{"id":50266,"date":"2025-10-01T17:09:08","date_gmt":"2025-10-01T17:09:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/50266\/"},"modified":"2025-10-01T17:09:08","modified_gmt":"2025-10-01T17:09:08","slug":"funcom-seier-opp-tilsette-etter-rekordlansering","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/50266\/","title":{"rendered":"Funcom seier opp tilsette etter rekordlansering"},"content":{"rendered":"<p>Dune: Awakening har blitt ein salssuksess for norske Funcom, og med <a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.gamer.no\/artikler\/dune-awakening-er-funcoms-beste-lansering-noensinne\/518947\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">over \u00e9in million selde eksemplar<\/a> allereie i juni er det selskapets st\u00f8rste lansering nokosinne.<\/p>\n<p>No m\u00e5 dei likevel kutte i staben. <\/p>\n<p>Gamer.no kontakta selskapet f\u00f8rre veke med sp\u00f8rsm\u00e5l om salstal og selskapets finansar, og spurde om dei s\u00e5g for seg \u00e5 tene pengar p\u00e5 det nye storspelet.<\/p>\n<p>Onsdag kveld gjekk dei ut med ei melding til media om kutt. <\/p>\n<p>Overgangen fr\u00e5 eit lang utviklingsl\u00f8p til jamlege oppdateringar, saman med arbeidet mot ei konsollansering i 2026, tvinger studioet til \u00e5 \u00abrestrukturere\u00bb og \u00abfokusere\u00bb ressursar p\u00e5 tvers av prosjekt og ulike studio, skriv dei. <\/p>\n<p>\u2013 Det betyr dessverre at me m\u00e5 seie adj\u00f8 til kollegaer, skriv selskapet i ei melding. <\/p>\n<p><strong>Har du tips til denne saka? Send meg ein epost p\u00e5 mikkjell@gamer.no<\/strong><\/p>\n<p>Uvisst omfang<\/p>\n<p>Det er ikkje uvanleg \u00e5 nedskalere staben etter store lanseringar, men kommunikasjonssjef <strong>Natascha R\u00f6\u00f6sli<\/strong> vil ikkje svare p\u00e5 konkrete sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 Gamer.no.<\/p>\n<p>Heller ikkje Funcom-sjef <strong>Rui Casais<\/strong> har svara oss. <\/p>\n<p>\u2013 Denne vanskelege prosessen startar no, og me har ikkje heilt for oss kva utfallet blir. Me jobbar for \u00e5 finne nye moglegheiter for dei som blir p\u00e5verka, skriv dei. <\/p>\n<p>Funcom er landets desidert st\u00f8rste spelutviklar, og sto i 2024 for rundt 30 prosent av omsetninga i den norske bransjen. <\/p>\n<p>Har tapt n\u00e6rmare ein milliard<\/p>\n<p>Dei siste fem \u00e5ra har dei vore i ein omfattande investeringsprosess. For rekneskaps\u00e5ra 2020 til og med 2024 har Funcom tapt 920 millionar kroner. <\/p>\n<p>Berre i 2024 hadde dei eit underskott p\u00e5 416 millionar kroner. Tapa er knytt til tunge investeringar i utviklinga av Dune: Awakening, og omsetninga falt betydeleg i 2024 som f\u00f8lge av mindre sal av Conan Exiles. <\/p>\n<p>Eigenkapitalen blei nesten halvert fr\u00e5 871 millionar til 469 millionar i 2024. <\/p>\n<p>Kinesiske Tencent eig Funcom. Funcom Oslo AS har i underkant av ein milliard i s\u00e5kalla langsiktig konserngjeld til morselskapet Tencent. <\/p>\n<p>Funcom-sjefen har tidlegare fortalt om erfaringar med nedbemanning i eit stort portrett hos Gamer.no. <a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.gamer.no\/artikler\/funcom-sjefen-matte-seie-opp-bestevenen-tungt\/516811\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Det les du her.<\/a><\/p>\n<p><a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.gamesindustry.biz\/dune-awakening-developer-funcom-announces-redundancies\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">GamesIndustry.biz omtalte meldinga f\u00f8rst.<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dune: Awakening har blitt ein salssuksess for norske Funcom, og med over \u00e9in million selde eksemplar allereie i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":50267,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[57],"tags":[30,28,29,65,63,64,66,70,69,67,68],"class_list":{"0":"post-50266","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-vitenskap-og-teknologi","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-science","12":"tag-science-and-technology","13":"tag-scienceandtechnology","14":"tag-technology","15":"tag-teknologi","16":"tag-vitenskap","17":"tag-vitenskap-og-teknologi","18":"tag-vitenskapteknologi"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/50266","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=50266"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/50266\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/50267"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=50266"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=50266"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=50266"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}