{"id":45679,"date":"2025-09-26T11:30:07","date_gmt":"2025-09-26T11:30:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/45679\/"},"modified":"2025-09-26T11:30:07","modified_gmt":"2025-09-26T11:30:07","slug":"svaret-er-nei","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/45679\/","title":{"rendered":"Svaret er nei"},"content":{"rendered":"<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-b0081dda=\"\" data-v-e9aff27c=\"\">N\u00f8dvendige investeringar i bygg, utstyr og IKT-system har f\u00f8rt til kraftig vekst i kostnader knytt til renter og avdrag p\u00e5 l\u00e5n, samt pensjonsforpliktingar utan at rammeoverf\u00f8ringane har auka tilsvarande. Sp\u00f8rsm\u00e5let er: korleis kan vi m\u00f8te denne utfordringa?<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-b0081dda=\"\" data-v-e9aff27c=\"\">Mange har spurt om skroting av Helseplattformen kan vere ei l\u00f8ysing. Svaret er nei. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-b0081dda=\"\" data-v-e9aff27c=\"\">Helseplattformen vart innf\u00f8rt etter ein lang og krevjande prosess, og ei avvikling vil koste fleire milliardar. Samstundes finst det ikkje eit alternativt journalsystem som er klart til bruk. Vi m\u00e5 derfor sj\u00e5 framover, i staden for \u00e5 bruke krefter p\u00e5 diskusjonar om \u00e5 fjerne systemet.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-b0081dda=\"\" data-v-e9aff27c=\"\">P\u00e5 fleire omr\u00e5de fungerer Helseplattformen godt, medan andre funksjonar framleis krev forbetring. Arbeidet med \u00e5 utvikle og rette opp svakheiter p\u00e5g\u00e5r heile tida, og resultata peikar i rett retning. Systemet gir oss eit grunnlag for \u00e5 hente ut gevinstar innan b\u00e5de pasienttryggleik, samhandling og \u00f8konomi i \u00e5ra som kjem.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-b0081dda=\"\" data-v-e9aff27c=\"\">Dei regionale helsef\u00f8retaka har saman gitt innspel til statsbudsjettet for 2027, der investeringar i bygg og utstyr blir l\u00f8fta fram som ei av dei st\u00f8rste utfordringane. For Helse M\u00f8re og Romsdal er dette ein langt tyngre \u00f8konomisk belastning enn sj\u00f8lve investeringa i Helseplattformen. Vi er heller ikkje aleine; fleire helsef\u00f8retak slit med store kapitalkostnader som legg press p\u00e5 \u00f8konomien. Difor er det positivt at dette no blir understreka i fellesskap overfor departementet.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-b0081dda=\"\" data-v-e9aff27c=\"\">Eg set pris p\u00e5 det sterke engasjementet for pasienttilbodet i fylket v\u00e5rt. Det er ingen tvil om at det \u00f8konomiske handlingsrommet v\u00e5rt vil vere avgjerande for kva helsetenester vi kan tilby i framtida.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"N\u00f8dvendige investeringar i bygg, utstyr og IKT-system har f\u00f8rt til kraftig vekst i kostnader knytt til renter og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":45680,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-45679","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/45679","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=45679"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/45679\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/45680"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=45679"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=45679"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=45679"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}