{"id":42978,"date":"2025-09-23T12:30:28","date_gmt":"2025-09-23T12:30:28","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/42978\/"},"modified":"2025-09-23T12:30:28","modified_gmt":"2025-09-23T12:30:28","slug":"det-skjer-i-noreg-fvn-no","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/42978\/","title":{"rendered":"Det skjer i Noreg &#8211; fvn.no"},"content":{"rendered":"<p>Tamima Nibras Juhar vart drepen d\u00e5 ho var p\u00e5 arbeid. Den unge mannen ville skape frykt. Han er sikta for drap og terror og er fr\u00e5 ytre h\u00f8gre. Han liknar Anders Behring Breivik og Philip Manshaus. I 2001 tok nynazistar livet av Benjamin Hermansen.<\/p>\n<p>Ein mann, 42 \u00e5r og muslim, skaut to personar og skada minst 21 stykker i 2022. Offera var folk som sat p\u00e5 ein pub med mange homofile gjester. Dagen etter skulle Pride-paraden g\u00e5 i Oslo.<\/p>\n<p>Lily Bandehy skulle lansere boka \u00abKvinner i Islam, Islams forakt for kvinner\u00bb i 2021. P\u00e5 grunn av trugsm\u00e5l m\u00e5tte politiet vere der.<\/p>\n<p>Alle mordarane er norske statsborgarar.<\/p>\n<p>Det er utruleg at personar som har flykta fr\u00e5 valdelege statar og har f\u00e5tt opphald i Noreg, tek del i nokre av desse trugsm\u00e5la.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.fvn.no\/mening\/kommentar\/i\/73eP5K\/hun-som-ville-gjoere-verden-til-et-bedre-sted\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> <img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/>   Hun som ville gj\u00f8re verden til et bedre sted  <\/a> <\/p>\n<p>Den j\u00f8diske barnehagen i Oslo er sikra mot terror. V\u00e6pna politi held auga med synagoga. J\u00f8dar kjenner seg utrygge i Noreg.<\/p>\n<p>J\u00f8dar fekk ikkje lov til \u00e5 bu i Noreg fr\u00e5 1814. Riksforsamlinga trudde at j\u00f8dar ikkje ville bli ein del av samfunnet. J\u00f8dane gjekk til oppr\u00f8r, fr\u00e5 132-135, mot Romerriket. Keisar Hadrian knuste oppr\u00f8ret og j\u00f8dar fekk ikkje lov til \u00e5 bu i Jerusalem. Fr\u00e5 den tida har det budd j\u00f8dar i Europa. Med jamne mellomrom er dei vortne drepne eller utviste fr\u00e5 byar og land. J\u00f8dar har klart det utrulege, \u00e5 halde fast p\u00e5 sin religion og sine skikkar uansett kvar dei har budd. Dette er ei av \u00e5rsakene til antisemittismen som har eksistert i over 1500 \u00e5r.<\/p>\n<p>Etter 1945 ville ikkje nokon stat i Europa ta imot j\u00f8dar. Europa brydde seg ikkje om kven som budde i Israel. For Europa ville bli kvitt j\u00f8dar. Det er ein av grunnane til at staten Israel vart til. Landet fekk sitt eige forsvar. For f\u00f8rste gong p\u00e5 1812 \u00e5r kunne j\u00f8dar forsvare seg og leveviset sitt. Noreg tok imot f\u00e5 j\u00f8diske flyktningar fr\u00e5 1933 til 1940. Om lag 700 j\u00f8dar som hadde budd i Noreg, vart tekne livet av i Tyskland. Fleire av dei som kom attende, fekk vanskar med \u00e5 f\u00e5 att eigedommar dei \u00e5tte, etter freden. Kanskje er det grunnen til at Noreg s\u00e5 heilhjarta st\u00f8tta Israel fram til 1967? Dei siste \u00e5ra er det komne over 500.000 j\u00f8dar fr\u00e5 Iran, Irak og Syria til Israel.<\/p>\n<p>I dag er Palestinakomiteen sv\u00e6rt aktiv i d\u00f8mminga av Israel si framferd i Gaza. Dei brukar sterke ord. Ord som skal brenne seg fast i hukommelsen v\u00e5r. Eg opplever at Palestinakomiteen hevdar at Israel er ein illegitim stat, prega av vondskap. NRK sine sendingar fr\u00e5 Gaza, st\u00f8r opp under eit slikt inntrykk.<\/p>\n<p>Europa fekk nye grenser i 1945. Over ti millionar menneske m\u00e5tte flytte fr\u00e5 heimane sine, mellom dei 400.000 finnar.<\/p>\n<p>Stormaktene brydde seg lite om kva tilh\u00f8ve folk hadde til omr\u00e5det dei budde i. Dei ville bli kvitt j\u00f8dar, sj\u00f8lv om det budde palestinarar i omr\u00e5det der fr\u00e5 f\u00f8r. Palestinarar som flykta, ville ikkje noko arabisk land ta imot. Og kva stat i dag vil ta imot fem millionar j\u00f8dar, dersom staten Israel blir utsletta? Stormaktene som i si tid godtok opprettinga av Israel, klarer ikkje \u00e5 l\u00f8yse konfliktane dette har skapt. Konfliktar som n\u00e5 splittar oss i Noreg.<\/p>\n<p>Dei som bryt lova, f\u00e5r mykje omtale i media. Er det underleg at sinnet kan bl\u00f8me i sj\u00f8lvrettferdig harme? Me haustar slik me s\u00e5r.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Tamima Nibras Juhar vart drepen d\u00e5 ho var p\u00e5 arbeid. Den unge mannen ville skape frykt. Han er&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":42979,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[12],"tags":[20,21,274,24,25,3211,15,52,6753,22,23,13,30,6355,28,29,14,16,3370,3686,26,27,42,43,44,45],"class_list":{"0":"post-42978","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-verden","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-europa","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-flyktningar","14":"tag-headlines","15":"tag-israel","16":"tag-jodedom","17":"tag-latest-news","18":"tag-latestnews","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-noreg","22":"tag-norge","23":"tag-norway","24":"tag-nyheter","25":"tag-overskrifter","26":"tag-palestinakomiteen","27":"tag-terror","28":"tag-top-stories","29":"tag-topstories","30":"tag-verden","31":"tag-world","32":"tag-world-news","33":"tag-worldnews"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42978","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=42978"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/42978\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/42979"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=42978"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=42978"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=42978"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}