{"id":44051,"date":"2025-09-24T17:05:12","date_gmt":"2025-09-24T17:05:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/44051\/"},"modified":"2025-09-24T17:05:12","modified_gmt":"2025-09-24T17:05:12","slug":"krigshistorie-blucher-prosessen-mot-helten-fra-oscarsborg-eit-latterleg-nrk-innslag","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/44051\/","title":{"rendered":"Krigshistorie, Bl\u00fccher | Prosessen mot helten fr\u00e5 Oscarsborg \u2013 eit latterleg NRK-innslag"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Dette gjeld eit programinnslag 22. september 2025 p\u00e5 <a href=\"https:\/\/radio.nrk.no\/serie\/studio-2-p2\/MKAK02015925\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">NRK-sendeflata Studio 2<\/a>. Deltakarar var programleiaren Christian Bendiksen, filmregiss\u00f8ren Daniel Fahre og skodespellar Bj\u00f8rn Sundquist.<\/b><\/p>\n<p><b>Dei snakka om<\/b> den nye filmen som tar for seg senkinga av det nazityske krigsskipet Bl\u00fccher grytidleg om morgonen 9. april 1940. Det var kommandanten p\u00e5 kystfestningen Oscarsborg \u2013 oberst Birger Eriksen, spelt av Sundquist \u2013 som ga ordre om \u00e5 skyte p\u00e5 Bl\u00fccher. Han vart innkalt til gransking av ein milit\u00e6r unders\u00f8kingskommisjon i 1946.<\/p>\n<p><b>Eg tek atterhald<\/b> om at eg ikkje har sett filmen, men NRK presenterer s\u00e5pass merkverdige standpunkt at eg m\u00e5 reagere. Eg m\u00e5 \u00f2g ta atterhald om at eg rett og slett ikkje forsto alt som vart sagt. Et utgangspunkt er at programleiaren handsamar filmen som ein dokumentarfilm. Den er ein fiksjonsfilm.<\/p>\n<p><b>Programmet hadde<\/b> eit klar agg mot Nygaardsvold-regjeringa (eller Gerhardsen-regjeringa?) og Arbeidarpartiet: Lyttarane fekk til d\u00f8mes den konvensjonelle og slomsete framstillinga av at det milit\u00e6re forsvaret vart nedprioritert i mellomkrigstida \u2013 noko som er til dels korrekt, iallfall om det skulle slumpe til \u00e5 bli nokonlunde presist framstilt \u2013 men det blir gjerne stilt p\u00e5 hovudet slik at det var arbeidarregjeringa under Nygaardsvold som n\u00e6rast la ned forsvaret. Det korrekte er at det var denne regjeringa, ikkje dei tallause borgarlege regjeringane, som sto for det som var av opprusting.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2556\" height=\"3408\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/127ab03a-df9e-40f5-a055-71680a968cde.bin\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2556 \/ 3408;\"\/><\/p>\n<p>    HISTORIKER OG FORFATTER: Kjell H\u00e5ve |<br \/>\n    Foto: Eg har tatt biletet.\n  <\/p>\n<p><b>Det verkar som <\/b>om dei tre i dette programinnslaget oppsiktsvekkande nok til no ikkje har kjent til dei to unders\u00f8kingskommisjonane fr\u00e5 1945 og 1946 (denne siste var den milit\u00e6re) Etter \u00e5 ha oppdaga dei, har dei granska seg fram til at regjeringa \u00f8nska den milit\u00e6re unders\u00f8kingskommisjonen som ein prosess mot dei milit\u00e6re heltane, kanskje s\u00e6rleg oberst Birger Eriksen.<\/p>\n<p><b>Kommisjonen unders\u00f8kte<\/b> handlem\u00e5ten til heile den milit\u00e6re leiinga og dessutan den politiske leiinga v. forsvarsminister Ljungberg. Ein m\u00e5tte unders\u00f8ke ka som hadde g\u00e5tt galt i 1940, for \u00e5 unng\u00e5 feil i framtida.<\/p>\n<p><b>Utkj\u00f8ret til Sundquist<\/b> om &laquo;regjeringen&raquo; i dette programmet kjem som svar p\u00e5 eit sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 den kunnskapslause programleiaren om korfor kommisjonen kalla inn oberst Eriksen. Bendiksen trur at denne innkallinga var merkverdig. Det er merkverdig at han trur det.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.nordnorskdebatt.no\/5-124-365960\" class=\"related-teaser has-image default-opinion-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/Johan+Nygaardsvold%2C+NTB.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Det er av sine eigne ein skal ha det\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p><b>Svaret er jo<\/b> at kommisjonen ikkje kunnne n\u00f8ye seg med \u00e5 lesa aviser fr\u00e5 1940. Ellers er det vanskeleg \u00e5 unng\u00e5 feil under krigf\u00f8ring, og kommisjonen skulle unders\u00f8ke feil. Medlemmane kjende til tusenvis av \u00e5r med krigshistorie og visste at jamvel heltar kunne gjera feil. Det er \u00f2g mogleg \u00e5 reinvaske gjennom \u00e5 tilbakevise p\u00e5standar om feil.<\/p>\n<p><b>Kommisjonen hadde <\/b>ikkje som oppg\u00e5ve \u00e5 anklage \u2013 det var ikkje snakk om nokon prosess. Men medlemmane i kommisjonen kunne ikkje berre sitte i eit rom og spekulere. Dei var fullstendig avhengig av \u00e5 kalle inn folk som hadde deltatt.<\/p>\n<p><b>Det oberst Eriksen<\/b> vart spurd om, var handlingane hans n\u00e5r m\u00f8rklagde skip pr\u00f8vde \u00e5 ta seg forbi den festningen han var kommandant for.<\/p>\n<p><b>Birger Eriksen<\/b> \u2013 og no Bj\u00f8rn Sundquist \u2013 er kjend for utsegna: Visst fanden skal det skytes med skarpt. Den resolutte \u2013 heltemodige \u2013 m\u00e5ten obersten opptredde p\u00e5, har g\u00e5tt inn i historia. Han angreip Bl\u00fccher.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1920\" height=\"1080\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/Eriksen+Sundquist.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1920 \/ 1080;\"\/><\/p>\n<p>    FILMEN: Bj\u00f8rn Sundquist som oberst Birger Eriksen i spillefilmen \u00abBl\u00fccher\u00bb.<br \/>\n    Foto: Lillian Julsvik\/Ymer Media\n  <\/p>\n<p><b>Og her kjem <\/b>eg fram til hovudsaka, nemleg det groteske i korleis dette radioinnslaget presenterer obersten og kommisjonen:<\/p>\n<p>Det verkar som om han vart anklaga for ordren om \u00e5 skyte med skarpt!<\/p>\n<p>Ingen sa dette i programmet, men inntrykket blir st\u00e5ande rett og slett fordi ingen sa noko om det han faktisk vart kritisert (ikkje anklaga) for.<\/p>\n<p><b>Det som skjedde<\/b> var at obersten vart bedt om \u00e5 gjere greie for korfor han ikkje skaut meir \u2013 alts\u00e5 p\u00e5 dei andre krigsskipa. Dette kom dei tre i radioen i det heile ikkje inn p\u00e5!<\/p>\n<p><b>Birger Eriksen hadde<\/b> nok ei s\u00e6rs god forklaring. Han vart aldri anklaga for noko. Men kritisert, kanskje uakseptabelt hardt. Kanskje han opplevde stor urettferd. Kanskje det vart gjort urett \u2013 men da nok ikkje berre mot han. Den f\u00f8rste unders\u00f8kingskommisjonen \u2013 den sivile, om ein vil \u2013 for hardt fram mot statsminister Nygaardsvold og nokre av regjeringsmedlemmane.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1330\" height=\"1000\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/Blucher+senket.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1330 \/ 1000;\"\/><\/p>\n<p>    SENKET: Den tyske krysseren Bl\u00fccher ble 9. april 1940 senket i Dr\u00f8baksundet i Oslofjorden.<br \/>\n    Foto: NTBs krigsarkiv, Riksarkivet\n  <\/p>\n<p><b>Kanskje kommisjonen<\/b> overdreiv si rolle og gjekk for langt i \u00e5 felle dommar \u2013 kanskje godt utafor mandatet. Dette var iallfall kritikken som vart reist mot kommisjonen av 1945, ikkje minst fr\u00e5 ein gigant som stortingspresident C. J. Hambro.<\/p>\n<p><b>Men ingen<\/b> av kommisjonane var n\u00e5dige mot nygaardsvoldregjeringa. Dei tre i NRK-programinnslaget g\u00e5r langt i retning av \u00e5 framstille det som om arbeidarpartiregjeringa styra kommisjonane \u2013 at kommisjonane ikkje var uavhengige.<\/p>\n<p><b>Det er slike <\/b>p\u00e5standar som kjem fram n\u00e5r underhaldningsfilmar og ikkje b\u00f8ker er grunnlaget for historiekunnskapen i landet v\u00e5rt. Filmskaparar og mange andre seier gjerne fr\u00e5 om at historikarar ikkje kan kritisere faktagrunnlaget i til d\u00f8mes krigsfilmar \u2013 det er jo berre film. Men mediefolk og filminvolverte har full rett til \u00e5 redigere om historia utafor filmsamanhengen, til d\u00f8mes i eit radiostudio.<\/p>\n<p><b>Eg rettar <\/b>ein inntrengande appell til alle interesserte om \u00e5 h\u00f8yre podcasten <a href=\"https:\/\/www.minerva.no\/blucher-heltedyrkelse-krig\/minervapodden-magnus-hakenstad-visst-fanden-skal-vi-snakke-om-blucher\/482602\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Visst fanden skal vi snakke om Bl\u00fccher<\/a>, i Minervapodden. Milit\u00e6rhistorikaren Magnus H\u00e5kenstad set alt f\u00f8rebiletleg p\u00e5 plass.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dette gjeld eit programinnslag 22. september 2025 p\u00e5 NRK-sendeflata Studio 2. Deltakarar var programleiaren Christian Bendiksen, filmregiss\u00f8ren Daniel&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":44052,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[36,6924,6922,71,3424,30,28,29,787,6923,1533,72],"class_list":{"0":"post-44051","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-art","9":"tag-bjorn-sundquist","10":"tag-blucher","11":"tag-entertainment","12":"tag-krigshistorie","13":"tag-no","14":"tag-norge","15":"tag-norway","16":"tag-nrk","17":"tag-oberst-birger-eriksen","18":"tag-opinion","19":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/44051","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=44051"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/44051\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/44052"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=44051"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=44051"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=44051"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}