{"id":51175,"date":"2025-10-02T17:11:13","date_gmt":"2025-10-02T17:11:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/51175\/"},"modified":"2025-10-02T17:11:13","modified_gmt":"2025-10-02T17:11:13","slug":"balestrand-sogndal-da-me-fortalde-at-dei-var-trekte-ut-vart-det-veldig-jubel","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/51175\/","title":{"rendered":"Balestrand, Sogndal | \u2013 D\u00e5 me fortalde at dei var trekte ut, vart det veldig jubel"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Me h\u00e5par og trur dette gjev positive ringverknader for framtida, seier lagleiar Henning Sagevik.<\/p>\n<p>Balestrand sine J10- og G11-lag var nyleg med p\u00e5 det som blir kalla ein draumedag p\u00e5 Fosshaugane.<\/p>\n<p>Denne dagen er eit samarbeid mellom Sogndal Fotball og Sognekraft, og vart arrangert for tredje \u00e5r p\u00e5 rad.<\/p>\n<p>Denne gongen var det unge balestrendingar som vart henta med Stao-no-pao-bussen til Fosshaugane Campus, fekk nye drakter, omvising i garderobane, h\u00f8gtideleg innmarsj p\u00e5 stadion \u2013 og ei trenings\u00f8kt saman med b\u00e5de herre- og damelaget.<\/p>\n<p>Heldt det hemmeleg<\/p>\n<p>I sommar fekk lagleiar Sagevik beskjeden om at dei var vinnarane av trekninga til Draumedagen, men han klarte \u00e5 halda det hemmeleg for spelarane fram til tett opp mot sj\u00f8lve dagen.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 me fortalde at dei var trekte ut, vart det veldig jubel. Me har sett p\u00e5 videoar fr\u00e5 tidlegare Draumedagar, og dei gleda seg veldig til \u00e5 f\u00e5 vera med p\u00e5 dette.<\/p>\n<p>  Sagevik var ikkje til stades sj\u00f8lv, men som lagleiar og far har han f\u00e5tt mange gode tilbakemeldingar.  <\/p>\n<p>\u2013 Ungane opplevde verkeleg \u00e5 vera i sentrum, heile ramma rundt opplegget var ganske proft, og s\u00e5 trur eg at innmarsjen p\u00e5 bana gjorde veldig inntrykk.<\/p>\n<p>Han rosar m\u00e5ten Sogndal-spelarane m\u00f8tte ungane p\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Dei tok dette verkeleg p\u00e5 alvor og m\u00f8tte ungane med entusiasme. Det gjorde at dagen vart ekstra spesiell, s\u00e5 all honn\u00f8r til dei for det.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5472\" height=\"3648\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/HN7A1260.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5472 \/ 3648;\"\/><\/p>\n<p>    Trenar Luis Pimenta og Sogndalspelarane tok godt i mot balestrendingane.<br \/>\n    Foto: Therese Maria Thorhus\n  <\/p>\n<p>  Motivasjon til \u00e5 halda fram<\/p>\n<p>  Lagleiaren h\u00e5par ein slik dag kan vera med p\u00e5 \u00e5 motivera spelarane til \u00e5 halda fram med fotball.  <\/p>\n<p>\u2013 F\u00f8rst og fremst er det viktigaste at spelarane synest det er moro og at dei har det kjekt, for det er grunnlaget for \u00e5 halda fram. Men i Balestrand er det nokre sm\u00e5 \u00e5rskull og ein m\u00e5 g\u00e5 saman fleire \u00e5rskull for \u00e5 greia \u00e5 stilla lag. Me h\u00e5par ein slik dag kan gjera at dei som er passe interesserte har lyst til \u00e5 vera med vidare, seier Sagevik og legg til:<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 er det gjerne ikkje s\u00e5 mange i Balestrand som reiser til Sogndal p\u00e5 kamp, for mange var det for f\u00f8rste gong p\u00e5 Fosshaugane.<\/p>\n<p>\u2013 Kanskje Sogndal har f\u00e5tt fleire supportarar?<\/p>\n<p>\u2013 Ja, kanskje det.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Me h\u00e5par og trur dette gjev positive ringverknader for framtida, seier lagleiar Henning Sagevik. Balestrand sine J10-&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":51176,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,4205,7866,30,28,29,1029,7865,83,82,1510],"class_list":{"0":"post-51175","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-balestrand","10":"tag-draumedag","11":"tag-no","12":"tag-norge","13":"tag-norway","14":"tag-sogndal","15":"tag-sogndal-fotball","16":"tag-sport","17":"tag-sports","18":"tag-story"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51175","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=51175"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51175\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/51176"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=51175"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=51175"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=51175"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}