{"id":51276,"date":"2025-10-02T19:37:21","date_gmt":"2025-10-02T19:37:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/51276\/"},"modified":"2025-10-02T19:37:21","modified_gmt":"2025-10-02T19:37:21","slug":"pa-slagmarka-i-ukraina-er-vi-vitne-til-ein-teknologisk-revolusjon","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/51276\/","title":{"rendered":"P\u00e5 slagmarka i Ukraina er vi vitne til ein teknologisk revolusjon"},"content":{"rendered":"<p class=\"text-md pt-2 pb-8 mb-3 text-base border-b border-brandNeutral-900 dark:border-brandNeutral-100\">Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@digi.no.<\/p>\n<p>Klokka halv seks om morgonen 24. februar 2022 starta Russland sitt fullskala \u00e5tak mot Ukraina. Men krigen hadde allereie byrja i det digitale rom. Koordinerte cyberangrep ramma ukrainske\u00a0myndigheiter\u00a0og kritisk infrastruktur samtidig som dei f\u00f8rste bombene vart sluppne og tanksane\u00a0rulla over grensa. Dette var moderne krigf\u00f8ring i praksis \u2013 der cyberangrep og kinetiske v\u00e5pen blir koordinert for maksimal effekt.<\/p>\n<p>Ukraina opplevde noko som ingen andre land tidlegare har gjort: fullskala cyberkrigf\u00f8ring kombinert med konvensjonell krigf\u00f8ring over lengre tid. P\u00e5 slagmarka i Ukraina er vi vitne til ein teknologisk revolusjon. Ikkje n\u00f8dvendigvis p\u00e5 grunn av ny teknologi, men m\u00e5ten teknologi blir brukt i praksis og samansett p\u00e5 nye m\u00e5tar.\u00a0<\/p>\n<p>Berre ei veke f\u00f8r fullskalainvasjonen hadde ukrainske styresmakter vedteke lovverk om datamigrering. Dette gjorde det mogleg \u00e5 flytte kritiske data ut av landet, noko som viste seg avgjerande for \u00e5 halde ukrainske tenester i gong.<\/p>\n<p>Big Tech-avhengigheit<\/p>\n<p>Ukraina, som store delar av Europa, er sterkt avhengig av amerikansk teknologi. Arbeidet vi p\u00e5 senteret har gjort i kartlegginga av \u00f8kosystem kring det ukrainske cyberforsvaret, viser at rundt to av tre ukrainske akt\u00f8rar brukar minst eitt produkt fr\u00e5 Big Tech, og over 80 prosent er avhengige av amerikansk-produserte l\u00f8ysingar.<\/p>\n<p>Men medaljen har ei bakside.<\/p>\n<p>N\u00e5r s\u00e5 mykje av infrastrukturen er lagt i hendene p\u00e5 nokre f\u00e5 amerikanske selskap, blir ein \u00f2g ekstremt s\u00e5rbar. Ta Starlink som d\u00f8me \u2013 systemet har blitt kalla \u00abblodet i kommunikasjonsinfrastrukturen til ukrainerane\u00bb. Selskapet er eigd av \u00e9in mann, Elon Musk.<\/p>\n<p>I 2022 varsla han at han ikkje ville gi tenesta gratis lenger. Seinare nekta han \u00e5 aktivere Starlink for eit ukrainsk angrep mot den russiske fl\u00e5ten. Slike avgjerder kan koste liv. St\u00f8tta fr\u00e5 Big Tech er frivillig og kan endre seg raskt \u2013 av politiske, \u00f8konomiske eller personlege grunnar.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 ukrainsk erfaring til norsk handling<\/p>\n<p>Desse erfaringane gir oss avgjerande l\u00e6rdommar som ein m\u00e5 ta innover seg. V\u00e5re f\u00f8rebelse funn viser at milit\u00e6re strukturar ikkje var nok \u2013 det var tett samarbeid mellom offentlege og private verksemder som hindra total systemkollaps.\u00a0<\/p>\n<p>P\u00e5 same tid var ein avhengig av at tillit var bygd f\u00f8r krisa kom. Personlege relasjonar og etablerte nettverk var ofte avgjerande n\u00e5r formelle prosedyrar braut saman. I dette ligg det \u00f2g viktige l\u00e6rdommar for Noreg. Det er p\u00e5 h\u00f8g tid at vi tek denne utviklinga p\u00e5 alvor. Vi treng nye tankar om korleis vi tenker og arbeider p\u00e5 fleire felt, mellom anna p\u00e5 det digitale. Ukrainas erfaringar peikar p\u00e5 fleire avgjerande omr\u00e5de.<\/p>\n<p>Noko av l\u00f8ysinga er at vi i Noreg treng snarvegar i lovverket som kan aktiverast i krise \u2013 ikkje for \u00e5 starte fr\u00e5 null, men for \u00e5 tette gapet mellom dagens lovverk og det som faktisk trengs n\u00e5r sekunda tel. Vi m\u00e5 bygge reelle tillitsrelasjonar gjennom obligatoriske \u00f8vingar for eigarar av kritisk infrastruktur. Regjeringa har varsla ei cyber-reserve med private akt\u00f8rar, men det m\u00e5 konkretiserast: Kven er akt\u00f8rane, kva kapasitet kan dei stille, og korleis skal dei trenast?<\/p>\n<p>Nokre av dei viktigaste l\u00e6rdommane fr\u00e5 krigen har vore behovet for \u00e5 vere i stand til \u00e5 skalere opp nasjonal industri og innovasjonsevne. Det framst\u00e5r merkeleg for mange industrielle akt\u00f8rar at innretninga p\u00e5 Nansen-programmet er slik den er \u2013 og at ein ikkje i st\u00f8rre grad har kartlagt strategisk viktige industrimilj\u00f8 i Noreg som kan spele ei viktig rolle for Ukrainas motstandskamp. Medan regjeringa har teke tak i nokre strategiske omr\u00e5de som ammunisjonsproduksjon gjennom Nammo, manglar det framleis ei systematisk kartlegging og mobilisering av den fulle bredda av norsk industriell kapasitet som kunne bidra til Ukrainas forsvarskamp.<\/p>\n<p>Dette handlar\u00a0ikkje\u00a0berre\u00a0om\u00a0st\u00f8tte til Ukraina, men om industribygging som gir norske verksemder enno st\u00f8rre moglegheiter til \u00e5 bidra til oppbygging av \u00f8kosystema i Europa for b\u00e5de forsvarsindustri, dual-use teknologi og kritisk infrastruktur.<\/p>\n<p>Dette krev ei offensiv industrisatsing som norske styresmakter s\u00e5 langt ikkje har vist vilje til. Mens den nye nasjonale sikkerheitsplanen for digital infrastruktur vektlegg nordisk samarbeid og \u00abdigital suverenitet\u00bb som motvekt til amerikansk avhengigheit, er det p\u00e5fallande lite om korleis norsk teknologiindustri skal spele ei rolle i \u00e5 bygge desse alternativa.\u00a0<\/p>\n<p>Enorme marknader<\/p>\n<p>Ukraina-konflikten har vist oss at framtidas forsvarsindustri ikkje berre handlar om st\u00e5l og krutt, men om algoritmar, cyberforsvar og robust digital infrastruktur. Her ligg det enorme marknader \u2013 for Ukraina som m\u00e5 gjenreisast, men og for Noreg og Europa, som m\u00e5 byggje robuste alternativ til kinesisk og amerikansk teknologi. Medan andre land mobiliserer sin forsvarsindustri, diskuterer vi korleis vi skal beskytte oss mot framtida i staden for \u00e5 forme ho.\u00a0<a href=\"https:\/\/e24.no\/teknologi\/i\/Pp7OKb\/slaar-dronealarm-vil-svekke-forsvarsevnen\" target=\"_blank\" rel=\"noopener nofollow\" data-saferedirecturl=\"https:\/\/www.google.com\/url?q=https:\/\/e24.no\/teknologi\/i\/Pp7OKb\/slaar-dronealarm-vil-svekke-forsvarsevnen&amp;source=gmail&amp;ust=1758960015979000&amp;usg=AOvVaw1vYTMONE6gE82_IhSqoQMP\">Dette peiker \u00f2g Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening (FSI) p\u00e5<\/a>\u00a0og\u00a0trekk fram at ein under dronest\u00f8tte til Ukraina ikkje inkluderer norsk industri, noko som svekker nasjonal forsvar og konkurranseevne.\u00a0<\/p>\n<p>Staten m\u00e5 no v\u00e5ge \u00e5 satse og kutte i den ekstreme risikovegringa som gjer prosessane un\u00f8dvendig treige utan at det gir betre resultat. Moglegheitene er enorme, b\u00e5de for norsk industri og europeisk sikkerheit.<\/p>\n<p>Vegen mot nordisk digital suverenitet?<\/p>\n<p>Cybertruslar kjenner ikkje landegrenser, og sm\u00e5, h\u00f8gdigitaliserte land som dei nordiske er spesielt s\u00e5rbare. Vi har allereie sterke forsvarssamarbeid i Norden p\u00e5 fleire felt og b\u00f8r sj\u00e5 i retning eit felles nordisk \u00f8kosystem for digital infrastruktur, etablere ein nordisk cyberreserve inspirert av Ukrainas og Estlands cyber-reserver og skape ein Nordic Cyber Range som permanent \u00f8vingsarena.\u00a0<\/p>\n<p>Kort sagt: Vi m\u00e5 tenke i retning nordisk digital suverenitet som\u00a0gjer\u00a0oss mindre avhengige av\u00a0teknologigigantar\u00a0som kan svikte oss n\u00e5r vi\u00a0treng\u00a0dei\u00a0som mest.<\/p>\n<p>Ukrainas erfaring viser oss b\u00e5de styrken og s\u00e5rbarheten i v\u00e5re digitale avhengigheiter. P\u00e5 slagmarka der ser vi korleis teknologi kan brukast p\u00e5 revolusjonerande nye m\u00e5tar \u2013 men ogs\u00e5 kor s\u00e5rbare vi blir n\u00e5r avgjerder om v\u00e5r sikkerheit blir tatt i Silicon Valley eller Washington. Det som verkeleg held samfunnet saman under press, er ikkje hierarki eller byr\u00e5krati, men tillit mellom menneske som kjenner kvarandre og t\u00f8r stole p\u00e5 kvarandre.<\/p>\n<p>Noreg \u2013 og Europa \u2013 kan ikkje lenger late som om desse sp\u00f8rsm\u00e5la l\u00f8yser seg sj\u00f8lv. Regjeringa, som no har f\u00e5tt gjenvalg, m\u00e5 ta desse utfordringane p\u00e5 alvor og legge til rette for ei organisering som gjer at vi kan st\u00e5 p\u00e5 eigne bein n\u00e5r det f\u00f8rst smeller.\u00a0<\/p>\n<p>Kronikken representerer ei uavhengig fagleg vurdering.<\/p>\n<p><a class=\"group clear-both w-full !no-underline my-8 sm:my-12 bg-stone-50 dark:bg-brandStone-700 dark:text-brandNeutral-100 flex items-stretch flex-nowrap\" href=\"https:\/\/www.digi.no\/artikler\/intervju-tar-over-7000-ansatte-fra-tietoevry-og-danner-nytt-it-selskap\/562010\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><img decoding=\"async\" class=\" object-cover h-full w-full transition-transform duration-700 ease-in-out group-hover:scale-[1.05] will-change-transform\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/10\/Tor%20Midsem.jpg\"  alt=\"Torbj\u00f8rn Midsem er partner i Agilitas, og nordmannen g\u00e5r inn i styret i det nye selskapet som dannes etter oppkj\u00f8pet av Tietoevry Tech Services.\" loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Les ogs\u00e5:<\/p>\n<p class=\"group-hover:underline text-brandNeutral-900 dark:text-brandNeutral-100 mt-2 text-base sm:text-xl leading-5 sm:leading-6 font-bold\">Tar over 7000 ansatte fra Tietoevry: Danner nytt IT-selskap<\/p>\n<p><\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@digi.no. Klokka halv seks om morgonen 24.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":51277,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,6314,37,24,25,226,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,1219,26,27],"class_list":{"0":"post-51276","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-cybersikkerhet","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-forsvar","15":"tag-headlines","16":"tag-hovedoppslag","17":"tag-latest-news","18":"tag-latestnews","19":"tag-main-news","20":"tag-mainnews","21":"tag-news","22":"tag-no","23":"tag-norge","24":"tag-norway","25":"tag-nyheter","26":"tag-overskrifter","27":"tag-sikkerhet","28":"tag-top-stories","29":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51276","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=51276"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51276\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/51277"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=51276"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=51276"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=51276"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}