{"id":44424,"date":"2025-09-25T05:22:10","date_gmt":"2025-09-25T05:22:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/44424\/"},"modified":"2025-09-25T05:22:10","modified_gmt":"2025-09-25T05:22:10","slug":"nyheter-lillehammer-lillehammer-kino-skal-vise-direktesendt-opera-fra-new-york-clarissa-bergh-er-gira","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/44424\/","title":{"rendered":"Nyheter, Lillehammer | Lillehammer kino skal vise direktesendt opera fr\u00e5 New York \u2013 Clarissa Bergh er gira!"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Dette gleder vi oss veldig til!<\/p>\n<p>Kinosjef Clarissa Bergh sl\u00e5r ut med armane og glitrar i auga med begeistring.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har gjort det tidlegare med kjempesuksess, men s\u00e5 ramla det litt saman d\u00e5 pandemien kom.<\/p>\n<p>Ho fortel engasjert om nyvinga som ho gjenopplivar etter korona-herjingane: direktesendt opera i kinosalen \u2013 rett fr\u00e5 verdas fremste operascene i New York.<\/p>\n<p>Einaste i landet<\/p>\n<p>\u2013 Billettar til operaen i Oslo blir utselt p\u00e5 ein, to, tre. Og det er ikkje alle som kan sette seg p\u00e5 fly og reise til New York, eller ein annan stor opera-by. Vi veit vi at det er mykje operainteresse p\u00e5 Lillehammer. D\u00e5 er det veldig kult \u00e5 kunne trylle om kinoen til eit operahus, fortel Bergh.<\/p>\n<p>Dette er ein avtale dei har f\u00e5tt med Metropolitan Opera i New York. Fr\u00e5 oktober til mai vil dei sende storsl\u00e5tte framsyningar, som La Boheme og Tryllefl\u00f8yten, om lag ein gong i m\u00e5naden.<\/p>\n<p>I tillegg har dei gjort avtale med den historiske Parisaroperaen om f\u00e5 syne ballettf\u00f8restillingar derifr\u00e5.<\/p>\n<p>Lillehammer er truleg den einaste kinoen i landet, i tillegg til Gimle kino i Oslo, som f\u00e5r syne direktesendt opera fr\u00e5 The Met.<\/p>\n<p>Opnar d\u00f8rene til verdsscener<\/p>\n<p>Blant dei som gleder seg er operaentusiast Cathrine M\u00f8rch Friis p\u00e5 Lillehammer:<\/p>\n<p>\u2013 Dette opnar d\u00f8ra til verdas store scener! seier ho og utdjupar:<\/p>\n<p>\u2013 Sj\u00f8lv om ballett og opera verkeleg kjem til sin rett p\u00e5 teaterscena, er det ikkje alltid mogleg \u00e5 oppleve dette live. S\u00e6rskild for oss som ikkje bur i ein storby. Heldigvis gjev direktesende f\u00f8restillingar p\u00e5 kino ein fantastisk moglegheit til \u00e5 ta del i den unike stemninga og kunsten. Nesten som om du sat i salen sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3474\" height=\"2605\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/20250924_102710.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3474 \/ 2605;\"\/><\/p>\n<p>    Clarissa Bergh er kinosjef ved Lillehammer kino.<br \/>\n    Foto: Erlend Blaalid Oldeide\n  <\/p>\n<p>  Kostar mykje<\/p>\n<p>Clarissa Bergh meiner faktisk at opplevinga p\u00e5 kino nesten blir end\u00e5 rikare enn om du hadde sete i salen i New York. For i pausane blir det vist kva som skjer bak sceneteppet. Og med filmmediet kan du f\u00e5 n\u00e6rbilete av songarane med alle intense detaljar i ansiktet, som du slett ikkje f\u00e5r i ein diger sal.<\/p>\n<p>\u2013 Eg veit folk i byen har sakna dette. Og det h\u00e5par eg folk viser ved \u00e5 kome. For det kostar oss mykje.<\/p>\n<p>\u2013 Kor mykje? <\/p>\n<p>\u2013 Eg har ikkje tala i hovudet, men det er ein god del tusen kroner. Med ti publikummarar f\u00e5r vi eit solid tap. Med hundre bergar vi oss \u00f8konomisk. Vi treng interesse fr\u00e5 publikum om det skal vere berekraftig.<\/p>\n<p>For n\u00e5r ho viser opera kan ikkje dei bruke salen til \u00e5 vise andre kinofilmar. Og medan nokre av f\u00f8restillingane varer halvannan time, varer Tristan og Isolde i nesten fem timar(!).<\/p>\n<p>            Opera- og ballettframsyningar p\u00e5 Lillehammer kino 2025\/2026<br \/>\n            Opera fr\u00e5 Metropolitan Opera i New York:<\/p>\n<p>18. oktober <b>La Sonnambula<\/b> (Bellini) LIVE <\/p>\n<p>8. november: <b>La Boheme<\/b> (Puccini) LIVE <\/p>\n<p>22. november: <b>Arabella <\/b>(Strauss) LIVE <\/p>\n<p>6. desember: <b>Tryllefl\u00f8yten <\/b>(Mozart) OPPTAK <\/p>\n<p>13. desember: <b>Andrea Chenier<\/b> (Giordano) LIVE <\/p>\n<p>10. januar: <b>Il Puritani<\/b> (Bellini) LIVE <\/p>\n<p>14. februar: <b>Cindarella <\/b>(Massenet) OPPTAK <\/p>\n<p>21. mars: <b>Tristan und Isolde<\/b> (Wagner) LIVE <\/p>\n<p>2. mai: <b>Eugene Onegin<\/b> (Tchaikovsky) LIVE <\/p>\n<p>30. mai: <b>El Ultimo Sueno de Frieda y Diego<\/b> (Frank) LIVE<\/p>\n<p>Ballet fr\u00e5 Parisaroperaen: <\/p>\n<p>16. november: <b>Giselle <\/b>( Coralli\/Perot) OPPTAK <\/p>\n<p>14. desember: <b>N\u00f8tteknekkeren <\/b>(Nurejev) OPPTAK <\/p>\n<p>15. mars: <b>Le Parc<\/b> (Preljocaj) OPPTAK<\/p>\n<p>Kjelde: Lillehammer kino<\/p>\n<p>  K\u00e5pe og frakk<\/p>\n<p>N\u00e5r kinoen blir operahus, blir det gjort skikkeleg. Dei skal opne baren b\u00e5de f\u00f8r og etter f\u00f8restillinga.<\/p>\n<p>\u2013 Det er nokre som er veldig opptekne av at vi setter fram klestativ slik at dei kan henge fr\u00e5 seg k\u00e5pe og frakk, og slikt. For det er slik at folk pyntar seg litt n\u00e5r dei kjem p\u00e5 opera p\u00e5 kino. Og det er stas, synest eg.<\/p>\n<p>M\u00e5tte sj\u00f8lv forlate salen<\/p>\n<p>Det er kring fem \u00e5r sidan dei fors\u00f8kte sist. Ho fortel dei hadde fleire framsyningar der alle dei 146 plassane i sal 4 var tekne.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hugsar at eg sj\u00f8lv m\u00e5tte forlate Carmen, fordi d\u00e5 var det heilt utselt!<\/p>\n<p>Ho hadde invitert med seg s\u00f8stera, men oppdaga at det stod folk i k\u00f8 for \u00e5 kome inn.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 d\u00e5 tok eg med meg s\u00f8stera mi ut av salen og sa: \u00abDet g\u00e5r ikkje, vi m\u00e5 selje billettar i staden\u00bb!<\/p>\n<p>\u2013 Det viste seg at det likevel vart eitt ledig sete fr\u00e5 ein som var sjuk. Der fekk eg plassert s\u00f8stera mi. Og s\u00e5 stod eg litt p\u00e5 sidelinja og fekk med meg ein del av framsyninga, smiler ho.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3718\" height=\"2788\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/20250924_102948.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3718 \/ 2788;\"\/><\/p>\n<p>    Clarissa Bergh er stolt over tilby opera p\u00e5 storskjerm i heimbyen.<br \/>\n    Foto: Erlend Blaalid Oldeide\n  <\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.gd.no\/5-18-2313479\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_3076.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              \u2013 Bilene kj\u00f8rer sakte forbi\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.gd.no\/5-18-2242122\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/DSC_0114_1.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Adriana flyttet 14 mil bare for dette\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.gd.no\/5-18-2356660\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/Tommy+Andersson+og+Stein+Erik+Juvstad.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Denne helgen kolliderer alt: \u2013 Hvor ble samarbeidet av?\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Dette gleder vi oss veldig til! Kinosjef Clarissa Bergh sl\u00e5r ut med armane og glitrar i auga&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":44425,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[36,6984,71,461,410,1427,6983,30,28,29,14,6985,1510,72],"class_list":{"0":"post-44424","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-art","9":"tag-clarissa-bergh","10":"tag-entertainment","11":"tag-kino","12":"tag-kultur","13":"tag-lillehammer","14":"tag-lillehammer-kino","15":"tag-no","16":"tag-norge","17":"tag-norway","18":"tag-nyheter","19":"tag-opera","20":"tag-story","21":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/44424","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=44424"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/44424\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/44425"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=44424"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=44424"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=44424"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}