{"id":46892,"date":"2025-09-27T22:56:10","date_gmt":"2025-09-27T22:56:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/46892\/"},"modified":"2025-09-27T22:56:10","modified_gmt":"2025-09-27T22:56:10","slug":"meiningar-helse-om-framlegget-om-a-leggje-ned-ortopedi","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/46892\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse | Om framlegget om \u00e5 leggje ned ortopedi"},"content":{"rendered":"\n<p>Dette er ei sak som naturleg nok vekkjer stort engasjement. L\u00e6rdal sjukehus er lokalsjukehuset for innbyggjarane i Sogn.<\/p>\n<p>Eit overordna helsepolitiske m\u00e5l er \u00e5 sikre likeverdig tilgang til helsehjelp i heile landet. Mange sp\u00f8r seg om nedlegging av desse avdelingane er god forvaltning av det ansvaret styresmaktene har for \u00e5 n\u00e5 dette m\u00e5let. Eit godt helsetilbod betyr mykje for mange, og nedlegging av sjukehusavdelingar har store ringverknader b\u00e5de for pasientar, tilsette og lokalmilj\u00f8et.<\/p>\n<p>Kvifor er det eit stadig tilbakevendande sp\u00f8rsm\u00e5l om \u00f8konomisk resultat p\u00e5 sjukehusniv\u00e5, n\u00e5r sjukehusa er finansiert over statsbudsjettet?<\/p>\n<p>Forklaringa er f\u00f8retaksmodellen som vart innf\u00f8rt i 2001, og som lovfesta at rekneskapslova skulle gjelde. Dette har etter mi meining fleire uheldige sider. Rekneskapslova er laga med tanke p\u00e5 kommersielle verksemder \u2013 ikkje offentleg finansierte helseinstitusjonar. Bruk av rekneskapslova skapar inntrykk av at sjukehus er kommersielle akt\u00f8rar sj\u00f8lv om dei er offentlege velferdsakt\u00f8rar. <\/p>\n<p>Lova legg vekt p\u00e5 \u00f8konomisk resultat, ikkje n\u00f8dvendigvis samfunnsnytte eller helsegevinst. Noko som kan ha som f\u00f8lgje at sjukehusa vert pressa til \u00e5 kutte kostnader, sj\u00f8lv om det g\u00e5r utover kvaliteten p\u00e5 pasientbehandlinga. Tiltak som er \u00f8konomisk l\u00f8nsame vert gjerne prioriterte framfor det som er fagleg tilr\u00e5deleg.<\/p>\n<p>Rekneskapslova krev \u00e5rlege rekneskap og resultatrapportar, noko som kan f\u00f8re til kortsiktige innsparingstiltak framfor langsiktige investeringar i helse, f\u00f8rebygging og kompetanse. Dette kan undergrave tilliten til helsevesenet som ei retts-basert teneste, og opne for meir marknadslogikk. Etter rekneskapslova skal investeringar aktiverast og avskrivast over tid, noko som gjev eit skeivt bilete av \u00f8konomien, fordi store investeringar ikkje g\u00e5r ut over drifta med ein gong. Investeringar kan bli nedprioriterte for \u00e5 halde rekneskapstala \u00abfine\u00bb.<\/p>\n<p>Krav om \u00e5 g\u00e5 i balanse kvart \u00e5r kan dessutan ha som konsekvens reduksjon i sengeplassar, bemanning og beredskap. Dette kan igjen gjere sjukehusa d\u00e5rleg rusta i kriser (som pandemi eller store ulukker).<\/p>\n<p>Rekneskapslova tek ikkje omsyn til samfunns\u00f8konomisk gevinst av tiltak (t.d. at god behandling sparer pengar i trygdesystemet). Dette undergrev helsefaglege og samfunns\u00f8konomiske omsyn. Det er dette L\u00e6rdal sjukehus no ser ut til \u00e5 m\u00e5tte betale prisen for. Er det rett?<\/p>\n<p>Kanskje det er p\u00e5 tide at dei sentrale helsestyresmaktene vurderer om budsjettering ved bruk av rekneskapslova er f\u00f8rem\u00e5lstenleg for \u00e5 n\u00e5 dei overordna helsepolitiske m\u00e5la om likeverdige sjukehustilbod over heile landet.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dette er ei sak som naturleg nok vekkjer stort engasjement. L\u00e6rdal sjukehus er lokalsjukehuset for innbyggjarane i Sogn.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":46893,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,736,5311,22,23,5341,1939,13,30,28,29,14,1533,16,26,27],"class_list":{"0":"post-46892","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-helse","15":"tag-helse-forde","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-laerdal","19":"tag-meiningar","20":"tag-news","21":"tag-no","22":"tag-norge","23":"tag-norway","24":"tag-nyheter","25":"tag-opinion","26":"tag-overskrifter","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/46892","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=46892"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/46892\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/46893"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=46892"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=46892"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=46892"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}