{"id":41914,"date":"2025-09-22T09:59:14","date_gmt":"2025-09-22T09:59:14","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/41914\/"},"modified":"2025-09-22T09:59:14","modified_gmt":"2025-09-22T09:59:14","slug":"halvparten-av-nye-naeringsareal-ligg-i-skog-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/41914\/","title":{"rendered":"Halvparten av nye n\u00e6ringsareal ligg i skog \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert<\/p>\n<p>\u2022 Ein ny rapport fr\u00e5 Milj\u00f8direktoratet viser at nesten halvparten av dei planlagde n\u00e6ringsareala i Noreg ligg i skog, mens berre 12 % gjenbruker eksisterande gr\u00e5 areal.<br \/>\u2022 Ekspertar peikar p\u00e5 at \u00f8konomiske incentiv og betre st\u00f8tte til kommunane er n\u00f8dvendig for \u00e5 fremje gjenbruk av gr\u00e5 areal.<br \/>\u2022 Vestland fylke har planlagt mest n\u00e6ringsareal, etterf\u00f8lgt av M\u00f8re og Romsdal og Tr\u00f8ndelag.<br \/>\u2022 Klima- og milj\u00f8ministeren og andre akt\u00f8rar oppfordrar kommunane til \u00e5 \u00abvaske\u00bb gamle planar og prioritere berekraftig arealbruk.<br \/>\u2022 Presset p\u00e5 kommunane aukar, samtidig som det lokale sj\u00f8lvstyret blir utfordra av behovet for nasjonal koordinering.<br \/>\u2022 Ekspertar \u00e5tvarar om at m\u00e5let om \u00f8konomisk vekst kan f\u00f8re til ytterlegare nedbygging av natur, trass i statlege tiltak.<\/p>\n<p>Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste fr\u00e5 OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar f\u00f8r publisering.<\/p>\n<p>Ein ny <a href=\"https:\/\/www.miljodirektoratet.no\/publikasjoner\/2025\/september-2025\/analyse-av-planlagt-utbyggingsareal-for-naring-i-norge\/\" ec-id=\"https:\/\/www.miljodirektoratet.no\/publikasjoner\/2025\/september-2025\/analyse-av-planlagt-utbyggingsareal-for-naring-i-norge\/\" ec-name=\"rapport\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">rapport <\/a>fr\u00e5 Milj\u00f8direktoratet viser det er planlagd meir enn 15.000 n\u00e6ringsareal i Noreg, og at nesten halvparten av desse ligg i skog. <\/p>\n<p><strong>Berre 12 prosent av dei planlagde n\u00e6ringsareala ligg i omr\u00e5de som allereie er bygd ut (\u00abgr\u00e5 areal\u00bb).<\/strong><\/p>\n<p>Ekspert p\u00e5 milj\u00f8- og forvaltningsrett, Nikolai Winge, forklarer at det som hovudregel er billigare \u00e5 bygge i ur\u00f8rt natur framfor p\u00e5 gr\u00e5 areal. <\/p>\n<p>\u2013 Derfor m\u00e5 det komme \u00f8konomiske incentiv for gjenbruk av gr\u00e5 areal, seier han. <\/p>\n<p>Vestland tronar \u00f8vst p\u00e5 lista over kven som har sett av st\u00f8rst areal til n\u00e6ring, framfor M\u00f8re og Romsdal og Tr\u00f8ndelag. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Ideelt sett b\u00f8r vi bruke eksisterande gr\u00e5areal, men det er ikkje s\u00e5 lett som \u00e5 telje opp kvadratmeter, seier Tom-Christer Nilsen i Bergen n\u00e6ringsr\u00e5d.<\/strong><\/p>\n<p>Han viser til at plassering, pris og praktiske og konkurransemessige forhold gjer at ikkje alle areal passar til alle verksemder. <\/p>\n<p>Sj\u00e5 fleire reaksjonar p\u00e5 rapporten under. <\/p>\n<p>Om rapporten<\/p>\n<p>P\u00e5 oppdrag fr\u00e5 Milj\u00f8direktoratet har Norkart analysert alle n\u00e6ringsareala i landet som er avsett til utbygging.<\/p>\n<p>Det er sett av 356 kvadratkilometer n\u00e6ringsareal i kommunale planar. Rundt halvparten av omr\u00e5da er ferdig regulert.<\/p>\n<p>Mesteparten av omr\u00e5da som er avsette til n\u00e6ring ligg i omr\u00e5de som i dag er naturareal. Nesten halvparten av det avsette n\u00e6ringsarealet ligg i skog.<\/p>\n<p>Berre 41 kvadratkilometer (12 %) av n\u00e6ringsareala ligg i gr\u00e5 areal, som allereie er bygd ut. Dette viser likevel at det er stort fortettingspotensial innanfor eksisterande og opparbeidde n\u00e6ringsareal.<\/p>\n<p>31 kvadratkilometer er myrareal. Dette er omr\u00e5de som ikkje b\u00f8r byggast ut sj\u00f8lv om dei tidlegare har blitt avsette til utbyggingsform\u00e5l i kommunale planar.<\/p>\n<p>\u2013 P\u00e5 tide \u00e5 gi kommunane meir hjelp<\/p>\n<p>\u2013 Dette viser enda ein gong at det er planlagt bit-for-bit nedbygging av store naturomr\u00e5de i Noreg. Eg oppfordrar kommunane til \u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/83-kommunar-vil-skrote-gamle-planar-for-a-verne-meir-natur-1.16815875\" ec-id=\"pp:1.16815875\" ec-name=\"vaske\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">vaske<\/a> planane, seier klima- og milj\u00f8minister Andreas Bjelland Eriksen.<\/p>\n<p>I fjor s\u00f8kte <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/83-kommunar-vil-skrote-gamle-planar-for-a-verne-meir-natur-1.16815875\" ec-id=\"pp:1.16815875\" ec-name=\"83\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">83<\/a> kommunar om tilskot fr\u00e5 staten til \u00e5 \u00abvaske\u00bb gamle planar og konsentrere utbygginga til omr\u00e5de som allereie er \u00abgr\u00e5\u00bb. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg trur det er p\u00e5 tide \u00e5 gi kommunane meir hjelp, seier forbundsleiar i Naturviterne, Morten Wedege.<\/strong><\/p>\n<p>Han seier at oppfordringa til planvask og meir regional planlegging er vel og bra, men at \u00abkommunane treng folk, ressursar og fagmilj\u00f8 med kapasitet til \u00e5 gjere jobben\u00bb: <\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er vanskeleg \u00e5 sj\u00e5 for seg at arealforbruket vil g\u00e5 ned s\u00e5 lenge vi fortset \u00e5 dytte s\u00e5 mykje av ansvaret ned p\u00e5 kommunepolitikarane. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"N\u00f8kkeloverrekelse til ny klima og milj\u00f8minister.\" title=\"Foto: Siri V\u00e5lberg Saugstad\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Dette viser enda ein gong at det er planlagt bit-for-bit nedbygging av store naturomr\u00e5de i Noreg, seier klima- og milj\u00f8minister Andreas Bjelland Eriksen.<\/p>\n<p>Foto: Siri V\u00e5lberg Saugstad<\/p>\n<p>\u2013 Vi treng areal til gr\u00f8n industri<\/p>\n<p>Presset mot kommunane auka d\u00e5 Naturrisikoutvalget (sj\u00e5 under) bad regjeringa om \u00e5 vere t\u00f8ffare i klypa med det som er karakterisert som \u00abein heilag ku\u00bb i norsk forvaltning \u2013 det lokalet <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/sinne-etter-pastand-om-_heime-aleine-fest_-1.16765073\" ec-id=\"pp:1.16765073\" ec-name=\"sj\u00f8lvstyret\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">sj\u00f8lvstyret<\/a>.<\/p>\n<p>Direkt\u00f8r for Milj\u00f8direktoratet, Hilde Singsaas, oppfordrar kommunane til \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 tvers av kommunegrenser og til \u00e5 \u00abvelje areal som gir minst mogleg konflikt med klima- og naturomsyn\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Vi treng areal n\u00e5r Noreg skal omstille seg til ein gr\u00f8nare industri, s\u00e6rleg gjeld dette fornybar energi. <\/p>\n<p><strong>\u2013 Men om alle kommunar bygger ut eigne store n\u00e6ringsareal, vil vi miste mykje viktig natur. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 M\u00e5let om \u00f8konomisk vekst vil leie til meir nedbygging<\/p>\n<p>I 2024 presenterte Milj\u00f8direktoratet ei oversikt som viste at summen av alle utbyggingsplanar talde <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/ny-oversikt-viser-summen-av-alle-utbyggingsplanar-1.16869963\" ec-id=\"pp:1.16869963\" ec-name=\"4000 kvadratkilometer\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">4000 kvadratkilometer<\/a>, og at hytter stod for \u00e9in firedel av dette. <\/p>\n<p><strong>Regjeringa svarte med \u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/trondelag\/regjeringa-vil-stramme-inn-retningslinjene-for-hyttebygging-1.16802980\" ec-id=\"pp:1.16802980\" ec-name=\"stramme inn\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">stramme inn<\/a> fleire punkt i retningslinjene for hytteutbygging.<\/strong><\/p>\n<p>Carlo Aall er leiar av Norsk senter for berekraftig klimatilpassing ved Vestlandsforsking.<\/p>\n<p>Han seier til NRK at \u00abfromme statlege \u00f8nsker om kommunal planvask\u00bb ikkje er tilstrekkeleg, og at l\u00f8ysinga p\u00e5 \u00abnaturkrisa\u00bb bryt p\u00e5 djupare vatn:<\/p>\n<p><strong>\u2013 S\u00e5 lengje det er eit underliggande m\u00e5l om framleis \u00f8konomisk vekst, vil desse prosessane i praksis leie til nedbygging av meir ur\u00f8rt natur. <\/strong><\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"Jan Erling Klausen\"  width=\"3840\" height=\"2159\" loading=\"lazy\"\/>Jan Erling Klausen, professor ved Institutt for Statsvitenskap\n<p>Kvar vesle kommune vil \u00f8nske \u00e5 ha n\u00e6ringsareal tilgjengeleg innanfor sine eigne grenser, og n\u00e5r kampen om arbeidsplassar og investeringar tettar seg til, har kommunane f\u00e5 insentiv til \u00e5 \u00absj\u00e5 p\u00e5 tvers av kommunegrensene\u00bb. Med f\u00e6rre og st\u00f8rre kommunar kunne ein kanskje unng\u00e5tt at nye n\u00e6ringsomr\u00e5de leggast til skog eller s\u00e5rbare naturomr\u00e5de.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Generalsekret\u00e6r i WWF Verdens naturfond Karoline Andaur. \"  width=\"3840\" height=\"2156\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Haakon Nordvik\n      <\/p>\n<p>Karoline Andaur, generalsekret\u00e6r i WWF Verdsnaturfondet<\/p>\n<p>Det m\u00e5 leggast til rette for at gr\u00e5 areal alltid blir f\u00f8rst vurderte ved planlegging av ny industri. I tillegg m\u00e5 det komme p\u00e5 plass ei nasjonal kartlegging der dei gr\u00e5 areala er, og det m\u00e5 gjerast enklare og meir l\u00f8nnsamt \u00e5 bygge p\u00e5 desse omr\u00e5da. N\u00e5r dette kjem p\u00e5 plass, vil det bli enklare \u00e5 planlegge utbygging p\u00e5 ein m\u00e5te som i langt st\u00f8rre grad enn i dag unng\u00e5r \u00e5 \u00f8ydelegge verdifull natur.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Truls Gulowsen if\u00f8rt plagg\"  width=\"3840\" height=\"2155\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Fartein Rudjord\n      <\/p>\n<p>Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet<\/p>\n<p>Dette bekreftar dessverre at kommunal arealplanlegging er ute av kontroll, og at det er sterkt behov for meir regional samordning av n\u00e6ringsareal, sterkare insentiv for gjenbruk av gr\u00e5 areal, og at arealn\u00f8ytralitet som prinsipp m\u00e5 innf\u00f8rast over heile landet.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"en kvinne som st\u00e5r foran en bygning\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Eirik Pessl-Kleiven \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Sigrid Hoddevik Losneg\u00e5rd, leiar i Natur og Ungdom<\/p>\n<p>Dette burde ikkje skje etter vi har forplikta oss til naturavtalen, der vi skal verne 30% av naturen v\u00e5r. Regjeringa m\u00e5 kome p\u00e5 banen og ta i bruk sterkare verkt\u00f8y for \u00e5 s\u00f8rgje for at nye n\u00e6ringsareal blir bygd p\u00e5 gr\u00e5 arealar. Vi kan ikkje tillate i 2025 at myromr\u00e5der og store omr\u00e5der av skog blir ofra til fordel for n\u00e6ringsparkar. <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"en mann i dress\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Nadir Alam \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Einar Wilhelmsen, Generalsekret\u00e6r i Sabima<\/p>\n<p>Skal vi stanse tapet av naturmangfald, trengst meir enn oppfordringar. Det m\u00e5 bli enklare og billigare \u00e5 bygge p\u00e5 nedbygde omr\u00e5de og gr\u00e5 areal, og vanskelegare og dyrare \u00e5 bygge i naturen. Da treng vi styring og tydelegare nasjonale rammer. Regjeringa b\u00f8r snarast innf\u00f8re arealn\u00f8ytralitet som eit nasjonalt styringsm\u00e5l og s\u00f8rge for \u00e5 stanse nedbygginga i den mest verdifulle naturen.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Nikolai K Winge\"  width=\"3840\" height=\"2154\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Gisle Bj\u00f8rneby \/ NMBU\n      <\/p>\n<p>Nikolai K. Winge, ekspert p\u00e5 milj\u00f8rett, plan- og bygningsrett og forvaltningsrett<\/p>\n<p>Poenget er at det er \u00f8konomi som er avgjerande for utbyggars val av omr\u00e5de. Utbyggarar vi snakkar med fortel at det ofte er billigare \u00e5 bygge i ur\u00f8rt natur framfor p\u00e5 gr\u00e5 areal. Det m\u00e5 derfor komme \u00f8konomiske incentiv for gjenbruk av gr\u00e5 areal.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Helge Eide\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Benyamin Farnam \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Helge Eide, KS-direkt\u00f8r<\/p>\n<p>Vi vil sv\u00e6rt gjerne fortsette og forsterke det vi opplever som ein god dialog med nasjonale myndigheiter om korleis oppdatert kunnskapgrunnlag om natur og milj\u00f8effektar av planlagd utbygging kan gjerast lettes mogleg tilgjengeleg i den praktiske kvardagen b\u00e5de for tilsette og folkevalde i kommunane. <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Tom-Christer Nilsen smilande i dress\"  width=\"3840\" height=\"2155\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Simen Sundfjord Otterlei \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Tom-Christer Nilsen, Bergen n\u00e6ringsr\u00e5d<\/p>\n<p>Det ligg grundige vurderingar og prosessar bak kommuneplanar og reguleringsplanar. Dette kan ikkje brukast som eit argument for \u00e5 stramme inn p\u00e5 arealdisponeringa i kommunane. Som ein peikar p\u00e5 i rapporten \u2013 bildet i rapporten m\u00e5 justerast med lokalkunnskap.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Wedege\"  width=\"3840\" height=\"2159\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Naturviterne\n      <\/p>\n<p>Morten Wedege, forbundsleiar i Naturviterne<\/p>\n<p>Rapporten viser faren for at naturverdiar og viktige produksjonsareal for skog- og treindustri kan forsvinne.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Carlo Aall\"  width=\"3840\" height=\"2158\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Sondre Dalaker\n      <\/p>\n<p>Carlo Aall, Norsk senter for berekraftig klimatilpassing ved Vestlandsforsking<\/p>\n<p>Det er positivt at s\u00e5pass mange kommunar viser interesse for \u00e5 gjennomf\u00f8re s\u00e5kalla \u00abplanvask\u00bb\u00a0og at staten st\u00f8ttar opp om dette arbeidet.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"ein kvinne med langt h\u00e5r\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Terje Pedersen \/ NTB\n      <\/p>\n<p>Hilde Singsaas, Direkt\u00f8r for Milj\u00f8direktoratet<\/p>\n<p>Ein vesentleg del av n\u00e6ringsareala som er sette av r\u00e5kar viktige naturareal, dette kan endrast i ein planvask.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Tapt natur mens du har lest denne saken:<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>22.09.2025, kl. 05.15<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert \u2022 Ein ny rapport fr\u00e5 Milj\u00f8direktoratet viser at nesten halvparten av dei planlagde n\u00e6ringsareala i Noreg&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":41915,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-41914","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/41914","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=41914"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/41914\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/41915"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=41914"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=41914"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=41914"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}