{"id":41661,"date":"2025-09-22T04:15:07","date_gmt":"2025-09-22T04:15:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/41661\/"},"modified":"2025-09-22T04:15:07","modified_gmt":"2025-09-22T04:15:07","slug":"kravde-betaling-for-arbeid-fekk-motkrav-pa-nesten-1-milliard-kroner-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/41661\/","title":{"rendered":"Kravde betaling for arbeid \u2013 fekk motkrav p\u00e5 nesten 1 milliard kroner \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<ul>\n<li>Multiconsult m\u00f8ter Sotra Link i Oslo tingrett 22. september, grunna 172,9 millionar kroner i ubetalte fakturaer og avbestilt arbeid.<\/li>\n<li>Sotra Link har svart med eit mots\u00f8ksm\u00e5l p\u00e5 957,6 millionar kroner, med p\u00e5standar om mangelfull prosjektering og overskriding av timebudsjett.<\/li>\n<li>Begge partar uttrykker at dei helst ville ha unng\u00e5tt rettssak, men har ikkje klart \u00e5 bli einige.<\/li>\n<li>Rettssaka er satt opp i ti veker, med 68 vitne og 17.000 dokumentsider.<\/li>\n<li>Statens vegvesen, som er byggherre, opplyser at konflikten ikkje har p\u00e5verka framdrifta for Sotrasambandet.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>M\u00e5ndag 22. september startar rettssaka som kan ende i eit milliardoppgjer.<\/p>\n<p>Totalt 68 vitne og minst 17.000 dokumentsider skal Oslo tingrett g\u00e5 gjennom p\u00e5 ti veker.<\/p>\n<p>P\u00e5 eine sida st\u00e5r konsulentselskapet Multiconsult. P\u00e5 den andre Sotra Link Construction ANS, som bygger Sotrasambandet mellom \u00d8ygarden og Bergen.<\/p>\n<p>Saka gjeld usemje rundt prosjekteringsarbeid Multiconsult har gjort p\u00e5 alle delar av p\u00e5 det nye Sotrasambandet, utanom sj\u00f8lve Sotrabrua.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.bt.no\/nyheter\/okonomi\/i\/eM3yQ9\/milliardoppvask-om-sotrasambandet\" ec-id=\"https:\/\/www.bt.no\/nyheter\/okonomi\/i\/eM3yQ9\/milliardoppvask-om-sotrasambandet\" ec-name=\"BT\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">BT<\/a> omtala saka f\u00f8rst.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"kart\" title=\"Foto: Statens Vegvesen\/Sotra Link\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sotrasambandet vest for Bergen er den st\u00f8rste enkeltkontrakten Statens vegvesen har signert nokosinne.<\/p>\n<p>Foto: Statens Vegvesen\/Sotra Link<\/p>\n<p>Krev pengar for utf\u00f8rt arbeid<\/p>\n<p>For \u00e5 ta det fr\u00e5 starten.<\/p>\n<p>I 2020 vart Multiconsult hyra inn av Sotra Link Construction. Dei skulle hjelpe til med \u00e5 vinne konkurransen om \u00e5 bygge 9,4 kilometer med ny riksveg p\u00e5 Sotrasambandet.<\/p>\n<p>Oppdraget gjekk ut p\u00e5 \u00e5 kvalitetssikre konkurransegrunnlaget, optimalisere l\u00f8ysingar, gjere mengdeberekningar og gje r\u00e5d rundt alt fr\u00e5 vegkonstruksjon, grunnarbeid, handtering av vass og avlaup, overvatn, trafikkavvikling med meir, if\u00f8lgje Sotra Link.<\/p>\n<p>I mai 2022 fekk Sotra Link oppdraget av Statens vegvesen. Dei samarbeidde vidare med Multiconsult.<\/p>\n<p><strong>Men i juni 2023 ville ikkje selskapet betale for ein faktura fr\u00e5 Multiconsult.<\/strong><\/p>\n<ol>\n<\/ol>\n<p>Multiconsult saks\u00f8kte d\u00e5 oppdragsgivaren for totalt 172,9 millionar kroner pluss renter. \u00c5rsakene er:<\/p>\n<ul>\n<li>Ubetalte fakturaer.<\/li>\n<li>Avbestilt arbeid som blir sett ut til andre i staden.<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Vi opplever at Sotra Link opererer med ein kultur og ein del forhold som vi ikkje er vant med fr\u00e5 norske akt\u00f8rar. Dette vil komme fram i retten, seier Gaute Christensen, kommunikasjonsleiar i Multiconsult, til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en gruppe bygningsarbeidere p\u00e5 en byggeplass\" title=\"Foto: Oskar Rennedal \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ei ny bru mellom Drotningsvik og Litle-Sotra er ein hovuddel i det enorme anleggsprosjektet. Konflikten gjeld ikkje bruarbeid, men andre delar av prosjektet. <\/p>\n<p>Foto: Oskar Rennedal \/ NRK<\/p>\n<p>Motkrav n\u00e6r milliarden<\/p>\n<p><strong>Men Sotra Link er usamd i krava, og kom med eit gigants\u00f8ksm\u00e5l som motsvar. Det ligg no p\u00e5 totalt 957,6 millionar kroner.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det er p\u00e5 grunn av element vi meiner at vi ikkje har f\u00e5tt det vi har betalt for, seier viseprosjektleiar Oskar Leirgulen i Sotra Link Construction ANS til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann med skjegg\" title=\"Foto: Sotra Link\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Oskar Leirgulen i Sotra Link.<\/p>\n<p>Foto: Sotra Link<\/p>\n<p>Dette er ankepunkta i mots\u00f8ksm\u00e5let fr\u00e5 Sotra Link, if\u00f8lgje sakspapira:<\/p>\n<ul>\n<li>Multiconsult skal ha gjort ein for d\u00e5rleg jobb i fleire delar av prosjekteringa.<\/li>\n<li>Til d\u00f8mes skal mengdeberekningar av alt fr\u00e5 kantstein til vass og avlaup vere \u00abgrov aktlause\u00bb, og ha f\u00f8rt til \u00f8konomiske tap.<\/li>\n<li>Multiconsult skal ha g\u00e5tt vesentleg over timebudsjettet. Sotra Link vil ha tilbake pengar for nesten 68.000 timar utover det som er budsjettert.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Dette er krava til partane<\/p>\n<p>Krava til Multiconsult<\/p>\n<ol>\n<li>F\u00e5 betalt 84,5 millionar kroner, pluss renter, for fakturaer.<\/li>\n<li>Erstatning opp mot 88,5 millionar kroner pluss forseinkingsrenter p\u00e5 151 millionar kroner.<\/li>\n<\/ol>\n<p>Motkrava til Sotra Link<\/p>\n<p>Byggselskapet krev \u00e5 bli frikjent, f\u00e5 dekka saksomkostndar, og f\u00e5 totalt <strong>957,6 millionar kroner<\/strong>, pluss renter.<\/p>\n<p>Kravet er fordelt slik:<\/p>\n<ol>\n<li>Tilbakebetaling av opp mot 110 millionar kroner for urettmessig utbetalt honorar.<\/li>\n<li>Tilbakebetaling av 17,1 millionar kroner i urettmessig utbetalt bonus.<\/li>\n<li>Erstatte 2,2 millionar kroner i kostnadar til garantistilling.<\/li>\n<li>Erstatte tap p\u00e5 516.261 kroner grunna manglar ved mengdeskildringa for detaljprosjekteringa.<\/li>\n<li>Erstatte tap p\u00e5 818 millionar kroner grunna feil oppf\u00f8rt mende i tilbod.<\/li>\n<li>Erstatning p\u00e5 8,5 millionar kroner for tap grunna feil design p\u00e5 h\u00f8gspentleidningar ved Litlesotra.<\/li>\n<li>Erstatte 620.060 kroner som kostnad for ein person for \u00e5 unders\u00f8ke, kontrollere og korrigere Multiconsults arbeid.<\/li>\n<\/ol>\n<p>Avviser krav og p\u00e5standar<\/p>\n<p>Leirgulen avviser at dei skal ha avbestilt noko arbeid fr\u00e5 motparten.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har hatt andre leverand\u00f8rar inne for \u00e5 sluttf\u00f8re delar av prosjektet, men det har ikkje vore ei bestilling vi har tatt ut fr\u00e5 Multiconsult, seier Leirgulen.<\/p>\n<p><strong>Vidare er han usamd i at Sotra Link har ein annan kultur enn norske selskap.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi er eit konsortium som best\u00e5r av selskap fr\u00e5 fleire land, men vi st\u00f8ttar oss p\u00e5 norske selskap ogs\u00e5, seier Leirgulen.<\/p>\n<p>\u2013 Oppkonstruert krav<\/p>\n<p><strong>Multiconsult avviser dei store krava fr\u00e5 oppdragsgjevaren.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"mann med dress og briller\" title=\"Foto: Multiconsult\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Gaute Christensen er pressekontakt i Multiconsult.<\/p>\n<p>Foto: Multiconsult<\/p>\n<p>\u2013 Kravet er heilt uforst\u00e5eleg og oppkonstruert for \u00e5 unndra seg betalingsplikta vi meiner dei har over for oss, seier Christensen.<\/p>\n<p>Multiconsult meiner dei har f\u00f8lgd krav, prosedyrar og krav sett av Sotra Link.<\/p>\n<p>Vidare peikar dei p\u00e5 at ein tilsett i Sotra Link \u00abi betydeleg grad endra metodar, krav og prosedyrar (&#8230;) etter at han tiltr\u00e5dte prosjektet i september 2022\u00bb. Det meiner dei at Sotra Link sj\u00f8lv m\u00e5 bere konsekvensane av.<\/p>\n<p>Multiconsult meiner ogs\u00e5 at dokumentasjonen tilseier at Sotra Link ikkje har lidd noko tap.<\/p>\n<p>\u2013 Vi gjer framleis arbeid for prosjektet, men no krev vi f\u00f8rehandsbetalt p\u00e5 arbeidet, seier Christensen.<\/p>\n<p>Sotra Link og Sotrasambandet<\/p>\n<ul>\n<li>Det nye Sotrasambandet skal best\u00e5 av 9,4 kilometer ny riksveg mellom Kolltveit i \u00d8ygarden og Storavatnet i Bergen.<\/li>\n<li>Bygginga starta v\u00e5ren 2023. Prosjektet skal opne for trafikk i 2027.<\/li>\n<li>Utbyggar er Sotra Link. Det er eit OPS-selskap, eit offentleg-privat samarbeid.<\/li>\n<li>Mai 2022 fekk Sotra Link tildelt kontrakten med verdi p\u00e5 19,8 milliarder kroner. Selskapet skal finansiere, prosjektere, bygge, drifte og vedlikehalde veganlegget i 25 \u00e5r etter trafikkopning.<\/li>\n<li>Kontrakten er den st\u00f8rste enkeltkontrakten som er inng\u00e5tt av Statens vegvesen gjennom alle tider. Totalramma for prosjektet er 23,1 milliardar 2022-kroner, inklusive f\u00f8rebuande arbeid som har p\u00e5g\u00e5tt sidan 2018.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kjelde: <a href=\"https:\/\/www.vegvesen.no\/vegprosjekter\/riksveg\/sotrabergen\/\" ec-id=\"https:\/\/www.vegvesen.no\/vegprosjekter\/riksveg\/sotrabergen\/\" ec-name=\"Statens vegvesen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Statens vegvesen<\/a><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En h\u00f8y vinkel av en byggeplass\" title=\"Foto: Oskar Rennedal \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Byggekontrakten har ein verdi p\u00e5 19,8 milliardar kroner, og blei signert i mai 2022. Prosjektet skal opna for trafikk i 2027.<\/p>\n<p>Foto: Oskar Rennedal \/ NRK<\/p>\n<p>Vil helst unng\u00e5 rettssak<\/p>\n<p>Begge partane seier dei helst ville ha funne ei l\u00f8ysing utanfor rettssystemet.<\/p>\n<p>\u2013 Slik situasjonen er no, ser vi fram til \u00e5 legge fram argument og bevis for retten og f\u00e5 avslutta ei keisam sak, seier Christensen.<\/p>\n<p>Leirgulen i Sotra Link meiner det er uheldig at det no g\u00e5r mot ein rettssak.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har vore innstilt p\u00e5 \u00e5 kunne g\u00e5 i forhandlingar med Multiconsult fr\u00e5 starten av, og betale ein rimeleg sum i samsvar med det som er levert og den framdrifta som er gitt, men vi har ikkje komme nokon veg med dei utspela, seier viseprosjektleiaren.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Illustrasjonsbilder fra Sotra Link viser hvordan resultatet, etter planen, skal bli. Broen til h\u00f8yre kommer da i tillegg til den opprinnelige. \" title=\"Foto: Sotra Link\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Fr\u00e5 2027 blir det to bruer mellom Bergen og \u00d8ygarden. <\/p>\n<p>Foto: Sotra Link<\/p>\n<p>P\u00e5verkar ikkje framdrifta<\/p>\n<p>Statens vegvesen er byggherre for Sotrasambandet, men blandar seg ikkje inn i konflikten med Multiconsult.<\/p>\n<p>\u2013 Vi er ikkje part i denne rettssaka. Det som er v\u00e5rt ansvar, er n\u00e5r Sotra Link Construction vel \u00e5 byte ut Multiconsult med ein annan prosjekt\u00f8r, skal det skje p\u00e5 ein spesiell m\u00e5te for at vi skal godkjenne det. Det har dei gjort slik dei skal, seier Lene S\u00e6len Rivenes, Statens vegvesens prosjektleiar for Sotrasambandet til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"kvinne med bl\u00e5tt skjerf\" title=\"Foto: Statens vegvesen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Lene S\u00e6len Rivenes i Statens vegvesen.<\/p>\n<p>Foto: Statens vegvesen<\/p>\n<p>Ho kjenner ikkje til at konflikten har p\u00e5verka framdrift eller kostnad for Sotrasambandet.<\/p>\n<p>\u2013 Vi ligg f\u00f8re p\u00e5 nokre omr\u00e5de, litt bak p\u00e5 nokre omr\u00e5de, men m\u00e5let er framleis 1. juni 2027 for riksvegen.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>22.09.2025, kl. 05.33<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert Multiconsult m\u00f8ter Sotra Link i Oslo tingrett 22. september, grunna 172,9 millionar kroner i ubetalte fakturaer&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":41662,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-41661","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/41661","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=41661"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/41661\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/41662"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=41661"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=41661"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=41661"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}