{"id":42944,"date":"2025-09-23T11:50:08","date_gmt":"2025-09-23T11:50:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/42944\/"},"modified":"2025-09-23T11:50:08","modified_gmt":"2025-09-23T11:50:08","slug":"nato-om-russisk-krenking-av-europeisk-luftrom-nrk-urix-utenriksnyheter-og-dokumentarer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/42944\/","title":{"rendered":"Nato om russisk krenking av europeisk luftrom \u2013 NRK Urix \u2013 Utenriksnyheter og -dokumentarer"},"content":{"rendered":"<p>Krenkinga av estisk luftrom fredag f\u00f8rre fredag er ein del av eit st\u00f8rre m\u00f8nster, meiner Nato.<\/p>\n<p>Generalsekret\u00e6r Mark Rutte heldt ein pressekonferanse i etterkant av eit m\u00f8te mellom dei 32 medlemslanda i Brussel i dag.<\/p>\n<p>Der omtala han Russlands handlingar som \u00abeskalerande, risikokalkulerande og farlege\u00bb, og sa at Nato vil ta i bruk alle milit\u00e6re og ikkje-milit\u00e6re middel for \u00e5 avskrekke dei og forsvare seg.<\/p>\n<p>Men han ville ikkje svare p\u00e5 om dette betyr at Nato vil skyte ned alle framande fly som kjem inn i alliansens luftrom.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"\" title=\"Foto: FORSVARSMAKTEN \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Eit bilde fr\u00e5 svenske myndigheiter viser eit russisk MiG-31-jagarfly over det baltiske havet.<\/p>\n<p>Foto: FORSVARSMAKTEN \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Nato er ein forsvarsallianse, men for \u00e5 avskrekke Russland m\u00e5 dei tru at vi er i stand til motangrep. Er alliansen klar til \u00e5 skremme russarane? spurte journalisten Joachim Clementi fr\u00e5 den estiske allmennkringkastaren.<\/p>\n<p>\u2013 Absolutt. Men vi m\u00e5 alltid gjere det p\u00e5 ein m\u00e5te som vurderer situasjonen, svarte Rutte.<\/p>\n<p>Korrespondent i Brussel, Anders B\u00f8rringbo.<\/p>\n<p>Krenka norsk luftrom<\/p>\n<p>Tysdag ettermiddag sende den norske regjeringa ut ei <a href=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/norge-slutter-seg-til-natos-fordommelse-av-russisk-krenkelse-av-alliert-luftrom\/id3119874\/\" ec-id=\"https:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/norge-slutter-seg-til-natos-fordommelse-av-russisk-krenkelse-av-alliert-luftrom\/id3119874\/\" ec-name=\"pressemelding\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">pressemelding<\/a> som ramsa opp tre tilfelle av at russiske jagarfly har krenka norsk luftrom i \u00e5r.<\/p>\n<ul>\n<li>25. april flaug eit russisk jagarfly av typen SU-24 inn i norsk luftrom over havomr\u00e5da nordaust for Vard\u00f8. Flyet flaug gjennom norsk luftrom i fire minutt.<\/li>\n<li>24. juli flaug eit russisk fly av typen L410 Turbolet gjennom norsk luftrom over eit ikkje-busett omr\u00e5de langs landegrensa i \u00d8st-Finnmark i tre minutt.<\/li>\n<li>18. august flaug eit russisk jagarfly av typen SU-33 gjennom norsk luftrom over havomr\u00e5da nordaust for Vard\u00f8 i eitt minutt.<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Grensekrenkingane varte mellom eitt og fire minutt. Vi kan ikkje sl\u00e5 fast om dette er gjort medvite eller om det skuldast feilnavigering. Uavhengig av \u00e5rsak er dette ikkje akseptabelt, og det har vi gjort klart for russiske myndigheiter, seier statsminister Jonas Gahr St\u00f8re (Ap).<\/p>\n<p>Utanriksminister Espen Barth Eide seier at Stortinget og Nato har blitt halde orienterte, og at Noreg har bede Russland om ei forklaring.<\/p>\n<ul>\n<li><strong>Natt til tysdag blei b\u00e5de <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/stor-oslo\/oslo-lufthavn-stengt-grunnet-droneobservasjoner-1.17581396\" ec-id=\"pp:1.17581396\" ec-name=\"Gardermoen\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Gardermoen <\/a>og <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/droner-stenger-kobenhavn-lufthavn-1.17581342\" ec-id=\"pp:1.17581342\" ec-name=\"Kastrup\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Kastrup <\/a>stengde etter dronar over flyplassane. Rutte sa p\u00e5 pressekonferansen at han har vore i kontakt med Danmarks statsminister Mette Frederiksen om dette.<\/strong><\/li>\n<\/ul>\n<p>Jagarfly over Estland<\/p>\n<p>Bakgrunnen for m\u00f8tet i Brussel og pressekonferansen etterp\u00e5 er dei tre russiske MiG-31-jagarflya som <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/russiske-kampfly-i-estisk-luftrom_-_-en-ekstremt-farlig-provokasjon-1.17578180\" ec-id=\"pp:1.17578180\" ec-name=\"krenka estisk luftrom\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">krenka estisk luftrom<\/a> i rundt ti minutt den 19. september.<\/p>\n<p>Artikkel 4 i Nato-traktaten gir medlemsland rett til \u00e5 be om diskusjonar n\u00e5r deira territorielle integritet, politiske sj\u00f8lvstende eller sikkerheit blir trua.<\/p>\n<p>Seniorforskar Paul Buvarp ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) las Rutte som ein generalsekret\u00e6r som vil vise styrke.<\/p>\n<p>\u2013 Han vil vise evne og ikkje minste vilje til \u00e5 st\u00e5 opp mot dei provokasjonane vi har sett. Eg trur nok at dette er ei slags forsikring til dei mest nerv\u00f8se landa i aust om at alliansen st\u00e5r samla, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Paul Buvarp\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Paul Buvarp ved FFI.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>I eit <a href=\"http:\/\/nato.int\/cps\/en\/natohq\/official_texts_237721.htm?utm_source=socmed&amp;utm_medium=multi&amp;utm_campaign=230925%26NAC%26airspace\" ec-id=\"http:\/\/nato.int\/cps\/en\/natohq\/official_texts_237721.htm\" ec-name=\"utsegn\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">utsegn <\/a>som blei sendt ut etter m\u00f8tet, peika Nato b\u00e5de p\u00e5 luftromskrenkingane i Polen og Estland, s\u00e5 vel som i Finland, Latvia, Litauen, Romania og Noreg.<\/p>\n<p>\u2013 Russland b\u00f8r ikkje vere i tvil: Nato med allierte vil i tr\u00e5d med folkeretten ta i bruk alle n\u00f8dvendige milit\u00e6re og ikkje-milit\u00e6re verkemiddel for \u00e5 forsvare seg og avskrekke alle truslar fr\u00e5 alle hald. Vi skal halde fram med \u00e5 svare p\u00e5 den m\u00e5ten, til det tidspunktet og p\u00e5 det staden vi sj\u00f8lve vel.<\/p>\n<p>Hendinga i Estland skjedde berre nokre dagar etter at <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/palle-ydstebo-mener-droner-over-polen-var-bevisst-russisk-provokasjon-1.17564611\" ec-id=\"pp:1.17564611\" ec-name=\"polsk luftrom\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">polsk luftrom<\/a> blei krenka av russiske dronar. Etter dette kunngjorde Nato ein ny <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/urix\/nato-lanserer-operasjon-i-aust-europa-1.17569000\" ec-id=\"pp:1.17569000\" ec-name=\"operasjon for \u00e5 styrke alliansens austflanke\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">operasjon for \u00e5 styrke alliansens austflanke<\/a>, landa lengst aust i alliansen som ogs\u00e5 utgjer grenseomr\u00e5det mot Russland.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>23.09.2025, kl. 12.57<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>23.09.2025, kl. 13.49<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Krenkinga av estisk luftrom fredag f\u00f8rre fredag er ein del av eit st\u00f8rre m\u00f8nster, meiner Nato. Generalsekret\u00e6r Mark&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":42945,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-42944","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42944","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=42944"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42944\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/42945"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=42944"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=42944"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=42944"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}