{"id":51300,"date":"2025-10-02T20:36:10","date_gmt":"2025-10-02T20:36:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/51300\/"},"modified":"2025-10-02T20:36:10","modified_gmt":"2025-10-02T20:36:10","slug":"norsk-utviklar-kjoper-tilbake-aksjar-fra-svensk-spelgigant","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/51300\/","title":{"rendered":"Norsk utviklar kj\u00f8per tilbake aksjar fr\u00e5 svensk spelgigant: \u2013&#8230;"},"content":{"rendered":"<p>Morselskapet Amplifier Game Invest (eit dotterselskap av Embracer Group) eigde tidlegare 53 prosent av Misc Games, men Amplifier blei nettopp lagt ned. <\/p>\n<p>Det har opna for at Misc Games f\u00e5r kj\u00f8pe tilbake aksjane i sitt eige selskap, noko dagleg leiar <strong>G\u00f8ran Myrland<\/strong> er glad for. <\/p>\n<p>\u2013 Dette betyr at me igjen er eit heileigd, heilnorsk spelselskap. Det er me sv\u00e6rt stolte av. No har me ikkje lenger storebror hengande over skuldra, seier han sp\u00f8kefullt til Gamer.no. <\/p>\n<p>\u2013 Med Amplifier nedlagt blei det gjerne billigsal? <\/p>\n<p>\u2013 Det var ein grei pris som me kan leve med. Eg kan ikkje seie s\u00e5 mykje meir enn det, seier Myrland. <\/p>\n<p>P\u00e5 heimekontor<\/p>\n<p>Misc Games har lenge hatt eit m\u00e5l om \u00e5 kj\u00f8pe tilbake aksjane. Gamer.no skreiv i v\u00e5r om dei finansielle vanskane til selskapet, og at heile leiinga m\u00e5tte p\u00e5 heimekontor. <\/p>\n<p>No er det igjen vind i segla for den norske utviklaren. <\/p>\n<p>\u2013 Me samarbeider med andre selskap, og no er me 19 stykk i sving. Eg tenkjer at me skal f\u00e5 inn fleire p\u00e5 sikt, fortel Myrland. <\/p>\n<p>Selskapet sikra nyleg eit l\u00e5n fr\u00e5 Innovasjon Noreg for drifta framover.<\/p>\n<p>Visjonen er \u00e5 f\u00e5 fleirspelaren til simulatorspelet Ships At Sea i medvind, som enno er i Early Access p\u00e5 Steam. <\/p>\n<p>\u2013 Det er ein del ting som m\u00e5 p\u00e5 plass. Me skal f\u00e5 dedikerte servarar, som er noko spelarane har spurd om lenge. Dei skal kunne g\u00e5 i hamn og utforske bygningar, f\u00e5 nye b\u00e5tar og mykje nytt, seier Myrland.<\/p>\n<p><strong>LES OGS\u00c5: <a role=\"link\" href=\"https:\/\/www.gamer.no\/artikler\/fekk-kjeft-av-spelarane-og-matte-seie-opp-kollegaer-toft-ar\/518788\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Fekk kjeft av spelarane og m\u00e5tte seie opp kollegaer: \u2013 T\u00f8ft \u00e5r<\/a><\/strong><\/p>\n<p>Eit heilt \u00e5r med klaging<\/p>\n<p>Planen er ei fullansering av Ships At Sea i 2026. Misc Games har seld over 800.000 simulatorspel sidan 2018, som gjer selskapet til ein av dei mestseljande norske utviklarane. <\/p>\n<p>Hausten 2024 var selskapet gjennom ei restrukturering. <\/p>\n<p>Myrland fortalde i v\u00e5r om ein del misn\u00f8ye blant spelarane etter lanseringa av Ships At Sea, d\u00e5 utviklarane sleit med feil. <\/p>\n<p>\u2013 Det har vore eit t\u00f8ft \u00e5r. Me har hatt ei rekkje problem, og tilbakemeldingane har vore klaging p\u00e5 ting som ikkje fungerer. Me har heldt p\u00e5 med desse klagene i eitt \u00e5r no, sa Myrland i v\u00e5r. <\/p>\n<p>No ser det ut som vinden har snudd for den norske utviklaren. <\/p>\n<p><strong>Har du tips til gode saker fr\u00e5 norsk spelbransje? Send meg gjerne ein e-post p\u00e5 mikkjell@gamer.no<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Morselskapet Amplifier Game Invest (eit dotterselskap av Embracer Group) eigde tidlegare 53 prosent av Misc Games, men Amplifier&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":51301,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[57],"tags":[30,28,29,65,63,64,66,70,69,67,68],"class_list":{"0":"post-51300","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-vitenskap-og-teknologi","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-science","12":"tag-science-and-technology","13":"tag-scienceandtechnology","14":"tag-technology","15":"tag-teknologi","16":"tag-vitenskap","17":"tag-vitenskap-og-teknologi","18":"tag-vitenskapteknologi"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51300","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=51300"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/51300\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/51301"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=51300"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=51300"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=51300"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}