{"id":42299,"date":"2025-09-22T17:42:29","date_gmt":"2025-09-22T17:42:29","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/42299\/"},"modified":"2025-09-22T17:42:29","modified_gmt":"2025-09-22T17:42:29","slug":"to-lag-fra-more-og-romsdal-kjempar-om-opprykk-til-toppserien-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/42299\/","title":{"rendered":"To lag fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal kjempar om opprykk til Toppserien \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Det er herleg \u00e5 vere kaptein for AaFK Fortuna m\u00e5ndag. Tre nye poeng blei sikra i helga, og med det tok dei eit stort steg n\u00e6rare opprykk.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg har det veldig fint. Livet er lett n\u00e5r ein vinn fotballkampar. Det var lett \u00e5 st\u00e5 opp i dag og g\u00e5 p\u00e5 jobb, smiler kaptein for AaFK Fortuna, Mette Muri. <\/strong><\/p>\n<p>To lag fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal kan rykke opp i Toppserien<\/p>\n<p>Kapteinen har grunn til \u00e5 smile. For n\u00e5r tre serierundar st\u00e5r att ligg laget p\u00e5 andreplass p\u00e5 tabellen, berre eitt poeng bak serieleiaren i f\u00f8rstedivisjon.<\/p>\n<p>Og kanskje enda viktigare: Det er heile sju poeng ned til fjerdeplass.<\/p>\n<p>I \u00e5r vil dei tre \u00f8vste laga i f\u00f8rstedivisjon rykke opp til Toppserien etter at det blei bestemt at den blir utvida fr\u00e5 10 til 12 lag neste \u00e5r.<\/p>\n<p>AaFK Fortuna m\u00e5 derfor berre vinne \u00e9in kamp til for \u00e5 sikre opprykket.<\/p>\n<p>Laget har dei to siste sesongane hatt m\u00e5l om opprykk, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/1.-divisjonslaget-aafk-fortunas-hap-om-toppserien-er-over-1.17120178\" ec-id=\"pp:1.17120178\" ec-name=\"men det har mislykkast.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">men det har mislykkast.<\/a><\/p>\n<p>I \u00e5r har laget hatt ein annan strategi enn tidlegare for \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 n\u00e5 m\u00e5let. I staden for \u00e5 fokusere p\u00e5 resultat, s\u00e5 har dei jobba med \u00e5 ha fokus p\u00e5 eigen prestasjon for \u00e5 utvikle spelet sitt. I tillegg skryt kapteinane av korleis treningskvardagen har vore.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person i svart skjorte\" title=\"Foto: Frederik Winness Ringnes \/ Frederik Ringnes\/NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">ARKIVBILDE: Kaptein Mette Muri og resten av AaFK Fortuna kan ogs\u00e5 rykke opp dersom Molde vinn over \u00c5sane neste serierunde. Da kan ikkje \u00c5sane som er p\u00e5 fjerdeplass ta igjen AaFK Fortuna. <\/p>\n<p>Foto: Frederik Winness Ringnes \/ Frederik Ringnes\/NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 Og no er vi i ein posisjon som er veldig kul \u00e5 st\u00e5 i der vi manglar \u00e9in siger. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 <strong>S\u00e5 vi er veldig forn\u00f8gde, og gler oss masse til neste kamp, seier Muri.<\/strong><\/p>\n<p>Molde kan g\u00e5 fr\u00e5 2. divisjon til Toppserien p\u00e5 to sesongar<\/p>\n<p>Og med seg opp i den \u00f8vste divisjonen kan AaFK Fortuna f\u00e5 med seg Molde. Molde rykte opp til f\u00f8rstedivisjon til denne sesongen. Med ein f\u00f8rebels tredjeplass p\u00e5 tabellen har dei no sjans til \u00e5 rykke opp til Toppserien etter berre \u00e9in sesong i f\u00f8rstedivisjon.<\/p>\n<p>Trenar i Molde, Kent Rudning, er forn\u00f8gd med at dei ligg s\u00e5pass h\u00f8gt p\u00e5 tabellen, og glad for at dei spelar om opprykk.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann i bl\u00e5 uniform\" title=\"Foto: Roar Jonny Str\u00f8m \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Trenar i Molde, Kent Rudning, b\u00f8r vinne to kampar til for \u00e5 vere sikra opprykk. <\/p>\n<p>Foto: Roar Jonny Str\u00f8m \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Det er utruleg artig. At vi sj\u00f8lv har sett oss i den posisjonen gjer at vi har gjort noko rett i l\u00f8pet av sesongen. Det er ei spelargruppe som har jobba knallhardt fr\u00e5 vi byrja i januar og fram til no. Det er utruleg kjekt \u00e5 ha vore med p\u00e5 den reisa der, seier Rudning.<\/p>\n<p>Han trur AaFK Fortuna rykke opp, men t\u00f8r ikkje anna enn \u00e5 h\u00e5pe at eige lag skal klare det.<\/p>\n<p>Kaptein for Molde, Laura Guldbjerg Pedersen, t\u00f8r meir enn \u00e5 h\u00e5pe.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Laura Guldbjerg Pedersen f\u00f8rebur seg til trening.\" title=\"Foto: Remi Sagen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">ARKIVBILDE: Kaptein Laura Guldbjerg Pedersen har trua p\u00e5 at dei klarer opprykk. Ho meiner laget er best n\u00e5r dei m\u00f8ter god motstand. Her f\u00f8rebur laget seg til trening. <\/p>\n<p>Foto: Remi Sagen \/ NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi har det i v\u00e5re eigne hender. Eg har rimeleg god tru, og god kjensle om at vi skal f\u00e5 det til, seier ho.<\/strong><\/p>\n<p>Trur p\u00e5 opprykk<\/p>\n<p>B\u00e5de AaFK Fortuna og Molde har dei siste \u00e5ra jobba hardt for \u00e5 n\u00e5 toppen. No f\u00e5r dei l\u00f8nn for strevet. Tidlegare verdsmeister i fotball, Ann Kristin Aar\u00f8nes, trur begge laga kan n\u00e5 Toppserien neste \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Det er tredje \u00e5ret vi pr\u00f8ver. No har eg verkeleg trua. Og s\u00e5 er det sterkt av Molde som nyopprykt, som ligg an til \u00e5 rykke opp vidare eitt steg, seier Aar\u00f8nes.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ann Kristin Aar\u00f8nes som har p\u00e5 seg sponsorgenser\" title=\"Foto: Svein Ove Ekornesv\u00e5g \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ann Kristin Aar\u00f8nes er tidlegare verdsmeister i fotball. No jobbar ho i AaFK. <\/p>\n<p>Foto: Svein Ove Ekornesv\u00e5g \/ NTB<\/p>\n<p>Aar\u00f8nes er tidlegare spelar for Spjelkavik og Trondheim\/\u00d8rn. Dei siste \u00e5ra har ho jobba i administrasjonen i AaFK.<\/p>\n<p>Aar\u00f8nes meiner at satsinga p\u00e5 betre l\u00f8nn og vilk\u00e5r i kvinnefotballen er viktig for framgangen.<\/p>\n<p>\u2013 No har forholda endra seg. Du kan b\u00e5de f\u00e5 l\u00f8nn og anna, som gjer det lettare \u00e5 halde p\u00e5 spelarane, seier Aar\u00f8nes.<\/p>\n<p>Sikra seg stor sponsoravtale<\/p>\n<p>Begge laga sikra seg denne sesongen ein <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sport\/to-kvinneklubber-pa-niva-to-fikk-kjempeavtale-_-sikret-7-millioner-kroner-hver-i-aret-1.17344196\" ec-id=\"pp:1.17344196\" ec-name=\"stor sponsoravtale fr\u00e5 Sparebanken M\u00f8re.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">stor sponsoravtale fr\u00e5 Sparebanken M\u00f8re.<\/a> Dei neste fem sesongane vil begge laga \u00e5rleg f\u00e5 7 millionar kroner.<\/p>\n<p>Til samanlikning hadde to av dei st\u00f8rste klubbane i Toppserien, Rosenborg og Brann, <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/sport\/i\/AvgBpq\/molde-fk-kvinner-og-aafk-fortuna-inngaar-historisk-stor-avtale\" ec-id=\"https:\/\/www.vg.no\/sport\/i\/AvgBpq\/molde-fk-kvinner-og-aafk-fortuna-inngaar-historisk-stor-avtale\" ec-name=\"i fjor totale sponsorinntekter p\u00e5 rundt 8 millionar kroner\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">i fjor totale sponsorinntekter p\u00e5 rundt 8 millionar kroner<\/a>, if\u00f8lge VG.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en mann og en kvinne p\u00e5 en TV-skjerm\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Begge klubbane er sv\u00e6rt forn\u00f8gde med sponsoravtalen dei sikra seg. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Kapteinen p\u00e5 AaFK Fortuna meiner avtalen har mykje \u00e5 seie.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det at dei i \u00e5r g\u00e5r inn med ein s\u00e5pass stor sum det viser at dei verkeleg satsar og har trua p\u00e5 oss og \u00f8nsker \u00e5 l\u00f8fte jentefotballen i M\u00f8re og Romsdal, s\u00e5 dei pengane har vore gull verdt for oss, seier ho.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en kvinne med langt h\u00e5r\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Maria Elena Kvalen er nestleiar i AaFK Fortuna og Aalesunds fotballklubb. Det er same styre i begge klubbane, som blir fusjonerte 1. januar 2026. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Maria Elena Kvalen er nestleiar i styret i Aalesunds fotballklubb. Ho seier sponsoravtalen har gitt klubben viktig handlingsrom, og at den ogs\u00e5 gir spelarane ein meir profesjonell kvardag.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Den har vore kjempeviktig. <\/strong><\/p>\n<p>Det same meiner kollegaene i Molde, som viser til at b\u00e5de rammene rundt kamp, og innsatsen i laget blir p\u00e5verka.<\/p>\n<p>Uansett er fokuset n\u00e5 p\u00e5 dei tre siste serierundane i begge klubbane.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Akkurat no ser det veldig bra ut, men jobben m\u00e5 gjerast framleis, vi har ein kamp igjen vi m\u00e5 vinne. S\u00e5 sjansen er stor, men jobben m\u00e5 framleis gjerast. Det er det kjedelege svaret, seier kaptein i AaFK Fortuna, Mette Muri.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>22.09.2025, kl. 17.03<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det er herleg \u00e5 vere kaptein for AaFK Fortuna m\u00e5ndag. Tre nye poeng blei sikra i helga, og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":42300,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-42299","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42299","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=42299"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42299\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/42300"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=42299"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=42299"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=42299"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}