{"id":50403,"date":"2025-10-01T19:56:08","date_gmt":"2025-10-01T19:56:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/50403\/"},"modified":"2025-10-01T19:56:08","modified_gmt":"2025-10-01T19:56:08","slug":"debatt-influencer-torkel-eikevik-er-33-ar-og-illsint-influenserar-reality-show-podcastar-den-eine-dummare-enn-den-andre","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/50403\/","title":{"rendered":"Debatt, Influencer | Torkel Eikevik er 33 \u00e5r og illsint: \u2013 Influenserar, reality-show, podcastar. Den eine dummare enn den andre"},"content":{"rendered":"\n<p><b>Gl\u00f8ym talent. <\/b>Gl\u00f8ym nytteverdi: Oppf\u00f8r deg som ein idiot p\u00e5 TV, ver s\u00e5 god, her er karriera di. Her er ditt eget radioshow, som du kan bruke til \u00e5 inspirere usikre jenter og gutar som doomscrollar til hjernen blir graut.<\/p>\n<p>Kva skal du bli n\u00e5r du blir stor, lille Hedda? Eg skal bli online-prostituert, slik som mamma! Ho tjenar femti lappar i m\u00e5naden p\u00e5 Onlyfans. Berre \u00e5 byrje \u00e5 grinde.<\/p>\n<p><b>Vi fikk r\u00f8dgr\u00f8nt fleirtal<\/b>. En god ting, sp\u00f8r du meg. Men \u00e5 sj\u00e5 framskutte nepo-babyar sitte i snakk med ein av Noregs rikaste milliard\u00e6rar p\u00e5 ein einvegs-podcast om formueskatt, satte fyr p\u00e5 hjernen min.<\/p>\n<blockquote class=\"brick-c-kLSvcb theme-white\">\n<p class=\"blockquote-text\">Faen. No har det skjedd. No er eg faktisk blitt ein slik fyr.<\/p>\n<\/blockquote>\n<p>S\u00e5 stor makt dei har f\u00e5tt, desse fjesa p\u00e5 nettet. Det er mange av dei no, som held p\u00e5 med dette s\u00e5kalla yrket. Denne godt l\u00f8nna, fordummande, narsisisstiske, idiotiske jobben, som kun har negativ samfunnsverdi. Om det er Tate, Westerlin, Kim K, eller Raad \u2013 det spelar ingen rolle.<\/p>\n<p>Det har brent ganske lenge. Og det kan virke som vi alle byrjar \u00e5 bli litt svidd.<\/p>\n<p>Det som starta i reality-orienterte Amerika har n\u00e5dd oss her, i Nord. Amerikaniserte, teknofiserte, til det n\u00e6rmast ugjenkjennelige. Og vi sit berre her og ser p\u00e5. Delaktige, mange.<\/p>\n<p><b>Verda utviklar seg<\/b> p\u00e5 godt og vondt, og det har jo alle generasjonar fint m\u00e5tte finne seg i.<\/p>\n<p>Men opplevde alle generasjonar endring likte illsinte som eg opplever denne? Er det berre er naturens gang? For eg er usikker p\u00e5 om eg berre er blitt ein sur gubbe i ein alder av 33, eller om verda p\u00e5 ekte er i ferd med \u00e5 g\u00e5 heilt av hengslene.<\/p>\n<p>Influenserar, reality-show, podcastar. Den eine dummare enn den andre. Men i feeden min skal dei. Uansett kor hardt eg pr\u00f8vre sleppe unna. Kva i alle dagar er det som skjer?<\/p>\n<p><b>Onlyfans er feminisme.<\/b> Tolv\u00e5ringar filmar seg sj\u00f8lv ete avokado og biff fr\u00e5 ei trefj\u00f8l og blir inne om kveldane for \u00e5 \u00abfokusere p\u00e5 buisnessen sin\u00bb.<\/p>\n<p>Kom deg ut og klatre i eit tre! Dett ned! Pr\u00f8v \u00e5 fl\u00f8rt med ei dame, og slit med \u00e5 f\u00e5 det til!<\/p>\n<p>Faen. No har det skjedd. No er eg faktisk blitt ein slik fyr.<\/p>\n<p><b>Den store filosofen<\/b> Logan Alexander Paul (April 1, 1995), sa i ein episode av den prisbel\u00f8nne og anerkjente serien \u00abPaul America\u00bb at \u00abattention is the new currency\u00bb.<\/p>\n<blockquote class=\"brick-c-kLSvcb theme-white\">\n<p class=\"blockquote-text\">Get with the program, eller f\u00e5 meteoren rett i kjeften<\/p>\n<\/blockquote>\n<p>Merksemd uber alles, koste ka det koste vil. Den som skrik h\u00f8gast, p\u00e5 mest ufordrageleg m\u00e5te om mest idiotiske ting, st\u00e5r igjen som vinner p\u00e5 det store internett.<\/p>\n<p>Ufordragelighet skapar engasjement. Og engasjement skapar brand. Brand skapar cash- money. Og cash money f\u00e5r milliard\u00e6rane til \u00e5 flytte til Sveits, og femten-\u00e5r gamle gutar med 150 kroner i lommepengar vekentleg til \u00e5 forsvare formueskatten fordi \u00abdet er gunstig for den vidare drifta av landet\u00bb.<\/p>\n<p><b>Romantiseringen av ein stadig <\/b>\u00abgrind\u00bb sprer seg som eld i t\u00f8rt gras. Ein skal stresse, sove lite, og for guds skyld ikkje ha det moro. For bank-kontoen din bestemmer kor mange venner du har, kor mange damer du f\u00e5r og ikkje minst kor bra du har det! (Eg har for\u00f8vrig gode vener, ein overflod av damer og 350 kroner p\u00e5 kontoen).<\/p>\n<p>Born glamoriserar rikdom over Spiderman. Felleskapet er borte. Det er alle mot alle. Battle Royal, og eg sit berre \u00e5 ventar p\u00e5 eit Fortnite-skin av Trump.<\/p>\n<p><b>Om eg var filosof <\/b>ville eg nok sagt noko i duren av at vi n\u00e6rmar oss slutten p\u00e5 verdsetjinga av det ordin\u00e6re. Det organiske, det sjelfulle, det mellommenneskelige. Det vakre.<\/p>\n<p>Kvar dag er ein seier for invidiualismen, kapitalismen og narsissismen. Vi sit igjen meir ufordragelege, meir inni og oppi v\u00e5r eiga r\u00e6v, meir miserable, alle i hop.<\/p>\n<p>Ungdom har aldri vore meir ulykkelege.<\/p>\n<p><b>Til \u00e5 v\u00e6re ein gjeng<\/b> som er s\u00e5 kronisk tilkobla, har vi aldri vore s\u00e5 fr\u00e5kobla. Og det verkar som det er no eller aldri: Get with the program, eller f\u00e5 meteoren rett i kjeften, som som den lite omstillingsvillige dinosauren du er.<\/p>\n<p>Men kva gjer ein n\u00e5r \u00abprogrammet\u00bb er s\u00e5 ubehagelig, at ein eller helst vil la v\u00e6re?<\/p>\n<p>Kanskje vi lev i ei alternativ tidslinje. Kanskje vi har smelta saman med eit anna absurd univers. Kanskje sit Jeff Bezos og Katy Perry p\u00e5 mars og peiker og ler: \u00abForst\u00e5r dei ikkje at dette er k\u00f8dd?\u00bb<\/p>\n<p>Det ein gong vakre internettet er blitt ein einaste stor s\u00f8lepytt. Og om dette berre er starten, vil eg ikkje sj\u00e5 slutten.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Gl\u00f8ym talent. Gl\u00f8ym nytteverdi: Oppf\u00f8r deg som ein idiot p\u00e5 TV, ver s\u00e5 god, her er karriera di.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":50404,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[36,37,7766,71,829,3050,30,28,29,1533,72],"class_list":{"0":"post-50403","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-art","9":"tag-debatt","10":"tag-digital-kultur","11":"tag-entertainment","12":"tag-influencer","13":"tag-internett","14":"tag-no","15":"tag-norge","16":"tag-norway","17":"tag-opinion","18":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/50403","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=50403"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/50403\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/50404"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=50403"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=50403"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=50403"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}