977;\"\/><\/p>\n<p>      Terje Teigen uroar seg for kva konsekvensane kan bli for heile regionen ved eit eventuelt Sogndal-nedrykk.<br \/>\n      Foto: Martin Salbu\n    <\/p>\n<p>  Me treng ikkje vere einige<\/p>\n<p>Sogndal Fotball er ein del av n\u00e6ringsmotoren i Sogn. Ein del av det som gjer regionen synleg, levande og attraktiv.<\/p>\n<p>Difor er ikkje sp\u00f8rsm\u00e5let berre kva det kostar \u00e5 satse p\u00e5 fotballen. Sp\u00f8rsm\u00e5let er ogs\u00e5 kva det kan koste oss \u00e5 la vere.<\/p>\n<p>Me treng ikkje vere einige om alt som skjer og har skjedd i og rundt klubben den siste tida. Men me m\u00e5 ikkje gl\u00f8yme kva som st\u00e5r p\u00e5 spel.<\/p>\n<p><b>For dersom me ein dag mistar posisjonen Sogndal har brukt 50 \u00e5r p\u00e5 \u00e5 byggje opp, er det ikkje berre fotballklubben som taper. D\u00e5 taper heile Sogn.<\/b><\/p>\n<p>Sogndal Fotball er ikkje berre elleve spelarar p\u00e5 ei bane. Det er ei historie, ein identitet og ei merkevare som har sett bygda og regionen p\u00e5 kartet i heile Noreg.<\/p>\n<p>Det har teke 50 \u00e5r \u00e5 kome hit og me kan ikkje ta for gitt at denne posisjonen varer evig.<\/p>\n<p>Mange veit kva det har kosta \u00e5 byggje han opp. Men veit me kva det vil koste \u00e5 miste han?<\/p>\n<p>H\u00e5par den flotte mobiliseringa, og engasjementet som me har sett dei siste kampane held fram inn i kvaliken.<\/p>\n<p><strong>Stao no pao!<\/strong><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-35010\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/Kommentar NYE MALAR  .png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Det kan verka som at bygda har tilgjeve \u2013 men er det verkeleg ingen som skal seia unnskyld?\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/80-115-9457\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/2.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Fr\u00e5 m\u00f8nsterbruk til mareritt\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Dette handlar om langt meir enn&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":413078,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[36,1939,62,30,28,29,1533,3377,1029,7865,83,82],"class_list":["post-413077","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-art","tag-meiningar","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-opinion","tag-samfunn","tag-sogndal","tag-sogndal-fotball","tag-sport","tag-sports"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117593801374818178","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/413077","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=413077"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/413077\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/413078"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=413077"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=413077"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=413077"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}