{"id":42206,"date":"2025-09-22T15:47:12","date_gmt":"2025-09-22T15:47:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/42206\/"},"modified":"2025-09-22T15:47:12","modified_gmt":"2025-09-22T15:47:12","slug":"ber-alle-bedrifter-tenkje-ut-ein-plan-b-for-kriser-og-krig","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/42206\/","title":{"rendered":"Ber alle bedrifter tenkje ut ein plan B for kriser og krig"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Ei betre f\u00f8rebudd befolkning styrkjer heile Noregs beredskap. No oppmodar vi ogs\u00e5 verksemdene til \u00e5 f\u00f8rebu seg. Det er viktig for kvar enkelt bedrift, men ogs\u00e5 for kundar, brukarar og heile samfunnet som er avhengig av at verksemdene fungerer, seier justisminister Astri Aas-Hansen (Ap).<\/p>\n<p>Torsdag presenterte justisministeren og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) eigenberedskapsr\u00e5da for alle norske verksemder. Dei tilr\u00e5r alle \u00e5 ha ein plan for kva dei gjer ved ulike kriser.<\/p>\n<p>Straum og knekkebr\u00f8d<\/p>\n<p>Hushalda v\u00e5re fekk i fjor ein brosjyre med r\u00e5d om eigenberedskap. Befolkninga vart beden om \u00e5 f\u00f8rebu seg slik at dei har dekt dei mest grunnleggjande behova i ei krise. Det gjeld \u00e5 tenkje gjennom korleis ein held varmen, f\u00e5r lys og lagar mat om straumen forsvinn, om ein har nok vatn og haldbare matvarer, sikrar seg informasjon, har n\u00f8dvendige legemiddel og det ein treng for hygiene.<\/p>\n<p>Direkt\u00f8r Elisabeth Aars\u00e6ther i DSB seier at r\u00e5da har hatt stor effekt, og i dag kjenner dei fleste vaksne til r\u00e5da.<\/p>\n<p>\u2013 For \u00e5 ha eit samfunn som fungerer godt i alle slags situasjonar, er det avgjerande at ogs\u00e5 verksemder er f\u00f8rebudde p\u00e5 \u00e5 handtere kriser. Ei bedrift som har ein plan B, gjer Noreg meir robust og er med p\u00e5 \u00e5 styrkje samfunnstryggleiken, seier DSB-direkt\u00f8ren.<\/p>\n<p>Slik lagar du ein plan B<\/p>\n<p> Det er <a href=\"https:\/\/www.dsb.no\/ros-og-beredskap\/beredskap-og-krisehandtering\/rad-om-egenberedskap-for-virksomheter\/\" rel=\"noopener nofollow\" target=\"_blank\">spikra fem r\u00e5d<\/a> til korleis alle verksemdene skal g\u00e5 fram: 1. Kartlegg kritiske omr\u00e5de, 2. Vurder konsekvensane av forstyrringar eller stans, 3. Skaff oversikt over avhengnader, 4. Gjennomf\u00f8r tiltak for \u00e5 sikre drift og 5. Ha ein plan for gjenoppretting og normalisering.<\/p>\n<p>Direktoratet ber leiarar tenkje gjennom kva aktivitetar som er dei mest kritiske og kva aktivitetar bedrifta er avhengig av. I tillegg m\u00e5 ein tenkje over konsekvensane dersom det blir eit avbrot i verksemda. Det kan vere om omd\u00f8mmet lid, eller det kan vere alvorleg konsekvens for enkeltpersonar eller andre verksemder.<\/p>\n<p>P\u00e5 same m\u00e5te m\u00e5 ein f\u00e5 oversikt over dei viktigaste ressursane som ein er heilt avhengig av.<\/p>\n<p>Leiaransvar<\/p>\n<p>Deretter m\u00e5 ein tenkte p\u00e5 kva ein vil gjere for \u00e5 sikre at verksemder kan halde fram, uansett \u00e5rsak. Til slutt er det godt \u00e5 ha ein plan for kva ein gjer for \u00e5 komme tilbake til normal drift etter hendinga.<\/p>\n<p>\u2013 Eg h\u00e5par alle med leiaransvar les r\u00e5da og vurderer kva som kan gjerast for \u00e5 styrkje beredskapen p\u00e5 arbeidsplassen sin. Dette handlar ikkje berre om \u00e5 verne eiga verksemd, men om \u00e5 bidra til eit meir robust Noreg, seier Aars\u00e6ther i DSB.<\/p>\n<p>(\u00a9NPK)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Ei betre f\u00f8rebudd befolkning styrkjer heile Noregs beredskap. No oppmodar vi ogs\u00e5 verksemdene til \u00e5 f\u00f8rebu seg.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":42207,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-42206","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42206","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=42206"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42206\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/42207"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=42206"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=42206"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=42206"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}