{"id":43341,"date":"2025-09-23T19:21:09","date_gmt":"2025-09-23T19:21:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/43341\/"},"modified":"2025-09-23T19:21:09","modified_gmt":"2025-09-23T19:21:09","slug":"jon-og-bandet-blei-overraska-med-ein-halv-million-pa-scena-eg-prova-a-overtale-dei-til-eit-veldig-dyrt-trommesett","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/43341\/","title":{"rendered":"Jon og bandet blei overraska med ein halv million p\u00e5 scena. \u2013 Eg pr\u00f8va \u00e5 overtale dei til eit veldig dyrt trommesett"},"content":{"rendered":"<p>\n        Jon Espelid fr\u00e5 Treungen bur i Oslo og spelar trommer b\u00e5de i bandet Pumpegris og med Symre.<br \/>\n        Ole Kristian B\u00f8rset\n    <\/p>\n<p>    Under By:larm f\u00f8rre helg blei bandet Pumpegris kalla fram p\u00e5 scenen som \u00c5rets Stjerneskudd. Trommeslagar Jon Espelid fr\u00e5 Treungen blei sv\u00e6rt overraska. \u2013 Det hadde eg aldri trudd skulle skje.\u00a0<\/p>\n<p>By:Larm er ein \u00e5rleg musikkfestival og bransjekonferanse i Oslo som kombinerer konsertar med nye og etablerte artistar og ein m\u00f8teplass for den nordiske musikkbransjen.<\/p>\n<p>\u2013 Pumpegris, bandet eg spelar i, blei oppmoda til \u00e5 kome p\u00e5 festivalen, og eg skulle ogs\u00e5 spele konsert saman med Symre (Taugb\u00f8l Bang, red. merk). Men eg trudde ikkje bandet v\u00e5rt ville f\u00e5 pris, fortel treungen som er busett i Oslo.\u00a0<\/p>\n<p>Bandet Pumpegris har eksistert i fire \u00e5r og er sett saman av Vera Sonne (vokal), Trygve Liahagen (fele), Astrid Garmo (synth\/gitar\/vokal), Mikkel Bj\u00f8rneboe (bass) og Jon Espelid (trommer).\u00a0<\/p>\n<p>Jon fortel at tre av medlemmene har utgangspunkt fr\u00e5 folkemusikk, to har bakgrunn fr\u00e5 jazz\/soulsjangaren.<\/p>\n<p>\u2013 Me kjem alle fr\u00e5 musikkh\u00f8gskulen i Oslo, og slapp det fyrste albumet v\u00e5rt i mars i \u00e5r. Endeleg hadde me r\u00e5d til \u00e5 g\u00e5 i studio og spele inn l\u00e5tar, fortel han.\u00a0<\/p>\n<p>Og Pumpegris sitt debutalbum \u00abFritids\u00bb,\u00a0<a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/kultur\/anmeldelse_-_fritids_-av-pumpegris-1.17356269\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">hausta gode kritikkar, mellom anna ein seksar fr\u00e5 folkemusikk-kritikaren til NRK<\/a> som til d\u00f8mes skreiv: \u00abSeige, laus\u00adsleppte synth\u00adsoloar. Harske fele\u00adtiradar. Utflytande, svermeriske klang\u00admurar fr\u00e5 ein \u00f8yre\u00add\u00f8yvande, forsterka gitar. Eit stort arsenal perkusjons\u00adinstrument som raslar, klirrar og groovar i bakgrunnen. (&#8230;) Eg blir fullstendig rive med av musikken og f\u00f8ler at musikken har nerve og er ektef\u00f8lt.\u00bb<\/p>\n<p>\u2013 Albumet blei tatt godt imot, ja det var over all forventning, meiner musikaren fr\u00e5 Treungen.<\/p>\n<p>Tett i toppen<\/p>\n<p>By: Larm melder p\u00e5 heimesida si at niv\u00e5et har vore skyh\u00f8gt \u2013 og sjeldan har dei opplevd ein jamnare topp for \u00e5 finne den rette mottakaren av prisen \u00e5rets Stjerneskudd.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Likevel hende det noko heilt spesielt i juryrommet i \u00e5r. Fr\u00e5 f\u00f8rste minutt i v\u00e5rt siste m\u00f8te var alle jurymedlemmene 100 prosent einige. Det er f\u00f8rste gong p\u00e5 mange \u00e5r me har st\u00e5tt s\u00e5 samla med ein gong om at \u00e5rets stjerneskot p\u00e5 by: Larm, det er Pumpegris, uttala juryleiar Malin Kulseth under prisutdelinga i Oslo f\u00f8rre laurdag.\u00a0<\/p>\n<p>Juryen meiner bandet utmerker seg med feite l\u00e5tar, steinharde sl\u00e5ttar og \u00e6rlege tekstar der vokalist Vera Sonne strekkjer seg fr\u00e5 kveding til rap. Pumpegris dreg liner fr\u00e5 funk, shoegaze, visepop og hiphop \u2013 og tek fatt p\u00e5 alle tradisjonane med ei kraft som gjer folkemusikken til noko n\u00e6rt, skite og groovy.<\/p>\n<p>Debutalbumet Fritids, produsert av Tuva Syvertsen, viser eit musikalsk univers der norsk kulturarv m\u00f8ter notida sin ungdom \u2013 sl\u00e5ttar m\u00f8ter rap, fuzzgitar m\u00f8ter salmetonar, og kontrasten mellom s\u00e5rbarheit og humor er gjennomg\u00e5ande.<\/p>\n<p>By:larm melder vidare at \u00c5rets Stjerneskot 2025 er meint som eit dytt i ryggen til ein ung og ambisi\u00f8s artist. Og Norsk Tipping er stolte over \u00e5 gje Pumpegris moglegheita til \u00e5 satse end\u00e5 sterkare i ein karriere som alt skyt fart. I prisen ligg ogs\u00e5 500 000 kroner fr\u00e5 Norsk Tipping til vidare karriereutvikling.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Me h\u00e5par at b\u00e5de den \u00f8konomiske st\u00f8tta og anerkjenninga fr\u00e5 bransjen vil inspirere og gje ekstra kraft til vegen vidare, uttala P\u00e5l Enger i Norsk Tipping og la til Pumpegris er komne for \u00e5 spreie den norske folkemusikken med fest og faenskap \u2013 akkurat slik han oppstod.\u00a0<\/p>\n<p>        \u00c5rets stjerneskudd<\/p>\n<p>Tidlegare vinnarar av \u00c5rets Stjerneskudd: Girl in red, Sassy 009, Metteson, Isah, Jonas Benyoub, Swank Mami og Randi Oline.<\/p>\n<p>Juryen er sett saman: Malin Kulseth (juryleiar), Guro Furunes Pettersen, Mathias Vasbotn Remmereit, Mira Berggrav Refsum, Sverre Aksel Eilertsen og Janne Monsen Tveit.<\/p>\n<p class=\"italic m-italic\" data-lab-italic=\"italic\">Kjelde: By:Larm<\/p>\n<p>Ein halv million\u00a0<\/p>\n<p>Jon meiner g\u00e5vesjekken gjev bandet mange nye moglegheiter, og VTB undrar kva pengane skal g\u00e5 til?<\/p>\n<p>\u2013 Eg pr\u00f8va \u00e5 overtale dei til eit veldig dyrt trommesett, seier han og humrar, men fortel vidare at midlane kanskje kan dekke eit par nye plateprosjekt.\u00a0<\/p>\n<p>Han kan garantere at det blir fleire skrive-campar i tida som kjem, for enno er det ikkje materiale klart til ei ny plate enn\u00e5.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Kanskje me kan gje ut ny musikk om halvtanna \u00e5r med Pumpegris. Med Symre var me ferdig i studio for eit par veker sidan, seier Jon som g\u00e5r ei travel og spennande musikalsk framtid i m\u00f8te.\u00a0<\/p>\n<p>        <a itemprop=\"url\" class=\"\" href=\"https:\/\/www.vtb.no\/nyheiter\/me-er-veldig-takksame-for-at-me-har-tolmodige-naboar\/350515\" data-k5a-url=\"https:\/\/www.vtb.no\/a\/350515\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>\nFr\u00e5 VTB-arkivet:\n<\/p>\n<p>            \u00abMe er veldig takksame for at me har tolmodige naboar\u00bb<\/p>\n<p>        <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Jon Espelid fr\u00e5 Treungen bur i Oslo og spelar trommer b\u00e5de i bandet Pumpegris og med Symre. Ole&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":43342,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-43341","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/43341","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=43341"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/43341\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/43342"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=43341"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=43341"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=43341"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}