{"id":43125,"date":"2025-09-23T15:14:12","date_gmt":"2025-09-23T15:14:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/43125\/"},"modified":"2025-09-23T15:14:12","modified_gmt":"2025-09-23T15:14:12","slug":"tenaring-domt-til-fengsel-for-flere-vipps-ran","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/43125\/","title":{"rendered":"Ten\u00e5ring d\u00f8mt til fengsel for flere Vipps-ran"},"content":{"rendered":"<p>\u00abVipps-ran\u00bb g\u00e5r ut p\u00e5 \u00e5 truge nokon til \u00e5 opne betalingstenesta p\u00e5 mobilen sin og sende pengar til anten gjerningspersonen eller nokon andre hen kjenner.\u00a0<\/p>\n<p>I nokre tilfelle blir ogs\u00e5 forn\u00e6rma tatt med til n\u00e6raste minibank for \u00e5 ta ut pengar.<\/p>\n<p>Politiet har tidlegare \u00e5tvara om den forholdsvis nye ransmetoden, som i dei aller fleste tilfelle\u00a0<a href=\"https:\/\/www.tv2.no\/nyheter\/innenriks\/gi-meg-telefonen-din-ellers-banker-jeg-deg\/17036383\/\" target=\"_blank\" rel=\"nofollow noopener\">blir gjennomf\u00f8rt av mindre\u00e5rige mot mindre\u00e5rige<\/a>. <\/p>\n<p class=\"bold m-bold\" data-lab-font_weight=\"bold\"> Ein no 18 \u00e5r gamal mann er i Buskerud tingrett d\u00f8md til eitt \u00e5rs fengsel for seks ran og eitt ransfors\u00f8k etter denne metoden. <\/p>\n<p>M\u00e5 i fengsel<\/p>\n<p>TV 2 skreiv om tiltalen <a href=\"https:\/\/www.tv2.no\/nyheter\/innenriks\/tenaring-ma-i-retten-for-seks-vipps-ran\/17969927\/\" target=\"_blank\" rel=\"nofollow noopener\">mot den unge mannen i august<\/a>.<\/p>\n<p>Fleire av rana vart utf\u00f8rt i fellesskap med andre og tingretten er ikkje n\u00e5dige i skildringa si av korleis dette har blitt opplevd.<\/p>\n<p>\u2013 Det st\u00e5r fram som m\u00e5lretta, med alvorlege trugslar om represaliar om ein melder fr\u00e5 til politiet. Alle offera har hatt reaksjonar i ettertid og dei fleste har endra m\u00e5ten dei lever sine liv p\u00e5, samanfattar tingretten i dommen.<\/p>\n<p>Fleire av ransoffera er under 16 \u00e5r.<\/p>\n<p> Totalt skal mannen ha truga til seg eit pengebel\u00f8p p\u00e5 rundt 30.000 kroner, i tillegg til \u00e5 ha tatt eit par med Apple Airpods fr\u00e5 ein av dei forn\u00e6rma. <\/p>\n<p class=\"bold m-bold\" data-lab-font_weight=\"bold\">I dommen kjem det fram at eitt av ransutbyta gjekk til noko s\u00e5 trivielt som \u00e5 betale for ein pizza han \u00e5t saman med kompisane.<\/p>\n<p>    <a class=\"article__link\" data-ga-active-label=\"\" data-ga-active-label-animation=\"\" href=\"https:\/\/www.tv2.no\/nyheter\/innenriks\/han-moter-barna-i-fengsel-her-kan-de-ikke-sla-seg-ut\/17867379\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img class=\"image__img lazyload\" itemprop=\"image\" title=\"\" alt=\"\" width=\"978\" height=\"411\" bad-src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/17900232.webp\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>\n            Han m\u00f8ter barna i fengsel: \u2013 Her kan de ikke sl\u00e5 seg ut\n        <\/p>\n<p>    <\/a><\/p>\n<p>Ungdomsstraff vs. fengsel<\/p>\n<p>I utgangspunktet meiner retten passande straff for ein vaksen person er over to \u00e5rs fengsel.<\/p>\n<p>Men i dette tilfellet var den utanlandske statsborgaren 17 \u00e5r p\u00e5 gjerningstidspunkta. I tillegg er han d\u00f8md for liknande tilfelle av grove ran tidlegare.<\/p>\n<p>Det store temaet i retten var difor kva straff han skulle f\u00e5. Forsvararen bad om ein kombinasjon av ungdomsstraff og fengselsstraff.<\/p>\n<p>    <a class=\"article__link\" data-ga-active-label=\"\" data-ga-active-label-animation=\"\" href=\"https:\/\/www.tv2.no\/nyheter\/innenriks\/unge-lokkes-til-a-vippsvaske-penger-vi-ser-trusler-om-vold\/17758006\/\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img class=\"image__img lazyload\" itemprop=\"image\" title=\"\" alt=\"\" width=\"978\" height=\"411\" bad-src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/17774742.webp\" fetchpriority=\"auto\" \/><\/p>\n<p>\n            Unge lokkes til \u00e5 \u00abvippsvaske\u00bb penger: \u2013 Vi ser trusler om vold\n        <\/p>\n<p>    <\/a><\/p>\n<p>Derfor vart det fengsel<\/p>\n<p>Retten framhevar at ten\u00e5ringen sj\u00f8lv \u00f8nskjer \u00e5 gjera ei endring i sitt eige liv for \u00e5 kome seg ut av den kriminelle bana han har hamna i.<\/p>\n<p>I fengselet har han starta p\u00e5 skule og han held avtalane med barnevernstenesta.<\/p>\n<p>\u2013 Retten meiner likevel det er for stor risiko for at tiltalte ikkje klarar \u00e5 gjennomf\u00f8ra endringane i praksis. Han har tidlegare vist at han ikkje klarar \u00e5 halde seg unna kriminalitet n\u00e5r han ikkje har dei rammene rundt seg som eit fengsel representerer, skriv dei.<\/p>\n<p>At han har tilst\u00e5tt finn dei ogs\u00e5 formildande, og til slutt landar retten p\u00e5 at eitt \u00e5r fengsel er riktig straff.<\/p>\n<p>Han m\u00e5 ogs\u00e5 betala til saman 150.000 kroner i oppreisningserstatning til sju ransoffer.<\/p>\n<p>TV 2 har ikkje lukkast med \u00e5 f\u00e5 kommentar fr\u00e5 mannens forsvarar. Han har to veker p\u00e5 seg til \u00e5 anke og dommen er difor ikkje rettskraftig.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u00abVipps-ran\u00bb g\u00e5r ut p\u00e5 \u00e5 truge nokon til \u00e5 opne betalingstenesta p\u00e5 mobilen sin og sende pengar til&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":43126,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-43125","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/43125","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=43125"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/43125\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/43126"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=43125"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=43125"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=43125"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}