{"id":427164,"date":"2026-11-24T21:33:10","date_gmt":"2026-11-24T21:33:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/427164\/"},"modified":"2026-11-24T21:33:10","modified_gmt":"2026-11-24T21:33:10","slug":"russlands-triumf-i-afrika-er-en-myte","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/427164\/","title":{"rendered":"Russlands triumf i Afrika er en myte"},"content":{"rendered":"<p>Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne.<\/p>\n<p>S\u00f8ndag vart eit av Russlands nyaste krigsskip senka ved marinebasen i Benghazi i Libya. M\u00e5ndag <a href=\"https:\/\/www.reuters.com\/world\/europe\/zelenskiy-says-ukraine-sank-russian-corvette-near-libyas-coast-hit-cargo-ship-2026-11-23\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">stadfesta president Volodymyr Zelenskyj at Ukraina stod bak<\/a>.<\/p>\n<p>Hamna i Libya var eit logistisk knutepunkt for Russlands milit\u00e6re eventyr i Afrika. <\/p>\n<p>Historia om det russiske krigsskipet p\u00e5 havets botn i Libya er ein illustrerande detalj i fortellinga om Russland i Afrika. Det g\u00e5r ikkje n\u00f8dvendigvis s\u00e5 bra  som mange skal ha det til.<\/p>\n<p>Det same var eit gjentakande tema f\u00f8rre veke, d\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/en\/whats-new\/nordic-african-foreign-ministers-meeting-in-oslo\/id3194270\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">representantar fr\u00e5 30 afrikanske og fem nordiske land var samla i Oslo<\/a> til det nordisk-afrikanske utanriksministerm\u00f8tet.<\/p>\n<p>Det meste av m\u00f8ta i Oslo gjekk f\u00f8re seg bak lukka d\u00f8rer. Men kjelder med innsikt i kva som skjedde der, fortel til Panorama om ein s\u00e6rleg interessant observasjon: <\/p>\n<p>Fleire av dei afrikanske landa til stades meinte at Russland ikkje er s\u00e5 dominerande i Afrika som mange vestlege land har trudd. Den russiske populariteten er heller ikkje s\u00e5 stor som ein kan f\u00e5 inntrykk av.<\/p>\n<p>Russland mindre popul\u00e6re i Afrika<\/p>\n<p>Det finst solide tal som st\u00f8ttar denne p\u00e5standen.<\/p>\n<p>I mars publiserte forskingsnettverket Afrobarometer <a href=\"https:\/\/www.afrobarometer.org\/publication\/ad1139-popular-perceptions-of-russia-lag-even-as-its-influence-grows-across-africa\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">ei omfattande unders\u00f8king av afrikanarane sitt syn p\u00e5 internasjonale stormakter<\/a>. <\/p>\n<p>Berre 36 prosent vurderte d\u00e5 Russlands \u00f8konomiske og politiske innverknad i sitt eige land som positiv. Til samanlikning hadde 50 prosent eit positivt syn p\u00e5 EU, 52 prosent p\u00e5 USA og 62 prosent p\u00e5 Kina.<\/p>\n<p>23 prosent vurderte faktisk den russiske p\u00e5verknaden som negativ.<\/p>\n<p>Dette samsvarer med eit anna gjennomg\u00e5ande poeng fr\u00e5 samtalane i Oslo: Mange afrikanske land \u00f8nsker ikkje \u00e5 velje side. Dei vil halde fast i ei strategisk 360-graders tiln\u00e6rming for samarbeid i sin utanrikspolitikk \u2013 slik den vart omtalt under samtalane i Oslo. Det betyr for dei at samarbeidet med Russland, Kina, Europa og USA ikkje n\u00f8dvendigvis skal utelukke kvarandre. <\/p>\n<p>Det er alts\u00e5 ikkje slik at dei som har eit positivt syn p\u00e5 Russland, automatisk har eit negativt syn p\u00e5 Vesten.\u00a0<\/p>\n<p>Russland og dei vestafrikanske milit\u00e6rdiktatura<\/p>\n<p>Fortellinga om Russlands dominans har vore spesielt sterk i Vest-Afrika dei siste \u00e5ra. Mali, Niger og Burkina Faso har alle g\u00e5tt gjennom milit\u00e6rkupp, og dei nye autorit\u00e6re styresmaktene har brote med gamle vestlege allierte.<\/p>\n<p>S\u00e6rleg Frankrike har f\u00e5tt eit anstrengt forhold til dei tidlegare koloniane sine. Franskmennene m\u00e5tte p\u00e5 audmjukande vis forlate Mali i 2022. Inn kom f\u00f8rst den russiske Wagner-gruppa, som i 2025 vart erstatta av det russiske Afrika-korpset, direkte underlagt forsvarsdepartementet i Moskva.<\/p>\n<p>Mali er eit av f\u00e5 afrikanske land, der Russland verkeleg er popul\u00e6re. Heile 88 prosent av dei spurde i Afrobarometer-unders\u00f8kinga hadde eit positivt syn p\u00e5 russisk p\u00e5verking. Blant dei som kjende til Ukraina-krigen, meinte 72 prosent at Mali burde st\u00f8tte Russland. <\/p>\n<p>Men Mali er heller unntaket, enn regelen, p\u00e5 det afrikanske kontinentet.<\/p>\n<p>Grunngjevinga for \u00e5 invitere russarane inn har handla om behovet for \u00e5 kjempe mot islamistiske terroristar og v\u00e6pna oppr\u00f8rsgrupper. Sahel har i \u00e5revis vore prega av ein stadig meir alvorleg tryggleikssituasjon, og dei vestlegst\u00f8tta milit\u00e6roperasjonane klarte ikkje \u00e5 stanse utviklinga.<\/p>\n<p>Situasjonen i Sahel stod eigentleg ikkje p\u00e5 programmet for m\u00f8tet i Oslo, men vart likevel ein del av dei lukka samtalane mellom utanriksminister Espen Barth Eide og dei nordiske og afrikanske kollegaene hans.<\/p>\n<p>Russarane leverer regimevern, men ikkje tryggleik<\/p>\n<p>Eit sentralt sp\u00f8rsm\u00e5l var kvifor Russland fekk denne posisjonen i Vest-Afrika p\u00e5 bekostning av vestlege land som Frankrike. Fylte russarane hol som vestlege land ikkje kunne dekke? Handla det om at Russland var betre i stand til \u00e5 bidra til \u00e5 halde milit\u00e6rregima ved makta? Eller hadde dei afrikanske landa rett og slett valt bort Vesten?<\/p>\n<p>Svaret er nok i tr\u00e5d med slagordet til ein tidlegare norsk statsminister: Alt heng saman med alt.<\/p>\n<p>Russland har vore villig til \u00e5 levere milit\u00e6re tenester som vestlege land av politiske og menneskerettslege grunnar har vore langt meir tilbakehaldne med. Dei nye styresmaktene har \u00f8nskt \u00e5 bruke hardare makt mot v\u00e6pna oppr\u00f8rarar og jihadistgrupper. Russland har dessutan vore villig til \u00e5 st\u00f8tte autorit\u00e6re styresmakter utan dei same krava om demokratiske reformer.<\/p>\n<p>Eit konkret d\u00f8me kom fr\u00e5 Niger i august. D\u00e5 misn\u00f8gde soldatar gjorde oppr\u00f8r mot milit\u00e6rregimet til Abdourahamane Tiani, <a href=\"https:\/\/www.reuters.com\/world\/europe\/niger-says-it-regains-control-airbase-after-soldiers-mutiny-2026-08-30\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">bidrog russiske styrkar fr\u00e5 Afrika-korpset til \u00e5 sl\u00e5 ned oppr\u00f8ret<\/a>. If\u00f8lge Reuters spela russarane ei viktig rolle i \u00e5 sikre kontrollen over ein milit\u00e6r flybase i hovudstaden Niamey.<\/p>\n<p>Dette illustrerer kva slags tryggleik Russland er i stand til \u00e5 levere. Det handlar ikkje berre om \u00e5 kjempe mot islamistiske oppr\u00f8rarar, men ogs\u00e5 om \u00e5 verne regima som har invitert russarane inn. P\u00e5 same tid er det tvilsamt om det russiske n\u00e6rv\u00e6ret har gjort landa tryggare.<\/p>\n<p>Torsdag i f\u00f8rre veke publiserte til d\u00f8mes\u00a0<a href=\"https:\/\/www.reuters.com\/world\/africa\/russias-africa-corps-deploys-new-drone-mali-strikes-increase-analysis-says-2026-11-19\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Reuters ei ny unders\u00f8king av den russiske dronekrigf\u00f8ringa i Mali<\/a>. Analysen viste at dei russiske styrkane hadde teke i bruk nye angrepsdronar, og at det er sivile maliarar som m\u00e5 betale med liva sine.<\/p>\n<p>Det russiske Afrika-korpset har no om lag 2500 soldatar i Mali. Likevel er det lite som tyder p\u00e5 at landet er tryggare enn f\u00f8r dei kom.<\/p>\n<p>Russland er ingen \u00f8konomisk stormakt<\/p>\n<p>Russland har alts\u00e5 f\u00e5tt ein viktig milit\u00e6r posisjon i delar av Afrika, utan at det dermed betyr at landet har f\u00e5tt ein tilsvarande politisk eller \u00f8konomisk dominans.<\/p>\n<p>Det er lett \u00e5 forst\u00e5 kvifor dersom ein studerer dei \u00f8konomiske grafane:\u00a0<a href=\"https:\/\/ecfr.eu\/article\/choreographing-a-comeback-what-russias-africa-policy-means-for-europe\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">If\u00f8lgje European Council on Foreign Relations<\/a> handla Russland varer med Afrika for om lag 27 milliardar dollar i 2025. Til samanlikning var <a href=\"https:\/\/webgate.ec.europa.eu\/isdb_results\/factsheets\/region\/details_africa-all-countries_en.pdf\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">varehandelen mellom EU og Afrika p\u00e5 n\u00e6r 356 milliardar euro<\/a>.<\/p>\n<p>Trass i god tilgang p\u00e5 v\u00e5pen og r\u00e5 makt, har Russland langt mindre kapasitet enn dei vestlege land og Kina til \u00e5 bidra med handel, investeringar, infrastruktur og utviklingsfinansiering.<\/p>\n<p>Samtidig har den vestlege tilbaketrekkinga f\u00e5tt store \u00f8konomiske konsekvensar.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/committees.parliament.uk\/writtenevidence\/169413\/html\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Tal fr\u00e5 OECD, presenterte av Verdas matvareprogram for det britiske parlamentet<\/a>, viser at bistanden fr\u00e5 EU-institusjonane til Mali, Niger og Burkina Faso fall fr\u00e5 693 millionar dollar i 2020 til 279 millionar dollar i 2024. Det er ein nedgang p\u00e5 60 prosent. <\/p>\n<p>I Niger var nedgangen p\u00e5 heile 78 prosent.<\/p>\n<p>Det er mange vanlege menneske i desse landa som merkar konsekvensane av kutta mest. Sahel er framleis prega av omfattande humanit\u00e6re kriser, og behova for mat, utdanning og grunnleggjande helsetenester er store.<\/p>\n<p>Fleire av kuppregima var ikkje til stades under samtalane i Oslo. Mali, Niger og Burkina Faso er suspenderte fr\u00e5 Den afrikanske unionen og stod derfor ikkje p\u00e5 deltakarlista. Likevel var det eit viktig sp\u00f8rsm\u00e5l korleis dei nordiske landa skal forhalde seg til desse styresmaktene.<\/p>\n<p>I motsetning til Frankrike har Noreg framleis eit relativt godt omd\u00f8mme i fleire vestafrikanske land. Noreg har gjennom mange \u00e5r vore ein utviklingspartnar, har halde tett kontakt og har mindre historisk bagasje enn fleire andre europeiske land.<\/p>\n<p>Norsk engasjement st\u00e5r ved lag<\/p>\n<p>Etter milit\u00e6rkuppa var det lenge kontroversielt \u00e5 engasjere seg direkte med dei nye styresmaktene. No er det teikn til at denne engasjementslinja er blitt mindre kontroversiell. Men dilemmaet st\u00e5r ved lag: \u00c5 engasjere seg kan bidra til \u00e5 halde liv i regimer vi ikkje likar eller h\u00e5par skal f\u00e5 halde fram.<\/p>\n<p>I <a href=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/dokumenter\/strategi-for-norsk-innsats-i-sahel\/id3078279\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">den norske Sahel-strategien for 2024\u20132030<\/a> blir det sl\u00e5tt fast at direkte bistandssamarbeid med ikkje-demokratiske styresmakter ikkje er aktuelt. Samstundes er det naudsynt \u00e5 snakke med delar av statsforvaltninga, dersom vi skal kunne  drive humanit\u00e6r innsats, utviklingsarbeid og arbeid for demokratiske overgangar.<\/p>\n<p>                <img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/11\/436329.webp\" width=\"480\" height=\"269\" alt=\"\" loading=\"lazy\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Afrikanske land var sterkt representert med fleire av sine utanriksministrar i Oslo f\u00f8rre veke.<br \/>\n            Foto: Stine \u00d8stby\/UD\n        <\/p>\n<p>Norge har med andre ord bestemt seg for \u00e5 halde fram engasjementet i Sahel, utan \u00e5 bidra til \u00e5 legitimere milit\u00e6rregima. Det er mildt sagt ein krevjande balansegang, men eit tydeleg anna tiln\u00e6rming enn den russiske.<\/p>\n<p>Det norske omd\u00f8mmet og den nordiske merkevara er ikkje uvesentlege storleikar i denne samanhengen. Under samtalane i Oslo kom det fram eit tydeleg \u00f8nske om at dei nordiske landa i st\u00f8rre grad b\u00f8r opptre samla. Kunnskapssamarbeid, teknologi, investeringar og utdanning vart etterlyst \u2013 meir enn den tradisjonelle bistanden, skal vi tru dei som var til stades.<\/p>\n<p>Afrika har verdas yngste befolkning, med ein <a href=\"https:\/\/www.pewresearch.org\/short-reads\/2026\/05\/19\/5-facts-about-africas-population-growth\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">medianalder p\u00e5 om lag 19 \u00e5r<\/a>. Det er venta at afrikanske land vil spele ei stadig viktigare rolle p\u00e5 verdsscena, i internasjonal politikk og multilateralt samarbeid framover. D\u00e5 er det ikkje irrelevant for norsk og nordisk utanrikspolitikk kva formar for samarbeid vi bygger med dei i \u00e5ra som kjem.<\/p>\n<p>Men det er alts\u00e5 lite som tyder p\u00e5 at Afrika fell i hendene p\u00e5 Russland med det f\u00f8rste. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dette er en kommentar. Meninger i teksten er skribentens egne. S\u00f8ndag vart eit av Russlands nyaste krigsskip senka&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":427165,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[12],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27,42,43,44,45],"class_list":["post-427164","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-verden","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-top-stories","tag-topstories","tag-verden","tag-world","tag-world-news","tag-worldnews"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117673564901591765","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427164","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=427164"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/427164\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/427165"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=427164"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=427164"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=427164"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}